Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002)

Innhold

Til Stortinget

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve til å vera med i framhaldet av det fleirårige fellesskapsprogrammet for energieffektivisering (SAVE).

SAVE har følgjande særskilde mål:

  • – å stimulera til energieffektivitetstiltak innan alle sektorar,

  • – å oppmuntra private og offentlege forbrukarar og industrien til å investera i energisparing,

  • – å leggje tilhøva til rette for betring av energiintensiteten i sluttforbruket.

Avgjerda i EØS-komiteen vil forplikte EFTA-statane å ta del i finansieringa av delprogrammet. Den økonomiske ramma for gjennomføringa av delprogrammet er på 66 mill. euro for perioden 1998-2002. Noreg sin del er på 1,8 pst. av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 1,9 mill. kroner årleg. Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om Noreg si deltaking i SAVE i St.prp. nr. 1 (1996-1997) og St.prp. nr. 52 (1996-1997).

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.

Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.

Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som ikke har merknader til innstillingen.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Hilde Frafjord Johnson og Bror Yngve Rahm, fra Høyre, Bent Høie og Jan Tore Sanner, fra Senterpartiet, John Dale, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Venstre, Gunnar Kvassheim, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002) .

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 30. november 2000

Tore Nordtun

leiar og ordførar

Aud Blattmann

sekretær