Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002
Dette dokument
- Innst. S. nr. 234 (2002-2003)
- Kildedok: St.meld. nr. 22 (2002-2003)
- Dato: 28.05.2003
- Utgiver: Utenrikskomiteen
- Sidetall: 6
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Tryggingsrådet utøver ansvaret sitt for å sikre mellomfolkeleg fred og tryggleik (FN-pakta artikkel 24) på vegner av alle medlemslanda i FN. Dette understrekar ansvaret til dei valde medlemmene. Dei fem faste medlemmene pregar i praksis arbeidet i Rådet meir enn dei valde. Men ansvaret for verksemda til Rådet og vedtaka som Rådet gjer, er likt fordelt mellom dei 15 medlemmene.
Utgangspunktet til Regjeringa var at svært mykje av arbeidet til Tryggingsrådet dreier seg om politisk krisehandtering, og at dagsordenen til Rådet i stor grad vert styrd av internasjonale hendingar. Arbeidet med slike saker ville derfor krevje størstedelen av merksemda. I det meir langsiktige arbeidet ville ein konsentrere seg om tre hovudområde: dei underliggjande årsakene til krig og konflikt, setje særskilt fokus på utfordringane som Afrika har, og oppfølging av Brahimirapporten for å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar. I oppfølginga av hovudprioriteringane ville ein frå norsk side medverke til at Tryggingsrådet i aukande grad arbeider for ei heilskapleg tilnærming til førebyggjande innsats, konflikthandtering og fredsbygging. Ein ville vidare medverke til at innsatsen på militære, politiske, humanitære, ressursmessige og utviklingspolitiske område er samkøyrde og gjensidig forsterkande.
Hovudprioriteringane vann brei tilslutning i Stortinget og har lege til grunn for både den dåverande og den etterfølgjande regjeringa sitt arbeid i Tryggingsrådet. Denne breie, tverrpolitiske semja har vore ein særleg styrke for Noregs innsats i Rådet.
Erfaringane frå Tryggingsrådet har vist at dei prioriteringane Noreg sette for arbeidet sitt, har vore både relevante og realistiske. Dei er i høg grad aktuelle også for andre utanrikspolitiske arenaer enn Tryggingsrådet og vil verte vidareførde som norske satsingsområde i og utanfor FN-ramma.
Inga einskildsak sette sterkare preg på Noregs arbeid i Tryggingsrådet enn Irak. Noregs interesser er best tente med eit effektivt og normsetjande FN. Saker som er viktige for internasjonal fred og tryggleik, skal handsamast av Tryggingsrådet i FN, og vedtak må ha heimel i FN-pakta og gjeldande folkerett. Dette har vore grunnleggjande for Noreg i handsaminga av Irak-spørsmålet. For Noreg er det svært viktig at ein ikkje rokkar ved dette prinsippet, og at det kollektive tryggingssystemet som følgjer av FN-pakta, ikkje vert undergrave.
Som leiar av sanksjonskomiteen for Irak sette Noreg store ressursar inn på å skaffe seg oversyn over både den omfattande saksmengda og dei underliggjande problemstillingane.
Mot slutten av 2001 lukkast det etter lang tids tautrekking mellom dei faste medlemmene å verte samde om ei konkret omlegging av Irak-sanksjonane, som også spegla norske innspel og initiativ. Det vart innført ei ny ordning med ei varetilsynsliste (Goods Review List), som tok sikte på å betre tilgangen på humanitære varer under Olje-for-mat-programmet og samtidig skjerpa kontrollen med varetypar med militær bruksnytte. Sjølve gjennomføringa vart utsett til mai 2002. Saksmengda i sanksjonskomiteen og problemet med ikkje-handsaming av importsøknader på grunn av mistanke om militær bruksnytte, minska dramatisk etter dette.
Terroråtaket på USA 11. september 2001 var ei skilsetjande hending, som sette sterkt preg på dagsordenen til Tryggingsrådet i den delen av Noregs periode som stod att. Erkjenninga av at internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen utgjer den største trusselen mot internasjonal fred og tryggleik, har samla eit overveldande fleirtal av landa i verda i kampen mot dei kreftene som søkjer å ramme grunnverdiane i samfunnet og undergrave menneskeverdet og demokratiske samfunnsnormer.
