Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Regional utvikling - frÅ eIne­ansvar til felles innsats

Fylkeskommunene vil ha et hovedansvar for å etablere og utvikle samarbeid i regionale partnerskap mellom fylkeskommunene, regionale statlige aktører, kommunene, næringsliv, kompetanseinstitusjoner og private organisasjoner. Slike partnerskap må evne å mobilisere til felles innsats for regional utvikling. Uten kontinuerlig kompetanseutvikling, nyskaping og bevisst satsning på ulike regioners fortrinn, kan enkelte distrikt eller næringer bli tapende i den voksende konkurransen.

Distrikts- og regionalpolitikken må ta utgangspunkt i behovene til folk og næringsliv og i de store regionale forskjellene for utvikling som er i dette landet. Det skal skje gjennom å gi ansvar og vise tillit til de aktører som er de regionale premissgiverne for den lokale og regionale samfunnsutviklingen. Dette er også i tråd med målet om å effektivisere offentlig forvaltning og styring.

Nye og forenklede arbeidsformer må ta hensyn til brukernes behov. Erfaringer viser at befolkning og næringsliv har behov for en effektiv og samordnet offentlig sektor. Alle politikkområder som har relevans for den regionale utviklingen må ses i sammenheng. Brukermedvirkningen skal forsterkes både i analysearbeid og i diskusjoner om mål og prioritering. I arbeidet med regionalisering og medvirkning må en trekke lærdom av både nasjonale og internasjonale erfaringer.

Gjennomføringen av en slik politikk innebærer bedre samordning og mer samarbeid på tvers av dagens departementer, sektorer, etater, direktorater og profesjoner. Det er særlig behov for å sikre god samordning om konkretisering av nasjonale mål mellom departementer med ansvar for politikkutforming og virkemidler knyttet til næringsutvikling. En ny oppgavefordeling tar sikte på å forenkle og bedre samord-ningsmulighetene mellom ulike typer statlig og annen offentlig innsats for regional utvikling. Sammen med en forenkling av regelverk og større frihetsgrader, først og fremst i bruken av generelle distriktspolitiske virkemidler, vil det bidra til å skape bedre rammebetingelser for felles innsats.

Statlige aktører, som ulike departementer, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), fylkesmennenes landbruksavdelinger, SIVA og Norges forsk­ningsråd (NFR) og Sametinget og fylkeskommuner og kommuner har på ulike måter sentrale roller i distrikts- og regionalpolitikken og i samfunns- og næringsutviklingen.

SND er en viktig premissgiver for utformingen av distrikts- og regionalpolitikken og næringspolitikken generelt. Det er en forutsetning at SND har en aktiv rolle i det regionale partnerskapet innenfor rammen av de nasjonale mål og retningslinjer som gjelder for fondets virksomhet. SIVA har som mål å være et nasjonalt foretak for økt verdiskaping og sysselsetting i distriktene. SIVAs hovedoppgaver skal fortsatt ligge i distriktene, og selskapet skal ha en klar distriktsprofil. Norges forskningsråd er en viktig aktør når det gjelder å spre ny kunnskap og teknologi til næringslivet. I forbindelse med oppfølgingen av den pågående evalueringen av NFR bør det vurderes om og eventuelt hvordan NFRs regionale forankring kan styrkes.

Kommunene og fylkeskommunene legger viktige rammebetingelser og leverer viktige tjenester for både innbyggere og næringsliv. Det er en sentral utfordring at det kommunale nivået medvirker til at målene i distrikts- og regionalpolitikken kan nås på en best mulig måte.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Regjeringa si vektlegging av fylkeskommunen som hovudansvarleg for å utvikle samarbeid om regional utvikling, jf. St.meld. nr. 31 (2000-2001). Fleirtalet er einig i at fylkeskommunen si rolle vert styrka, og at fylkeskommunen no blir ein politisk hovudaktør i den utviklingspolitikken ein formar regionalt. Fleirtalet viser til Kommunenes Sentralforbund sitt innspel i høyringa i komiteen, og vil understreke behovet for at KRD si samordningsrolle vert styrka.

