Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Situasjonen for dei nasjonale minoritetane i dag

Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar 17. mars 1999 (jf. St.prp. nr. 80 (1997-1998) og Innst. S. nr. 55 (1998-1999)), og konvensjonen tok til å gjelde frå 1. juli 1999 for Noreg sin del. Regjeringa vurderte det slik at både jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande), samar og skogfinnar oppfylte kriteria for "nasjonale minoritetar", slik at dei er omfatta av konvensjonen sitt verkeområde.

I samband med ratifikasjonen hadde Noreg høve til å gi ei erklæring om kva for grupper som skulle reknast som omfatta av konvensjonen, men valde ikkje å gjere det. Ein grunn til det var at ei slik erklæring kunne takast for å vere ei avgrensing av konvensjonen sitt verkeområde. Ein annan grunn var at erklæringa kunne vekkje utilsikta reaksjonar blant personar som høyrde til dei aktuelle gruppene, til dømes romanifolket (taterane/dei reisande). Det må understrekast at sjølv om Noreg ikkje gav noka slik erklæring, så er alle personar som tilhøyrer grupper som fell inn under kriteria for "nasjonale minoritetar", omfatta av konvensjonen sitt verkeområde. Det vil vere opp til kvar enkelt å avgjere om han eller ho tilhøyrer gruppa, og om han eller ho vil gjere seg nytte av dei rettane konvensjonen gir.

I tida som har gått sidan ratifikasjonen, er holdninga blant dei minoritetsorganisasjonane som var skeptiske til ratifikasjonen, blitt meir positiv. I dialogen med departementa har organisasjonane ønskt at styresmaktene skal setje inn større ressursar for å oppfylle målsetjingane i konvensjonen. Det har ikkje kome tilbakemeldingar frå gruppene om negative erfaringar dei har hatt som følgje av ratifikasjonen.

Alt lenge før den norske staten blei etablert, budde både samar og nordmenn i det området som no utgjer Noreg, og samane har derfor status som urfolk.

Samstundes er det klart at samane ut frå Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar også er å rekne som ein nasjonal minoritet, i folkerettsleg meining. Det inneber at samar kan vise til føresegnene i Rammekonvensjonen om dei ønskjer det.

Før Noreg ratifiserte Rammekonvensjonen, uttalte Sametinget likevel at samane i Noreg ikkje ønskjer å bli omfatta av politikken overfor nasjonale minoritetar. Dei ønskjer i staden å verne om den statusen dei har som urfolk, og om den styrkte rettsstillinga som er oppnådd for urfolk, mellom anna gjennom ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.

Norske Kveners Forbund har i ei fråsegn til Regjeringa kravd at det blir gjort ei eiga utgreiing av kvenane sine rettar før det blir teke standpunkt til forslaga i innstillinga til Samerettsutvalet om retten til land og vatn i Finnmark (NOU 1997:4). I svaret til forbundet har Justisdepartementet peika på at forslaga til Samerettsutvalet ikkje har som mål å redusere rettane til enkeltpersonar eller grupper. Formålet med forslaga er først og fremst å stadfeste dei rettane som allereie eksisterer og lage ei formålstenleg forvaltningsordning som kan sikre desse rettane også for framtida.

Det er viktig å peike på at det ikkje er foreslått rettar på individuelt etnisk grunnlag. Etter forslaga er det bustad og andre geografiske avgrensingar som skal avgjere kva slags rettar ein får. Det å operere med geografiske skilje er heilt vanleg, og det kan dessutan vere heilt nødvendig for å hindre overbruk av ressursane.

Etter folkerettslege avtalar som Noreg har slutta seg til, har samane som urfolk krav på å få delta i forvaltninga av ressursar som er nødvendige som grunnlag for kulturen deira. Derfor har Samerettsutvalet føreslått at Sametinget får ei rolle i forvaltninga av grunnen i Finnmark.

Høyringa om innstillinga frå Samerettsutvalet frå 1997 blei avslutta hausten 1999. Justisdepartementet arbeider no med å førebu lovforslag på grunnlag av innstillinga og høyringsrunden.

Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar gjeld for minoritetar som har ei historisk tilknyting til landet. Nyare innvandrargrupper er såleis ikkje omfatta av rettane i konvensjonen.

Det er den nasjonale minoriteten som gruppe som skal dra nytte av tiltak for å halde oppe kultur og språk, men det er vanskeleg å skilje ut nye innvandrarar frå den nasjonale minoriteten når ein utformar generelle tiltak retta mot individ som høyrer til ein minoritet, til dømes tilbod om språkopplæring. Det er etter Regjeringa sitt syn uheldig å skilje ut nyare innvandrarar frå ein nasjonal minoritet når det gjeld generelle individ­retta tiltak.

Historia og situasjonen til gruppene er forskjellig, og dei har gjort ulike erfaringar i møtet med det norske storsamfunnet. Det gjer at gruppene har ulik oppfatning av sin eigen situasjon og ulike krav og prioriteringar. Heller ikkje innanfor gruppene er krava samstemte.

Det er òg usemje internt i gruppene om ein på vegner av gruppa skal fremme krav om tiltak for å ta vare på språk og kultur. Det er personar med tilknyting til gruppene som ikkje ønskjer å framstå som ein minoritet med andre skikkar og ein annan kultur enn majoritetssamfunnet. Det er viktig å understreke at den enkelte har ein klar rett til å avgjere om han eller ho tilhøyrer den nasjonale minoriteten eller ikkje.

Regjeringa ønskjer så langt råd er å bruke dei same nemningane på grupper og språk som dei med tilknyting til gruppene bruker. I somme tilfelle er dei som har tilknyting til ei gruppe, ikkje samde om kva nemning storsamfunnet bør bruke på gruppa eller språket deira. Dette er løyst i meldinga ved å bruke fleire av dei nemningane som blir brukte av gruppa, til dømes "romanifolket (taterane/dei reisande)".

I meldinga er det gjort nærare greie for ulike nemningar på dei einskilde minoritetsgruppene og språket deira.

Jødane reknar seg som ein religiøs minoritet, men òg som ein kulturell og språkleg minoritet.

Etter den andre verdskrigen har norske styresmakter ikkje hatt særskilde tiltak i forhold til jødar, ut over prinsippet om religionsfridom og støtte til trussamfunn. Jødane har i ein viss monn bygd opp eigne institusjonar på ein del område, til dømes barnehage og aldersinstitusjon.

Dei mosaiske trussamfunna i Oslo og i Trondheim, som til saman har om lag 1 100 medlemmer tek imot økonomisk støtte i kraft av å vere trussamfunn. Som ein del av jødebuoppgjeret blei det utbetalt 150 mill. kroner til dei mosaiske trussamfunna i Noreg i mai 1999. Midlane skal gå til sikring av jødisk kultur og framtid i Noreg.

Jødane peikar på behovet for å spreie kunnskap om jødedom, jødisk liv i Noreg og jødisk historie på alle nivå i utdanningssystemet.

Dei mosaiske trussamfunna krev fullt fritak frå faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering ("KRL-faget").

Dei meiner vidare at det bør givast tilskot til alle trus- og livssynsgrupper som driv opplæring av barn i eigen regi.

Jødane er avhengige av å importere kjøtvarer frå andre land for å kunne halda kosher (rituelt) hushald, da det ikkje er lov å slakte etter jødiske forskrifter i Noreg. Dei mosaiske trussamfunna ønskjer at det blir laga enklare rutinar for denne kjøtimporten, som blir opplevd som vanskeleg i dag. Vidare peikar dei på behov for informasjon om framgangsmåten ved import.

Det finst i dag ingen sikre tal over kor mange menneske det er som har kvensk/finsk opphav i Noreg. I meldinga vert det hevda at eit overslag går ut på at det i dag er mellom 10 000 og 15 000 personar som reknar seg som kvener eller personar av kvensk/finsk ætt. Kvensk/finsk språk er viktig som kjenneteikn og identitetsskapande faktor for gruppa, men fornorskingsprosessen har gjort at mange ikkje lenger snakkar anna enn norsk. Fornorsking og giftarmål over etniske grenser har ført til at den sosiale identiteten til ein del av kvenene kan romme både kvensk/finsk, norsk og samisk. Det same gjeld for ein del av samane.

