Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2000 under Nærings- og handelsdepartementet

Innhold

Til Stortinget

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2000.

Frå og med 2000 skal den norske medlemskapen i Den europeiske organisasjon for romverksemd betalast i EURO. I løyvinga for 2000 har ein lagt til grunn ein høgare venta EURO-kurs enn faktisk kurs på innbetalingstidspunktet. På statsbudsjettet for 2000 gjer departementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922 Norsk Romsenter, post 70 Tilskot, kan overførast, med 8,8 mill. kroner, frå 240,3 til 231,5 mill. kroner.

Endringar i talet på sjøfolk på norske skip som kjem inn under refusjonsordninga for sysselsetting av sjøfolk eller endringar i hyrenivået, kan føre til at dei faktiske utbetalingane blir lågare eller høgre. Utbetalingane for dei fire første terminane i 2000 viser ein reduksjon i utbetalingane i forhold til tidlegare år. På statsbudsjettet for 2000 gjer departementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 943 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, post 70 Tilskot, overslagsløyving med 10 mill. kroner, frå 330 til 320 mill. kroner.

I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at ein ville gjere framlegg om nødvendige løyvingar til NOAH AS på statsbudsjettet for 2000 knytt til dei disposisjonane som vart vedteke på den ekstraordinære generalforsamlinga i september 1999. Så vel utvidinga som nedskrivinga av aksjekapitalen er foretatt i kapitalrekneskapen for 1999. Det vil derfor ikkje vere naudsynt å gjere framlegg om løyvingar under kap. 945 NOAH AS, på statsbudsjettet 2000.

Det er gitt ei statleg ramme på 220 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT). Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 215 mill. kroner under ordninga. Departementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt inntil 4,7 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 219,7 mill. kroner pr. 31. desember 2000. På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 4,7 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000.

På statsbudsjettet for 1991 fekk departementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå SFT. Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2000 i statsbudsjettet for 1999. Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 2,7 mill. kroner under refusjonsordninga. Departementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt ca. kr 300 000 under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere nær 3 mill. kroner pr. 31. desember 2000. Departementet gjer framlegg om ei løyving på kr 300 000 som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000. Oppreinskingsarbeidet har teke lengre tid enn tidlegare rekna med. Departementet foreslår derfor å forlenge garantien med uendra ramme fram til 31. desember 2002.

Staten utbetalte 230 mill. kroner til Raufoss ASA for deira eigardel på 45 pst. i det nordiske ammunisjonsselskapet Nammo AS og kravde samstundes eit prisavslag på 10 mill. kroner grunna forhold som kom fram under "due diligence" gjennomgangen. Fordi spørsmålet om avslag i pris for aksjekjøpet ikkje er endeleg klårgjort, kan heile eller delar av restbeløpet på 10 mill. kroner måtte utbetalast til Raufoss ASA i 2001. Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 960 Raufoss ASA, post 90 Kjøp av aksjar i Nammo AS, vert gjort overførbar.

Som eit endelig sluttoppgjer frå staten si side til Sør-Varanger kommune for salet av Sydvaranger ASA foreslår regjeringa ei tilsegnsramme på 120 mill. kroner til ekstraordinære tiltak i Sør-Varanger kommune. Med dette vil staten si økonomiske forplikting i samband med salet av Sydvaranger ASA vere avslutta. Det vert gjort framlegg om å løyve 20 mill. kroner som omstillingstilskot til Sør-Varanger kommune og om ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000.

Som varsla i St.prp. nr. 1 (2000-2001) viser tal frå Eksportfinans at tidlegare årgangar (1995-1999) vil få ei underdekking på om lag 150 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga til skipsfinansieringsstøtte med 150 mill. kroner, frå 687,5 til 837,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000.

I proposisjonen vert gjort framlegg om at meirinntekta på 3,1 mill. kroner ved sal av lager av sukker og metall vert nytta til å styrke nødproviantlager i tråd med målsettinga for departementet sitt arbeid med beredskap. I tillegg vil det vere aktuelt å omdisponere middel til prosjektarbeid tilknytta arbeidet med å analysere forsyningssituasjonen i Nord-Noreg. På dette grunnlag er det gjort framlegg om å auke løyvinga til driftsutgifter under kap. 990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 8,06 til 11,16 mill. kroner mot tilsvarande meirinntekter, jf. omtale under kap. 3990. På same grunnlag foreslås å auke salsinntektene under kap. 3990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 1,6 til 4,7 mill. kroner.

