Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS- statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005)
Dette dokument
- Innst. S. nr. 218 (2000-2001)
- Kildedok: St.prp. nr. 56 (2000-2001)
- Dato: 26.04.2001
- Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Samarbeidet med EU på den audiovisuelle sektoren er heimla i EØS-avtala, protokoll 31, som opnar for EFTA/EØS-statane si deltaking i EU sine program på audiovisuell sektor.
Noreg har gjennom EØS-avtala delteke i dei to føregåande EU-programma for utvikling av audiovisuell sektor ("Media 95" 1991-1995 og "Media II" 1996-2000). Frå 1. januar 2001 vart det nye programmet MEDIA Plus skipa.
Norsk deltaking i programmet krev eit eige budsjettvedtak, og samtykke frå Stortinget til deltaking er difor naudsynt.
Føremålet med MEDIA Plus 2001-2005 er å utvikle ein europeisk audiovisuell industri som er i stand til å oppfylle kulturelle og økonomiske krav i informasjonssamfunnet, og sikre at naudsynte vilkår er til stades for at industrien i medlemsstatane kan bli konkurransedyktig. Programmet skal mellom anna oppmuntre til gunstig klima for initiativ og utvikling særleg i små og mellomstore bedrifter, oppmuntre til samarbeid mellom selskap og sikre betre utnytting av det industrielle potensialet for fornying, forsking og teknisk utvikling.
Det overordna målet for MEDIA Plus er å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester. Programmet skal supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området. Programmet legg vekt på behov i statar og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, behovet for å styrkje konkurranseevna til europeisk audiovisuell industri og omsynet til den europeiske kulturarven.
MEDIA Plus tok til å gjelde 1. januar 2001 og skal vere operativt ut år 2005. Budsjettet for programmet er for desse fem åra 400 mill. euro, fordelte med 350 mill. euro til distribusjon og utvikling og 50 mill. euro til utdanning.
Støtte til utvikling og distribusjon blir i hovudsak gitt som lån. Støtte til tiltak retta mot opplæring blir gitt som tilskott. Støtta kan som hovudregel dekkje inntil 50 pst. av dei prosjekterte kostnadene. Programmet har tre satsingsområde:
– Utvikling
– Distribusjon
– Utdanning
Samanlikna med MEDIA II vil MEDIA Plus auke innsatsen for tiltak innanfor hovudområdet distribusjon og digitale format.
Programmet er ope for dei EFTA-statane som er tilslutta EØS-avtala, Malta, Kypros og Tyrkia. Assosierte statar i Sentral- og Aust-Europa kan slutte seg til programmet på dei vilkåra som er fastsette i deira assosieringsavtalar om deltaking i program i EU. Tredjeland kan på særskilde vilkår òg slutte seg til programmet.
Norsk deltaking krev løyvingar over 5 år. Stortinget må difor gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. Grunnloven § 26, andre ledd. Island og Liechtenstein treng ikkje å gjennomføre tilsvarande prosedyrar. Eit vedtak i EØS-komiteen kan ikkje bli iverksett for alle EØS-statane i EFTA før Kommisjonen har motteke alle naudsynte notifikasjonar om at konstitusjonelle prosedyrar er gjennomførte.
Hovudregelen er at tilsvarande saker blir lagde fram for Stortinget etter vedtaket i EØS-komiteen.
Regjeringa meiner det er viktig å hindre at Noreg sinkar iverksetjinga av vedtaket og å sikre at EFTA/EØS-statane kan delta i programmet så tidleg som mogleg. Regjeringa gjer difor framlegg om at Stortinget gir samtykke til deltaking i EØS-komiteen sitt forslag til vedtak før vedtaket er fatta av EØS-komiteen, 11. mai 2001.
Kostnadene ved deltaking i EU sitt MEDIA-program i 1999 var om lag 9,2 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til drift av eit nasjonalt kontakt- og rettleiingskontor, MEDIA-Desk Noreg. Noregs andel av finansieringa av programmet er ikkje endeleg bestemt, men vil truleg auke tilsvarande. Utgiftar vil bli dekka over statsbudsjettet kap. 334 Film og medieformål, post 75 Medieprogrammet, og i samband med stortingsproposisjon om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 2001, vil Kulturdepartementet foreslå den naudsynte omprioritering innanfor Kulturdepartementet sitt budsjett.
Utenrikskomiteen har i brev av 25. april 2001 uttalt at komiteen ikke har merknader til utkast til innstilling.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jon Olav Alstad, Frank Willy Larsen, Liv Marit Moland, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Shahbaz Tariq, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad og Ola T. Lånke, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Sandberg, fra Høyre, Trond Helleland, fra Senterpartiet, Anne Enger Lahnstein, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, og representanten Inger Stolt-Nielsen, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005).
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 26. april 2001
May-Helen Molvær Grimstad leder |
Liv Marit Moland ordfører |
Oddbjørg Ausdal Starrfelt sekretær |