Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Innhold

Til Stortinget

Avgjerda til EU om å skipe Det europeiske året for funksjonshemma 2003 vart teken 3. desember 2001 gjennom rådsavgjerd 2001/903/EF. Avgjerda omfattar markering av året i 2003 og samarbeid om førebuingar i 2002 og er meint å skulle støtte opp om verkemiddel som alt finst på området.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 artikkel 5 i EØS-avtala vert endra. Ettersom norsk deltaking i programmet inneber utgifter av ein viss storleik over to år, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert det lagt opp til at Stortinget gjev sitt samtykke før det er teke avgjerd i EØS-komiteen.

I initiativet frå Kommisjonen overfor Rådet om eit europeisk år for funksjonshemma 2003 vert det peikt på at lovgjeving i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg når det gjeld kamp mot diskriminering, og når det gjeld å nå målet om full integrering. Det er avgjerande med langsiktig handling på grunnlag av brei oppslutning. Kvar einskild stat har her eit ansvar, men EU ønskjer å gje både impulsar og ei ramme som kan fremje medvitet om dei rettane funksjonshemma har som borgarar, og som kan føre til at barrierar vert fjerna, både sosialt og i dei fysiske omgjevnadene.

Det vert i proposisjonen gjort greie for føremålet med Det europeiske året for funksjonshemma 2003 og for einskilde tiltak.

Programmet har som føresetnad at det vert skipa ein nasjonal komité for å sikre deltaking og samordning på nasjonalt plan. Sosialdepartementet vil oppnemne denne komiteen i samråd med andre departement.

Programmet har eit samla budsjettoverslag på 12 mill. euro, fordelt på 4 mill. euro i førebuingsåret 2002 og 8 mill. euro i gjennomføringsåret 2003. Utgifter til norsk kontingent vil utgjere i alt om lag 2 mill. kroner, fordelt på 640 000 kroner i 2002 og om lag 1,3 mill. kroner i 2003. Desse utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Sosialdepartementet, kap. 675 post 70.

Det blir uttala at deltakinga ikkje gjer det naudsynt med lov- eller forskriftsendringar, og at den ikkje vil ha større administrative konsekvensar.

Det vert synt til at Noreg tidlegare har teke del i EU-samarbeidet for funksjonshemma gjennom HELIOS-programmet, og sidan har teke del med observatørstatus i Kommisjonen si rådgjevande embetsmannsgruppe for politikk for funksjonshemma.

Det blir uttala at norsk deltaking i programmet vil vere viktig for at Noreg framleis kan ta del i samarbeidet i EU og EFTA/EØS på dette feltet, og at det vil kunne gje drahjelp i den nasjonale informasjonsinnsatsen.

Utkast til innstilling er sendt over til utanrikskomiteen til uttale. I brev dagsett 30. april 2002 uttalar utanrikskomiteen at han ikkje har merknader til innstillingsutkastet.

Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev sitt samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003.

Oslo, i sosialkomiteen, den 14. mai 2002

John I. Alvheim

leiar

Åse Gunhild Woie Duesund

sekretær og ordførar