Noreg har engasjert seg sterkt i Tryggingsrådet sitt arbeid med å nedkjempe internasjonal terrorisme og i alle sider ved internasjonal fredsbygging og forsoning. Regjeringa har heile vegen nøye vurdert Tryggingsrådet sine tiltak mot internasjonal terrorisme i høve til dei folkerettslege pliktene våre, ikkje minst menneskerettane. Noregs prinsipielle utgangspunkt er at det ikkje er haldepunkt for å tolke pålegg eller føreslegne lovtiltak frå FN slik at det oppstår eit motsetningstilhøve til grunnleggjande menneskerettar. Regjeringa meiner at kampen mot internasjonal terrorisme må førast ved å byggje på og styrkje respekten for grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp.
Alt den 12. september 2001 vedtok Rådet samrøystes resolusjon 1368, som mellom anna slår fast at terroråtaka utgjer ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik og utløyser retten til sjølvforsvar, som er nedfelt i FN-pakta artikkel 51.
Ved resolusjon 1373 av 28. september 2001 vart det oppretta eit bindande globalt regime for å ramme finansieringskjeldene til terrornettverka og ein særskild antiterrorismekomité for å overvake gjennomføringa av resolusjonen. Noreg har delteke aktivt i arbeidet i komiteen og var blant dei aller fyrste som gjennomførte resolusjon 1373 i nasjonal rett.
Eit anna hovudspor i kampen mot internasjonal terrorisme gjaldt Osama bin Laden, Al Qaida-nettverket og Talibanregimet i Afghanistan. Tryggingsrådet vedtok alt i 1999 sanksjonar mot Taliban for støtte til internasjonal terrorisme. Sanksjonane vart forsterka i 2000 mellom anna med krav om utlevering av bin Laden. Då det vart klart kvar terroråtaket den 11. september 2001 hadde utspringet sitt, sette USA og ein brei internasjonal koalisjon i gang militære operasjonar mot Al Qaida og Taliban. Dette førte til Talibans fall i november. Grupper av Taliban og Al Qaida utgjorde likevel framleis ein trussel, og dei militære operasjonane mot desse heldt fram. Noreg har delteke i desse operasjonane, mellom anna med spesialstyrkar og jagarfly, og har òg engasjert seg i oppbygginga av ei afghansk ordensmakt.
Etter at Talibanregimet fall, flytta Tryggingsrådet hovudfokus mot å stø ein afghanskleidd politisk stabiliserings- og atterreisingsprosess. Resolusjon 1386 av 20. desember 2001 autoriserte den internasjonale tryggingsstyrken for Afghanistan (ISAF), som Noreg har medverka til mellom anna når det gjeld minerydding. ISAF har spela ei uvurderleg rolle i å sikre tryggleiken i Kabul-området og å leggje til rette for ei positiv utvikling i landet.
Noreg har vore ein stor og tonegjevande bidragsytar til det humanitære hjelpearbeidet og atterreisinga i Afghanistan. Som leiar for gjevarlandssamordninga for Afghanistan i 2002 medverka Noreg til at Tryggingsrådet og heile det internasjonale samfunnet kunne leggje til grunn ei heilskapleg tilnærming til innsatsen i Afghanistan. Noreg la i Tryggingsrådet vekt på at det humanitære hjelpearbeidet og langsiktige atterreisingsaktivitetar måtte vere viktige supplement til fredsprosessen. Dette var òg viktig for å skape samfunnsforhold som ikkje lenger gav grobotn for terrorisme.
Kampen mot internasjonal terrorisme og innsatsen for å stabilisere og atterreise Afghanistan er kanskje det aller klaraste dømet på at Noregs hovudprioriteringar for medlemskapen i Tryggingsrådet har vore høgst relevante. Denne tilnærminga med fokuset på samanhengen mellom militær innsats, naudhjelp, langsiktig utviklingshjelp og arbeidet med forsoning og fred vil også liggje til grunn for den vidare innsatsen til Regjeringa.
