5. Nærmare om bustøtte
- 5.1 Samandrag
- 5.2 Komiteens merknader
Bustøtta skal gjere det mogleg for bestemte husstandsgrupper som har låg inntekt og høge buutgifter, å etablere seg eller bli buande i ein god og nøktern bustad på ein slik måte at bustadkonsumet kan stå i eit rimeleg forhold til inntekta.
Gruppa eldre utgjorde i 1998 i alt 50 pst. av mottakarane og mottok 44 pst. av støtta. Den andre store gruppa er uføre utan barn. Den gruppa utgjorde om lag 25 pst. Barnefamiliar og andre (omfattar einslege forsørgjarar, barnefamiliar og langtidsmottakarar av sosialhjelp) utgjorde i 1998 22 pst. av mottakarane og mottok 25 pst. av tildelinga. I 1999 har talet på mottakarar i husstandsgruppene halde seg stabilt, mens fordelinga av bustøtte er endra. Gruppa eldre mottok 41 pst. av tildelinga, og barnefamiliar og andre 28 pst.
Over halvparten av dei som mottek bustøtte, bur i ein leigd bustad, og hovudskilnaden mellom 1998 og 1999 når det gjeld eigarform, er at prosentdelen av dei som leiger, veks. Veksten i gruppa som leiger, kjem hovudsakleg som følgje av regelverksendringa i 1999.
Med få unntak mottek nye bustøttemottakarar meir i bustøtte enn dei som fell ut av ordninga. I 1998 var ikkje skilnaden stor, men i 1999 er skilnaden i motteke bustøttebeløp mellom dei som fell ut, og dei som kjem til, på rundt 15 pst. Buutgiftene er gjennomsnittleg høgare for dei som kjem inn i ordninga, enn for dei som fell ut.
Tabell 6.1. Eigarform blant alle bustøttemottakarane i 1998 og 1999
1998 | 1999 | |||
Kor mange | Prosentdel | Kor mange | Prosentdel | |
Totalt | 106 158 | 100 | 109 136 | 100 |
Eig bustaden | 23 135 | 22 | 22 661 | 21 |
Bur i burettslag | 26 243 | 25 | 25 276 | 23 |
Leiger bustaden | 56 780 | 53 | 61 199 | 56 |
Buutgiftstaket for husstandar med ein person vart auka og sett likt buutgiftstaket til husstandar med to personar for gruppa alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar. Den øvre grensa for buutgiftstaket vart for ei einpersonshushaldning med inntekt større enn minstepensjon pluss 30 pst. auka frå 37 500 til 50 000 kroner i året.
Bustøtteregelverket vart endra ved at bustadavgrensinga vart utvida til også å omfatte oppstartingstilskotet. Ein kunne då også gi støtte til husstandar som bur i ein omsorgsbustad finansiert med oppstartingstilskot frå Husbanken. Denne regelverksendringa medfører at det kan bli gitt bustøtte til spesielle husstandar med senildemente som bur i omsorgsbustader finansierte med oppstartingstilskot i bukollektiv med privatareal under 40 m2.
Eit ønske om harmonisering av regelverket mellom dei to målgruppene, det vil seie 1) alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar og 2) barnefamiliar og andre, førte til at buutgiftstaket for barnefamiliar og andre vart auka til same nivået som for alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar.
Det vart på bakgrunn av dette vedteke å oppheve bustadavgrensinga for barnefamiliar med omsyn til utleigebustader i 1999, men det skulle framleis stillast krav til at bustaden hadde ein nøktern og god standard.
Talet på barnefamiliar i denne bustadgruppa vart nesten tredobla frå første til tredje termin. Veksten i det totale talet på mottakarar i 1999 kan i hovudsak tilskrivast veksten i denne gruppa. Denne nye gruppa mottakarar fekk 67,9 mill. kroner i bustøtte. Verken storleiken på buutgiftene eller tildelt bustøtte til dei nye barnefamiliane skil seg frå gjennomsnittstala for mottakarar generelt i gruppa barnefamiliar og andre.
I 1997 var det 25 500 husstandar som mottok kompensasjon etter overgangsordninga, som følgje av samordninga av dei statlege bustøtteordningane, på i gjennomsnitt 2 000 kroner pr. termin. Den samla utbetalinga i 1997 var på 152 mill. kroner. Talet på mottakarar vart i 1998 redusert til rundt 22 000 husstandar. Den samla utbetalinga var på 91,4 mill. kroner. Husstandane mottok i 1998 i gjennomsnitt 1 400 kroner pr. termin. Kompensasjonsgraden for 1999 vart 60 pst. Det førte til at talet på mottakarar vart redusert til rundt 16 000 husstandar, som kvar mottok i gjennomsnitt 950 kroner pr. termin. Den totale utbetalinga til overgangsordninga for 1999 vart på 45,9 mill. kroner.
I statsbudsjettet for 1999 vart det vedteke to resultatmål for bustøtta:
– Hjelpe husstandar med alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar som har inntekt under eller lik minstepensjon pluss 30 pst., slik at dei får kompensert for høge buutgifter i forhold til inntekta.
