Formål og hovedoversikt
- Formål
- Omgruppering: forhold som endrar ramma for 2002-budsjettet
- Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga
I proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2002 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2002 vart utarbeidd.
Avslutninga av rekneskapen for 2001 synte eit meirforbruk under kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten post 1 på 18,022 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 18,022 mill. kroner og vert dekka ved at ramme for 2002 vert foreslått redusert tilsvarande.
I forhold til vedtatt budsjett for 2002 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 112,543 mill. kroner som er foreslått tillagt utgiftssida.
Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett for 2002 tillagt seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2001. Det er òg teke omsyn til Forsvarets del av lønnskompensasjon for 2002 som var på 332,670 mill. kroner.
I 2002 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar ved følgjande:
– St.prp. nr. 1 (2001-2002) Statsbudsjettet medregnet folketrygden, Budsjett-innst. S. nr. 1 (2001-2002), medførte en reduksjon på 20,071 mill. kroner.
– St.prp. nr. 39 (2001-2002), Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, nasjonale sikringstiltak mot terrorisme og etablering av diplomatisk nærvær i Kabul, jf. Innst. S. nr. 119 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 545,932 mill. kroner.
– St.prp. nr. 55 (2001-2002), Gjennomføringsproposisjonen - utfyllende rammer for omleggingen av Forsvaret i perioden 2002-2005, jf. Innst. S. nr. 232 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 1 043,082 mill. kroner.
– St.prp. nr. 69 (2001-2002), Om endringer i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap", jf. Innst. S. nr. 249 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 20,120 mill. kroner.
– St.prp. nr. 63 (2001-2002), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), medførte å redusere utgiftsramma med 40,701 mill. kroner.
– St.prp. nr. 80 (2001-2002), Om finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, jf. Innst. S. nr. 6 (2002-2003), medførte å auka utgiftsramma med 300 mill. kroner.
Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2002 | 27 656 918 |
Budsjett-innst. S. nr. 1 (2001-2002) | - 20 071 |
Innst. S. nr. 119 (2001-2002) | 545 932 |
Innst. S. nr. 232 (2001-2002) | 1 043 082 |
Innst. S. nr. 249 (2001-2002) | 20 120 |
Innst. S. nr. 6 (2002-2003) | 300 000 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 29 505 280 |
Midlar ført over frå 2001 | 1 789 609 |
Lønnskompensasjon for 2002 | 332 670 |
Disponible midlar i 2001 før omgruppering | 31 627 559 |
Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2002 (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2002 | 724 797 |
= Løyving før omgruppering | 724 797 |
Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen (i 1 000 kroner):
Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001 | - 18 022 |
Auking på utgiftssida grunna meirinntekter overført utgiftssida | 112 543 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 94 521 |
+ Løyving før omgruppering | 29 505 280 |
= Total løyving etter omgrupperinga | 29 599 801 |
= Totalt disponibelt etter omgrupperinga | 31 722 080 |
Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen (i 1 000 kroner):
Løyving før omgruppering | 724 797 |
Netto meirinntekter | 112 543 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 837 340 |
Departementet foreslår at løyvingane vert endra med 94,521 mill. kroner på utgiftsramma og med 112,543 mill. kroner på inntektsramma.
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane.
Utgifter (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreutgift - Meirutgift + |
Utgifter: | ||
1 | Driftsutgifter | 522 794 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 14 340 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | - 10 000 |
44 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | - 50 000 |
45 | Større utstyrsanskaffelser | - 226 806 |
47 | Nye bygg og nyanlegg | - 19 251 |
48 | Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid | - 125 000 |
50 | Overføringar til statsinstitusjonar | 54 000 |
51 | Tilskot til Forsvarets forskningsinstitutt | 444 |
75 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Norges tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO | - 65 000 |
90 | Lån til private | - 1 000 |
Sum | 94 521 |
Inntekter (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreutgift - Meirutgift + |
Inntekter: | ||
1 | Driftsinntekter | 175 637 |
45 | Store nyskaffingar | 31 194 |
47 | Sal av eigedom | - 20 000 |
48 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter | - 125 000 |
49 | Sal av bustader | 49 364 |
70 | Renter låneordninga | 475 |
90 | Lån til boligformål | 873 |
Sum | 112 543 |
Under hovudavsnitt 2 i proposisjonen gjer departementet rede for hovudtrekka i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå.
Under hovudavsnitt 3 i proposisjonen gjer departementet rede for bestillingsfullmakter for kap. 1731 Hæren, kap. 1733 Luftforsvaret, kap. 1790 Kystvakta og kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten.