Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2003 som følgje av dette.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 27., 28. og 29. mai 2003. Møta førte ikkje fram til semje.

Det blir uttala at til grunn for staten sitt tilbod ligger retningslinjene for regulering av G slik dei blei vedtatt av Stortinget 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003) og Stortingets føresetnad om at etterslepet fram til 2001 skal kompenserast med ein auke av G med 0,6 prosent svarande til ein kostnad på 572 mill. kroner i 2003, dvs. ein auke av G med 319 kroner frå 1. mai 2003. Vidare blei det tilbode ein kompensasjon for etterslepet frå perioden 2001 til 2002 på 0,5 prosent eller 266 kroner frå 1. mai 2003 rekna av gjennomsnittleg G for 2002. For perioden 2002 til 2003 var staten sitt utgangspunkt anslaget for lønnsveksten i konkurranseutsett sektor på 4 prosent som motsvarar eit tillegg i G på 1 789 kroner frå 1. mai 2003. Samla tilbod blei etter dette ein auke på 2 374 kroner som utgjer ein vekst frå 2002 til 2003 på 4,73 prosent. Det blei og frå staten si side foreslått ein reguleringsklausul som innebar eit tillegg i G frå 1. januar 2004 som motsvarer forskjellen mellom anslaget for lønnsveksten og veksten i G frå 2002 til 2003.

Organisasjonane sitt krav var dekning av etterslep frå 2000 til 2001 på 0,6 prosent, etterslep frå 2001 til 2002 på 0,7 prosent og ei berekna årslønnsvekst frå 2002 til 2003 på 5,0 prosent. Det samla kravet til auke av G blei etter dette 3 630 kroner frå 1.mai 2003, dvs. 6,70 prosent.

Framlegget frå Regjeringa tyder at grunnbeløpet i folketrygda blir foreslått auka med 2 374 kroner frå 54 170 kroner til 56 544 kroner. Det vert peika på at auken i grunnpensjon for ektepar og sambuande som Stortinget har vedteke, er kostnadsrekna til om lag 960 mill. kroner på årsbasis og slår ut med knapt 0,5 prosent i inntektsvekst frå 2002 til 2003 slik at inntektsveksten for pensjonistane i år vert om lag 5,2 prosent dersom framlegget frå Regjeringa blir vedteke.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.04. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03 .

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.0410

101 400

8 450

180 19211

15 016

140 508

11 709

1 Frå 1.1.1991

2 Frå 1.1.1992

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa)

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42)

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet (minstesats 57,5 prosent).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet.

10 Med atterhald om vedtak i Stortinget.

11 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003

Kjelde:Rikstrygdeverket

Frå 2001 til 2002 auka grunnbeløpet, tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 5,2 prosent. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2001 til 2002 5,7 prosent for alle grupper under eitt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2003 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2002 til 2003 på om lag 4, 5 prosent for alle grupper under eitt og ein prisvekst på om lag 2,75 prosent.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2003 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2003 blir det rekna med meirutgifter på 8 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 19 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 27 mill. kroner.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 20 mill. kroner. og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 13 mill. kroner i tillegg til auke som er foreslått i St.prp. nr. 65 (2002-2003).

Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 216 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 216 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 3 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2003. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 2003 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 3 mill. kroner.