Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Utbygging av UMTS i NorGe

UMTS vert gjerne kalla for tredje generasjons system for mobilkommunikasjon (3G) og baserer seg på ein anna radioteknologi enn GSM. Den nye teknologien er betre tilpassa overføring av tale og data, og brukarane kan vere kontinuerleg oppkopla mot nettet. Telenor ASA, Tele2 Norge AS og NetCom GSM as er innehavarar av konsesjon for UMTS. Konsesjonane vart tildelt hausten 2000 og gjeld fram til 31. desember 2012.

I kapittel 4 i St.meld. nr. 32 (2001-2002) er det sett nærmare på status for utbygginga av mobilsystemet UMTS i Noreg, behovet for å gjere endringar i konsesjonsvilkåra med grunnlag i at det har skjedd endringar i dei faktiske forholda sidan tildelinga fann stad, samt på spørsmålet om kva som vidare bør skje med den fjerde konsesjonen for UMTS som står ledig etter konkursen til Broadband Mobile ASA. (Seinare har også Tele2 levert tilbake sin konsesjon, jf. St.meld. nr. 18 (2002-2003), kap. 3 i meldinga og kap. 4.1.2 i innstillinga.)

Når det gjeld status for utbygginga av UMTS i Noreg det første konsesjonsåret, viser innsendte rapportar frå konsesjonshavarane at ingen fullt ut har klart å halde utbyggingsløfta som vart gitt for å få konsesjon. Løfta er teke inn som individuelle vilkår om utbygging i konsesjonane til dei som vart tildelt konsesjon. NetCom GSM as er den av konsesjonshavarane som har gjennomført den mest omfattande utbygginga det første året, men er likevel eit godt stykke unna i å oppfylle utbyggingskrava etter konsesjonen. Telenor ASA som forplikta seg til ei mindre omfattande utbygging enn dei andre det første konsesjonsåret, er den av konsesjonshavarane som er nærmast i å oppfylle dei individuelle konsesjonsvilkåra om utbygging.

Det er ikkje berre i Noreg at lanseringa av UMTS har støtt på vanskar. Situasjonen er den same i dei andre EU-landa, og EU-kommisjonen har på denne bakgrunn sett i gang eit arbeid med å sjå nærmare på kva som bør gjerast for å få til ein vellukka introduksjon av det nye mobilsystemet i fellesskapet. Fleire EU-land har allereie gjort tilpassingar i konsesjonsvilkåra til den nye situasjonen, til dømes ved å utsetje konsesjonsfristen med omsyn til utbygging og ved å tillate større grad av samarbeid mellom konsesjonshavarane i samband med nettutbygginga for å gjere det billegare å gjennomføre utbygginga det er gitt lovnad om.

Hovudårsakene til at konsesjonshavarane i EU-landa og i Noreg har vanskar med å oppfylle løfta som vart gitt for å få konsesjon, er den generelle økonomiske nedgangen som har skjedd i tida etter at konsesjonane vart fordelte i dei fleste europeiske landa, og forseinkingane som har oppstått i høve til utviklinga av felles standard for UMTS. Ved tildelinga var det høg betalingsvilje for å få konsesjon, anten i form av høge auksjonsbod eller løfte om omfattande utbygging, avhengig av kva for tildelingsmetode som vart lagt til grunn for fordelinga. Den økonomiske tilbakegangen som har skjedd i tida etter fordelinga fann stad, har gjort det vanskeleg for konsesjonshavarane å innfri betalings- og utbyggingsløfta fullt ut.

