Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. Problemstillingar knytte til enkelte grupper

Det blir uttala at ei stor utfordring for omsorgstenestene dei komande åra vil vere å utvikle gode tenestetilbod til menneske med demens, og at utfordringane er knytte både til det medisinske diagnostiserings- og behandlingstilbodet, oppbygginga av eit godt fungerande hjelpeapparat ute i kommunane, hjelp og støtte til pårørande og ikkje minst til rettstryggleiken for denne gruppa. Det er også eit klart behov for vidare forskings- og utviklingsarbeid i høve til menneske med demens. Undersøkingar viser at avlastingstilbod og tilbod på dagtid for menneske med demens er svært mangelfullt utbygd.

Regjeringa meiner at det er viktig å styrkje kompetansen i kommunane innan aldring og demens og vil som ein del av handlingsplanen for helse- og sosialpersonell arbeide for å styrkje vidareutdanninga i geriatri for personell med høgskuleutdanning.

Regjeringa vil stø Nasjonalforeininga for folkehelsa sitt arbeid med demenstelefonar, slik at dette tilbodet blir betre kjent og tilgjengeleg blant pårørande over heile landet.

Det blir gjort greie for førebels resultat frå ei kartlegging av bruk av tvang og andre rettsavgrensande tiltak mot demente. Etter ei førebels vurdering legg Regjeringa til grunn at det er behov for reglar om skadeavverjing i naudsituasjonar, lovfesting av den etiske omsorgsplikta, reglar om representasjon frå pårørande og andre og bruk av alarmar og andre tekniske løysingar. Regjeringa finn det naudsynt å avvente dei endelege resultata frå kartlegginga for å få betre grunnlag for å vurdere behovet for ei uttrykkeleg regulering av slike tiltak, og finn det også ønskjeleg med ei grundig vurdering av dei etiske sidene.

Regjeringa meiner at det er behov for å konkretisere og presisere høvet til å nytte tvang i høve til demente i naudsituasjonar. Etter Regjeringa si vurdering er det behov for ein lovregel som til ein viss grad svarar til det som er oppfatta som ei fagleg og etisk "omsorgsplikt". Det blir uttala at det er behov for ei nærare utgreiing av det faglege behovet for reglar som skal sikre at demente får naudsynt helsehjelp også i dei tilfella der dei motset seg dette. Dette gjeld også behovet for innlegging i sjukeheim når den demente ikkje har evne til å samtykke og motset seg innlegging. Dersom dei endelege resultata frå kartlegginga viser at det er behov for ei regulering av slike tiltak, vil Regjeringa kome tilbake med eventuelle forslag til lovregulering.

Det blir også uttrykt behov for å sjå nærare på rettstryggleiken for demente i samband med bruk av medikament, og det blir peikt på to hovudproblem i samband med medisinering. For det første finn ein grunn til å tru at psykofarmaka utanfor psykiatrien blir brukt som tvangsmiddel i langt større grad enn det gjeldande rett gir høve til, og for det andre kan det i mange samanhengar stillast spørsmålsteikn ved korleis medisinar blir gitt. Det blir uttala at det er grunn til å tru at psykofarmaka blir nytta over lengre periodar for å halde pasientane i ro, og ikkje primært for å behandle eventuelle psykiske lidingar. Etter Regjeringa sitt syn bør ein vere svært forsiktig med å akseptere medisinering utan samtykke. Det blir uttala at det vil avhenge av ei konkret vurdering av om det er tillate eller ikkje, men at i naudsituasjonar kan ein slik praksis vere både fagleg, juridisk og etisk forsvarleg.

Etter Regjeringa si meining er det naudsynt med tiltak for å hindre at demente som ikkje klarar seg ute på eiga hand, kjem til skade eller blir utsette for unødige psykiske belastningar. Dersom det skal gis utvida heimel for tilbakehalding, meiner Regjeringa det må vurderast om det er naudsynt å stille grunnleggjande krav til standarden på det tilbodet som vedkomande blir halden tilbake i og også om ein i så fall bør ha same høve til å halde tilbake personar som bur i og utanfor institusjon.

Det blir uttala at belte og andre mekaniske tvangsmiddel truleg blir brukt i større grad enn det er heimel for i gjeldande reglar, men at det er usikkert om det er behov for å utvide høvet til å bruke slike tiltak. Det blir peika på at dette heng nært saman med i kor stor grad kommunen fysisk tilrettelegg tenestetilbodet, og i kor stor grad personalet er tilgjengeleg for den enkelte.