– Gjere det mogleg for andre hushald med låge inntekter å ha eit høgare bustadkonsum enn det inntekta skulle tilseie (innanfor ramma av ein god, formålstenleg og nøktern bustad).
Den største skilnaden mellom mottakarane i dei to gruppene er at husstandar i gruppa alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 pst. ikkje blir stilte overfor noko bustadkrav. Det er forholdet mellom inntekt og buutgifter som avgjer om ein har krav på bustøtte. For mottakarar i gruppa andre husstandar blir det forutan krav til inntekt og buutgifter stilt krav til bustaden.
Gruppa pensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 pst. utgjorde 70 pst. av bustøttemottakarane begge åra, og andre husstandar 30 pst. I 1998 mottok gruppene også bustøtte med dei same prosentdelane. Men i 1999 mottok andre husstandar ein relativt større del av den totale tildelinga.
For pensjonistar med inntekt som er mindre enn minstepensjon pluss 30 pst., utgjorde buutgiftene i underkant av 50 pst. av inntekta. Ved hjelp av bustøtta blir buutgiftene reduserte til under 30 pst.
For gruppa andre husstandar blir bukostnadene sin del av inntekta redusert frå 60 pst. til under 40 pst. ved hjelp av bustøtta.
Det er tidlegare vist at svært mange bustøttemottakarar leiger bustad. Ser ein nærmare på dei som leiger, var det over 60 pst. som leigde av kommunen, for begge åra. Mottakarar som leiger av kommunen, utgjer ein tredel av alle mottakarar, og dei utgjer fleire enn både dei som eig, og dei som bur i burettslag.
Som eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 50 (1998-1999) Utjamningsmeldinga vart det sett i gang eit prosjekt som skulle kartleggje og vurdere samanhengen mellom bustøtte og sosialhjelp i kommunane. Noregs byggforskningsinstitutt (NBI) fekk i oppdrag å lage rapporten.
Undersøkinga viser at bustadpolitisk verkar ordningane ulikt. Bustøtta har eigenskapar som gjer den betre eigna for vanskelegstilte på bustadmarknaden, fordi ordninga gjer bustadsituasjonen føreseieleg og gir bu-tryggleik. Det at ordninga er strengt regelverksbasert, gjer at ho blir oppfatta som lite stigmatiserande, men ho utelukkar samtidig grupper som har behov for støtte. Sosialhjelp er basert på skjønnsutøving innanfor eit gitt lovverk. Ulikskap i behandlinga og mangel på rettar gjer bustadsituasjonen uføreseieleg. Sosialhjelp synest dermed å vere eit mindre eigna verkemiddel til å dekkje buutgifter. Men fleksibiliteten i sosialhjelpa gjer at ordninga i større grad enn bustøtta er med på å hindre akutte bustadproblem.
I 1998 vart det utbetalt 1,4 mrd. kroner i bustøtte. NBI går ut frå at den delen av utbetalt sosialhjelp som tilsvara buutgiftene, er sosialhjelp til bustadformål, og bereknar den til å vere omtrent 2,2 mrd. kroner.
Den største brukargruppa som får bustøtte, er einslege eldre. Blant sosialhjelpsmottakarar er unge einslege, som er dårlegast stilt økonomisk, den største brukargruppa. Denne gruppa har ikkje rett på bustøtte, fordi den ordninga gjeld berre einslege langtidsmottakarar med sosialhjelp som einaste inntektskjelde. I gruppene barnefamiliar og einslege forsørgjarar viser undersøkinga at det er fleire som mottek sosialhjelp enn bustøtte.
NBI har kome med fleire endringsforslag som dei meiner vil føre til at fleire av sosialhjelpsmottakarane kan få rett til bustøtte. Desse forslaga er nærmare omtalt i meldinga.
Regjeringa vil vurdera nærmare forslaga i NBI-rapporten, og eventuelt presentera endringsforslag for Stortinget i samband med dei årlege statsbudsjetta. Rapporten til NBI vil truleg bli drøfta nærmare av det offentlege bustadutvalet som er sett ned og som vil avgje innstillinga si innan utgangen av 2001.
For å klargjere korleis bustøtta kan gjere det mogleg å nå målsetjingane med Husbankens bustøtteordning, har Husbanken i samarbeid med Statistisk sentralbyrå gjennomført ei spørjeundersøking blant nye mottakarar av bustøtte for første termin 1999.
Undersøkinga viser mellom anna at bustøtta har mykje å seie for at mottakarane kan bu i den noverande bustaden sin. Nær 60 pst. svarar at bustøtta er heilt avgjerande, og ytterlegare 33 pst. seier at ho tyder mykje. Dette blir også stadfesta av tal som viser kor stor del buutgiftene utgjer av inntekta. For dei 80 pst. av husstandane som fekk lagt ei årsinntekt på 30 000 kroner eller meir til grunn for bustøttevedtaket, utgjorde dei godkjende buutgiftene i gjennomsnitt 57 pst. av inntekta før bustøtte, men vart redusert til 35 pst. etter bustøtte.
