Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2001 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar
Dette dokument
- Innst. S. nr. 339 (2000-2001)
- Kildedok: St.prp. nr. 93 (2000-2001)
- Dato: 12.06.2001
- Utgiver: Sosialkomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 2001 under kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar. Auken på i alt 43,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
I forhandlingsmøte 28. mai 2001 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2001 - 30. juni 2002. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,7 pst. per 1. juli 2001. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Departementet tilrår at løyvinga for 2001 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 30,0 mill. kroner.
Fastlønstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 117 500 kroner i 2000. Departementet tilrår at fastlønstilskotet blir auka til 123 500 kroner for 2001, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 5,0 mill. kroner.
I forhandlingsmøte 14. mai 2001 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2001 - 30. juni 2002. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst. per 1. juli 2001. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 4,0 mill kroner.
Staten gjev tilskot til driftsavtalar som blei oppretta mellom fylkeskommunar/kommunar og legespesialistar, spesialistar i klinisk psykologi og fysioterapeutar i samband med endringane om refusjonsrett i lov om folketrygd per 1. juli 1998. Tilskotet er tidsavgrensa til 5 år frå dette tidspunktet. Dei øyremerkte tilskota blir regulerte i samsvar med reguleringa av driftstilskota. Departementet tilrår at kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar blir auka med 4,0 mill kroner for 2001.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Inga Balstad, Reidun Gravdahl, Asmund Kristoffersen, Karin Lian og Einar Olav Skogholt, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Are Næss, fra Høyre, Annelise Høegh og Sonja Irene Sjøli, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, og fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, har merket seg at det er inngått avtale for tidsrommet 1. juli 2001-30. juni 2002 for henholdsvis Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten og Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten. Avtalen gjelder forslag til revidert avtale om driftstilskudd og takster for de aktuelle yrkesprofesjonene, dvs. fysioterapeuter og spesialister i klinisk psykologi.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
739 |
Andre utgifter |
||
61 |
Tilskot til driftsavtalar, blir auka med |
4 000 000 | |
frå kr 202 000 000 til kr 206 000 000 |
|||
2711 |
Diverse tiltak i fylkeshelsetensta m.v. |
||
71 |
Refusjon psykologhjelp, blir auka med |
4 000 000 | |
frå kr 154 000 000 til kr 158 000 000 |
|||
2755 |
Helsetenesta i kommunane |
||
62 |
Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med |
5 000 000 | |
frå kr 173 000 000 til kr 178 000 000 |
|||
71 |
Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 846 000 000 til kr 876 000 000 |
Oslo, i sosialkomiteen, den 12. juni 2001
John I. Alvheim leiar |
Asmund Kristoffersen ordførar |
Are Næss sekretær |