Samanlikna med saldert budsjett for 2000 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til innlån til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) si risikolåneordning med 815 mill. kroner, frå 5,6 til 6,415 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner. Departementet gjer vidare framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 med 885 mill. kroner, frå 5,55 til 6,435 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5320, post 93 reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner. Som følgje av at faktiske rentesatsar og renteinnbetalingar hittil i året har vore høgare enn tidlegare forutsatt og på grunnlag av prognosar for resten av året gjer departementet framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 aukast med 10 mill. kroner, frå 140 til 150 mill. kroner. Vidare kan renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 86 aukast med 16 mill. kroner, frå 360 til 376 mill. kroner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, fra Senterpartiet, lederen Morten Lund, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at regjeringen Bondevik i St.prp. nr. 1 (1999-2000) foreslo at refusjonsordningen videreføres etter gjeldende innretning og støttesats, og at flertallet ikke hadde merknader til dette. Flertallet viser også til at regjeringen Stoltenberg i St.prp. nr. 1 (2000-2001) foreslår at refusjonsordningen videreføres også for 2001 med gjeldende innretning og støttesats. Refusjonsordningen ble innført i 1994 som en gjensidig forpliktelse mellom staten, sjømannsorganisasjonene og skipsfartens nærings­organisasjoner. Regelverket for ordningen ble også fastlagt i samarbeid mellom disse tre parter.

Flertallet forutsetter på denne bakgrunnen at det ikke skjer endringer i praktiseringen av refusjonsordningen som gjør at enkelte grupper fartøy tas ut av ordningen, og at forslaget om å redusere bevilgningen på kap. 943 post 70 ikke er knyttet til dette.

Flertallet viser for øvrig til merknader om refusjonsordningen i forbindelse med St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen og fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen vil avvise Regjeringens forslag om å redusere bevilgningen til ordningen og viser for øvrig til egne merknader i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2000-2001).

Komiteen ser de andre endringene som i hovedsak å være oppfølging av tidligere forutsetninger, og har ingen merknader til disse.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til egne merknader i Budsjett-innst. S. nr. 8 (1999-2000) og vil på denne bakgrunn motsette seg forslaget til bevilgning.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak

om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2000 under Nærings- og handelsdepartementet

I

I statsbudsjettet for 2000 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter

922

Norsk Romsenter

70

Tilskot, kan overførast, vert redusert med

8 800 000

frå kr 240 300 000 til kr 231 500 000

943

Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

70

Tilskot, overslagsløyving, vert redusert med

10 000 000

frå kr 330 000 000 til kr 320 000 000

955 (ny)

Norsk Koksverk

71

Refusjon for miljøtiltak, vert løyvd med

4 700 000

956 (ny)

Norsk Jern Eiendom A/S

70

Refusjon for miljøtiltak, vert løyvd med

300 000

962(ny)

Omstillingstiltak

71

Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast, vert løyvd med

20 000 000

966

Støtte til skipsbygging

50

Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, vert auka med

150 000 000

frå kr 687 500 000 til kr 837 500 000

990

Industri- og forsyningsberedskap (jf. kap. 3990)

01

Driftsutgifter, vert auka med

3 100 000

frå kr 8 060 000 til kr 11 160 000

2420

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

91

Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving, vert auka med

815 000 000

frå kr 5 600 000 000 til kr 6 415 000 000

92

Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, overslagsløyving, vert redusert med

8 000 000 000

frå kr 27 000 000 000 til kr 19 000 000 000

Inntekter

3990

Industri- og forsyningsberedskap (jf. kap. 990)

01

Salsinntekter, vert auka med

3 100 000

frå kr 1 600 000 til kr 4 700 000

5320

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

91

Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga, vert auka med

885 000 000

frå kr 5 550 000 000 til kr 6 435 000 000

93

Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansierings og lågrisikolåneordninga, vert redusert med

8 000 000 000

frå kr 27 000 000 000 til kr 19 000 000 000

5620

Renter og utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

81

Renter, risikolåneordninga, vert auka med

10 000 000

frå kr 140 000 000 til kr 150 000 000

86

Renter, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, vert auka med

16 000 000

frå kr 360 000 000 til kr 376 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet si fullmakt til å garantere overfor Norsk Jern Eiendom A/S at selskapet skal haldast skadelaust for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn knyta til miljøforureining på tomta som kan tilbakeførast til verksemda ved Norsk Koksverk A/S, blir forlenga med uendra ramme - inntil 10 mill. kroner - fram til 31. desember 2002.

III

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 960 Raufoss ASA, post 90 Kjøp av aksjar i Nammo AS, vert gjort overførbar ved tilføying av stikkordet "kan overførast".

IV

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2000 kan gi tilsegn for inntil kroner 100 000 000 ut over løyvinga under kap. 962, post 71.

Oslo, i næringskomiteen, den 30. november 2000

Morten Lund

leder

Leif Helge Kongshaug

ordfører

Kjell Opseth

sekretær