Det blir vist til at i debatten om bruk av teknologi i omsorga for demente har fleire gitt uttrykk for skepsis mellom anna til at teknologi skal erstatte naudsynt personleg hjelp. Regjeringa deler denne skepsisen, men peiker på at bruk av teknologi også kan ha klare fordelar for den enkelte da ulike typar teknologi kan vere ei støtte for demente i forhold til å gi tryggleik og leggje til rette for eit meir sjølvstendig liv.

Bruk av alarmsystem, peilesystem og overvakingssystem blir drøfta i meldinga.

I dei situasjonane der den demente ikkje har samtykkekompetanse og naudreglane ikkje gir heimel, meiner Regjeringa det er behov for ei regulering av det å skaffe og bruke visse typar teknologi. Dette gjeld særleg vanleg teknologi, tekniske hjelpemiddel og alarm- og peilesystem, i dei tilfelle der det etter ei fagleg vurdering er behov for bruk av slike system og den demente ikkje motset seg dette.

Etter Regjeringa si vurdering kan det for desse tilfella vere føremålstenleg med ein regel tilsvarande løysinga i pasientrettighetslova § 4-6 som inneheld reglar om at pårørande kan samtykkje til helsehjelp på vegne av demente som ikkje har samtykkekompetanse, eventuelt at helsepersonell på visse vilkår kan ta ei slik avgjerd. Pasienrettighetslova § 4-6 gjeld ikkje når pasienten sjølv motset seg helsehjelpa.

Det blir uttala at det er uklart om og eventuelt i kva for situasjonar det er reelt behov for å bruke overvaking i omsorgstenesta, men at den nemnde kartlegginga vil gi eit betre grunnlag for ei endeleg tilråding.

Gjennom handlingsplanen for helse- og sosialpersonell vil Regjeringa setje i verk tiltak for å auke kompetansen om demensproblematikk både på høgskulenivå og vidaregåande skule, og det blir uttala at kunnskap om aldring og demens bør inngå som ein del av grunnopplæringa for ufaglærte.

For å kunne dra nytte av resultata frå den nemnde kartlegginga tek Regjeringa sikte på å leggje fram forslag til lovreglar når resultata ligg føre, våren 2001.

Regjeringa frarår bruk av overvakingssystem mot einskildpersonar.

Regjeringa meiner det i utgangspunktet er uheldig med særlege reglar om bruk av tvang for enkelte dia­gnosegrupper, men og at det er viktig å vere klar over at ulike grupper kan ha ulike behov, og at rammevilkåra og tradisjonane for tenesteytinga kan vere forskjellige for dei ulike gruppene. Regjeringa vil vurdere om det skal leggjast fram forslag om felles reglar om bruk av tvang og andre rettsavgrensande tiltak i omsorga for demente og psykisk utviklingshemma, og eventuelt også for andre diagnosegrupper.

Det blir uttala at det er behov for ein grunnleggjande gjennomgang og modernisering av reglane om umyndiggjering og reglane om verjemål og bruk av hjelpeverje for å betre rettstryggleiken til dei som ikkje kan ta vare på seg sjølve, under dette personar med demens. Justisdepartementet har varsla at det vil bli nedsett eit lovutval som skal føreslå nye reglar til avløysing av lov om umyndiggjørelse og lov om vergemål for umyndige.

I tillegg arbeider Sosial- og helsedepartementet med ei harmonisering av to forskjellige forskrifter om disponering av bebuarane sine økonomiske midlar, den eine for aldersheimar og den andre for sjukeheimar. Forskriftene får verknad for disponering av kontantytingar frå folketrygda for personar som ikkje sjølve er i stand til å ta vare på sine økonomiske interesser.

Det blir understreka at rusmiddelmisbrukarar har same rett til helsetenester som befolkninga elles, og at dei såleis skal ha tilgang til m.a. tenester frå allmennlege, helsestasjonane sine tilbod og heimesjukepleie. Regjeringa understrekar at det også overfor rusmiddelmisbrukarar er viktig at organiseringa av tenesten pregast av individuell utforming, heilskap og mangfald.

