Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Djupedal, Hallgeir H. Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og byggje ut nasjonalparkforvaltinga

Innhold

Til Stortinget

I dokumentet fremmes følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringa på ein eigna måte, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2004, fremje forslag om å styrkje og byggje ut drifta og forvaltinga av nasjonalparkane og andre verneområde."

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Kl­ungland og Synnøve Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Hans Seierstad, viser til brev fra miljøvernministeren datert 11. april 2003 (vedlagt), hvor det sies at spørsmålet om økte bevilgninger til arbeidet med drift og forvaltning av nasjonalparkene vil bli vurdert på vanlig måte i forbindelse med de årlige statsbudsjettene.

Komiteen viser til at spørsmål knyttet til økt turistmessig bruk av nasjonalparksentre er omtalt i Revidert nasjonalbudsjett, og at spørsmålet derfor vil behandles der.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til den breie omtalen nasjonalparkane har fått i Revidert nasjonalbudsjett 2003, og at Regjeringa i kap. 1427 post 70 Tilskot til nasjonalparksentra, foreslår å styrke innsatsen med 3 mill. kroner. Dette er heilt i tråd med intensjonen i forslaget i denne saka, kor forslagsstillarane vil ha ei styrking av innsatsen i samband med forslag til statsbudsjettet for 2004.

Desse medlemene meiner det er viktig å følge opp dei positive signala som miljøvernministeren kjem med i forslaget til Revidert nasjonalbudsjett 2003. Ikkje minst om innhaldet i omtalen i revidert budsjett skal ha meining og gje det resultat miljøvernministeren ynskjer seg.

Desse medlemene tek difor opp forslaget framsatt i Dokument nr. 8:62 (2002-2003).

Komiteens medlem fra Senterpartiet vil understreke statens ansvar når det gjelder nasjonalparkene. Fordi det er staten som oppretter parkene, må det også være statens oppgave å finansiere forvaltning, inkludert tilsyn. Når de vedtatte planene for nasjonalparker og landskapsvernområder er gjennomført, vil dette berøre ca. 1/8 av landets areal. På denne bakgrunn er det viktig at staten legger til rette for lokal næringsaktivitet og bærekraftig utvikling på ulike måter.

Dette medlem støtter forslaget i Dokument nr. 8:62 (2002-2003) og viser til at Senterpartiet i forbindelse med budsjettbehandlingen for 2003 foreslo å øke bevilgningene til statlig naturoppsyn i nasjonalparkene og til støtte til nasjonalparksentrene. De som skal drive informasjon og tilsyn i nasjonalparkene bør ha forankring i lokalsamfunnene, og oppgavene kan gjerne løses ved å kjøpe tjenester fra lokalt fjelloppsyn.

Forslag fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

Stortinget ber Regjeringa på ein eigna måte, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2004, fremje forslag om å styrkje og byggje ut drifta og forvaltinga av nasjonalparkane og andre verneområde.

Komiteen har for øvrig ingen merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Dokument nr. 8:62 (2002-2003) - forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Djupedal, Hallgeir H. Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og byggje ut nasjonalparkforvaltinga - vedlegges protokollen.

Eg syner til brev dagsett 06.03.03.

Nasjonalparkar og andre store verneområde er viktige element i regjeringa sitt arbeid med å ta vare på den norske naturarven for oss sjølve og etterslekta. Eit sentralt utgangspunkt for utvalet av område er at dei skal vere i mest mogleg naturtilstand; vere mest mogleg urøyrde i høve til bruk. Gjennom etablering av store verneområde har samfunnet valt å regulere bruken av desse områda slik at verneføremålet ikkje blir skadelidande.

Verneplanpolitikken er utforma av Storting og regjering gjennom eigne meldingar og gjennom dei årlege budsjetta. Ved sida av barskogvernet er arbeidet med gjennomføring av nasjonalparkplanen høgt prioritert av Regjeringa. Til no er 11 av dei om lag 50 framleggja gjennomførde, av desse 8 i perioden 2001 fram til no. I perioden 2003 til 2006 skal ytterligare 30 verneplanar sluttførast.

Nasjonalparkane våre ligg i det alt vesentlege i eller tett opp til fjellområda. Men dei er ulike når det gjeld storleik og bruk. Medan t d Rago, Ormtjernkampen og Børgefjell nasjonalparkar har lite tilrettelegging og bruken er liten, er nasjonalparkane på Hardangervidda, i Jotunheimen og Rondane mykje brukte opp gjennom tidene, og det satt opp ulike innretningar som har blitt snytt i samband med m a landbruksdrift og friluftsliv/turisme.