Forseinkinga i utviklinga av felles UMTS-standard har gjort det spesielt vanskeleg for dei konsesjonshavarane som har teke på seg å gjennomføre ei rask utbygging av UMTS. Produksjonen av både nettverksutstyr og terminalar er vesentleg forseinka som følgje av at standardiseringsarbeidet har teke lengre tid enn venta. Utstyret som hittil har vorte levert har berre vore tilgjengeleg i eit avgrensa omfang, og vidare må dette utstyret skiftast ut med nytt utstyr då det byggjer på ein anna UMTS-standard enn den som vil bli lagt til grunn kommersielt. Utstyret som alt er levert vert opplyst å ikkje vere kompatibelt med utstyr basert på UMTS-standarden som vil bli lagt til grunn kommersielt.

Med grunnlag i endringane i faktiske forhold som har skjedd sidan konsesjonane vart fordelte, vert det i meldinga gjort ei vurdering av spørsmålet om det er behov for å endre rammevilkåra for UMTS for på den måten å få til ei utbygging av det nye mobilsystemet i tråd med dei politiske måla som vart lagt til grunn for tildelinga. Det vert i denne samanheng spesielt sett nærmare på om det er grunn til å endre konsesjonsvilkåret om utbyggingstakt, samt om det skal opnast for at konsesjonshavarane i større grad enn i dag får høve til å oppfylle utbyggingsvilkåra gjennom nettverksdeling.

Ved fordelinga av konsesjonane vart det lagt særskilt vekt på søkjarane sine tilbod om utbygging og utbyggingstakt. Omsynet bak denne vektlegginga var ynskje om å få til ei omfattande utbygging slik at så mange som mogeleg skulle få tilbod om dei nye tenestene og at Noreg framleis skulle ligge i fremste rekkje i høve til å ta i bruk ny teknologi.

Når det gjeld endring av utbyggingsvilkåra, meiner departementet at dei individuelle krava om dekningsomfang må stå fast. Krava til dekningsomfang utgjer den viktigaste delen av "betalinga" for konsesjonane, og bidrar også til at det skjer ei utbygging i område som ligg utanfor dei som er kommersielt interessante, og til at så mange som mogeleg får tilbod om dei nye tenestene.

Sjølv om somme av konsesjonærane i høyringa forut for meldinga har gjort gjeldande at det er behov for å endre vilkåra om utbyggingstakt som følgje av forseinkingane som har oppstått på utstyrssida, finn departementet etter ei konkret vurdering at det er meir føremålstenleg å stå fast på dette kravet. Det vert i denne samanheng vist til at signala om forseinkingane ikkje er eintydige, noko som gjer det vanskeleg å oppstille ei alternativ utbyggingsfrist til den som går fram av konsesjonane. At konsesjonærane ikkje har blitt møtt med sterkare sanksjonar for manglande utbygging det første konsesjonsåret, inneber i realiteten at det alt er gitt ei utsetting.

Når det gjeld nettverksdeling, meiner departementet at det vil vere føremålstenleg å etterkomme ønskje frå konsesjonærane om å tillate større grad av nettverksdeling enn i dag. Etter departementet si vurdering vil det å tillate større grad av deling gjere det lettare for konsesjonærane å oppfylle løfta som vart gitt for å få konsesjon. At konsesjonærane klarer å fullføre den utbygginga som dei har teke på seg, er viktig av omsyn til at så mange av innbyggjarane som mogeleg skal få tilgang til dei nye tenestene. Vidare vil kostnadsreduksjonen i nettutbygginga kunne slå positivt ut ved at dette kan verke inn på prisane for tenestene på lengre sikt, samt gjere den ledige konsesjonen meir attraktiv.

Departementet vil framheve at nettverksdeling også er positivt ut frå miljøomsyn.

På den andre sida vil for stor grad av nettverksdeling kunne få innverknad på konkurransen. Departementet er oppteken av at kravet om uavhengige nett vert oppretthalde i dei største tettstadene, til dømes i dei tettstadene som utgjorde minstekrava til dekningsomfang i utlysinga, dvs. om lag 40 pst. av befolkninga.

Høvet til å kunne dele infrastruktur vil vere mest aktuelt i område der det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje fleire konkurrerande nett.