Det blir vist til at Sosialministeren i desember 1998 nedsette ei arbeidsgruppe for å gjennomgå hjelpe- og behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar. Arbeids­gruppa har levert tre delrapportar som vart sende ut på høyring med høyringsfrist hausten 1999. Arbeidsgruppa har gjort ein totalgjennomgang av tilbodet til alle grupper rusmiddelmisbrukarar.

Sosial- og helsedepartementet er samd i arbeidsgruppa sine vurderingar når ho peikar på at individuelle tiltaksplanar vil vere ein viktig reiskap i ein rehabiliteringsprosess, og at det kan vere føremålstenleg å opprette samarbeidsgrupper for klienten der fleire tiltak er involverte. Sosial- og helsedepartementet vil streke under at det er særleg viktig at det ligg føre ein tiltaksplan der fleire etatar skal gje eit tilbod, der rehabiliteringsprosessen går over lang tid, og der det kan vere snakk om fleire ulike tiltak. Departementet kan ikkje sjå at det er naudsynt med ytterlegare krav om slike planar i lova, men vil tilrå at kommunen nyttar dette verkemiddelet aktivt. Sikring av kvaliteten i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar vil etter Regjeringa si meining best skje gjennom ei ny forskrift om kvalitet både i fylkeskommunale og kommunale tiltak. Forskrifta som er under arbeid, vert heimla i § 7-14 i sosialtenestelova.

Departementet er samd i at kvaliteten på fylkesmannen sitt tilsyn med institusjonane må styrkjast, og vil greie ut på kva måte dette kan skje. Departementet vil vurdere ei omlegging av tilsynet i retning av systemrevisjon basert på internkontroll, slik det no er foreslått innført for omsorgstenestene.

Regjeringa meiner at tilboda innan alderspsykiatrien må få langt større merksemd frå fagfeltet sjølv.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet, vil understreke at det er en stor utfordring for omsorgstjenestene å skape gode tjenestetilbud til mennesker med demens. Demenstilstander er ofte underdiagnostiserte, og det forekommer mye feildiagnostikk. Rett diagnostikk og evaluering av funksjonsevne og ressurser er en viktig forutsetning for bedre livskvalitet hos personer med demenssykdom.

Flertallet mener det er viktig med styrket kompetanse i alle ledd når det gjelder aldring og demens. De som arbeider i omsorgstjenestene, trenger økt kompetanse, men også den delen av omsorgen som gjelder tilrettelegging og fysisk planlegging, har behov for mer og bredere kunnskap. Kunnskap om aldring og demens bør også inngå som en del av grunnopplæringa for ufaglærte.

Flertallet vil understreke at det trengs et variert tilbud til personer med demens bl.a. med dagplasser, avlastningstiltak og trygge boforhold i institusjonsomsorgen. På personellsiden kan det være behov for støttekontakter, besøkstjeneste og en høyere bemanningsfaktor ved institusjonene. Pårørende er en viktig ressurs for at mennesker med demens kan være hjemmeboende. Men flertallet mener pårørende må gis kunnskap og bedre bistand for å kunne klare de utfordringene som følger med en slik sykdom. Nasjonalfor­eningen for folkehelsa gjør et prisverdig arbeid i denne sammenheng, og flertallet vil be om at Regjeringen støtter dette arbeidet både når det gjelder demenstelefonen og utbyggingen av samtalegrupper.

Flertallet har tidligere understreket behovet for forskning når det gjelder geriatri og eldreomsorg. Når det gjelder mennesker med demens, er det viktig at dette området også knyttes opp mot alderspsykiatri. Norges forskningsråd sitt arbeid med en kunnskapsstatus om aldersforskning er meget interessant, og dette kan bli utgangspunkt for en større tverrfaglig aldersforskning forankret både i psykologi, medisin og sosiologi.

Rettssikkerheten for mennesker med demens er av stor viktighet, og det må settes klare grenser for bruk av tvang og tiltak som begrenser rettighetene til de demente.

Et annet flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet, mener det bl.a. må bli mye strengere krav til medisinering med psykofarmaka og at det i den forbindelse trekkes klare grenser mot tvangsmedisinering.