I dei siste tiåra har det skjedd ei etnopolitisk mobilisering blant kvenene. I 1987 blei Norske Kveners Forbund etablert med utgangspunkt i tanken om at kvener er ein minoritet med særskilde folkerettslege rettar.

Norske Kveners Forbund har kravd auka driftsstøtte til kvenske organisasjonar. Dei ønskjer òg støtte til kulturdokumentasjon, utgreiing og forsking. Kvenske språk- og kultursenter vil kunne spele ei viktig rolle i å synleggjere og gjenreise kvenske kulturtradisjonar. Det finst planar for fleire slike senter, mellom anna i Porsanger og Nordreisa. Norske Kveners Forbund krev at det blir oppretta eit kvensk språkråd og eit kvensk utdanningsråd. Organisasjonen krev òg at det må opprettast eigne støtteordningar til aviser, radio og fjernsyn, og til kvensk litteratur, film og teater. Forbundet vil vidare at kvener skal kunne bruke kvensk/finsk i kontakt med styresmaktene. Forbundet har sett fram krav om at det blir gitt meir opplæring på kvensk eller finsk i barnehagar, i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Forbundet ønskjer ei styrking av utdanninga av lærarar i kvensk/finsk og ei satsing på utvikling av læremiddel for faget finsk som andrespråk.

Norske Kveners Forbund krev at kvenske familiar skal kunne ta tilbake dei opphavlege slektsnamna sine.

For å synleggjere kvensk kultur krev Norske Kveners Forbund at lova om stadnamn av 1991 blir nytta meir aktivt også for kvenske (finske) stadnamn. Forbundet krev òg at nemninga "finske stadnamn" i lova skal endrast til "kvenske stadnamn".

Gruppa av rom i Noreg består av fleire slekter organisert på storfamilienivå. Den opphavlege gruppa i Noreg er lita; ein reknar med at ho omfattar mellom 300 og 400 personar. Somme reiser i sommarhalvåret både i Noreg og i utlandet. Mange har utstrekt kontakt med slektningar i andre delar av Europa, særleg i Sverige, Belgia og Frankrike.

I 1991 blei særomsorga for norske sigøynarar lagd ned, og rom er i dag ikkje gjenstand for særskilde offentlege tiltak.

Etter at særtiltaka blei avvikla i 1991, miste gruppa kontaktpunktet sitt hos styresmaktene. Mange rom saknar eit slikt kontaktpunkt. Rom meiner til dømes at dei blir behandla strengare av politiet enn andre grupper i befolkninga, og seier at det ikkje er uvanleg at alle må bøte når nokre få gjer noko gale. Eit kontaktpunkt kunne auke kjennskapen til gruppa og hindre at gruppa blei misforstått.

Rom i Oslo ønskjer ein permanent stad der dei kan plassere campingvognene sine. Det er òg blitt fremma krav om å få eit fast forsamlingslokale/kulturhus i Oslo. Dei ønskjer vidare tilrettelegging frå styresmaktene si side slik at det kan bli enklare å drive omreisande handelsverksemd.

Det finst ingen sikre tal som viser kor mange som tilhøyrer romanifolket (taterane/dei reisande) i Noreg i dag. Det er i alle fall snakk om nokre tusen personar.

Det er stor variasjon i korleis representantar for romanifolket lever i dag. Det er skilnader i utdanningsnivå og levekår, livssyn og korleis dei lever som reisande. Gruppetilknytinga er definert gjennom slektskapsforhold, levesett og kultur.