Noregs prioritering av Afrika i Tryggingsrådet har samanheng med at afrikanske konfliktar dei siste åra har utgjort nesten to tredjedelar av sakene på dagsordenen til Rådet.
Konfliktane på Afrikas horn, i Vest-Afrika og i og rundt DR Kongo var mellom dei som prega dagsordenen til Tryggingsrådet dei to åra Noreg sat i Tryggingsrådet. Noreg engasjerte seg særleg sterkt i konfliktane på Afrikas horn og hadde eit leiaransvar for både Etiopia-Eritrea-konflikten og konflikten i Somalia.
Gjennom eit sterkt og konsekvent engasjement har Tryggingsrådet medverka til å drive fredsprosessen mellom Etiopia og Eritrea vidare. Noreg stod sentralt i å utforme krav og stille forventningar til partane og i arbeidet med å halde eit målretta politisk fokus på FNs fredstryggjande operasjon i Etiopia og Eritrea (UNMEE). Noreg leidde tryggingsrådssendelag til Etiopia og Eritrea i februar 2002. Eit hovudføremål var å forsikre seg om at den uavhengige grensekommisjonen si fastsetjing av grensa mellom dei to landa ville verte akseptert av begge partane.
Konflikten i Somalia vart vidareførd på dagsordenen til Tryggingsrådet tidleg i 2001 etter norsk initiativ. Noreg har samarbeidd nært med FN-sekretariatet og dei andre medlemmene i Tryggingsrådet for å leggje grunnlaget for eit sterkare FN-engasjement i Somalia. Noreg har teke initiativet til og leier ei venegruppe for Somalia i FN-miljøet i New York. Vi vil vidareføre engasjementet vårt innanfor denne ramma.
Konfliktane på Afrikas horn har ein sentral plass i norsk FN- og utviklingspolitikk, også etter at vi er ute av Tryggingsrådet. Arbeidet for fredsbygging og krisehandtering, arbeidet for berekraftig utvikling og arbeidet for fattigdomsnedkjemping bør sjåast i samanheng. Noreg gjev kunnskap og ressursar - på grunnlag av erfaringar frå internasjonale fredsoperasjonar og rolla som tilretteleggjar i ei rekkje fredsprosessar. Satsinga vil i aukande grad rettast mot å førebyggje at valdelege konfliktar bryt ut - og mot å hindre at løyste konfliktar blussar opp att. Det er viktig å halde fram med freistnadene på å styrkje FN si evne til å hjelpe land som gjennomlever den smertefulle og langvarige overgangen frå krig til fred. Dette krev samtidig vilje til langsiktig og bindande engasjement blant gjevarlanda.
Noregs presidentskap i Tryggingsrådet i mars 2002 var eit særleg krafttak. Presidentrolla er særleg viktig når det gjeld å leggje til rette arbeidet i Rådet og drive det framover ved å skape brei oppslutning om prioriterte saker. Det er når Tryggingsrådet står samla, at det vert oppnådd konkrete resultat. Utrøytteleg innsats for å finne samlande løysingar var ei rettesnor for Noreg i heile medlemskapsperioden og kom til særleg nytte under presidentskapet vårt.
Den einskildsaka som sette sterkast preg på arbeidet til Tryggingsrådet under Noregs presidentskapsmånad, og der Noreg spela ei avgjerande rolle, var fredsfreistnadene i Midtausten. Noreg leidde mellom anna forhandlingane om resolusjon 1397. Denne resolusjonen var den fyrste nokon gong som omtala visjonen om ein palestinsk stat. Det var òg den fyrste resolusjonen om Midtausten som vart vedteken i Rådet under den norske medlemskapen. Å oppnå den naudsynte balansen i resolusjon 1397 var difor svært viktig. Dette lukkast til slutt etter at det seint i prosessen vart fremja eit framlegg om å ta inn ei tilvising til visjonen om to statar, Israel og Palestina, side om side innanfor sikre og godtekne grenser. Seinare same månad la Noreg fram eit utkast til resolusjon 1402. Denne resolusjonen stadfestar resolusjon 1397 som ein av dei grunnleggjande tryggingsrådsresolusjonane for Midtausten-konflikten saman med resolusjon 242 (1967) og 338 (1973).