Etter departementet si vurdering er det ønskeleg med størst mogeleg konkurranse på infrastruktursida, men dette må balanserast opp mot det som er realistisk å få til reint økonomisk. Etter departementet si vurdering vil større grad av nettdeling vere positivt for den langsiktige konkurransen også på infrastruktursida. Etter kvart som innteninga til deltakarane i eit slik samarbeid betrar seg, vil deltakarane på lengre sikt ha moglegheit til å byggje eigne nett for på den måten å betre sin eigen fleksibilitet. Avtalar om nettverksdeling må i tilfelle skje innanfor rammene etter den alminnelege konkurranseretten.

Departementet vil ikkje på det noverande tidspunkt ta stilling til på kva måte og i kva omfang nettverksdeling skal verte lovleg, men overlet til Post- og teletilsynet å utarbeide ei tilråding til departementet om føremålstenleg regulering for nettverksdeling, som igjen kan danne grunnlag for lemping av vilkår i konsesjonane. Av omsyn til at ei slik lemping av konsesjonsvilkåra skal verte ein realitet, er det viktig at slike reglar vert etablert raskt og før det er gjennomført ei omfattande utbygging. Konsesjonshavarane sine dekningsplikter står som nemnt fast, og for det tilfellet at konsesjonshavaren har forplikta seg til meir omfattande utbygging enn det som vil bli oppnådd gjennom eit eventuelt nettverkssamarbeid, vil konsesjonshavaren vere skuldig å bygge eige nett i tillegg for å oppfylle den individuelle utbyggingsplikta. Etter departementet si vurdering må det same prinsippet verte lagt til grunn i høve til individuelle vilkår om kapasitet i nettet.

Når det gjeld spørsmålet om kva som bør skje med den ledige konsesjonen for UMTS, meiner departementet at denne bør bli lyst ut så raskt som mogleg. Vilkåra for konsesjonen bør etter departementet si vurdering vere dei same som ved siste tildeling, men der det i samsvar med vurderingane i meldinga, vert opna for å oppfylle eventuelle dekningsvilkår utover minstevilkåra ved nettverksdeling. Ei slik løysing vil vere i tråd med tilråding frå Post- og teletilsynet om at det bør overlatast til marknaden sjølv å avgjere om det er plass til og interesse for fire konsesjonar for UMTS i den norske mobilmarknaden.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at den fjerde UMTS-konsesjonen vert fordelt ved auksjon med eit minimumsvederlag på 200 mill. kroner og med tilsvarande krav til minsteutbygging som ved utlysinga sist gong.

Kapittel 3 i St.meld. nr. 18 (2002-2003) gir en oppdatering mht. utviklingen som har skjedd på UMTS-området det siste halve året. Nasjonalt sett er den viktigste enkelthendelsen at Tele2 har levert tilbake UMTS-konsesjonen. Dette innebærer at staten i dag har to ledige UMTS-konsesjoner. Hovedtrekkene i utviklingen internasjonalt er at UMTS-konsesjonærene i de fleste europeiske land har problemer med å introdusere UMTS iht. opprinnelige fremdriftsplaner. Dette skyldes bl.a. forsinkelser på utstyrssiden og vansker med å få finansiert utbyggingen. Det vises i denne sammenheng til statusoversikt over innføringen av UMTS i EU som følger som vedlegg til meldingen (vedlegg nr. 2).

I kapittel 3 behandles spørsmålet om hva som bør skje med de ledige UMTS-konsesjonene. På samme måte som i St.meld. nr. 32 (2001-2002), foreslår departementet at konsesjonene bør fordeles i markedet ved auksjon og at dette bør skje så raskt som mulig etter Stortingets behandling av meldingene.

Videre inneholder kapittel 3 en vurdering av forslaget i St.meld. nr. 32 (2001-2002) om å stille de samme konsesjonsvilkårene som ved forrige utlysing.

