Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

4. Utviklingstrekk og utfordringar

Det blir understreka at mangfaldet når det gjeld mottakarar er stort, og at det i framtida vil vere viktig å sjå på hjelpebehovet meir enn kva gruppe dei tilhøyrer.

Dei fleste mottakarar av dei tradisjonelle omsorgstenestene, dvs. tenester i alders- og sjukeheimar, heimehjelp og heimesjukepleie, er personar over 67 år. Av 155 000 mottakarar av heimetenestene i 1998, var 121 000 over 67 år, og ca. 73 000 eller 47 pst. var over 80 år. I 1998 var det vel 43 000 plassar i aldersinstitusjonar.

Undersøkingar viser at det i dag er mellom 55 000 og 60 000 menneske som er aldersdemente. Av desse bur omtrent halvparten utanfor institusjon. I den eldste gruppa, der mange er demente, har det vore ein sterk auke i talet på dei som bur åleine. Desse utgjer ei stor utfordring for omsorgstenestene.

I Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking frå 1995 vart 17,8 pst. av befolkninga i gruppa 16-79 år klassifisert som funksjonshemma. Mange av desse har eit hjelpebehov. Omfanget av hjelpebehov varierer, men felles er at dei har behov for hjelp til å meistre gjeremåla i dagleglivet, til å kunne delta i skule eller arbeidsliv og til å kunne nytte ulike fritidstilbod. Mange har også behov for hjelp til personleg stell og pleie.

Per 1. januar 1998 var det registrert 19 700 menneske med psykisk utviklingshemming i kommunane. Halvparten bur i eigen bustad, og over 90 pst. av dei som bur for seg sjølve, får heimetenester. Av dei vel 8 000 menneska med psykisk utviklingshemming som bur hos familie og pårørande, er det 12 pst. som får hjelp frå heimetenestene. Kommunane yter omsorgsløn til ca. 15 pst., og det blir ytt avlastingstiltak til 64 pst. av foreldre/pårørande med heimebuande utviklingshemma. Vel halvparten har støttekontakt. Ein del har psykiske lidingar og/eller åtferdsproblem som treng oppfølging eller behandling.

Undersøkingar i norske lokalsamfunn har kartlagt at 15-20 pst. har psykiske lidingar i mildare eller alvorleg grad. Det er i opptrappingsplanen for psykisk helse lagt til grunn eit omfang av alvorlege psykiske lidingar tilsvarande om lag 0,75 pst. av den vaksne befolkninga, eller om lag 25 000 personar. I tillegg er det lagt til grunn at 0,25 pst. av den vaksne befolkninga, tilsvarande noko over 8 000 personar, har noko mindre alvorlege lidingar, og dei har eit visst behov for kommunale tenester.

Kommunane har også ansvar for tiltak og tenester til rusmiddelmisbrukarar.

Primærhelsetenesta har eit ansvar for å gi eit godt tilbod til menneske i sluttfasen av livet. Det blir understreka at eit godt tilbod til døyande inneber at kommunane må gi eit omfattande tilbod som femner samarbeid mellom lege, heimesjukepleie, sjukeheim, sjukehus og nokre stader sjukestove.

Omsorgsyting er i Noreg i dag eit samspel mellom det offentlege, familien og dei frivillige. Eit utviklingstrekk dei seinare åra er også at private aktørar har etablert seg i denne marknaden og som kommunane kjøper tenester frå.

Det har skjedd store endringar i helse- og sosialtenestene dei siste to tiåra. For det første har det vore sterk vekst både når det gjeld driftsutgifter og personell. Vidare har det skjedd endringar som desentralisering, dvs. at ansvaret for omsorgstenestene er overført til kommunane, og deinstitusjonalisering, dvs. at tradisjonelle omsorgsformer i institusjon er nedbygde. Samstundes er det satsa meir på heimetenester og alternative buformer.