Det er ikkje gitt at folk i dag ønskjer å bli oppfatta som tilhøyrande romanifolket (taterane/dei reisande). Fordommar og særomsorg har gjort sitt til at personar er blitt stempla som taterar eller reisande utan omsyn til eigne ønske og opplevingar. På den eine sida er folk stolte av bakgrunnen sin, på den andre sida er det mange som ikkje ønskjer å skilje seg ut av frykt for diskriminering og forfølging. Dei er engstelege for at omgivnadene skal få vite om bakgrunnen deira.

Statlege støtteordningar og status som nasjonal minoritet blir av somme opplevd som oppreisning for urett, medan andre berre ønskjer å vere i fred og meiner det ikkje vil kome noko godt ut av statleg merksemd. Langt frå alle stoler på at dei same styresmaktene som fram til nokså nyleg førte ein politikk med sikte på å utrydde kulturen til gruppa, no reelt ønskjer å fremme den.

I dei seinare åra er det danna fleire organisasjonar for romanifolket (taterane/dei reisande).

Krava frå gruppa spenner over eit vidt spekter. Mange framhevar støtte til slektsforsking og familiesamling som særs viktig, ettersom den politikken styresmaktene tidlegare førte har gjort det vanskeleg for mange å stå fram med sin eigentlege bakgrunn. Den statlege politikken har òg ført til at mange er blitt isolerte og skilde frå familie og andre reisande. Ønsket om å kjempe mot kunnskapsløyse, fordommar og diskriminering i det norske samfunnet står såleis svært sentralt for denne gruppa.

Organisasjonane ønskjer tiltak for å spreie kunnskap om kulturen til romanifolket (taterane/dei reisande), historia deira og situasjonen til gruppa i samfunnet. Andre tiltak går i retning av å skape sosiale møtestader. Dei ønskjer hjelp ved søknad om rettferdsvederlag, til å dokumentere eigen kultur og til å drive informasjonsverksemd.

Det er fremma ønske om eit kultursenter for å ta vare på handverk, tradisjon, levesett, språk og song- og musikkliv. Det blir arbeidd med planar om å etablere eit dokumentasjons- og formidlingssenter for kulturen til romanifolket ved Glomdalsmuseet på Elverum. Museet kan òg fungere som ein møtestad i samband med ymse kulturelle aktivitetar, som foredrag, konsertar, kurs eller demonstrasjon av handverkstradisjonar.

I dei seinare åra har ein sett ei revitalisering av finnekulturen. Det finst no fleire regionale og lokale organisasjonar som arbeider med den skogsfinske kulturen, og det finst organiserte nettverk med kontaktar over landegrensene. Nettverksorganisasjonen Skogsfinske interesser i Norge fungerer som talerør overfor styresmaktene.

I dag finst det få synlege skogsfinske kulturtrekk, og det er peika på behovet for forsking som kan dokumentere skogsfinsk kultur. Krava som er fremma, gjeld fo­rsking, kulturbevaring og kontakt med andre finskspråklege minoritetar.

Skogfinnane saknar læremiddel til bruk i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Kunnskapsformidling gjennom lokal tilpassing av læreplanane blir sett på som ein føresetnad for at ko­mande generasjonar skal kunne ta del i og identifisere seg med den skogsfinske kulturen. Skogfinnane ønskjer at det blir skrive faglitteratur om skogsfinsk historie og kultur, slik at dette kan kome inn i planane for barnehage og grunnskole. Dei ønskjer vidare å formidle kunnskap om tradisjonelle teknikkar, handverk, husflid, song, musikk, forteljartradisjonar o.a.

Dei skogsfinske organisasjonane ser eit stort behov for dokumentasjonsarbeid og ønskjer eit eige kompetansesenter innanfor det skogsfinske busetjingsområdet. Dei ønskjer at senteret skal ha ein museumsfunksjon, men med vekt på formidling og revitalisering av skogsfinsk kultur. Organisasjonane ønskjer at eit slikt senter skal vere statleg finansiert, slik at det ikkje blir bunde av lokale administrative og geografiske avgrensingar. Dei meiner dette er ein føresetnad for å utvikle eit godt samarbeid på tvers av kommunale og fylkeskommunale grenser.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, understreker betydningen av at Norge har ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoriteter og viser til partiens merknader i Innst. S. nr. 55 (1998-1999).

