4. Programkategori 21.50 jernbaneformål
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1354, post 1 Driftsutgifter, med 1 mill. kroner i samband med oppfølgjing av tilrådingar frå den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen etter togulykka på Rørosbanen. Auken blir dekt ved reduksjon av kap. 1301, post 21.
Rekneskapen for 2000 viser at betaling av renter til NSB BA er over 12 mill. kroner høgare enn budsjettert. Departementet gjer difor framlegg om å auke kap. 5611, post 80 Renter av lån til NSB BA, med 12 mill. kroner.
NSB Gardermobanen AS er etablert med eit statslån på 1 118 mill. kroner. Lånet skal innfriast seinast 2. desember 2001.
Det blir gjort greie for oppretting av ein ny post for betaling av renter av lån frå NSB Gardermobanen AS og at rentene for 2000 er rekna til 73 mill. kroner.
Komiteen slutter seg til bevilgningsposten.
Komiteen slutter seg til bevilgningsposten.