Så godt som alle institusjonsplassar for psykisk utvik­lingshemma har blitt avvikla i åra frå starten på 1970-talet og fram til første halvdel av 1990-talet. Denne avviklinga omfatta vel 5 000 institusjonsplassar. Over ein litt lengre periode er omtrent det same talet plassar avvikla i psykiatriske institusjonar utan ei systematisk oppbygging av tilbod i kommunane.

Det blir uttala at det er store variasjonar kommunane imellom når det gjeld utvikling av tiltaksapparatet for rusmiddelmisbrukarar, og også når det gjeld samarbeid med andre instansar som kan ha ulike aktuelle tiltak for misbrukarar. Det blir understreka at rusmiddelmisbrukarar har same rett til helsetenester som befolkninga elles, og skal såleis ha tilgang til m.a. tenester frå allmennlege, helsestasjonane sine tilbod og heimesjukepleie. Det viser seg likevel at rusmiddelmisbrukarar av ulike årsaker i ei viss utstrekning kan ha behov for spesielt tilpassa tenester.

Fleire undersøkingar viser likevel at familiane framleis yter omfattande omsorg. Ser ein på endringar over tid, viser det seg at dei tre siste tiåra er kjenneteikna av stabilitet og ikkje nedgang i familieomsorga. Ein stadig større del av befolkninga gir omsorg, men dei som yter omsorg gir mindre enn før. Yrkesaktive på heiltid, både menn og kvinner, hjelper i like stor grad som ikkje yrkesaktive og yrkesaktive på deltid gamle foreldre.

Undersøkingar blant familiar med funksjonshemma barn viser at yrkesdeltakinga blant foreldre blir redusert på grunn av omsorgssituasjonen. Dette gjeld særleg mødre.

Regjeringa meiner det er viktig at kommunen kan tilby omsorgsløn og avlastingstiltak, og det blir uttala at det i mange tiltak er heilt avgjerande at hjelpeapparatet samarbeider med familien for at behandling og rehabilitering skal lukkast.

Regjeringa meiner at gjennom samverkeløysinger, stiftingar, kristne, humanitære og ideelle organisasjonar vert innbyggjarane stimulerte til å etablere og delta i ulike tilbod som kan supplere det offentlege tilbodet. Derfor vil Regjeringa halde fram med å stimulere til frivillig innsats, og ser mellom anna institusjonar som er drivne av frivillige organisasjonar, som eit positivt innslag både når det gjeld tiltak for rusmiddelmisbrukarar og delvis innan pleie og omsorg. Regjeringa vil også stø opp om den nye typen frivillig hjelp som har vakse fram dei seinare åra, der enkeltpersonar tek del til dømes i frivilligsentralar og eldresenter. Med utgangspunkt i den sterke veksten i talet på frivilligsentralar blir det framheva som ei viktig oppgåve å styrkje dei sentralane som allereie er etablert.

Det er kommunane sjølve som i dag står for det alt vesentlege av tenesteytinga, og Regjeringa meiner at det framleis er ei målsetjing at desse oppgåvene i hovudsak skal løysast av det offentlege. Eit utviklingstrekk som likevel gjer seg stadig meir gjeldande, er at det har kome private tenestetilbod også innanfor omsorgssektoren i kommunane. Det blir gjort greie for nokre erfaringar som er gjort med konkurranseutsetjing av omsorgstenester i Noreg og Sverige.

Regjeringa viser til at konkurranseutsetjing av omsorgstenester reiser fleire spørsmål som må vurderast dersom kommunar ønskjer å overføre heile eller delar av omsorgstenesta til privat drift. Det blir understreka at kommunen ved konkurranseutsetjing må spesifisere kva kvalitet på tenesta dei ønskjer å få levert, og at det i samband med konkurranseutsetjing av tenestene er heilt naudsynt å etablere eit kvalitetssikringssystem som sikrar god nok kvalitet, og som gir kommunen høve til å etterprøve om den avtalte kvaliteten blir levert. Regjeringa registrerer at konkurranseutsetjing av tenestene ikkje treng å medføre ei effektivisering, og at det heller ikkje er nokon dokumentert effekt på kvaliteten i omsorgstenestene. Regjeringa tilrår at kommunane, som eit alternativ til å bruke store ressursar på å leggje til rette for konkurranseutsetjing, legg vekt på å vidareutvikle eige tenestetilbod med særleg fokus på organisering og leiing. Regjeringa meiner at kommunal drift er lettast å planleggje, og skaper stabilitet og ro for mottakarane og dei tilsette. Regjeringa meiner vidare at det også er viktig at kommunane held på sin kompetanse til å utføre omsorgsoppgåver. Som alternativ til konkurranseutsetjing vil Regjeringa framheve at det er viktig at kommunane har ein medviten strategi med omsyn til organisasjonsutvikling, kvalitetsutvikling og effektivisering, og at i den grad det er aktuelt å konkurranseutsette offentlege tenestesektorar bør det i første rekkje gjelde tekniske tenester og tuftast på langsiktige og klart definerte kvalitetskrav til tenestene.

