Innstilling frå kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane
Dette dokument
- Innst. S. nr. 41 (2002-2003)
- Kildedok: St.prp. nr. 4 (2002-2003)
- Dato: 21.11.2002
- Utgiver: Kommunalkomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Ved rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap vert det innført ei ny felles europeisk selskapsform som er basert på at slike selskap skal kunne skipast etter dei same reglane utan omsyn til kva land selskapet er registrert i.
Føremålet med direktiv 2001/86/EF om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane er å regulere innverknaden til arbeidstakarane i slike selskap. Gjennom reglane om medinnverknad vert arbeidstakarane sikra bedriftsdemokratiske rettar på arbeidsplassen slik at dei får høve til å påverke viktige avgjerder som vert tekne i samband med forvaltinga av selskapet.
I medhald av artikkel 3 i direktivet skal det, når det vert planlagt å skipe eit europeisk selskap, så snøgt som råd setjast i gang forhandlingar med dei tilsette om medinnverknad i det europeiske selskapet. I samband med dette skal det skipast eit særskilt forhandlingsorgan som omfattar representantar for dei tilsette frå selskapa som tek del i skipinga av det europeiske selskapet.
Avtala skal ikkje innebere dårlegare ordningar for medinnverknad i eit europeisk selskap enn det dei tilsette i dei deltakande selskapa hadde før skipinga av det europeiske selskapet, med mindre eit kvalifisert fleirtal av dei tilsette er samde i dette. Avtala skal regulere retten dei tilsette har til informasjon, konsultasjon og medinnverknad (representasjon i styrande organ) i selskapet. Dersom det ikkje vert gjort ei avtale om medinnverknad, vil eit sett standardføresegner verte nytta. Standardføresegnene er fastsette i direktivet, der det òg vert gjeve nærmare reglar om informasjon, konsultasjon og medinnverknad. Det kan på visse vilkår gjerast avtale om i staden å nytte dei gjeldande reglane for informasjon og konsultasjon i dei landa der det europeiske selskapet har tilsette.
I norsk rett er det ingen føresegner som sikrar medinnverknaden til arbeidstakarane i eit europeisk selskap slik dei er gjort greie for i direktivet. Gjennomføringa av direktivet krev difor ei lovendring. Korleis direktivet nærmare skal gjennomførast er enno ikkje endeleg avklart. Fleire alternative gjennomføringsmåtar kan vere aktuelle. Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med gjennomføringa av forordninga om det europeiske selskapet. Dersom forordninga skal gjennomførast i norsk rett som ei eiga lov, vil det vere naturleg å gjennomføre direktivet i eller i medhald av denne lova. Det tilsvarande kan tenkjast dersom forordninga skal gjennomførast gjennom endring i aksjelovgjevinga.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet tek del i ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Kommisjonen, og som har sett seg føre å klarleggje innhaldet i direktivet. Aktuelle gjennomføringsmåtar er blant dei tema som skal takast opp til diskusjon. Det er naturleg at ein ved val av gjennomføringsmåte tek omsyn til korleis dette vert gjort i andre europeiske land.
Gjennomføringa av direktivet fører ikkje med seg administrative og økonomiske konsekvensar for næringslivet ettersom det er frivillig å nytte denne selskapsforma.
Det offentlege vil påførast visse kontrolloppgåver med omsyn til registreringa av eit europeisk selskap. Føresegnene i direktivet vil ikkje innebere auka offentlege utgifter som følgje av gjennomføringa.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, har merka seg at føremålet med direktiv 2001/86/EF er å regulere påverknaden til arbeidstakarane i det europeiske selskapet. Komiteen viser til at desse reglane skal sikre bedriftsdemokratiske rettar på arbeidsplassen slik at arbeidstakarane får høve til å påverke viktige avgjerder som vert tekne i samband med forvaltninga av selskapet.
Komiteen er merksam på at avtala ikkje skal innebere dårlegare ordningar for påverknad i eit europeisk selskap enn det dei tilsette i dei deltakande selskapa hadde før skipinga av det europeiske selskapet, med mindre eit kvalifisert fleirtal av dei tilsette er samde i dette. Vidare har komiteen merka seg at avtala skal regulere retten dei tilsette har til informasjon, konsultasjon og medpåverknad i selskapet.
Komiteen er elles kjent med at det i norsk rett ikkje er føresegner som sikrar medpåverknaden til arbeidstakarane i eit europeisk selskap slik det er gjort greie for i direktivet, og at gjennomføringa av direktivet vil krevje ei lovendring. Etter komiteen si vurdering er det naturleg å vente på det resultat ekspertgruppa oppnemnd av Kommisjonen kjem fram til vedkomande gjennomføringa av direktivet, samt å sjå på korleis dette vert gjort i andre land.
Komiteen er merksam på at gjennomføringa av direktivet ikkje fører med seg administrative og økonomiske konsekvensar for næringslivet, men at det offentlege vil verte påført visse kontrolloppgåver med omsyn til registreringa av eit europeisk selskap. Komiteen har merka seg at det ikkje vil innebere auke i offentlege utgifter som følgje av gjennomføringa.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til de bedriftsdemokratiske rettigheter arbeidstakere i Norge og andre skandinaviske land har. Disse rettighetene framholdes som positive både for arbeidstakerne og for næringslivet.
Flertallet merker seg at det framgår av proposisjonen at "avtale skal ikkje innebere dårlegare ordningar for medinnverknad i eit europeisk selskap enn det dei tilsette i dei deltakande selskapa hadde før skipinga av det europeiske selskapet, med mindre eit kvalifisert fleirtal av dei tilsette er samde i dette".
Flertallet vil vise til at Nord-Europa, og i særlig grad Skandinavia, har et helt annet regelverk og andre tradisjoner for dette, enn det en kjenner fra Sør-Europa.
Flertallet viser til standardforslaget for medvirkning i det europeiske selskapet og vil påpeke at dette gir vesentlig svakere medarbeidermedvirkning enn det som sikrer arbeidstakere i norske aksjeselskaper.
Flertallet mener dette er beklagelig og viser de store forskjellene i holdning til medarbeidermedvirkning i forskjellige europeiske land. Det er ingen tvil om at arbeidstakere i norske datterselskaper til europeiske selskaper kan oppleve en svekket arbeidstakeremedvirkning som en følge av et slikt regelverk, særlig i tilfeller der andelen norsk arbeidstakere er lav. Det samme gjelder norske selskaper som fusjonerer med selskaper fra land med en dårligere kultur for arbeidstakermedvirkning.
Flertallet ber derfor om at det ved implementering av direktivet legges til rette for både overvåkning av utviklingen og konfliktløsningsorganer som arbeider for at norske arbeidstakeres medvirkningsmuligheter sikres på et norsk nivå.
Flertallet forutsetter at Regjeringen i den videre prosessen vil arbeide for at arbeidstakermedvirkningen i europeiske selskaper skal komme på samme høye nivå som partene i Norge er blitt enige om.
Komiteen sitt utkast til innstilling blei 19. november 2002 sendt utanrikskomiteen til uttale. Utanrikskomiteen skriv følgjande i brev av 20. november 2002:
"Det vises til kommunalkomiteens brev av 19. ds. Utenrikskomiteen viser til de respektive fraksjoners merknader i utkastet, og har for øvrig ingen merknader."
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane.
Oslo, i kommunalkomiteen, den 21. november 2002
Magnhild Meltveit Kleppa leiar |
Anita Apelthun Sæle ordførar |
Hans Kristian Hogsnes sekretær |