Sjølv om vilkåra for full iverksetjing av dei ovannemnde resolusjonane ikkje har vore til stades, har dei styrkt grunnlaget for FN si rolle i fredsfreistnadene. Erfaringane frå Tryggingsrådet har også styrkt grunnlaget for Noregs vidare engasjement for fred i Midtausten.
Noreg har under tryggingsrådsperioden konsekvent arbeidd for å styrkje FN sin fredstryggjande kapasitet og har støtt oppfølginga av framlegga i Brahimirapporten. Noreg leidde i 2002 Tryggingsrådets arbeidsgruppe for fredstryggjande operasjonar. Hovudmålet har vore å bringe troppebidragsytarane i ein tettare dialog med Tryggingsrådet og FN-sekretariatet i samband med førebuing og gjennomføring av FN sine fredsoperasjonar.
Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å gje fredsoperasjonar i FN-regi høg politisk merksemd, både internasjonalt og nasjonalt. Deltaking i FN sine fredsoperasjonar og ressursmessig innsats for å utvikle FN-sekretariatet sin kapasitet innan internasjonal konflikthandtering, vil framleis vere ei prioritert norsk oppgåve. Regjeringa vil òg satse på å styrkje UNDP sitt arbeid innan konfliktførebygging og fredsbygging.
Regjeringa har identifisert satsingsområde som vil verte følgde opp frå norsk side framover. Desse omfattar tilhøvet mellom militære og sivile aktørar i fredsoperasjonar, og særleg avgrensinga mellom militære operasjonar og humanitære aksjonar i konflikt- eller postkonfliktsituasjonar.
Individets tryggleik har vore ein underkjend dimensjon i internasjonalt konfliktarbeid. Ved å arbeide for å integrere denne dimensjonen i arbeidet i Tryggingsrådet har Noreg oppnådd konkrete resultat. På norsk initiativ vart det utarbeidd eit eige dokument (Aide Mémoire) med forankring i Tryggingsrådet, der alle verne- og menneskerettsføresegner som alt finst i tidlegare tryggingsrådsvedtak, er gjeve ei samla og oversiktleg framstilling. Dette Aide Mémoire har vorte eit nyttig verkty for Tryggingsrådet i utarbeidinga av mandat for fredsoperasjonar og eit referansedokument for FNs kontor for samordning av humanitær verksemd (OCHA).
Ulovleg utnytting av naturresursar som olje, diamantar, mineral og tropisk tømmer, genererer store inntekter, som ofte går til å finansiere valdelege konfliktar. Noreg har difor i Tryggingsrådet arbeidd for å setje økonomiske drivkrefter i konflikt på den internasjonale dagsordenen. Under presidentskapsmånaden vår i mars arrangerte vi, i samarbeid med forskingsinstitusjonen International Peace Academy i New York, ein internasjonal konferanse om økonomiske drivkrefter i krig og konflikt. Slik kunnskap vil kunne medverke til betre målretting av sanksjonar slik at dei rammar bakmennene og dei reelle avgjerdstakarane og ikkje sivilfolk.
Noreg har delteke i internasjonale prosessar for effektivisering av FN sin sanksjonspolitikk og styrking av gjennomføringa av sanksjonar. Siktemålet har vore å auke effektiviteten av sanksjonane ved å styrkje FN og medlemslanda si evne til å setje i verk og gjennomføre sanksjonar som både er resultatorienterte og treffsikre. Sanksjonar skal vere eit tvangsmiddel, men ikkje eit generelt straffetiltak. I dei norske posisjonane har det vore lagt vekt på å minimalisere utilsikta negative følgjer for sivilfolk og tredjeland.