Ulike mottakargrupper har likevel varierande oppfatningar av kva bustøtta har å seie. Ytterpunkta blir representerte av uføre utan barn, der 71 pst. meiner at bustøtta er heilt avgjerande, og barnefamiliar elles, der 48 pst. er av same oppfatning. Men for den siste gruppa er også innslaget av kommunal støtte høgt. Over halvparten av desse husstandane svara at dei også mottok kommunal bustøtte eller sosialhjelp til dekking av buutgifter.
Blant dei 92 pst. som seier at bustøtta er heilt nødvendig eller tyder mykje, var det 83 pst. som rekna med å kunne bli buande i minst eitt år framover. Dette indikerer at bustøtta har mykje å seie for butryggleiken til husstandane.
Blant dei 92 pst. som meiner bustøtta er viktig eller heilt avgjerande for at dei kan bli buande, meiner tett oppunder 80 pst. at bustaden passar svært bra eller stort sett er bra i forhold til deira behov. Også blant husstandar som etter definisjonen bur trongt, er det ein stor del som er fornøgde. Over halvparten av desse meinte at bustaden anten passar svært bra (20 pst.), eller at han stort sett er bra (32 pst.).
Det er store skilnader mellom dei ulike husstandsgruppene. Særleg husstandar med eldre var svært nøgde eller stort sett nøgde - til saman 93 pst. Gruppa barnefamiliar skil seg ut ved at noko under halvparten synest bustaden passar dårleg. Det viste seg elles ikkje å vere nokon eintydig skilnad mellom husstandar som ikkje er omfatta av minstekrav til bustaden, og andre husstandar med eldre eller uføre.
Undersøkinga viser at mens fleirtalet av dei nye mottakarane budde i ein bustad dei også tidlegare kunne ha søkt om støtte for, var det drygt 30 pst. som hadde etablert seg i bustaden dei siste fire månadene før terminen. Denne nyetableringa førte til at færre budde trongt, og dermed vart bustadfordelinga betre. Mens 5 pst. flytte til eit trongare husvære, var det 15 pst. som flytte frå trongare kår. Langt fleire - drygt 30 pst. - flytte likevel til ein bustad med fleire rom enn den dei hadde tidlegare. Blant nyetablerarar i gruppa andre barnefamiliar var det nær 55 pst. som flytte til ein større bustad.
Dei nyetablerte har om lag same fordelinga på husstandsgruppene som dei andre nye bustøttemottakarane. Det er heller ikkje store ulikskapar i synet på kva bustøtta har å seie. 91 pst. av dei som skaffa seg bustad, meiner bustøtta er heilt avgjerande eller tyder mykje for at dei skal kunne bli buande i den nye bustaden sin. Av desse var det heile 67 pst. som meinte at den nye bustaden også passar betre til deira behov, mens 20 pst. meinte at han passar dårlegare.
I ein etableringsprosess kan vissa om bustøtte vere avgjerande for om folk etablerer seg i ein bestemt bustad.
Komiteen viser til at bostøtte er en meget god ordning som gjør det mulig for bestemte husstander med lav inntekt å etablere seg i en god og nøktern bolig.
Komiteen har her spesielt merket seg at tallet på barnefamilier som leier bolig, og er berettiget til bostøtte, er nesten tredoblet fra første til tredje termin i 1999. Komiteen mener dette synliggjør berettigelsen av endringen i bostøtteordningen til også å gjelde dem som leier nøkterne boliger, uavhengig av boligens finansieringsform.
Komiteen viser for øvrig til NBIs rapport om "Forholdet mellom bostøtte og sosialhjelp". Komiteen har merket seg at det fra NBI er kommet flere endringsforslag som Regjeringa vil vurdere nærmere. Komiteen er positiv til at NBIs rapport blir drøfta i det offentlige boligutvalget.
Komiteen viser ellers til at bostøtten har fått en bred og god gjennomgang i meldinga.
Komiteen viser til forslag om bostøtte i St.meld. nr. 50 (1998-1999) Utjamningsmeldinga, som vil kunne lette situasjonen for vanskeligstilte. Dette gjelder bl.a. forslag om å bedre bostøtten for vanskeligstilte barnefamilier og unge uføre ved å heve boutgiftstaket for disse gruppene i de største byene, slik at det statlige regelverket for bostøtte blir tilpasset de særlige utfordringene som finnes her.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under pkt. 4.2 og til meldingen der Regjeringen skriver at ulikhet i behandlingene av bostøtteordningene og sosialhjelpen, og mangler på rettigheter gjør boligsituasjonen uforutsigbar. Disse medlemmer deler ikke Regjeringens syn på at det er en god nok indikasjon på botrygghet å kunne regne med å bli boende ett år fram i tid i sin bolig. Disse medlemmer vil særlig rette oppmerksomhet mot barnefamiliene og deres behov for stabile boforhold. Mangel på sosiale nettverk og tilhørighet er et stort problem for barn og unge som må flytte mye. Barn i vanskeligstilte familier er sårbare for stadige oppbrudd fra barnehage, venner, skole og nærmiljø. Ambisjonene for botrygghet for disse familiene må økes betraktelig.