Merknader frå komiteen
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til proposisjonen og ser verdien av at Otteraaens Brugseierforening får høve til å regulera vassdraga i samsvar med konsesjonssøknaden for å kunne nytta vassressursane og produsere straum når behovet er størst. Fleirtalet ser òg verdien av ytterlegare overføringar og bygging av Skarg kraftverk. Utfordringa blir å finna avbøtende tiltak for å redusera ulempene som reguleringane fører med seg.
Fleirtalet registrerer at dei som har uttalt seg, går inn for regulering, men at dei samstundes peikar på fleire problem som reguleringa fører med seg.
Fleirtalet viser til at problema som er knytte til minstevassføring er breitt omtala i framlegget frå Regjeringa, kommunane og andre høyringsinstansar. Fleirtalet har merka seg at Otteraaens Brugseierforening fram til no har vore imøtekommande for å finna avbøtende tiltak mellom anna med å regulera vassføringa for å kunna gjennomføra rafting i vassdraget. Fleirtaletgår ut frå at konsesjonssøkjar framleis vil vera imøtekommande for å dempa uheldige følgjer av mellom anna effektkjøring og regulering av vassføringa.
Når konsesjonssøkjar blir pålagt å gi midlar til næringsfond skjer dette for at kommunane skal få ein del i verdiskapinga og samstundes få kompensasjon for dei ulempene reguleringa fører med seg. Det er ikkje faste reglar for kor stort næringsfondet skal vera, og det må difor fastsetjast etter skjønn. Det må også sjåast i samanheng med andre økonomiske kompensasjonar som blir gitt for ulemper som reguleringa fører med seg.
Fleirtalet viser til at storleiken på næringsfondet er inngåande drøfta både i NVE si innstilling og i proposisjonen. Fleirtalet viser til at NVE i si tilråding og departementet i sitt framlegg går inn for at det vert gitt næringsfond i tillegg til konsesjonsavgiftene. Departementet uttalar at storleiken på næringsfondet er svært høgt samanlikna med andre søknader om fornying av konsesjonar.Fleirtalet har merka seg at konsesjonane gjekk ut i 1987, og gir mellom anna av den grunn tilslutning til at det blir tildelt næringsfond på 39 mill. kroner, med fordelingsnøkkel slik departementet har gjort framlegg om.
Fleirtalet viser til at framveksten av krypsiv er eit stort og uløyst problem i Otravassdraget. NIVA har utarbeidd fleire rapportar om desse vanskane. Rapportane indikerer at hovudårsaka til krypsivproblema skuldast reguleringane i vassdraget. Alle som har gitt fråsegn i saka, har hatt fokus på krypsivproblematikken. Fleirtalet viser også til at Fylkesmannen i Aust-Agder har medverka til at "Prosjekt Krypsiv i Sørlandsvassdrag" vart sett i gang. Fleirtalet stør Regjeringa sitt framlegg om å setja av eit fond til reduksjon av krypsiv i Otravassdraget. Det er per i dag ikkje råd å slå fast kva tiltak som trengst for å redusere tilveksten av krypsiv til eit naturleg nivå på permanent basis. Fysisk fjerning av sivet har vist seg å vera kostbart og ha kortvarig effekt.
Fleirtalet meiner difor at det må setjast av midlar som kan føre til å sikre ei permanent betring i heile vassdraget. Ei slik satsing vil komme alle kommunane til gode, ulikt frå næringsfondet som blir tildelt etter andre kriteria. Fleirtalet ønskjer å styrkje arbeidet med å redusera ulempene av krypsiv, mellom anna ved at det blir sett av ekstra midlar som kan inkludera forsking med sikte på å redusera problema med krypsiv. Grunneigarane, frilufts- og miljøorganisasjonane, turistnæringa, kommunane og regulanten har alle peikt på at den aukande framveksten av krypsiv er eit problem som må behandlast spesielt. Dette er så dominerande og spesielt for dette vassdraget at kravet til regulanten om å setje av ekstra midlar på eit eige krypsivfond ikkje må danne presedens for seinare behandling av konsesjonssøknader.
Fleirtalet viser til rapporten utarbeidd av NIVA i oktober 2002, som omhandlar forsuringsstatus og tiltaksplan mot forsuring i Otra. Av rapporten går det fram at reguleringa av Øvre Otra har ført til forsuring av Nedre Otra, og at forsuringa utan tiltak øydelegg for etablering av den stadbundne laksestammen. Kommunane har oppmoda om at konsesjonsstyresmaktene må gje forsuringsspørsmålet spesiell merksemd slik at tiltak kan bli sette i verk for å betre levevilkåra til laksen, og viser til at konsesjonsvilkåra pkt. 7 bokstav e heimlar pålegg til regulanten om deltaking i finansieringa av forsuringstiltak.
Fleirtalet gjer difor framlegg om at konsesjonær blir pålagt å gå inn med 10 mill. kroner utover det som Regjeringa har gjort framlegg om - til saman 20 mill. kroner - for å redusera krypsiv i Otravassdraget. Fleirtalet gir vidare si tilslutning til Regjeringa sitt framlegg om at dette fondet vert forvalta av ei eiga styringsgruppe med representantar frå NVE, fylkesmennene, regulanten og dei aktuelle kommunane langs vassdraget.
Fleirtalet fremjar difor følgjande framlegg til endring i vilkåra for tillatelse etter vassdragsreguleringslova for Otteraaens Brugseierforening til å regulere Byglandsfjorden m.m. i Otravassdraget:
"Pkt. 11 (Terskler mv.) andre ledd første punktum skal lyde:
Konsesjonæren pålegges å avsette 20 mill. kroner til et eget fond til undersøkelser og tiltak for å redusere begroing og forsuring i Otravassdraget."
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, viser til forslaget om ny reguleringskonsesjon for Byglandsfjorden m.m. i Otravassdraget. Vassdraget omfatter flere konsesjoner som utgår på ulike tidspunkt som gjør helhetlige grep i forhold til reguleringen av vassdraget vanskelig. Det er imidlertid flere momenter som taler for en helhetlig gjennomgang. For eksempel er Otra befengt med gjengroing (krypsiv). Dette miljøproblemet kan fjernes eller reduseres ved å tilføre større mengder flomkvann nedover vassdraget. Et slikt tiltak krever en helhetlig gjennomgang. Denne utbyggingen vil forsterke krypsivproblematikken i Otra (gjengroing). Også når det gjelder Otra Kraft og Otteraaens Brugseierforenings søknad om nye overføringer (Brokke nord og sør) og bygging av Skarg kraftverk har disse medlemmer de samme ankepunkter. NIVAs undersøkelse (delvis gjengitt på s. 60 i proposisjonen) konkluderer med at kraftutbygging er den dominerende årsaken til krypsivproblemene. NVEs innstilling innholder heller ikke forslag til et konkret program for bekjempelse av krypsivproblematikken
Videre er disse medlemmer bekymret for de økonomiske konsekvensene for elvekraftverkene Iveland og Steinsfoss som følge av den foreslåtte reguleringskonsesjonen for Byglandsfjorden. En slik helhetlig vurdering vil kunne avdekke dette og eventuelt klargjøre erstatningsbehov. Disse medlemmer viser til fylkesmannen i Vest-Agder og DN sine råd hvor det anbefales en helhetsvurdering av vassdraget, og fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen foreta en samlet vurdering av hele Otra-vassdraget før saken om ny reguleringskonsesjon for Byglandsfjord m.m. i Otra-vassdraget samt bygging av Skarg kraftverk og nye overføringer (Brokke nord og sør), blir fremmet for Stortinget."