For å oppnå nødvendig interesse for de ledige UMTS-konsesjonene foreslås det at minstekravene til dekningsomfang og utbyggingshastighet endres til å omfatte UMTS-dekning til 30 pst. av befolkningen innen 6 år fra konsesjonstildelingen. Minstekravene ved forrige tildeling var bygging av UMTS-nett i 12 nærmere definerte tettsteder innen 5 år fra konsesjonstildelingen. Dette vil etter departementets syn legge til rette for at nye operatører kan etablere seg i konkurranse med Telenor Mobil og NetCom, og at det dermed kan utvikles et marked med reell konkurranse, utvikling av nye tjenester og lavere tjenestepriser.

Øvrige vilkår opprettholdes, hvilket betyr at nye konsesjonærer også skal betale årlig frekvensavgift, samt en minstepris for konsesjonen pålydende kroner 200 mill. kroner.

I St.meld. nr. 24 (1999-2000), som er forarbeidene til UMTS-tildelingen, ble det foreslått at det ikke skulle innføres et pålegg om nasjonal roaming mellom ulike UMTS-nett. Roaming er kort fortalt et uttrykk for avtaler mellom tilbydere av mobilnett om bruk av hverandres nett.

Tatt i betraktning den utviklingen som har skjedd på UMTS-området siden konsesjonstildelingen fant sted, finner departementet det hensiktsmessig å revurdere dette forslaget.

Pålegg om nasjonal roaming vil kunne bidra til utvikling av konkurranse i mobilmarkedet. Det foreslås derfor at det åpnes for å vurdere pålegg om nasjonal roaming mellom ulike UMTS-nett når utbygging etter konsesjonene er gjennomført. Det vises i denne sammenheng til St.meld. nr. 32 (2001-2002), punkt 3.2.5, der det fremgår at et slikt pålegg uansett vil være avhengig av kommende markedsdefinisjoner og -analyser iht. nytt regelverk om elektronisk kommunikasjon.

I kapittel 3 vurderes spørsmålet om eksisterende UMTS-konsesjonærer skal bli gitt utsettelse mht. oppfyllelse av konsesjonens utbyggingsvilkår. I St.meld. nr. 32 (2001-2002) kom departementet til at det ikke var grunnlag for å imøtekomme konsesjonærenes ønske.

Med bakgrunn i Tele2s tilbakelevering og konkret anmodning fra NetCom om å utsette utbyggingsvilkårene, har departementet vurdert dette spørsmålet en gang til. Etter en konkret vurdering finner departementet at det best tjener de telepolitiske målsetningene at de gjenværende UMTS-konsesjonærene, Telenor Mobil og NetCom, blir gitt utsettelse. Å gi slik utsettelse vil ikke medføre at Norge tidsmessig vil bli liggende etter UMTS-utbyggingen i EU. Det foreslås derfor at Telenor Mobil og NetCom blir gitt en 15 måneders utsettelse av konsesjonenes utbyggingsfrister. Det stilles likevel som vilkår for en slik utsettelse at konsesjonærene kompenserer staten økonomisk for fordelen de derved oppnår. Kompensasjonens størrelse fastsettes av myndighetene.

Komiteen vil vise til at da Stortinget behandlet St.meld. nr. 24 (1999-2000) ble det vedtatt å utlyse 4 UMTS-konsesjoner. Siden konsesjonene ble tildelt, har telekommunikasjonsindustrien både nasjonalt og internasjonalt møtt betydelige problemer, noe som bl.a. har medført at UMTS-utbyggingen er noe forsinket i forhold til opprinnelige utbyggingsplaner.

Av de fire UMTS-konsesjonene som ble tildelt, er det i dag bare konsesjonene til NetCom og Telenor Mobil som er operative i det norske mobilmarkedet. De to nye mobiloperatørene, Broadband Mobil og Tele2, har begge levert konsesjonene tilbake som følge av hhv. konkurs og frivillig tilbakelevering til staten.