Flertallet viser til meldingens avklaring på avgrensingen mellom rettigheter som urfolk og rettigheter som nasjonal minoritet og til at Sametinget har uttalt at de ikke ønsker status som nasjonal minoritet, men vil verne om statusen som urfolk. Flertallet tar dette til etterretning.

Flertallet viser ellers til at Justisdepartementet arbeider med å forberede lovforslag på grunnlag av Samerettsutvalgets innstilling og høringsrundene til denne.

Flertallet viser til at Europakonvensjonen definerer rettigheter til minoriteter som har ei historisk tilknytning til landet og at nye innvandrere ikke er omfattet av konvensjonen. Flertallet deler Regjeringens syn på at det allikevel er uheldig å skille ut nye innvandrere fra en definert nasjonal minoritet når det gjelder generelle individrettede tiltak.

Flertallet understreker at situasjonen for de ulike nasjonale minoritetene er svært forskjellig og på ingen måte kan sammenlignes og at dette må få konsekvenser for mangfoldet av tiltak.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.

Komiteen viser til meldingen og har merket seg de ulike krav og forslag som er kommet fra det mosaiske trossamfunn.

Komiteen vil vise til St.prp. nr. 82 (1997-1998) og til Innst. S. nr. 108 (1998-1999) om det historiske og moralske oppgjøret med den behandlingen jødene fikk under den andre verdenskrig. Som en del av jødebooppgjøret ble det utbetalt en kollektiv erstatning på 150 mill. kroner som skal gå til sikring av jødisk kultur og framtid i Norge.

Komiteen viser til at jødiske flyktninger som kommer til Norge har ønsket å bli bosatt i nærheten av Oslo eller Trondheim fordi det er der det er en synagoge.

Under høringene ble det fra Det mosaiske samfunn lagt vekt på at behovet for å kunne få kosher mat og åndelig og etisk veiledning under opphold på helseinstitusjoner. Komiteen viser til brev av 17. januar 2001 (vedlegg 1) fra kommunal- og regionalministeren der Regjeringen mener at dette behovet er ivaretatt.

Komiteen viser til meldingen og har merket seg de ulike krav og forslag som er kommet fra Norske Kveners Forbund.

Komiteen viser til merknader i Innst. S. nr. 46 (2000-2001) der flertallet i komiteen, alle unntatt Fremskrittspartiet skriver:

"Dette flertallet har merket seg at den kvenske minoriteten har vært lite påaktet i kulturvernsammenheng. Bortsett fra samlingene ved Vadsø museum har det vært lite gjort. Dette flertallet registrerer derfor med tilfredsstillelse at planlagt prosjekt ved Kvæntunet i Børselv i Porsanger vil bli realisert og ber departementet se på mulighetene for en raskere finansiering av det planlagte administrasjonsbygget ved Kvæntunet enn den som er antydet i meldingen.

Dette flertallet er kjent med at det er inngått en samarbeidsavtale mellom Kvæntunet og Vadsø museum - Ruija kvenmuseum, der det framgår at sistnevnte institusjon skal ha ansvar for de museale oppgaver mens Kvæntunets virksomhet knyttes til dokumentasjon, bevaring og utvikling av kvensk språk."

Komiteen forutsetter at dette følges opp med nødvendige bevilgninger.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser videre til meldingens omtale av Regionens hus i Nordreisa hvor det planlegges å etablere et kvenkultursenter. Ved godkjenning av fylkesplanen for Troms i kgl. res. av 10. november 2000 sier Regjeringen bl.a.:

"Fylkesplanen for Troms har på en helhetlig måte synliggjort og integrert det samiske og det kvenske perspektivet."

Og

"Med sin fylkesplan vil Troms fylkeskommune være en sentral støttespiller i Regjeringens arbeid for den kvenske befolkning og kvensk kultur."