Det blir uttala at rusmiddelmisbrukarar i dag generelt har eit for dårleg bu- og tenestetilbod i kommunane.

Det blir halde fram som ei viktig utfordring å yte eit godt tilbod til mottakarar med innvandrarbakgrunn.

Meldinga peikar på at det er usikkert korleis endringar i befolkninga sin helsetilstand vil påverke tenestebehovet framover, og at forskinga til no ikkje har gitt eintydige resultat. På den eine sida vil ein auke i levealderen for folk kunne føre til at dei også vil leve lenger med lidingar relatert til alder som medfører eit omsorgsbehov. På den andre sida kan høgare levealder medføre at folk vil vere friskare lenger, og dermed få eit redusert omsorgsbehov. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med sikte på ein grundigare analyse av forskinga på dette området.

Også den medisinske teknologiske utviklinga vil dels kunne medverke til å dempe veksten i omsorgsoppgåvene, dels til å auke dei. Auka vekt på dagkirurgi vil til dømes kunne føre til fleire oppgåver for den lokale omsorgstenesta og samstundes føre til redusert belastning for sjukehusa. På den andre sida vil til dømes auke i talet på utførte hofteoperasjonar kunne gjere at fleire vil kunne klare seg utan, eller med avgrensa hjelp frå omsorgstenestene.

Det blir lagt vekt på at kva som er rett kombinasjon av menneskeleg hjelp og bruk av teknologi, må vurderast i høve til kvar enkelt mottakar, og at dette også vil kunne endre seg over tid. Regjeringa vil understreke at dersom det berre er mogeleg å yte tilfredsstillande hjelp ved bruk av menneskeleg omsorg, skal det ikkje nyttast tekniske løysingar som ikkje gir slik tilfredsstillande hjelp.

Det blir peika på at befolkninga nå ventar seg meir av kva tenestene kan utrette, og av kva den enkelte bør kunne rekne med av hjelp, enn før. Regjeringa vil understreke at det offentlege på alle nivå har eit ansvar for å gi befolkninga eit realistisk inntrykk av kva helse- og sosialtenestene er i stand til å yte.

Det blir uttala at det må utviklast ein fleksibilitet som sikrar at helse- og sosialtenesta kan tilpasse seg skiftande behov og tole dei endringane som ein ikkje kan sjå på førehand. Stikkorda er: heilskapstenking, samarbeidsvilje, evne til omstilling og tilpassing.

Ifølgje meldinga er ei av dei største utfordringane for omsorgstenestene å rekruttere og ta vare på personale. Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Statistisk sentralbyrå rekna ut at det vil vere god nok tilgang på personale til gjennomføringa av dei store helse- og sosialpolitiske satsingane ut frå den sterke auken i utdanningskapasitet i høgare utdanning på 1990-talet, men det blir òg peika på fleire forhold som kan føre til at tilgangen på helse- og sosialpersonell blir lågare enn planlagt, og dermed føre til at etterspurnaden etter helse- og sosialpersonell i mange år vil vere sterkare enn tilgangen.

