4. Nokre spørsmål i tilknyting til finansmarknaden
- 4.1 Eigaravgrensingsreglar i norske finans- institusjonar
- 4.2 Omdanning av sparebankar
- 4.3 Kvitvasking og terrorfinansiering
- 4.4 Marknadsplassar for varederivat
Finansdepartementet oppretta 23. november 2001 ei arbeidsgruppe under leiing av Erling Selvig for å greie ut om eigaravgrensing og eigarkontroll i finansinstitusjonar. Arbeidsgruppa foreslår i si utgreiing å endre føresegnene i finansieringsverksemdslova § 2-2 om eigaravgrensingar i finansinstitusjonar, der det heiter at ingen som hovudregel kan eige meir enn 10 pst. av ein finansinstitusjon. Utgreiinga er publisert som NOU 2002: 3 "Eierbegrensning og eierkontroll i finansinstitusjoner". Arbeidsgruppa foreslår nye lovreglar for eigarkontroll i finansinstitusjonar som i større grad enn gjeldande reglar tek utgangspunkt i ein meir skjønnsbasert modell, som også EØS-direktiva legg opp til.
Finansdepartementet sende utgreiinga på høyring 19. februar 2002 med høyringsfrist 21. mai 2002. Saka er for tida til behandling i Finansdepartementet.
Komiteen tek dette til orientering.
Finansdepartementet fremma i Ot.prp. nr. 59 (2001-2002) lovforslag som opnar for omdanning av sparebankar til aksje- eller allmennaksjeselskap. Fleirtalet i finanskomiteen slutta seg med ei mindre endring til forslaget, jf. Innst. O. nr. 57 (2001-2002). Lovforslaget blei vedteke 11. juni 2002. Lovendringa blei sanksjonert 21. juni 2002 og sett i kraft same dag. Det er i meldinga gjort nærare greie for lovendringa.
I Innst. S. nr. 87 (2001-2002) uttalar finanskomiteen m.a.:
Under høyringane om saka den 18. januar 2002 kom det, særleg frå Sparebankforeningen, fleire konkrete forslag om tiltak for å styrkja grunnfondsbevisa si stilling. Fleirtalet ser det som svært viktig at grunnfondsbevisa si stilling får ei reell styrking. Fleirtalet vil vidare understreka at det er viktig at arbeidet med dette går parallelt med omdanningssaka, slik at desse sakene kan sjåast i samanheng.
På denne bakgrunn er fleirtalet samd i departementet sin konklusjon om å leggja fram for Stortinget eit lovforslag om endring av finanslovgivinga som opnar for omdanning av sparebankar til aksjeselskap.
Lovendringa gjennomfører fleire av desse forslaga. Det er vedteke at utbytteskatten skal fjernast frå og med inntektsåret 2002. Formuesskattereglane i skattelova § 4-12 sjette ledd blei endra slik at grunnfondsbevis blir verdsette til 65 pst. av kursverdien 1. januar i likningsåret, eller 65 pst. av pårekna salsverdi 1. januar i likningsåret dersom kursen ikkje er notert eller kjend. Dette gir skattemessig likestilling med aksjar i norske selskap som ikkje er noterte på hovudlista ved Oslo Børs. Vidare blir det opna for at grunnfondsbeviseigarane kan velje inntil 40 pst. av medlemene i forstandarskapet til sparebanken. Spørsmålet om endring av grunnfondsbevisforskrifta er til vurdering i departementet.
Komiteen tek det som står i meldinga om omdanning av sparebankar til orientering.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet viser til sine merknader i Innst. S. nr. 87 (2001-2002), der disse medlemmer gikk imot omdanningsadgang.
Gjensidige NOR søkte i brev 3. juni 2002 om å få endre konsernstruktur. Kredittilsynet gav si tilråding i saka ved brev 20. juni 2002. Ved vedtak 16. juli 2002 gav Finansdepartementet konsesjon til omstruktureringa på nærare vilkår.
Gjensidige NOR var før omdanninga organisert som konserngruppe etter "lov om finansieringsvirksomhet" § 2a-17 (tidlegare § 2a-16), sett saman av Gjensidige NOR Forsikring, Gjensidige NOR Spareforsikring og Gjensidige NOR Sparebank. Gjensidige NOR opplyser i søknaden:
"For å styrke konsernets konkurransekraft ønsker vi å videreutvikle konsernet som aksjekonsern. Bakgrunnen for dette er de erfaringer som er gjort med gjeldende konsernmodell ut fra muligheten til å skaffe nødvendig egenkapital."