Tryggingsrådet har ved ei rekkje høve i Noregs medlemsperiode handsama spørsmål knytte til internasjonal straffeforfølging.
Vedtektene til den permanente internasjonale straffedomstolen (ICC) tredde i kraft 1. juli 2002. Same dag la USA ned veto mot forlenging av mandatet for FNs operasjon i Bosnia og Hercegovina (UNMIBH) etter fåfengd å ha kravd garantiar om immunitet for amerikansk personell for domstolen. Etter intense forhandlingar for å få ei løysing på denne situasjonen, vedtok Tryggingsrådet 12. juli 2002 samrøystes resolusjon 1422 om utsetjing i eitt år av straffeforfølging for deltakarar i fredstryggjande operasjonar frå statar som ikkje er partar i Romavedtektene. Resolusjonen er ei kompromissløysing, som sikrar at FN framleis har ei sentral rolle i fredstryggjande operasjonar, samtidig som han fastslår verdien av ICC og fullt ut varetek integriteten til domstolen.
Resolusjon 1422 er eit godt døme på den evna og viljen som Tryggingsrådet har til å finne omsamde løysingar sjølv i saker der det er sterk usemje og sprikjande synspunkt.
Noreg har vore ein sterk pådrivar for å finne samlande løysingar som styrkjer effektiviteten til Tryggingsrådet. Konsensusorientert arbeid stør og styrkjer FN si stilling som global organisasjon. Prioritering av ei slik arbeidsform og målsetjing følgjer òg av Noregs nasjonale interesser. Noreg arbeider for ein internasjonal orden som bind store og små makter i eit mellomstatleg samarbeid grunna på FN-pakta og folkeretten, og som vert halden oppe av eit globalt system av sterke multilaterale institusjonar.
Med ansvaret for internasjonal fred og tryggleik står Tryggingsrådet i FN i ei særstilling som utanrikspolitisk arena. Det må handtere mange av dei aller vanskelegaste sakene på den internasjonale dagsordenen og ta avgjerder som har vidtrekkande følgjer. For dei valde medlemmene inneber dette at dei må ta på seg eit direkte ansvar dei elles ikkje har. Noreg tok dette ansvaret. Ved nært samarbeid med dei andre medlemmene av Rådet greidde vi å skape oppslutning om eigne framlegg og prioriteringar. Samtidig var vi med på å samle Tryggingsrådet bak viktige avgjerder og vedtak og dermed òg med på å styrkje autoriteten til Rådet og FN.
Utfordringa no vert å bruke dei erfaringane vi hausta og den kunnskapen vi tileigna oss i Tryggingsrådet, i det breiare utanrikspolitiske engasjementet vårt og i vårt vidare arbeid med mange av dei same problemstillingane vi stod overfor i Rådet.
For det vidare arbeidet med konfliktførebygging, konflikthandtering og fredsbygging innanfor den breiare FN-ramma, vil erfaringane frå Tryggingsrådet vere svært nyttige. Dette gjeld ikkje minst innsatsen vår for å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar. Det gjeld òg engasjementet vårt til støtte for ei meir heilskapleg tilnærming til konfliktførebygging og fredsbygging, som involverer alle sidene ved arbeidet til FN, mellom anna tryggingssektorreform, menneskerettsdimensjonen, det humanitære området og utviklingsaspekta. Vidare gjeld det den støtta vi gav til arbeidet med økonomiske drivkrefter i krigar og konfliktar, som det etter tryggingsrådserfaringa vil verte lettare å rette inn mot sanksjonsinstrument eller andre konkrete verkemiddel.
Også for rolla vår i fredsfreistnadene i Midtausten og engasjementet vårt i ei rekkje andre konfliktar og fredsprosessar har medlemskapen i Tryggingsrådet gjeve verdifull innsikt og erfaring.