Regjeringa vil ta initiativ til rekrutteringskampanjar m.a. retta mot ungdomsskuleelevar, for å sikre søkjarar til helse- og sosialfag i vidaregåande skular. Gjennom handlingsplanen for helse- og sosialpersonale vil departementet i perioden 1998-2001 i samarbeid med fylkesmenn og fylkeslegar fordele tilskot til opplæring og hjelpe kommunane og fylkeskommunane med å lage rekrutterings- og opplæringsplanar. Det vil bli innført ein eigen pris til gode omsorgskommunar.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet, vil peke på at kommunene gjennom årene har fått ansvar for flere hjelpetrengende. En av årsakene er følgene av ulike reformer som ansvarsreformen for mennesker med psykisk utviklingshemming, eldrereformen og opptrappingsplan for psykisk helse, som bidrar til desentralisering av hjelpebehov og omsorgstjenester til kommunenivå. En annen årsak er omstrukturering og nedtrapping av antallet institusjonsplasser i fylkeskommunen. Også den generelle utviklingen i samfunnet der flere lever lenger, og at utviklingen i moderne medisinsk teknologi gjør det mulig for sterkt hjelpetrengende å bo hjemme eller i en kommunal institusjon, øker behovet for omsorgstjenester i kommunen.

Flertallet viser til at av omsorgstjenestene og hjelpetiltakene omfatter et vidt spekter, som forebygging, medisinsk oppfølging, hjemmebaserte tjenester, tilrettelegging av miljø, nettverksarbeid m.m. Flertallet ser at det medfører økt behov for hele bredden av omsorgstiltak i kommunene, og vil understreke at det er viktig å skaffe ytterligere kunnskap om hvordan aldringsprosessen hos ulike grupper funksjonshemmede arter seg, for å møte behovene på best mulig måte og tilpasse tiltakene til den enkelte bruker.

Flertallet vil peke på at det er særlig viktig at omsorgstjenestene og hjelpetiltak uansett behov, er utformet slik at den enkelte så langt mulig kan føre et aktivt og selvhjulpent liv. Helt siden 1981 har målsettingen for politikken for funksjonshemmede vært full deltaking og likestilling i samfunnet. Flertallet vil understreke at det skal være det grunnleggende prinsipp når hjelpetiltak skal utformes, og legger vekt på at det ikke må velges tiltak som begrenser den funksjonshemmedes valgmuligheter, alene basert på økonomiske betraktninger.

Etter ansvarsreformen for mennesker med psykisk utviklingshemming har mange fått store endringer i sin hverdag, mange til et bedre liv mer likeverdig andre, med tilpasset bolig og arbeid, og muligheter til å delta i samfunnet for øvrig. Menflertallet er også kjent med at noen ikke har funnet seg like godt til rette, og tiltak og tilbud må tilpasses bedre. Flertallet er derfor fornøyd med at departementet har tatt initiativ til å vurdere hvordan tilbudet til mennesker med psykisk utviklingshemming kan bedres, og forutsetter at Stortinget blir orientert om resultatene av vurderingen.

Psykiske lidelser er svært utbredte i samfunnet, og mange vil oppleve en psykisk lidelse en eller annen gang i livet. Flertallet er kjent med at 15-20 pst. av befolkningen har psykiske lidelser i mildere eller alvorlig grad. Flertallet viser til opptrappingsplanen for psykisk helse (St.prp. nr. 63 (1997-1998)) der det anslås at om lag 25 000 personer har alvorlige psykiske lidelser, og at 8 000 har noe mindre alvorlige psykiske lidelser. Hjelpebehovet kan være omfattende for de med de mest alvorlige og ofte langvarige psykiske lidelsene, mens hjelpebehovet er begrenset både i tid og omfang for personer med mindre psykiske lidelser. Flertallet vil understreke at det kan være svært viktig å få tidlig og riktig hjelp ved psykiske lidelser, nettopp for å forebygge en langvarig lidelse og på sikt omfattende hjelpebehov. Det er viktig at pleie- og omsorgstjenestene i kommunen har en kompetanse og en innretning som gir et dekkende tilbud også til denne gruppen. Flertallet mener at mennesker med psykiske lidelser kan ha behov for hjelpetiltak som kan falle utenfor et ordinært tilbud innenfor helse- og omsorgssektoren, og at det derfor er viktig på lokalt plan at det er nært samarbeid mellom ulike sektorer i kommunen for å gjøre lokalsamfunnet og ulike tilbud tilrettelagt slik at de blir tilgjengelige for alle. Det dreier seg om alt fra praktisk hjelp og støttekontakter til tilrettelagte tilbud når det gjelder arbeid, utdanning, kultur og fritid.

