2. Luftfartsformål
Det blir gjort framlegg om å auke kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 0,9 mill. kroner på grunn av auka utgifter til havariundersøkingar. Auken blir dekt ved reduksjon av kap. 1301, post 21.
I statsrekneskapen for 1999 er det ført opp feil tal for Luftfartsverkets driftsresultat. Samferdselsdepartementet ber om samtykkje frå Stortinget til at den nemnde differansen blir korrigert i den sentrale statsrekneskapen over konto for forskyvingar i balansen.
Vidare blir det i proposisjonen orientert om avvik innafor omløpsmidlar under Luftfartsverkets balanse.
På grunnlag av vurderingar vil departementet leggje opp til at verdien av dei regionale lufthamnene framleis blir ført til kr 0,- i Luftfartsverkets balanse og at nødvendige korrigeringar blir omtalte i Luftfartsverkets rekneskap for 2000.
Komiteen har merket seg at det er nødvendig å øke bevilgningen for havariundersøkinger.
Komiteen slutter seg derfor til den foreslåtte økningen på post 1.
Komiteen tar orienteringen om statsregnskapet for 1999 for Luftfartsverket og aktivering av regionale lufthamner i Luftfartsverkets balanse til etterretning, og slutter seg til forslag til vedtak.