Noreg gjekk inn i Tryggingsrådet med eit ynske om å medverke til at det internasjonale samfunnet sine innsatsar på militære, politiske, humanitære, utviklingspolitiske og andre område skulle verte samkøyrde og gjensidig forsterkande. Medlemskapen i Tryggingsrådet har forsterka medvitet om at vi lever i ei stadig meir kompleks verd, og at vi difor må evne å sjå det internasjonale engasjementet vårt og interessene våre på ulike område i ein heilskapleg samanheng - for å kunne føre ein politikk som verkeleg heng saman. Dette føreset òg at vi greier å trekkje på den kunnskapen og den erfaringa som ligg i dei utanrikspolitiske forskingsinstitusjonane våre og i mange av dei frivillige organisasjonane våre. Her ligg kanskje den langsiktige hovudvinsten vi fekk dei to hektiske åra vi sat i Tryggingsrådet i FN. Regjeringa vil vidareføre ei inkluderande tilnærming til utviklinga av FN-politikken.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Reidun Gravdahl, Martin Kolberg, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, og fra Kristelig Folkeparti, Sigmund Kroslid og Lars Rise, mener Norges deltakelse i FNs sikkerhetsråd i 2001 og 2002 har vært en viktig og krevende oppgave for de to regjeringer som har hatt ansvaret i perioden. Norges deltakelse må karakteriseres som vellykket. Norge greide å skape oppslutning om egne saker og prioriteringer, samtidig som vi var med på å samle Sikkerhetsrådet bak viktige beslutninger og vedtak. Dette viser etter flertallets mening at Norge var godt forberedt på det store ansvaret medlemskapet innebar, og at hovedprioriteringene som lå til grunn for medlemskapet var relevante.
Flertallet vil særlig fremheve innsatsen Norge la ned i presidentvervet, noe som bidro til fremdrift i en rekke saker. Komiteen viser til at den viktige resolusjon 1397 om Midtøsten ble vedtatt i Norges presidentskapsperiode. Denne resolusjonen stadfester for første gang visjonen om en palestinsk stat.
Erfaringene fra presidentperioden understreker viktigheten av en konsensusorientert arbeidsform i Sikkerhetsrådet hvor innsatsen rettes inn mot å finne samlende løsninger. En slik tilnærming styrker FNs stilling i det internasjonale samfunn.
Flertallet vil understreke viktigheten av at Regjeringens prioriteringer for arbeidet i Sikkerhetsrådet hele tiden har hatt bred tilslutning i Stortinget. Flertallet mener de erfaringene og den kunnskapen Norge har tilegnet seg i Sikkerhetsrådet må brukes aktivt i vårt videre utenrikspolitiske engasjement, og at viktige prioriteringer bør videreføres som norske satsningsområder, også utenfor rammen av FN.
Flertallet viser til at den langvarige konflikten mellom FN og Irak var den vanskeligste saken i Norges medlemsperiode. Flertallet mener det var riktig av Norge å støtte resolusjon 1441, som stadfestet og forsterket FNs årelange og bindende krav overfor Irak. Resolusjon 1441 slo fast at brudd på resolusjonen ville få alvorlige følger for Irak. Flertallet mener Regjeringens standpunkt til spørsmålet om bruk av væpnet makt dersom Irak ikke oppfylte forpliktelsene sine, tok de nødvendige hensyn til at vedtak og handlinger skulle være rotfestet i FN-pakten og i gjeldende folkerett. Flertallet mener det internasjonale samfunns videre håndtering av Irak-spørsmålet vil få stor betydning for FNs og Sikkerhetsrådets rolle og stilling.
Flertallet mener Regjeringen håndterte vervet som leder av sanksjonskomitéen for Irak på en god måte, og vil særlig fremheve vårt bidrag til omlegging av sanksjonsregimet. Arbeidet for å forbedre og effektivisere FNs sanksjonspolitikk må videreføres. Målet er mer treffsikre, "smarte" sanksjoner med effekt overfor regimer, men som utvikles til i mindre grad å ramme sivilbefolkningens daglige behov.
