Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala

Innhold

Til Stortinget

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 vart det vedteke å endre vedlegg XX til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke. Europaparlaments- og rådsforordninga tok til å gjelde i EU 17. juli 2000.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen er 9. mai 2002.

EU har sidan 1992 hatt ei ordning med miljømerking av produkt. Forordninga om dette vart innlemma i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett i 1998 ved ei endring i merkelova (ny § 6 a).

Føremålet med forordning var å skape ei heilskapleg og effektiv miljømerkeordning. Gjennom informasjon om korleis produkta verkar inn på miljøet, skulle brukarane verte i stand til å gjere gode miljøval. Dette ville òg kunne stimulere til produksjon og marknadsføring av dei produktalternativa som har ein minst negativ innverknad på miljøet. Næringsmiddel, drikkar og lækjemiddel er ikkje omfatta av ordninga.

I medhald av forordninga skulle kvar stat peike ut eit organ med ansvar for å ta hand om oppgåver i samband med ordninga.

På same måte som den nordiske miljømerkeordninga "Svanen" er det valfritt å nytte seg av det europeiske miljømerket.

Den nye forordninga medfører at lovteksta må endrast, slik at det i merkelova vert vist til den nye forordninga (forordning (EF) nr. 1980/2000) i staden for den gamle (forordning (EØF) nr. 880/92). Lovframlegget vil verte lagt fram for Stortinget i ein eigen odelstingsproposisjon.

Barne- og familiedepartementet går inn for at Stiftinga Miljømerking i Noreg framleis skal vere det rette organet med ansvar for det europeiske miljømerket. Skjerpa krav i den reviderte forordninga til informasjon om og marknadsføring av EU-miljømerket vil kunne føre til noko større utgifter til dette føremålet. Barne- og familiedepartementet gjer framlegg overfor Stortinget om årlege løyvingar til verksemda til stiftinga, og yter tilskot alt etter kva midlar som vert stilte til rådvelde for føremålet gjennom budsjettvedtaket til Stortinget.

På noko lengre sikt vil dei klare intensjonane om sterkare samarbeid/samordning mellom dei ulike europeiske merkeordningane truleg få verknader for den nordiske miljømerkeordninga. Det er likevel vanskeleg per dato å vurdere konsekvensane av dette samarbeidet for den nordiske miljømerkeordninga.

Utenrikskomiteen har i brev 17. april 2002 uttalt at komiteen ikke har merknader til utkast til innstilling.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, er kjent med avgjørelsen i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 der det ble gjort vedtak om å endre vedlegg XX til EØS-avtalen til også å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke.

Godkjenningen av avgjørelsen i EØS-komiteen må ha samtykke fra Stortinget, og komiteenstøtter Barne- og familiedepartementet og Utenriksdepartementets konklusjon og tilråding.

Komiteen vil poengtere viktigheten av å bevare miljømerket "Svanens" troverdighet ved at merket ikke blir misbrukt av produsenter til produkter som ikke oppfyller de strenge kriterier som skal være til stede før merket kan tas i bruk.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gir samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke i EØS-avtala.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 18. april 2002

Sonja Irene Sjøli

leder

Torny Pedersen

ordfører

Trond Giske

sekretær