Flertallet viser til at behovet for tiltak kan være svært omfattende når det gjelder rusmiddelmisbrukere, alt fra bolig, helsetjenester, aktiviteter på dagtid til psykososial oppfølging, skole/jobb m.m. Behovet er stort mens de er rusmiddelmisbrukere, men ikke minst når de forsøker å redusere eller slutte med rusmiddelmisbruk. Flertallet vil også peke på at personer som har et omfattende rusmiddelmisbruk, også ofte utvikler store psykiske problemer, og samtidig at psykiske problemer kan være en medvirkende årsak til rusmiddelmisbruk.

Flertallet vil peke på at kommunene også har ansvaret for omsorgen for rusmiddelmisbrukere og deres pårørende. Her er det store forskjeller - ikke minst mellom små og store kommuner - både når det gjelder antallet rusmiddelmisbrukere og det hjelpetilbudet den enkelte kommune kan tilby. Også innen rusomsorgen er det viktig at de enkelte rusmiddelmisbrukerne får et behandlingstilbud og hjelpetiltak som er tilpasset dem.

Flertallet mener at kommunene må gi et omfattende tilbud som omfatter et samarbeid mellom lege, sykehjem, hjemmesykepleie og sykehus/sykestue, til mennesker i sluttfasen av livet, enten de dør av alderdom eller sykdom. Flertallet inkluderer i et godt omsorgstilbud for døende, at de enkelte kan få velge om de vil dø i eget hjem støttet av helsetjenester og hjemmetjenester, eller om de ønsker å dø i sykehjem/aldershjem eller i sykehus. Flertallet mener det er særlig viktig å la den enkelte døende få den hjelpen han eller hun selv ønsker hjemme eller i institusjon, og vil anmode alle parter som er med i slike prosesser, så langt det er mulig praktisk og økonomisk, å ta slike hensyn at livets slutt blir som den døende og/eller pårørende ønsker.

Omsorgstjenestene har i mange år fungert som et samspill mellom det offentlige, familien/venner og det frivillige organisasjonslivet. Flertallet ser at disse partene også i framtiden vil være hovedpilarene i omsorgen i samfunnet. Det nyere utviklingstrekket er at private aktører har etablerte seg i dette markedet og tilbyr omsorgstjenester til den enkelte direkte eller via kommune/fylkeskommune, og disse aktørene har fortjeneste som ett av flere motiver.

Flertallet viser til at det økende behovet for omsorgstjenester i kommunene bl.a. skyldes at det er avviklet 5 000 institusjonsplasser for psykisk utvik­lingshemmede. Mange av disse bor nå i egen bolig eller i små felles boenheter i kommunene. Flertallet er glad for rapportene som sier at de fleste har fått det bedre enn tidligere, men vil samtidig påpeke at det i seg selv ikke er et godt nok mål. Det er fremdeles uløste omsorgsoppgaver som bl.a. omfatter tilrettelagt fritidstilbud og tiltaksplasser. Flertallet viser til at det i samme periode er avviklet et tilsvarende antall institusjonsplasser innen psykiatrien, uten at det er bygget opp et tilsvarende tilbud i kommunene. En av følgene er et omfattende behov for ulike former for hjelpetiltak og omsorgstjenester i kommunene, men mange er uten hjelp for sine primære psykiske problemer. Flertallet er enig med Regjeringen i at opptrappingsplanen for psykisk helse med utbygging av et desentralisert tilbud innen psykiatri er et viktig redskap for å gi et kvalitetsmessig og godt tilbud til mennesker med psykisk lidelser i kommunene.