Fleirtaletlegg vekt på at dei oppgåvene som vert lagt til fylkeskommunen må følgjast med økonomiske verkemidlar.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at dersom det regionale folkevalde nivået blir drivkraften i utviklinga framover må også det økonomiske verkemiddelapparatet regionaliserast.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet vil peike på evalueringa av tilskotsordninga "Regionale samordningstiltak", som var innført av sentrumsregjeringa i 1998. Føremålet med ordninga er å fremje ein brei samordningsinnsats over forvaltingsgrenser og politikkområde som kan bidra til å nå distriktspolitiske mål. Møreforsking si evaluering peikar på at tilskotsordninga har fremja regionalt samarbeid og har vore ein arena for dialog og læring på og mellom ulike nivå. Desse medlemene ser på konklusjonane i rapporten frå Møreforsking som interessante, og tilrår ei vidareføring av tilskotsordninga.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er positiv til regionale samarbeidstiltak, men viser til forslag under kap. 1.2 om å samle alle midlene til distriktsutvikling i samlepotter som disponeres fritt av kommuner og fylkeskommuner.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at i enkelte deler av landet er ein komen langt i å finne praktiske samarbeidsmønster på tvers av nivå og etatar. Prosjektet "Høyhastighetsnett i Ryfylke", slik det er omtala på side 54 i meldinga, er eit godt døme på det. Her har ein gjennom spleiselag mellom seks kommunar, Rogaland fylkeskommune og statleg tilskott utvikla breibandstilbod i Ryfylke-regionen til same pris som Stavanger-regionen. Jæren Produktutvikling, ei interkommunal stifting, som har som formål å vere eit bindeledd mellom idéhavarar og etablerarar på den eine sida og "den samla kunnskapsmengda i området" på den andre sida, er ein modell som bør ha overføringsverdi til andre regionar. Her kan ein vise til auka verdiskaping i Jærregionen ved etablering av nye levedyktige bedrifter samt at eksisterande næringsliv er tilført nye lønsame produktideer. I Sogn og Fjordane har ein sidan 1995 etablert eit nettverk kring utvikling av IKT, IT-forum i Sogn og Fjordane, der regionale statlege og fylkeskommunale etatar har delteke saman med verksemder som t.d. Hydro, representantar frå SMB, NHO, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Styrken i dette samarbeidet har sett heller små miljø i stand til å ta større oppdrag og prosjekt enn ein kunne makte enkeltvis, mellom anna har ein hatt ansvar for drifting av store EU-prosjekt som TITAN; utvikling av kartbaserte tenester over internett. Desse erfaringane har også utvikla miljø som er i stand til å utvikle og drifte nasjonale tenester. Eit døme på dette er Norge.no, portalen for all offentleg informasjon, som er utvikla og vert drifta frå Leikanger i Sogn. Også mange mindre KIFT-verksemder har vakse fram som resultat av dette samarbeidet, og det er samarbeid på gang for å byggje ut breiband til heile fylket.

Fleirtalet ber Regjeringa syte for at erfaringar frå ulike vellukka samarbeidsposjekt og -nettverk vert samla i ein erfaringsbase, som kan nyttast til idébank for andre.

Komiteen ser svært positivt på alle typer samarbeid, der ein evnar å sjå over etatsgrenser- og nivå og der privat og offentleg verksemd skaper utvikling i lag.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil peike på at det kan sjå ut som etatsgrensene vert høgare og viljen til samarbeid mindre dess nærare ein kjem direktorat og departementskontor. Det kan òg sjå ut som moderniseringa av offentleg sektor fører til at mange arbeidsplassar vert lagde ned i distrikta, men at få tilsvarande endringar skjer sentralt. Desse medlemene ber difor Regjeringa leggje fram eit oversyn som viser konkrete samarbeidstiltak i det sentrale statsapparat, og korleis ein utviklar sektorovergripande samarbeid i direktorat og departement.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil peke på at departement og direktorat er organisert etter ansvarsdelingen mellom statsrådene, og at de må samarbeide etter behov for å samordne mellom politikkområder. Nasjonal transportplan er et aktuelt eksempel, der distrikts- og regionalpolitikken er gitt bred omtale og er ett av fire prioriterte områder. Av prosjektene som har fått tilskudd i 1999 og 2000 for å stimulere til samarbeid og samordning om distrikts- og regionalpolitiske problemstillinger på tvers av sektorgrenser, er 13 sentralt initierte og 43 regionale. Også de regionale kan ha betydning for samarbeid og samordning mellom sentrale organ. I fornyelsesarbeidet blir det ellers sett på muligheter for samordning mellom sentrale organer der det er naturlig.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, ser på SIVA og SND si verksemd som svært viktig for utvikling i distrikts-Norge. Det er viktig med stabile og forutsigbare rammer til dette arbeidet.