På denne bakgrunn har departementet vurdert hva som skal gjøres med de to ledige lisensene og ulike tiltak for å redusere kostnadene ved utbygging og stimulere utbyggingstakten.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, støtter i utgangspunktet Regjeringens forslag om å utlyse de to ledige UMTS-lisensene. Flertallet finner det imidlertid som lite sannsynlig at det i dagens marked vil få to aktører til inn i det norske markedet med de betingelsene som Regjeringen foreslår.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti støtter departementets forslag om å lyse ut de to ledige UMTS-lisensene og deler vurderingene knyttet til betingelsene for disse lisensene.

Komiteen sin medlem frå Senterpartiet viser til at det kan bli vanskeleg å få inn to nye aktørar som kan tilfredsstille dei telepolitiske målsettingane, med dei minstekrava som Regjeringa set. Det er òg eit spørsmål om det er marknad for fire parallelle nett i Noreg. Denne medlemen meiner derfor det berre skal lysast ut ein ledig lisens, og at det må leggjast til rette for å få inn ein ny, solid aktør. Dei opphavelege minstekrava til dekningsomfang, ca. 40 pst., må oppretthaldast, medan det bør vurderast å lempe på minimumsprisen, slik at konsesjonæren dels betaler for lisensen gjennom større utbygging av nett.

Denne medlemen fremmar følgjande forslag:

"Det blir berre lyst ut ein av dei ledige UMTS-lisensane. Det skal leggjast vekt på å få inn ein ny, solid aktør. Dei opphavelege minstekrava til dekningsomfang blir oppretthaldne, men det blir vurdert å lempe på minimumsprisen, slik at konsesjonæren dels betaler for lisensen gjennom større utbygging av nett."

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, støtter departementets forslag til utbyggingshastighet og minstekrav til dekningsområde for de to lisensene, samt forslaget om å tildele lisensene ved auksjon.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner at det opphavelege minstekravet til dekningsområde må oppretthaldast. Denne medlemen meiner at berre den eine av dei ledige lisensane skal lysast ut, og at tildelinga bør skje ved anbod, slik det blei gjort i den førre tildelingsrunden. På denne måten kan ein oppnå eit større dekningsomfang.

Komiteens flertall. medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener at Regjeringen må utarbeide et system som pålegger aktørene å samarbeide ved utbygging av UMTS-nett i de områdene av landet som er ulønnsomme. Regjeringen må sørge for at både de etablerte UMTS-konsesjonærene og eventuelle nye får de samme retter og plikter i et slikt samarbeid.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utarbeide et system som pålegger UMTS-konsesjonærene å samarbeide ved utbygging av UMTS-nett i de områdene av landet som er ulønnsomme."

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at Regjeringen foreslår å redusere kraftig de dekningskravene som ble lagt til grunn ved tildelingen i 2000. Disse medlemmer mener derfor at Regjeringen har gitt opp å gi hele landet et likeverdig mobiltelefontilbud.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil vise at utlysningen av de to ledige UMTS-konsesjonene ikke fører til noen reduksjonen av landets totale UMTS-dekning. Derimot har Regjeringen fremmet forslag som gjør at Telenor Mobil og NetCom kan oppfylle sine landsdekkende dekningsforpliktelser til en lavere pris. Disse medlemmer er meget tilfreds med at disse forslagene får bred tilslutning.

Disse medlemmer vil vise til at Telenor og NetCom i sine UMTS-konsesjoner har forpliktet seg til å dekke henholdsvis 84 og 76,5 pst. av landets befolkning. Gitt kravet til minste dekningsområde i de to ledige UMTS-konsesjonene, er det kun Telenor Mobil og NetCom som etter all sannsynlighet vil bygge UMTS-nett i de grisgrendte deler av landet hvor det ikke er bedriftsøkonomisk lønnsomt. For å lette utbyggingskostnadene for disse to konsesjonærene generelt og deres utbygging i bedriftsøkonomisk ulønnsomme områder spesielt, har Regjeringen åpnet for nettverksdeling og nasjonal roaming.