Familiene yter fremdeles omfattende omsorg, og flertallet viser til at familieomsorgen ikke viser noen nedgang i omfang. Det viser seg at familien fremdeles stiller opp når det offentlige også tilbyr sin hjelp. Flertallet vil derfor peke på at samspillet mellom det offentliges innsats og familie og venner er svært viktig for å opprettholde den uformelle omsorgen i framtiden. Ordningen med omsorgslønn er en viktig faktor for at det skal være mulig for familier å yte omsorg i det omfang det er behov for hos mange. Flertallet vil også peke på at familien har behov for avlasting. Flertallet vil framheve at familier og pårørende står for en ikke ubetydelig del av omsorgsarbeidet i samfunnet, og indirekte sparer det offentlige for et betydelig beløp dersom den samme hjelpen skulle ytes av det offentlige hjelpeapparatet. Flertallet vil peke på at det i noen grad kan være kryssende interesser og også lovgivning som står i veien for et godt samarbeid mellom det offentlige hjelpeapparatet og familien og pårørende. Et eksempel kan være en rusmiddelmisbruker som ikke ønsker hjelp, og der loven om taushetsplikt kan være til hinder for at familien i et tidlig nok stadium får kjennskap til omfanget av rusproblemet. Flertallet ber Regjeringen se nærmere på disse forholdene, og eventuelt komme tilbake med forslag til relevante lov- og regelendringer.

Frivillige organisasjoner utgjør et relativt stort innslag i omsorgssektoren, og det offentlige sparer store summer ved at frivillig sektor yter omsorgstjenester. Frivillige organisasjoner driver institusjoner i somatisk sektor, i psykiatrien, innen rehabilitering, i rusomsorgen og innen barne- og ungdomsvern. Selv om mye av virksomheten deres er betalt av det offentlige, representerer deres engasjement og eierskap en betydelig avlastning for det offentlige. Flertallet vil peke på at de frivillige organisasjonene på noen områder har gått foran og vist hvilken modell som egner seg best. Flertallet mener at frivillige organisasjoner har fylt og fortsatt bør fylle en plass i omsorgsarbeidet i samfunnet. Flertallet vil peke på at kvaliteten på de private, som for de offentlig drevne institusjoner varierer. Både når det gjelder offentlige og private institusjoner, er det viktig at fylkeskommunen og fylkeslegen følger virksomheten i den enkelte institusjon. Flertallet mener at det offentlige bare bør tegne kontrakter med institusjoner som kan gi tjenestemottakene et kvalitativt godt omsorgstilbud. Offentlig godkjenning og driftstilskudd fra det offentlig bør etter flertallets mening kun gis til institusjoner som følger offentlige lover og pålegg, som driver en kvalitetsmessig tilfredsstillende tjeneste, og som tilbyr sine ansatte gode ansettelses- og arbeidsmiljøforhold.

Flertalletvil peke på en ny type frivillig virksomhet som er basert på hjelp til selvhjelp. Dette likemannsarbeidet er organisert som samhandling, og skal være til hjelp for en annen som har liknende funksjonshemming eller problem.

Frivillighetssentralene er en form for mobilisering og organisering av frivillig innsats for å møte lokale behov. Stat, kommune og frivillige organisasjoner finansierer frivillighetssentralene i fellesskap. Frivillighetssentralene er blitt en integrert del av omsorgs- og tjenestetilbudet i mange kommuner. Flertallet mener det er viktig å medvirke til at denne typen ikke-kommersielle tjenestetilbud kan gi et mer omfattende og bedre tilbud. Flertallet er enige med Regjeringen om å styrke de allerede etablerte frivillighetssentralene, men mener også det er betydelig rom for å etablere flere frivillighetssentraler når behovet melder seg.

Til daglig møtes vi ofte av det offentliges utilstrekkelighet i mediebildet. Det kan etter flertallets mening dekke over det faktum at mange kommuner har gode omsorgstjenester. Med de utviklingstrekk som tegner seg, blir utfordringen etter flertallets mening også å ta vare på et tjenestetilbud i omsorgssektoren med god nok dekningsgrad og med god kvalitet.