Fleirtalet vil peike på at Regjeringa i St.meld. nr. 36 (2000-2001), som handlar om framtida for SND, har fremja forslag om at dei regionale styra i SND skal få beslutningsmyndigheit. Fleirtalet vil understreke at det har stor verdi at SNDs avgjerder på regionalt nivå er godt forankra i fylkeskommunane så vel som i andre miljø. Ved å overføre beslutningsmyndigheit til dei regionale styra med ein brei representasjon vil denne forankringa verte styrka.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at for å følgje opp intensjonane om fylkeskommunen som ein sentral aktør i utviklinga av regionane, må alle medlemene i dei regionale SND-styra oppnevnast av fylkeskommunen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, viser til Innst. S. nr. 305 (2000-2001) om SND.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil peike særskilt på den viktige rolla SIVA har hatt og har i utvikling av kunnskapsintensiv næringsverksemd i distrikta.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til at SIVAs hovedoppgaver skal ligge i distriktene, og at selskapet skal ha en klar distriktspolitisk profil.

Satsinga på kunnskapsparkar og næringshagar har etter flertallet sitt syn vore vellukka, og må vidareutviklast i alle deler av landet. Verdiskapinga i distrikta er stor, og det ligg til rette for ytterlegare vekst i mange natur- og kunnskapsbaserte næringar. SND og SIVA har ei viktig oppgåve å sikre at næringslivet i distrikta får tilgang på naudsynt kompetanse, nettverk og kapital.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, ber Regjeringa syte for at det vert lagt til rette, både organisatorisk og økonomisk, for at SND og SIVA kan utføre sine oppgåver på ein god måte. Organisatorisk ved at avgjerdene vert tekne i nært samarbeid med bedrifter og politisk nivå i distrikt og regionar, og økonomisk ved at staten sikrar eigenkapital og lånerammer som står i høve til den vekst SND og SIVA har hatt i sine verksemdområde dei seinare åra.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner SIVA sitt inkubatorprogram må styrkast, det inneber utvikling av profesjonelle miljø for etablering av verksemder i heile landet.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre og Fremskrittspartiet understreker at konkurransedyktige og forutsigbare rammebetingelser er myndighetenes viktigste bidrag til et lønnsomt og nyskapende næringsliv. Skal Norge være et attraktivt land å investere i og drive virksomhet fra må de samlede rammebetingelsene tåle internasjonal sammenligning.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Høyre mener SNDs virksomhet må være rettet mot områder der markedet og private tilbud ikke fungerer tilfredsstillende. Offentlig medvirkning i form av direkte tilskudd, ansvarlige lån eller garantier kan bidra til at mange prosjekter kommer over denne første kneika. Disse medlemmer mener det er en målsetting å legge til rette for lønnsomt næringsliv i hele landet, og mener derfor at det i enkelte tilfeller kan være riktig at det offentlige avlaster risiko i slike prosjekter enten gjennom såkornfond eller gjennom å garantere for deler av lånebeløpet. I tillegg har SIVA en rolle å fylle innen utvikling av infrastruktur.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke at det også må være grenser for politikk i forhold til utvikling av regioner og distrikter. Disse medlemmer mener at Regjeringen blant annet legger til grunn en overdreven tro på fylkeskommunen og fylkeskommunale planer for å oppnå en mer positiv utvikling i distriktene.

Regjeringen går inn for at tidsperspektivet for de regionale utviklingsprogrammene (RUP) som fylkeskommunene utarbeider, blir endret fra årlige til fire­årige programmer og at de samordnes med fylkesplanleggingen. Evalueringen av regionale utviklings-programmer viser at arbeidet med programmene har utviklet seg positivt og har bidratt til å få i gang og videreutvikle samarbeid og samordning i mange fylker. Det er imidlertid nødvendig å gjøre programmene forvaltningsmessig smidigere med sterkere fokus på næringspolitiske mål og prioriteringer. Særlig viktig er mer langsiktighet i programmene, større regional frihet til å tilpasse virkemidlene, større vekt på samarbeid i partnerskap og inngåelse av avtaler mellom det nasjonale og det regionale nivået for bruk av distrikts- og regionalpolitiske virkemidler. Avtalene vil være tilpasset de statlige budsjett- og bevilgningsrutiner.

Komiteen støttar Regjeringa sitt forslag om større langsiktigheit i utviklingsarbeidet og viser elles til merknaden under kap. 6.1.2.

Langsiktigheit i rammevilkår, både økonomiske og regelstyrte, er etter komiteen si meining viktig for å oppnå resultat i utviklingsarbeidet. I tillegg må ein i større grad enn no fokusere på å byggje opp ei positiv haldning til entreprenørskap hjå komande generasjonar.