Flertallet er tilfreds med Regjeringens sterke engasjement i Sikkerhetsrådets arbeid for å bekjempe internasjonal terrorisme. I den sammenheng er det grunn til å understreke betydningen av den helhetlige tilnærming Norge la til grunn for sitt engasjement i Afghanistan, hvor fokus ble satt på sammenhengen mellom militær innsats, nødhjelp, langsiktig utviklingshjelp og arbeidet med fred og forsoning. Flertallet mener denne tilnærming må ligge til grunn også for den videre kampen mot internasjonal terrorisme.
Flertallet viser til at konflikter i Afrika har utgjort nesten to tredjedeler av sakene på dagsordenen i Rådet, og er tilfreds med Norges prioritering av konfliktene på Afrikas horn. Flertallet merker seg de målsettingene Regjeringen har satt seg for det videre engasjementet i forhold til landene på Afrikas horn, og støtter disse.
Flertallet viser til at Regjeringen fikk lederskapet i Rådets arbeidsgruppe for fredsbevarende operasjoner, noe som var i tråd med de prioriteringer Regjeringen hadde satt for arbeidet i Sikkerhetsrådet. Flertallet mener det er viktig å videreføre arbeidet for å styrke FNs kapasitet innen internasjonal konflikthåndtering, og er enig i at forholdet mellom militære og sivile aktører i fredsoperasjoner bør være et satsingsområde fra norsk side.
Flertallet vil fremheve viktigheten av det norske engasjementet for utvikling av internasjonal strafferett, og er tilfreds med at Regjeringen i Sikkerhetsrådet tok sin del av ansvaret for driften av de opprettede straffedomstolene. Flertallet mener et videre arbeid for å sikre global oppslutning om den internasjonale straffedomstolen - ICC - må prioriteres høyt.
Komiteen viser til at deltakelse i internasjonale fredsoperasjoner har lange tradisjoner som en viktig del av norsk utenrikspolitikk. Komiteen vil understreke betydningen av fortsatt norsk deltakelse i fredsoperasjoner i regi av FN, eller operasjoner under FN-mandat. Komiteen mener det er viktig at Norge framstår som en stabil og troverdig bidragsyter til slike operasjoner. Komiteen er av den oppfatning at det er viktig med en bred deltakelse i fredsbevarende operasjoner, og at det også omfatter deltakelse utover Norges nærområder. Komiteen vil påpeke at mulige bidrag må vurderes ut ifra både militære og politiske hensyn.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti vil stille spørsmål ved om det var riktig av Norge å holde en så lav profil i flere vanskelige spørsmål, særlig knyttet til Midtøsten og håndteringen av Irak. Disse medlemmer viser til at Sikkerhetsrådet er et besluttende organ, og mener at Norge burde vist evne til å føre en mer selvstendig politikk, særlig når det gjaldt å ta klart til orde for en avvikling av de skadelige sidene ved sanksjonene mot Irak, og for et sterkere internasjonalt engasjement til støtte for palestinerne. Disse medlemmer viser til den dramatiske opptrappingen av voldshandlingene i Midtøsten-konflikten under medlemsperioden, og den svært brutale måten Israel har håndtert det palestinske opprøret på. Disse medlemmer mener at Norge i større grad skulle brukt plassen i Sikkerhetsrådet til å utfordre USA til å bidra sterkere til en helhetlig løsning på Midtøsten-konflikten. Disse medlemmer viser til at Norge to ganger lot være å stemme for resolusjoner om utplassering av internasjonale observatører i Midtøsten, og understreker at selv om USA ved disse tilfellene la ned veto, ville det vært viktig om Norge tonet flagg. Disse medlemmer mener også at Norge burde tatt til orde for sanksjoner mot Israel, selv om det var lite realistisk at dette skulle blitt vedtatt. Det undergraver Sikkerhetsrådets autoritet at Israel bryter FN-resolusjoner uten at det har konsekvenser.
Disse medlemmer viser til at Norge under debatten om Irak høsten 2002 holdt en lav profil. Disse medlemmer viser til at det framgikk allerede av president Bush sin tale til generalforsamlingen i september at USA hadde planer om å gå til krig uavhengig av FN, og mener at Norge i Sikkerhetsrådet klarere og på et tidligere tidspunkt burde vist motstand mot USAs krigsplaner.