Gjensidige NOR søkjer mellom anna om grunnlegging av Gjensidige NOR ASA som morselskap i finanskonsern, jf. "lov om finansieringsvirksomhet" § 2a-3 første ledd. Vidare søkjer Gjensidige NOR om omdanning av Gjensidige NOR Spareforsikring til allmennaksjeselskap etter kundemodellen, jf. "lov om finansieringsvirksomhet" § 2-19 tredje ledd a) og omdanning av Gjensidige NOR Sparebank etter stiftelsesmodellen, jf. "lov om finansieringsvirksomhet" § 2-19 tredje ledd b). Det blir søkt om at Gjensidige NOR ASA skal eige 100 pst. av aksjane i Gjensidige NOR Spareforsikring ASA og Gjensidige NOR Sparebank ASA. Aksjane i Gjensidige NOR ASA blir fordelte mellom livselskapet sine kundar og det gjensidige skadeforsikringsselskapet Gjensidige NOR Forsikring (som grunnfondsbeviseigarar i livselskapet), grunnfondsbeviseigarar i sparebanken og ein nyoppretta sparebankstiftelse, Stiftelsen Gjensidige NOR Sparebank, og dessutan visse andre som kjøper aksjar som blir selde ved kontantutløysing av visse mindre grupper. Fordelinga vil skje på bakgrunn av verdiforholdet mellom kundane og grunnfondsbeviseigarane i livselskapet, grunnfondsbeviseigarane og grunnfondskapitalen i sparebanken, og vidare på bakgrunn av verdiforholdet mellom livselskapet og sparebanken. Det blir søkt om å opprette ein strategisk samarbeidsavtale mellom morselskapet Gjensidige NOR ASA og det gjensidige skadeforsikringsselskapet Gjensidige NOR Forsikring, jf. "lov om finansieringsvirksomhet" § 2-2 andre ledd nr. 10.
I brev 16. juli 2002 gav Finansdepartementet nødvendige løyve til omstruktureringa som er nemnd ovanfor. Det blei sett visse vilkår for konsesjonen. Løyvet krev mellom anna at Kredittilsynet godkjenner vedtektene til banken og organiseringa i finanskonsernet.
Komiteen tek dette til orientering.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet viser til sine merknader i Innst. S. nr. 87 (2001-2002), der disse medlemmer gikk imot omdanningsadgang.
Det norske kvitvaskingsregelverket som gjeld for finansinstitusjonar o.a., følgjer av "lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner" § 2-17 med tilhøyrande forskrifter. Regelverket er ei implementering av EØS-reglane som svarar til rådsdirektiv 91/308/EØF ("det første hvitvaskingsdirektivet"). Finansieringsverksemdslova § 2-17 fastset plikter for finansinstitusjonane og deira tenestemenn som skal førebyggje at finansinstitusjonane blir misbrukte til kvitvasking av pengar og til finansiering av terrorisme.
I løpet av 2001 er det vedteke fleire endringar i dei internasjonale reglane for tiltak mot kvitvasking av pengar og terrorfinansiering. I meldinga er det omtale av dei viktigaste endringane som er relevante for finansmarknaden.
Komiteen tek det som står i meldinga om kvitvasking og terrorfinansiering til orientering.
Departementet har i løpet av 2001 behandla tre søknader om etablering av marknadsplassar for omsetjing av varederivat. 5. mars 2002 gav Finansdepartementet Nord Pool ASA løyve til å drive børsverksemd, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 andre ledd. Løyvet blei avgrensa til børsverksemd for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande vare. Same dato gav Finansdepartementet International Maritime Exchange ASA løyve til å drive autorisert marknadsplass, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 første ledd. Dette løyvet blei avgrensa til verksemd som autorisert marknadsplass for varederivat med maritime fraktkontraktar som underliggjande vare. Vidare gav Finansdepartementet 31. mai 2002 M-Tre Kraft AS løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 første ledd. Løyvet gjeld verksemd som autorisert marknadsplass for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande vare. Det blei sett særlege vilkår for alle løyva.
Komiteen tek dette til orientering.