De etiske grunnprinsipper som gjelder for omsorgstjenestene, må også gjelde for mennesker med demens. Når det gjelder lover og regelverk som det oftest vises til i forhold til etiske dilemma i omsorgssektoren, er det menneskerettighetene, nødreglene i straffeloven og sosialtjenestelovens kapittel 6A "Rettigheter for og begrensing og kontroll med bruk av tvang og makt m.v. overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming".

Dette flertallet mener at tjenestene og omsorgen for mennesker med demens i første rekke må ha slik kvalitet og kvantitet, både i form av personell, kompetanse og tilrettelegging, at miljø og trivsel tilsier færrest mulig konflikter og tvangssituasjoner.

Dette flertallet ser at flere lovregler og ulike forskrifter lager et uryddig grunnlag for rettssikkerheten til tjenestemottaker, og at det også kan være vanskelig for tjenesteapparatet. Dette kan etter dette flertallets mening være grunnlag for en gjennomgang av rettssikkerhet og rettighetsregler for f.eks. mennesker med demens. Men dette flertallet vil advare mot at innføring av begrensningsregler for bruk av tvang og makt i forhold til et vanskelig omsorgsområde automatisk skal bety at slike regler skal innføres for andre omsorgsområder.

Dette flertallet ser det som mest ideelt om dagens regler kunne presiseres og samordnes uten større endringer, og at kunnskap og rettledning ble bedret. Den etiske omsorgsplikten må i så fall tilpasses dette regelverket, og dette flertallet ser at det kan være behov for bruk av alarm eller andre tekniske løsninger for å varsle om, eller hindre, ulykker og faresituasjoner. Disse tiltakene må ikke krenke den enkeltes menneskeverd på en måte som virker unødig overvåkende.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til behandlingen av psykisk helsevernloven, Ot.prp. nr. 11 (1998-1999), hvor et flertall bestående av Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vektla mest mulig frivillighet, utarbeidelse av individuelle behandlingsplaner og økt rettssikkerhet for psykiatriske pasienter.

Dette flertallet støttet Bondevik-regjeringens forslag om å redusere antall tvangsinnleggelser ved at tvungent psykisk helsevern skal kunne skje i form av oppmøte på poliklinikk og dermed slippe institusjonsinnleggelse.

Vedtak om tvangsundersøkelse skal kunne ankes. Dette er viktig for faglig kontroll og folks rettssikkerhet. Minst ett av medlemmene i kontrollkommisjonen skal være brukerrepresentant.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet, vil be Regjeringen komme tilbake til Stortinget når det gjelder disse forholdene etter at kartleggingsarbeidet som utføres av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens, er ferdigbehandlet.

Dette flertallet er enig med Regjeringen i at reglene for umyndiggjøring og reglene for vergemål og bruk av hjelpeverge bør gjennomgås og moderniseres. Det samme gjelder en samordning av de to ulike forskriftene om disponering av institusjonsbeboernes økonomiske midler knyttet til kontantytelsene fra folketrygda.

Dette flertallet viser til at det også på andre steder i innstillingen blir tatt opp forhold omkring omsorgen overfor rusmiddelmisbrukerne. Det er etter dette flertallets mening viktig å merke seg at dette er en gruppe med store ulikheter, med stor ulikhet i tjenestebehov. Dette flertallet vil understreke at rusmiddelmisbrukerne har fulle rettigheter til helsetjenester innenfor et samlet omsorgsopplegg. Særomsorgen ble avviklet med lovfestingen i 1993, og det er også viktig innenfor denne omsorgen at det utvikles individuelle tiltaksplaner. Samarbeidsgrupper som kan ivareta tverrsektorielle og tverrfaglige samarbeidstiltak må også gjelde mellom forvaltningsnivåene. Dette flertallet støtter at det utarbeides retningslinjer om kvaliteter i rusmiddelomsorgen når det gjelder både kommunale og fylkeskommunale tiltak. Slike retningslinjer sammen med et utvidet og bedre tilsyn med institusjonene for rusmiddelmisbrukerne gjør at dette flertallet mener det ikke er nødvendig å innføre ei godkjenningsordning for døgntiltak.