Disse medlemmer mener at de aktuelle operatører, og med hjelp av Post- og teletilsynet, er best i stand til å gjennomføre disse prosessene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener det er viktig at det i den kommende utlysnings- og auksjonsrunden blir stilt minimumskrav til kompetanse og kapital for å kunne få delta i auksjonsrunden.

Flertallet viser til at den finansielle situasjonen for potensielle konsesjonærer er endret siden forrige tildeling.

Flertallet mener at de nye konsesjonene skal tildeles ved auksjon. Av hensyn til det telepolitiske målet om å legge til rette for virksom konkurranse, er det vanskelig å sette en minstepris lik forrige tildeling.

Flertallet viser til at det i meldingen opplyses at operatørene på EU-markedet har betalt over 1 000 mrd. kroner for sine konsesjoner (engangsavgifter). Flertallet mener det er avgjørende for den fremtidige konkurransen på UMTS-markedet at flere konsesjonærer kommer inn. Det vil derfor være mest hensiktsmessig at de to ledige konsesjonene tildeles etter auksjonsprinsippet, uten at det på forhånd settes noen minstepris.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"De to ledige UMTS-konsesjonene utlyses etter auksjonsprinsippet, og uten at det på forhånd settes noen minstepris."

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner det må stillast minimumskrav til kompetanse og kapital for å kunne delta i den kommande tildelingsrunden. Dei opphavelege minstekrava til dekningsomfang må oppretthaldast, medan det bør vurderast å lempe på minimumsprisen, slik at konsesjonæren dels betaler for lisensen gjennom utbygging av ulønnsamt nett.

Komiteen vil understreke viktigheten av at tildeling av UMTS-lisenser gjennomføres så raskt som mulig, slik at nye aktører raskt kan starte utbyggingen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti,understreker betydningen av at tildeling av ny(e) konsesjon(er) skjer så raskt som mulig. Flertallet mener at det er nødvendig å ha gjennomført dette før utgangen av juni 2003.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil understreke betydningen av at tildelingen av nye konsesjoner skjer så raskt som mulig. Disse medlemmer ønsker at auksjonen blir gjennomført i løpet av første halvår, så sant det er praktisk mulig.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til de foreslåtte lettelsene i utbyggingsforpliktelsene for de eksisterende UMTS-konsesjonærene og støtter forslaget om 15 måneders utsettelse. Flertallet er imot at Telenor og NetCom skal betale kompensasjon til staten for å benytte seg av denne utsettelsen.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"Telenor og Netcom skal ikke betale kompensasjon til staten for utsettelsen av utbyggingen av UMTS-nettet med 15 måneder."

Flertallet merker seg at Samferdselsdepartementet finner at det best tjener de telepolitiske målsettingene at de gjenværende UMTS-konsesjonærene, Telenor Mobil og NetCom, blir gitt utsettelse i forhold til konsesjonenes vilkår om utbyggingstakt. Samfunnsøkonomiske hensyn kan tale for dette, og det synes i store trekk ikke som en utsettelse gjør at Norge tidsmessig vil stå tilbake for utviklingen i EU.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti deler vurderingene knyttet til lettelse i utbyggingsforpliktelsene for de eksisterende UMTS-konsesjonærene og støtter forslaget om 15 måneders utsettelse. Departementet vil i samarbeid med Finansdepartementet fastsette størrelsen på kompensasjonen som må betales for denne vilkårslettelsen.

