1. Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om å auke løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 10,4 mill. kroner som følgje av omlegging av fiskalavgifta og nullsats på moms.
Som følgje av terroraksjonane i USA 11. september 2001 har det blitt sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner, og det blir derfor gjort framlegg om å redusere overskottskravet til Luftfartsverket for 2001 med 10 mill. kroner.
Departementet viser til at utviklinga innanfor luftfarten i haust gjer at Luftfartsverket sine driftsinntekter for 2001 er svært usikre.
Det blir i proposisjonen orientert om statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner ved skader på tredjepart, som følgje av krigs- og terrorhandlingar, jf. St.prp. nr. 103 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 6 (2001-2002). Stortinget samtykte 26. oktober 2001 i at Samferdsledepartementet kunne gjere avtaler om statleg forsikringsansvar for luftfartøy operert av norsklisensierte fly- og helikopterselskap ved skade på tredjepart som følgje av krigs- og terrorhandlingar. Premieinntekta, med fråtrekk av administrasjonsvederlaget til Gjensidige NOR, vil inntektsførast i statsrekneskapen for 2001 under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 29 Ymse. Eit grovanslag over premieinntekter for to månader utgjer om lag 8-9 mill. kroner. Av dette utgjer administrasjonsvederlaget 15 pst.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Tomas Norvoll og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans R. Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har merka seg at det har vorte sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner etter terroraksjonane mot USA 11. september 2001. Komiteen meiner det har vore nødvendig å setje inn til dels omfattande tiltak og innser at desse tiltak har ført til ekstra utgifter for Luftfartsverket. Når i tillegg utviklinga i luftfarten i haust gjer driftsinntektene for Luftfartsverket svært usikre, er komiteen samd i at overskotskravet til Luftfartsverket for 2001 vert redusert med 10 mill. kroner.