Omsorgen for mennesker med psykiske lidelser og ansvarsfordeling mellom forvaltningsnivåer for denne omsorgen ble klarlagt gjennom St.prp. nr. 63 (1998-1999) Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 – 2006. I løpet av denne planperioden må kompetanse og kapasitet bygges opp i kommunene, samtidig som annenlinjetjenesten må bygges opp for akuttmottak, heldøgnsbehandlingsplasser og spisskompetanse. De distriktspsykiatriske sentrene vil måtte ha en viktig rolle i samhandlingen mellom forvaltningsnivåene. Dette flertallet vil spesielt peke på at kommunerådgiverne hos fylkesleger og sosialtjenesten hos fylkesmannen må samhandle og gi et helhetlig kompetansetilbud til ansvarlige aktører på kommunenivået.

Når det gjelder alderspsykiatrien, vil dette flertallet bemerke viktigheten av at fylkeskommunene har bygd opp spesialistkompetanse som kan veilede kommunene slik at disse får hjelp til å etablere sitt tjenesteapparat.

Omsorgen for døende må være preget av etikk og samhandling mellom de parter som den døende og dennes pårørende ønsker å ha bistand fra. Verdigrunnlaget i hospicefilosofien må legges til grunn. Det innebærer etter dette flertallets mening at både optimal behandling som kan lindre og pleie, og omsorg som retter seg mot de fysiske, psykiske, sosiale, åndelige og eksistensielle behovene, må tilrettelegges for pasienten.

Dette flertallet mener at omsorgen for funksjonshemmede må legges opp slik at den funksjonshemmede kan leve et mest mulig aktivt og meningsfylt liv. Det er viktig at den funksjonshemmede kan få et botilbud slik hun/han selv ønsker det, samtidig som det må tas hensyn til at funksjonsnivået kan opprettholdes eller bedres gjennom tilrettelagte omsorgstjenester.

Dette flertallet mener at samtidig med evalueringen av kap. 6A i sosialtjenesteloven må det legges fram en oversikt over kompetansenivået og hvordan utviklingen av dette har vært innen omsorgen for psykisk utviklingshemmede de siste tre årene, herunder en orientering om utviklingen når det gjelder utdanning i og bruk av alternative tiltak til tvang.

Dette flertallet vil understreke at det er svært viktig at kommunene og fylkeskommunene har et intakt tjenesteapparat ved kriser og katastrofer. Spesielt i kommunene er det viktig at man har disponibelt og kvalifisert fagpersonell som raskt kan mobiliseres. Dette er et viktig moment i forhold til at det offentlige selv bør ha ansvar og arbeidsgiverforhold til personell innen pleie- og omsorgssektoren.

Sykehjemmenes rolle og funksjoner er oppe til vurdering, og dette flertallet mener dette er av stor viktighet. Spesielt vil dette flertallet peke på disse institusjonenes rolle og funksjon i forhold til mennesker med demens, eldre med psykiske lidelser og pleien av syke som ikke blir behandlet på sykehus. Når sykehusene praktiserer en utskrivingsordning som gjør at pasientene må ha tett oppfølging og medisinsk behandling og pleie etter sykehusopphold, er det viktig at kommunene har et tilrettelagt tilbud for disse. Dette flertallet mener at et slikt tilbud i de fleste tilfeller best kan etableres ved at det blir opprettet et tilbud med sykestuesenger i forbindelse med sykehjemsdriften. Dette vil også være et bedre og mer forsvarlig tilbud for alvorlig syke sykehjemsbeboere. Dette flertallet mener at en slik etablering må ha en utvidet medisinskteknisk løsning og styrket bemanning.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre viser til at den siste rapporten fra kartleggingen av bruk av tvang overfor personer med demens nå er lagt fram av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens. I rapporten er det anbefalt at det utarbeides et regelverk som regulerer bruk av tvangstiltak.

Flertallet er enig i at det trengs et regelverk som setter grenser for bruk av tvang overfor personer med demens. Rapportene som nå foreligger fra kompetansesenteret, bør gi et bedre grunnlag for å vurdere hvordan dette regelverket bør utformes. I meldingen er bruk av overvåkingssystemer mot enkeltpersoner frarådet. Flertallet mener at det er viktig at et nytt regelverk ikke må hindre at ny teknologi blir brukt på en fornuftig måte for å varsle om eller hindre ulykker.