Komiteen ser behov for aktivt å utvikle gründerkultur. Ungdom må allereie i skulen få innblikk i bedriftsetablering og entreprenørskap, og få tru på eigne skapande krefter. Alle elevar bør få erfaring frå elevbedrift i løpet av ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen, aktivt utvikle gründerkultur. Ei innføring i spelereglane i arbeidslivet, arbeidsgjevar og arbeidstakar sine rettar og plikter samt organisasjonskunnskap er viktig allmennkunnskap som må inkluderast i undervisninga. Komiteen ber Regjeringa utgreie auka bruk av praksissemester og hospitantordningar for studentar. Det må vere eit mål at flest mogleg studentar gjennomfører ei fagleg relevant praksisperiode i arbeidslivet i løpet av studiet. Særleg regionale høgskular må knyte sterkare band til lokalt næringsliv.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Regjeringa sitt framlegg om å auke tidsperspektivet for dei årlege utviklingsprogramma i fylkeskommunane frå eit år til fireårige program. Etter fleirtalet si meining er dette eit steg i rett retning som må følgjast av større langsiktighet også frå departementet si side. Raske endringar i lov og regelverk kan vere til hinder for gjennomføring av gode tiltak. KRD må ha ansvar for å sjå til at alle departement er samordna og langsiktige i si planlegging, ikkje minst ved endringar i lov- og regelverk.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at dei økonomiske verkemidlane bør på sikt tilordnast ei fireårig planlegging, slik at fylkeskommunane til ei kvar tid har oversyn over forventa oppfølging frå staten.

Regjeringen legger vekt på at de økonomiske distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene i størst mulig grad kan tilpasses de skiftende utfordringene og problemene i ulike regioner. Det vil derfor bli vesentlig større frihet til å foreta regionale og lokale prioriteringer innenfor rammen av nasjonale mål og strategier.

Virkemiddelbruken skal gjennom nærings- og samfunnsutvikling bidra til å styrke og utvikle robuste regioner og småsamfunn. Regjeringen legger stor vekt på at det blir lagt et kjønns- og livsfaseperspektiv til grunn for virkemiddelbruken. I den forbindelse vil det spesielt bli satt fokus på kvinners deltakelse og innflytelse i næringslivet, ungdom i distriktene og unge i etableringsfasen.

Kommunal- og regionaldepartementet vil forenkle virkemidlene gjennom en todeling av de distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene, i tilrettelegging for samfunns- og næringsutvikling og direkte bedriftsrettet innsats. Regelverket skal gjøres enklere, og fylkeskommunene får delegert mer av de tilretteleggende distriktspolitiske virkemidlene som i dag blir forvaltet sentralt og det vil bli gitt større frihetsgrader i bruken av de tilretteleggende virkemidler. Endringene skal innføres gradvis over flere år. Disse endringene blir sett i sammenheng med innføringen av fireårige regionale utviklingsprogrammer og med at det blir satt i verk en ny oppgavefordeling mellom forvaltningsnivåene. Det geografiske området for bruken av tilretteleggende virkemidler skal nedfelles i de fireårige regionale utvik­lingsprogrammene. Også sentrale fylker forutsettes tilført mindre virkemiddelbeløp for deltakelse i regionalt samarbeid.

Ordningen med kommunale næringsfond kommer til å bli videreført. Formålene under ordningen blir utvidet slik at de kan benyttes til tiltak som omfatter flere sider ved nærings- og samfunnsutviklingen. Fylkeskommunene får større handlingsrom og ansvar ved tildelingen av kommunale næringsfond til kommunene.

Ansvaret for forvaltningen av etablererstipendet skal overføres til SND-kontorene i fylkene. Fylkeskommunene vil likevel ha et strategisk ansvar for å kunne sikre en helhetlig og samordnet innsats for næringsutvikling gjennom føringer i regionale utviklingsprogrammer.