Flertallet er kjent med at prosentandelen av de eldste eldre vil øke sterkt, og at økningen av eldre over 80 år vil øke behovet for omsorgstjenester.

Omsorgstjenester har tradisjonelt vært drevet av kommuner/fylkeskommuner, eller av ideelle organisasjoner med et betydelig offentlig finansieringsgrunnlag. Et relativt nytt utviklingstrekk i samfunnet er at offentlige tjenester også settes ut til private aktører som har fortjeneste som et av sine formål. Flertallet vil peke på at begrepene konkurranseutsetting og privatisering ofte blir brukt som synonymer i debatten om offentlige tjenester, men det er vesentlige forskjeller mellom disse begrepene. Konkurranseutsetting innebærer at kommunen fremdeles har ansvaret for at befolkningen får de tjenester de har krav på etter lovgivning eller lokale vedtak, og kommunen har fremdeles finansieringsansvaret. Ved konkurranseutsetting av tjenester er det flere eksempler på at kommunale etater selv har "vunnet" anbudet på tjenester. Privatisering av tjenester dreier seg derimot om at private aktører overtar ansvar og produksjon av tjenester på bestilling fra kommunene. Kommunen kan imidlertid ikke overføre oppgaver i selve forvaltningen som myndighetsut­øvelse, saksbehandling, kontroll og tilsyn.

Flertallet viser til at det ikke er entydige svar på følgene av konkurranseutsetting innen offentlig sektor, om kostnadsutviklingen, kvalitet på tjenestene, og arbeidsmiljøet. Flertallet vil komme tilbake til dette spørsmålet ved en senere anledning, når Arbeids- og administrasjonsdepartementets utredning foreligger. Flertallet viser til Modellkommuneprosjektet i Sørum kommune som har som mål å styrke og bedre de kommunale tjenestene, bidra til effektiv bruk av ressursene og sikre kvalitet og standard på tjenestene. De tilsatte i kommunen er sentrale deltakere i endringsarbeidet. Dette prosjektet viser at det er mulig å utvikle og kostnadseffektivisere det offentlige tjenestetilbudet uten å privatisere tjenestene.

Siden det ikke er dokumentert at konkurranseutsetting i seg selv medfører en effektivisering av offentlige tjenester, og at det er heller ikke dokumentert effekt på kvaliteten i omsorgstjenestene, mener et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, at kommunal drift er lettest å planlegge, og skaper den nødvendige stabilitet og ro, både for mottakerne og de ansatte. Dette flertallet vil også understreke viktigheten av at kommunene beholder og videreutvikler sin evne og kompetanse til å utføre omsorgsoppgaver. Det er viktig for kontinuiteten og beredskapen i omsorgstjenesteproduksjonen i samfunnet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser på konkurranse og skille mellom bestiller- og utførerrollene innen pleie- og omsorgstjenestene som et sentralt virkemiddel for å oppnå bedre og mer effektive tjenester som i større grad er tilpasset de pleietrengendes ulike individuelle behov.

Når det gjelder konkurranseutsetting av pleie- og omsorgstjenester, viser dissemedlemmer for øvrig til sine merknader under kap. 3.1.

Disse medlemmer mener utgangspunktet for eldreomsorgen må være at alle skal kunne bo i eget hjem så lenge de er i stand til det og ønsker det. Den eldre selv, om nødvendig i samarbeid med sine nærmeste, må i størst mulig grad få velge mellom sykehjem eller andre bo- og servicetilbud.

Disse medlemmer legger til grunn at bolig skal være et personlig ansvar for den som er i stand til å ta det, mens nødvendig pleie skal være et offentlig ansvar. Disse medlemmer mener kommunene må legge forholdene til rette slik at det blir lettere å etablere institusjoner som andelslag der den eldre selv kjøper og eier en boenhet i et fellesskap, som er tilrettelagt for kvalifiserte tjenester når det gjelder pleie, service og trygghet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti tar meldingen til etterretning, og viser til sine innledende betraktninger.