1. Innleiing
Meldinga gjeld for år 2001. Omtalen er på nokre punkt utvida til også å ta med utviklinga i 2002. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet for år 2001 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.
Det er i avsnitt 1.2 i meldinga gitt oversyn over utviklinga på finansmarknaden i 2001.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Reidun Gravdahl, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til merknader under dei einskilde avsnitta nedanfor.