Dagens ordning med redusert arbeidsgiveravgift er godkjent av ESA fram til og med 31. desember 2003. Det er Regjeringens synspunkt at dette er et godt og hensiktsmessig virkemiddel som bør videreføres.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 3.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti,er samd i Regjeringa sitt forslag til styrking av fylkeskommunen som tilretteleggjande distriktspolitisk aktør. Dette fleirtalet viser til at Regjeringa vil vidareføre ordninga med kommunale næringsfond.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at ut frå den store betydninga denne ordninga har for mange mindre kommunar, bør ordninga ikkje berre vidareførast, men styrkast.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at i regional utvikling blir nye IKT-baserte samhandlingsformer no tillagt stor vekt i omstilling innanfor offentleg sektor og i utvikling av næringslivet sine konkurransetilhøve i ein global økonomi. Både ulike departement, SND og fleire bransjeretta program, samt EU si store satsing Europa, bidreg til dette. Samtidig skjer det også ei rask og reell utvikling i næringslivet med forholdsvis store og raske omleggingar til IKT-baserte nettverkssamarbeid og e-handelstilpassa rutiner. Endringane har brei effekt sidan dei får innverknad både på samhandling mellom bedrifter, mellom bedrifter og offentleg sektor og mellom bedrifter og konsumentar. Forsking innanfor infrastruktur og konsekvensar av globalisering viser at bruk av IKT påverkar samfunnet og har store konsekvensar for næringsliv og regional utvikling. Mellom anna ser vi at teknologien i stor grad kan nyttast til å sentralisere verksemder, tenester, m.m.

Fleirtalet meiner at dersom regionale politikkutformarar og verksemdene sjølve skal sikre vilkåra for distriktsbasert næringsliv, er det særs viktig å utvikle systematisk kunnskap om effektar av denne utviklinga, og vurdere korleis dei nye samhandlingsformene kan utnyttast og tilpassast til beste for næringslivet og samfunnet i utkantane. Eit særleg interessant perspektiv er knytt til utvikling av heilheitlege infrastrukturar som grunnlag for å sikre ei positiv regional utvikling. Dette betyr at ulike infrastrukturtiltak må verke saman for å sikre ei god utvikling, mellom anna teknisk-, organisatorisk- og kunnskapsinfrastruktur. Eit døme på ei slik satsing er Sogn og Fjordane der det er lovande resultat ut frå kombinasjonar av tekniske infrastruktur (breibandsatsingar), organisatorisk infrastruktur (IT-forum Sogn og Fjordane) og kunnskapsinfrastruktur (aktivt høgskule- og forskingsmiljø). Fleirtalet ber departementet om å studere denne type satsingar og vurdere om slike heilheitlege infrastruktursatsingar kan vere ei betre tilnærming til å sikre balansert regional utvikling og auka regionalt sjølvstyre.

Fleirtalet viser til at dagens ordning med redusert arbeidsgiveravgift er godkjent av ESA til 31. desember 2003. Ordninga er uomtvisteleg eit av dei aller viktigaste distriktspolitiske verkemidlane vi har og inneber for år 2000 ein fordel for næringsliv og offentleg verksemd i verkeområdet på om lag 7 mrd. kroner. Fleirtalet meiner det er svært viktig at Regjeringa førebur ei vidareføring og viser i samband med det til Innst. S. nr. 152 (2000-2001).

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil påpeke viktigheten av at Regjeringen lykkes i sitt arbeid med ny notifisering av ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift. Dette er det største distriktspolitiske virkemidlet vi har og det ble kjent ulovlig som statsstøtte i EFTA-domstolen 20. mai 1999. Ordningen kan midlertidig videreføres som regionalpolitikk etter EFTAs retningslinjer for transportstøtte fram til 2003. Dette kommer i tillegg til at også de bedriftsrettede midlene må reduseres etter pålegg fra EU. Dette er fundamentale og prinsipielle endringer som gjør det vanskeligere å drive god distriktspolitikk i Norge.

Disse medlemmer vil påpeke at EU-utvidelse østover setter andre distrikts- og regionalpolitiske problemstillinger på EUs dagsorden. Våre behov er å få mulighet til å yte kompensasjon for avstand, klima og liten befolkningstetthet. I Øst-Europa dreier problemene seg om fattigdom, mangel på kompetanse og teknologi.

Det er av fundamental betydning for norsk distriktspolitikk at det legges en strategi for å kunne opprettholde differensiering av ordningen og støttenivået utover 2003.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke viktigheten av at distriktskommunene får økonomisk gevinst ved å legge til rette for næringsutvikling. Overføringen av hele selskapsskatten til staten har fratatt distriktskommunene viktige incentiver for å styrke sysselsettingen og bosettingen.

Disse medlemmer konstaterer at Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og sentrumspartiene ikke støttet Høyres forslag i Dokument nr. 8:88 (2000-2001) om at deler av selskapsskatten igjen skulle tilfalle kommunene.

Disse medlemmer vil vise til at fylkeskommunen har utspilt sin rolle og har følgelig ingen plass i utvikling av den fremtidige næringspolitikken. Det er ikke mangel på planer og byråkrater som hindrer utvikling i distriktene, men privat kapital og gode rammebetingelser.