Denne bruken er likevel i omfang mykje mindre enn det ein finn i nasjonalparkar mange andre stader i verda. Om ein t d ser på Abruzzo nasjonalpark i Italia som ofte er trekt fram som eit eksempel til etterfølging for norsk nasjonalparkforvalting, er denne bevisst avgrensa slik at det skal være mogleg med utvikling av ulike typar av verksemd så som reiselivstilbod som omfattar både overnatting, mat, lokale produkt og aktivitetar innanfor nasjonalparken sine grenser. Det tyder at ein i nasjonalparken har tatt med områder der denne type aktivitetar kan gå føre seg utan at dei naturfaglege verdiane i nasjonalparken elles blir skadelidande. I Noreg er grensene medvite trekte slik at områder som vert brukte eller kan brukast til tyngre tilrettelegging, blir liggjande utanfor nasjonalparken. Om t d Jotunheimen nasjonalpark hadde blitt avgrensa på same måte som Abruzzo-området ville truleg både vegen over Valdresflya (Rv51) og Sognefjellsvegen (Rv55) vore inkludert i nasjonalparken, og dermed òg Sognefjellshytta og Turtagrø. Kan hende ville Lom sentrum kunne blitt ein del av nasjonalparken som spesiell utviklingssone for nasjonalparkbasert reiseliv. Ulike tradisjonar i etablering av nasjonalparkar kring i verda og stor variasjon i omfanget av bruk, fører òg til at dei ulike nasjonalparkane har valt ulike forvaltingskonstruksjonar med ulik omfang i bruk av tilsette.

Dette er tilhøve ein må legge til grunn når ein skal samanlikne organisering av forvaltinga av nasjonalparkane i Noreg og utlandet. Organiseringa den norsk nasjonalparkforvaltinga skil seg soleis på mange måtar ut frå kva ein finn andre stader i verda. Vi er knytt til den skandinaviske forvaltningstradisjonen med ein framtredande offentleg styringsmodell gjennom departement, direktorat og fylkesmann. Denne modellen omfattar utøving av forvaltningsmynde, skjøtsel og oppsynsteneste. Informasjonsoppgåvene knytt til våre nasjonalparkar er eit offentleg ansvar, og mange av desse oppgåvene vert gjennomførte av m.a. autoriserte nasjonalparksentra som er lokalisert kring fleire av nasjonalparkane. Friviljuge organisasjonar som Den norske Turistforening og andre private entreprenørar driv miljøbasert reiselivsverksemd og tilrettelegging elles i eller opp mot fleire av våre nasjonalparkar. Desse gjer på mange måtar mykje av det arbeidet som nasjonalparktilsette gjer i utlandet.

Forslagsstillarane seier at det bør byggjast opp "ei slagkraftig, lokal drift av nasjonalparkane gjennom nasjonalparksentra". Vi har i dag 10 autoriserte nasjonalparksentra i Noreg. Dei er sjølvstendige, privatdrivne stiftingar og har i første rekkje bygd opp si kompetanse kring naturinformasjon. Eit avgrensa antall senter, eigarstruktur og kompetanse gjer dei i dag ikkje eigna til å ta over hele forvaltingsansvaret for verneområda våre. Eg ser likevel ikkje bort ifrå at vi i framtida kan overføre fleire oppgåver til slike sentra. Statens naturoppsyn har t d allereie lokalisert fleire av sine kontor til desse sentra. Vi vil ha ein laupande vurdering av om andre oppgåver òg kan leggjast ut til sentra. Eg vil likevel presisere at drifta av nasjonalparksentra òg i framtida bør baserast på ein privat driftsstruktur, vere viktige kunnskapsformidlarar om natur og forvalting av våre verneområde samt vere viktige møtestader for lokal verksemd innanfor natur og kultur generelt.

Eg vil vidare nemne at Stortinget har bede regjeringa gjennomføre prøveprosjekt med lokal forvalting av tre verneområde i nasjonalparkplanen: Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Forollhogna og Verdal/Snåsa/Lierne. I tillegg har regjeringa lagt opp til eit liknande prøveprosjekt for forvaltinga av den utvida nasjonalparken på Dovrefjell. Desse erfaringane skal evaluerast, og regjeringa vil kome attende til Stortinget med resultatet av desse. Stortinget får då høve til å drøfte ulike sider ved nasjonalparkforvaltingsordninga på nytt.

Når det gjeld ulik bruk av våre nasjonalparkar og andre større verneområde har som kjend Stortinget bede Regjeringa kome attende innan 1. oktober med ei utgreiing om økt turistmessig bruk og verdiskaping av våre fjellområde.

Eg har merka meg forslagsstillarane sitt ønskje og framlegg om økte ressursar til drift og forvalting av våre nasjonalparkar og andre større verneområde. Spørsmålet om økte løyvingar til dette arbeidet vil bli vurdert på vanleg måte i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 4. juni 2003

Bror Yngve Rahm

leder

Øyvind Korsberg

ordfører