Disse medlemmer mener det var positivt at Norge la stor vekt på konfliktene i Afrika og styrking av FNs fredsbevarende styrker under medlemskapsperioden. Disse medlemmer mener imidlertid at Norge burde fulgt målsettingene på disse områdene med å legge mer vekt på Norges konkrete innsats. Disse medlemmer viser til at Regjeringen mot slutten av perioden kuttet i Norges fredsinnsats i Afrika for å finansiere innsatsen i Afghanistan, og at vi per i dag bare har et tyvetalls personer i FN-tjeneste.
Terroranslagene mot USA 11. september 2001 satte en ny internasjonal dagsorden. Disse medlemmer mener at FN burde vært gitt en mer ledende rolle i håndteringen av terrortrusselen, og at hendelsene understreket behovet for et sterkere internasjonalt engasjement for en rettferdig fred i Midtøsten. Disse medlemmer viser også til at kampen mot terrorisme etter 11. september 2001 har vanskeliggjort arbeidet for demokratisering og respekt for menneskerettighetene i en rekke land.
Disse medlemmer viser til at Norge bare kan forvente plass i Sikkerhetsrådet ca. hvert 20. år. Blant annet ut fra dette, mener disse medlemmer at det burde vært satset mer på å bringe ut informasjon og på å involvere ulike miljø i Norge i arbeidet i Sikkerhetsrådet. Disse medlemmer mener at informasjonsarbeidet rundt Norges plass i Sikkerhetsrådet var for mangelfullt, og at det heller ikke ble gitt tilstrekkelig støtte til forskning og evaluering omkring vår innsats i Sikkerhetsrådet.
Komiteens medlem fra Senterpartiet mener Norges deltakelse i FNs sikkerhetsråd i 2001 og 2002 var en viktig og krevende oppgave som ble løst på en tilfredsstillende måte, men hvor ikke alle muligheter verken til å påvirke sakene eller å sette egen dagsorden ble benyttet fullt ut. Dette medlem vil fremheve innsatsen for å få på plass to viktige Midtøsten-resolusjoner i Norges presidentskapsperiode og det allmenne arbeidet rettet mot Afrika - spesielt Afrikas Horn. Når det gjelder det omfattende arbeidet som ble lagt ned i sanksjonskomiteen for Irak, er det å bemerke at omleggingen av sanksjonene var et skritt i riktig retning, men at sanksjonene fortsatt ikke fikk den ønskede effekt.
Dette medlem mener håndteringen av Afghanistan-spørsmålet innen rammen av FN, var tilfredsstillende. Når det gjelder Irak, mener dette medlem at Norge var for passiv for lenge og at man dermed fraskrev seg muligheten til å påvirke prosessen i Sikkerhetsrådet.
Dette medlem viser til at Norge hadde tre prioriteringer i forkant av det norske medlemskapet i Sikkerhetsrådet. Dette var utfordringene på det afrikanske kontinent, styrking av FNs evne til å planlegge og gjennomføre fredsbevarende operasjoner samt å reise debatt om underliggende årsaker til konflikt. Dette medlem erkjenner at små land har begrenset mulighet til å sette dagsorden i FNs sikkerhetsråd, men bortsett fra et høyt norsk engasjement i forhold til Afrikas Horn, kan man vanskelig se at det ble gjort viktige framskritt på noen av disse områdene. Dette medlem mener imidlertid det er viktig å jobbe videre med de nevnte problemstillinger og at det utvikles en strategi for hvordan man kan ha en bevisst satsing på veien videre ut fra den kunnskap man har bygd opp i løpet av perioden i Sikkerhetsrådet.
Dette medlem var av den formening at norsk medlemskap i Sikkerhetsrådet ville gi en anledning for å skape interesse og debatt om viktige utenrikspolitiske spørsmål. Dette lyktes man med i svært liten grad.
Komiteens tilråding er enstemmig.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
St.meld. nr. 22 (2002-2003) - om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002 - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 28. mai 2003
Inge Lønning fung. leder |
Julie Christiansen ordfører |