Komiteen er positiv til å ta i bruk nettverksdeling for å redusere investeringskostnadene i UMTS-nettene. Det er viktig at de som erverver nye UMTS-lisenser, gis mulighet til å delta i nettverksdeling med de to lisenshaverne som allerede er i gang med UMTS-utbygging. Det er viktig at Post- og teletilsynet følger opp at slik nettverksdelingen finner sted i samsvar med disse intensjonene.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet merker seg at departementet ikke er fornøyd med konkurransen innen GSM-markedet. De to viktigste konkurrentene, Telenor Mobil og NetCom har henholdsvis 60 pst. og 31 pst. av markedet. Det later til at begge er tilfredse med at det fortsetter slik. Departementet mener prisene ville vært lavere hvis konkurransen hadde vært mer reell.

Disse medlemmer mener konkurransen kan bli bedre uten at alle fire fremtidige konsesjonærer bygger ut landsdekkende nett. I konkurransen mellom operatørene innen GSM og 3G vil ikke de fysiske nettverkene (bakkestasjonene) ha stor betydning. Disse er formidlere - transportetapper av tjenester som utvikles av operatørene, uansett om disse er virtuelle nettverks­leietakere eller om de er nettverkseiere og operatører.

Innen mobiltelefoni, GSM og 3G kan man se for seg at to konkurrenter godt kan benytte det samme nettverket. 3G-mobilkunder vil ikke være opptatte av hvilket nettverk operatøren bruker, men av pris, kvalitet og tjenestetilbud.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at det er viktig at det kommer inn minst en ny aktør med en solid finansiell base.

Med en slik aktør blant konkurrentene på det norske 3G-markedet, vil det være tilstrekkelig med de to landsdekkende bakkestasjonsnettene som Telenor og NetCom er i ferd med å etablere. En slik aktør vil kunne bygge ut nettverk i de største byene, opp til f.eks. 30 pst. dekning, slik departementet har gått inn for, og deretter leie nettverkskapasitet. Fordelen med en stor og kapitalsterk aktør i denne rollen er at en slik aktør hele tiden vil kunne bygge videre ut dersom betingelsene for "roaming" på Telenors og NetComs nett ikke er tilfredsstillende. En slik aktør vil ikke være prisgitt nettverkseierens strategi.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, er positiv til nasjonal roaming i UMTS-nettene og at aktører som oppnår sterk markedsstilling i UMTS-markedet blir pålagt nasjonal roaming.

Flertallet vil understreke viktigheten av at alle UMTS-aktører er gitt mulighet til nasjonal roaming i GSM-nettene, og at det innføres pålegg om dette. Hvis partene ikke blir enige om betingelsene for nasjonal roaming, må Post- og teletilsynet bestemme disse.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner at det er nødvendig å opne for nasjonal roaming i mobilnettet. Denne medlemen ber Regjeringa så raskt som mogleg å utarbeide eit opplegg for å opne for nasjonal roaming.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det i Europa i dag ikke er flere enn to små UMTS-nett som er operative. Produksjonen av brukerutstyr, blant annet UMTS-telefon, er sterkt forsinket. I Norge vil de første telefonene etter produsentenes egne utsagn komme i løpet av året.

Flertallet viser til at all teknologi som gjelder infrastruktur og organisering av trafikken på 3G-nettet er kjent, og under utbygging.

Sony Ericsson og NOKIA har allerede utviklet 3G-telefoner. Prototyper er blitt stilt til disposisjon for nettoperatørene (herunder Telenor og NetCom) siden sommeren 2002. Begge opplyser at de første 3G-telefonene vil bli tilgjengelige i handelen i løpet av 2003. Også Hutchison har alt klart for fullskala distribuering av 3G-telefoner.

Komiteen har merket seg at det analoge NMT 450- nettet vil bli nedlagt når inneværende konsesjonsperioden utløper 31. desember 2004. Frekvensene i 450 MHz-båndet er egnet til å etablere mobilnett med meget god geografisk dekning, og komiteen støtter derfor departementets vurderinger og opplegg for tildeling av ny konsesjon på 450 MHz-frekvensene.