Disse medlemmer er kjent med at kvenkultursenteret i Nordreisa har planlagt byggestart i 2002 og at Nordreisa kommune har søkt om statlig tilskudd til senteret. Disse medlemmer ber Regjeringen i budsjettet for 2002 komme med framtidsplan for sin medvirkning til realisering av planene for Kvænkultursenteret i Nordreisa slik at også dette kan bli fullført.

Disse medlemmer ber også Regjeringen redegjøre for Regjeringens forsknings- og mediepolitikk for kvener og andre minoriteter og legge fram forslag for å følge opp meldingens intensjoner på disse punktene.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sin generelle kommentar innledningsvis vedrørende en konkret tidsplan.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at tiltak overfor rom som ble opprettet etter behandlingen av St.meld. nr. 37 (1972-1973). Dette dreide seg blant annet om boligtiltak, utdanning, næringsstøtte og barnehage. Tiltak innen denne særomsorgen ble nedlagt i 1991 og i dag finnes ikke særskilte offentlige tiltak overfor Rom.

Flertallet viser til meldingen og har merket seg de ulike krav og forslag som er kommet fra rom i Oslo. Flertallet har merket seg at de sier at de opplever diskriminering fra offentlige etater som et problem for rom og at et kontaktpunkt mot norske myndigheter, slik de hadde før, kunne hindre at gruppen blir misforstått.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at rom har et ønske om faste oppstillingsplasser for campingvogner i Oslo. Disse medlemmer ber Regjeringen innlede et samarbeid med Oslo kommune for se på løsning av dette spørsmålet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til de omfattende overgrep og utstrakt diskriminering romanifolket har blitt utsatt for.Flertallet viser til brev til komiteen fra kommunal- og regionalministeren av 17. januar 2001 (vedlegg 1) der det vises til dokumentasjon på omfanget av ulovlig tvangssterilisering av tatere. Dette er dokumentert i rapporten "Sterilisering av tatere 1934-1977" skrevet av forsker Per Haave - som en del av et forskningsprogram i regi av norsk forskningsråd.

Flertallet viser til merknader i Innst. S. nr. 46 (2000-2001) der flertallet i komiteen, alle unntatt medlemmet fra Fremskrittspartiet, skriver:

"Dette flertallet viser til at Glomdalsmuseet på Elverum er i gang med et verdifullt prosjekt for å etablere et permanent dokumentasjons- og formidlingssenter for taterkulturen i Norge. Det er etter dette flertallets mening viktig å få realisert prosjektet og forutsetter at departementet viderefører kontakten med lokale og regionale myndigheter for å sikre medfinansiering.

Dette flertallet understreker betydningen av at museer dokumenterer, formidler og bevisstgjør forhold til våre nye landsmenns historie i Norge.

Dette flertallet vil presisere at museer for nasjonale minoriteter i hovedsak er et nasjonalt ansvar. Det er likevel naturlig med et samarbeid med lokaliseringskommune og fylke."

Flertallet viser til meldingen og til at det skal opprettes et dokumentasjonssenter for romanikulturen på Elverum.

Flertallet viser til brev til komiteen 30. januar 2001 (vedlegg 2) der Regjeringen påpeker at det ikke er avsatt midler til planlegging eller bygging i statsbudsjett for 2001 og at byggestart tidlig i 2002 derfor ikke er mulig, men at Regjeringen ønsker å få senteret på plass så snart som mulig.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti forutsetter byggestart i 2002 og ber Regjeringen sørge for at dette blir muliggjort.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at de viktigste kravene denne minoritetsgruppens organisasjoner har fremmet gjelder forskning, kulturbevaring og kontakt med andre finskspråklige minoriteter. De påpeker også et stort behov for dokumentasjonsarbeid og ønsker et kompetansesenter for dette innafor det skogfinske bosettingsområdet.

Under behandlingen av St.meld. nr. 22 (1999-2000) uttalte flertallet, alle unntatt Fremskrittspartiet:

"Flertallet ber departementet vurdere på hvilken måte staten kan bidra til å sikre vern og videreutvikling av den skogfinske kulturarv."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2002 redegjøre for statens bidrag til dette og hvordan arbeidet skal organiseres.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.