Slik komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser det, er ikke omsorgen for våre senil demente i dag tilfredsstillende. Det er de færreste kommuner som har egne skjermede avsnitt for senil demente til tross for at denne gruppen utgjør ca. 70 pst. av våre sykehjemspasienter. Disse medlemmer viser til at pleie og omsorg av senil demente er særlig krevende og fører til stor personslitasje, særlig på helsepersonell med svak faglig pleiebakgrunn. En del av våre senil demente pasienter kan være mentalt svært vanskelige og utagerende, og det er derfor lett å ty til maktmidler i form av fysisk makt og medikamentell neddoping. Særlig er dette tilfelle i avdelinger med dårlig faglig bemanning.

Bruk av tvang overfor senil demente kan i de aller fleste tilfeller unngås med en tilstrekkelig forsvarlig bemanning. Disse medlemmer peker på at bruk av moderne teknologi når det gjelder sikkerheten for senil demente pasienter i institusjonsomsorgen kan hindre rømming, forebygge skader og skape trygghet både for pasienten og personalet, og de pårørende.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har registrert at det er tatt til orde for å vedta en tvangslov overfor senil demente. Disse medlemmer vil avvise en slik tanke.

Disse medlemmer vil peke på en annen behandlings- og rehabiliteringstrengende gruppe i våre kommuner og byer, nemlig stoffmisbrukerne. Disse menneskene har frem til våre dager hatt en lavstatus i hjelpeapparatet og blant helsepersonell, noe som har ført til stigmatisering og utestenging. Disse medlemmer vil mene at vi i dag har ca. 10 000 sprøytenarkomane i vårt land, hvorav et betydelig antall er heroinmisbrukere. Antall overdosedødsfall blant unge heroinmisbrukere øker stadig og vil sannsynligvis for 2000 vise rekord. Det er så langt kommunene som er ansvarlige også for rusomsorgen, og da knyttet opp fortrinnsvis til sosialtjenesteloven. Skal en løfte omsorgen for stoffmisbrukerne er det nødvendig at ansvaret for behandlingen og rehabiliteringen av denne pasientgruppen overføres til helsevesenet, idet disse menneskene må betraktes som syke mennesker. Disse medlemmer viser til at vi nå har etablert medikamentell assistert rehabilitering ved bruk av metadon og Subutex på landsbasis. Dessverre er tilbudene for dårlige, og for utilgjengelige for de fleste.

Disse medlemmer viser i denne sammenheng til de nye retningslinjer for legemiddelassistert rehabilitering av narkotikamisbrukere i Rundskriv nr. 1-35/2000 som gjøres gjeldende fra 1. januar 2001, som grovt sett vil frata ca. 1 000 heroinmisbrukere medikamentell behandling som hittil er foreskrevet av allmennleger og ulike legespesialister. Konsekvensen av disse nye bestemmelsene hvor et betydelig antall heroinmisbrukere mister sitt behandlingstilbud, kan en bare vagt tenke seg, og det synes for disse medlemmer helt åpenbart at flere av disse etter relativt kort tid er tilbake i et misbruksmiljø med de alvorlige følger dette kan få for den enkelte og den enkeltes familie. Det må dessverre etter disse medlemmers mening forventes at overdosedødsfallene vil øke ytterligere om de nye forskriftene for forskriving av medikamenter til narkomane skal gjennomføres. Disse medlemmer vil ta denne saken opp i Stortinget på et senere tidspunkt.

Disse medlemmer har registrert at en i dag har store problemer med narkotika og misbruk av stoff i nesten alle norske kommuner. For de av disse pasienter som er kvalifisert for medikamentell assistert behandling, bør etter disse medlemmers mening allmennlegene nå få anledning til å forskrive medikamenter, eksempelvis Subutex. Disse medlemmer er selvfølgelig enig i at det må være en sosial oppfølging av pasientene under medisinsk behandling og at dette ansvaret tilligger kommunen. På den annen side mener disse medlemmer at man ikke kan avvise medikamentell behandling til behandlingstrengende narkomane med henvisning til at kommunene ikke makter å følge opp den sosiale tilretteleggingen under behandlingen som de er forpliktet til etter loven. Kommunene har et selvstendig ansvar for rusmiddelbrukerne uavhengig av hvilken behandling de måtte få og ha nytte av. Dette bør etter disse medlemmers mening i større grad sosialministeren påpeke overfor den enkelte kommune og sosialtjeneste. Disse medlemmer vil ta opp dette problemet med sosialministeren i Stortinget på nyåret.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar meldingen til etterretning, og viser til sine innledende betraktninger.