4. Tilråding frå komiteen
Komiteen viser til det som står over og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringa leggje følgjande prinsipp til grunn for ein reell kvalitetsreform i høgare utdanning:
-
– Studentane på universitet og høgskular skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 som hovudregel gjevast tilbod om eit studieår på 10 månader.
-
– Oppfølginga av den einskilde student skal seinest frå og med haustsemesteret 2003 styrkast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå. Det skal leggjast ekstra vekt på oppfølginga av første semesterstudentar.
-
– Prinsippet om forskingsbasert undervisning på universitet og høgskular skal oppretthaldast.
-
– Kvalitetsreformen skal ikkje finansierast ved å leggje opp til at det samla talet på avlagte vekttall/studiepoeng reduserast, ut over det som på lengre sikt blir resultatet av omlegginga i gradssystemet.
-
– Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane.
-
– Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003.
II
Stortinget ber Regjeringa leggje fram sak om samisk høgare utdanning og forsking seinast ved årsskiftet 2001/2002.
III
Stortinget ber Regjeringa leggje betre til rette for å gjere læremateriell tilgjengeleg for lesehemma studentar.
IV
Stortinget ber Regjeringa kome attende til Stortinget med spørsmål knytta til eventuelle omleggingar av profesjonsstudia, embetsstudia og lærarutdanninga. Det skal leggjast til grunn for ei slik sak at kunstutdanninga inkludert musikkfaga, sivilingeniørstudiet eller profesjonsutdanningar som psykologi og teologi, ikkje blir pålagde å bryte opp dagens struktur.
V
Stortinget ber Regjeringen utforme regelverket slik at institusjonene gis frihet til selv å forme innholdet i bachelorgraden utover de første 20 studiepoengene (ex.phil./ex.fac.).
VI
Stortinget ber Regjeringa inkludere institusjonane sitt internasjonale utvekslingsarbeid i utrekningsmodellen for finansiering.
VII
Stortinget ber Regjeringen legge til grunn de kriterier, forutsetninger og prosedyrer som enstemmig er trukket opp av Mjøsutvalget i NOU 2000:14, for at en institusjon skal kunne tilkjennes universitetsstatus.
VIII
Stortinget ber Regjeringa om å gje statlege høgskular fridom til å opprette og leggje ned studietilbod som varer inntil 3 år.
IX
Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for at institusjonane har fullmakt til å organisere randsoneaktiviteten i tråd med tilrådingane i NOU 1999:18 om at einingar for oppdragsforsking ved universitet og høgskular skal kunne organiserast i aksjeselskap eller statsføretak. Slik organisering kan også gjelde etter- og vidareutdanningsverksemd.
X
Stortinget ber Regjeringa på eigna måte leggje fram ei vurdering og drøfting av rekrutteringssituasjonen i universitets- og høgskulesektoren, sett i lys av den kraftige veksten som er planlagd i både undervisnings- og forskingsinnsats dei nærmaste åra. Denne vurderinga bør helst leggjast fram samstundes med statsbudsjettet for 2002, og seinast innan førstkommande årsskifte.
XI
Ordninga med opprykk til professor etter kompetanse skal førast vidare.
XII
Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgare utdanning, jf. Mjøsutvalet sitt framlegg i NOU 2000:14.
XIII
Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for at institutt- og fakultetsleiarar skal tilsetjast på åremål.
XIV
Stortinget ber Regjeringa utforme eit framlegg til ei felles lov for statlege og private institusjonar innafor høgare utdanning.
XV
Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om å innføre eit etableringsstipend basert på gjennomførd utdanning for bildekunstnarar, ballettkunstnarar, kunsthandverkarar og diplomgraden for komposisjon og direksjon. Det er ein føresetnad at stipendet vert tildelt alle ferdig uteksaminerte studentar som går inn i yrket.
XVI
Dagens system for gebyrstipend for utenlandsstudenter skal videreføres med forholdsmessig samme økning i kostnadsnormen som for studenter i Norge.
XVII
Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag om delvis dekning av studieavgiften for studenter ved Handelshøyskolen BI, i forbindelse med statsbudsjettet for 2002.
XVIII
Stortinget ber Regjeringa leggje fram for Stortinget ei uavhengig evaluering av omleggingane innan høgare utdanning. Evalueringa skal først gjerast etter at reforma har fått virke i tre år.
XIX
St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning - vert lagd ved møteboka.