Merknader frå komiteen
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, og frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, er kjent med at havbruksnæringa er i omstilling og at det skjer ein konsentrasjon i marknaden både horisontalt og vertikalt. Statkorn Holding er, etter at dei kjøpte fiskefôrprodusenten EWOS, verdas største leverandør av laksefôr. Fleirtalet har merka seg at det er laga ein strategi for å utvikle Statkorn Holding til eit fullintegrert internasjonalt konsern i havbrukssektoren.
Fleirtalet viser til at etableringa av eit stort selskap med statleg kapital er omstridt i næringa. Ikkje minst er skepsisen knytt til ei frykt for at små lokalt forankra verksemder skal verte kjøpte opp, og at den lokale forankringa som har prega næringa dermed vil verte svekt.
Det er viktig å sikre ei nasjonal forankring av havbrukssektoren. Det kan skje både gjennom lokalt og statleg forankra eigarskap. Havbruksnæringa og marin sektor er ein av våre viktigaste næringar, og vil verte enda viktigare i framtida. Difor er det viktig at strategi og forsking og utvikling har ei nasjonal forankring.
Fleirtalet meiner det er grunnlag for å sjå etableringa av eit stort delvis statleg eigd selskap i samanheng med forslaget om å auksjonere ut framtidige konsesjonar. Forslaget om auksjonar vil kunne føre til at ein større del av konsesjonane går til kapitalsterke aktørar og vil kunne svekke tilhøva for nyrekruttering og vidare utvikling av dei mindre einingane med den lokale tilknytninga og det lokalt forankra eigarskapet.
Styret sin strategi inneber at det vert gjennomført ei kapitalutviding retta mot dei noverande eigarane på 1,5 mrd. kroner. Staten sin del av denne kapitalutvidinga vil vere på 1,2 mrd. kroner. Fleirtalet har merka seg at Statkorn Holding har eit kortsiktig kapitalbehov, i første rekke knytt til kjøp av verksemder i utlandet. Ein avgjerande premiss for å slutte seg til forslaget om kapitalutviding er at forslaget om at nye konsesjonar i havbruksnæringa skal tildelast etter auksjonsprinsippet ikkje vert vedteke.
Fleirtalet viser til at Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett vedtok delprivatisering av Statkorn Holding. Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett våren 1999 slutta Stortinget seg til at selskapet vert børsnotert og at staten sin eigardel vert redusert til 51 pst.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at det i ein uavhengig konsulentrapport frå Christiania Markets og KPMG, som vart lagt fram for Landbruksdepartementet 11. september 2000, vert gjeve ei klar tilråding om at staten bør ta del i kapitalutvidinga:
"... Det er vår klare anbefaling at Staten deltar med sin proratariske andel på 80 pst. i den rettede emisjonen, slik at statens verdier kan maksimeres på noe lenger sikt. Ved ikke å delta i den rettede emisjonen, mener vi Statens verdier vil bli uforhåndsmessig utvannet i denne fase."
Fleirtalet er samd i at staten sitt eigarskap i eit framtidig integrert havbrukskonsern som er både nasjonalt og internasjonalt retta, skal vere forretningsmessig, langsiktig og basert på ein permanent eigarposisjon på minimum 34 pst. i det børsnoterte selskapet. Fleirtalet er samd i at selskapet vert børsnotert så snart som mogleg etter at ein har skaffa seg nasjonale partnerar. Fleirtalet er vidare samd i at det er ønskeleg med langsiktig privat industriell kapital som saman med den statlege delen kan utgjere nasjonal fleirtalskontroll i eit framtidsretta havbrukskonsern. Ut frå dette legg fleirtalet til grunn at statleg aksjeeige på minst 34 pst. vert supplert med aksjonæravtalar i føremålsparagrafen.
Fleirtalet viser til at havbruksnæringa og marin sektor er viktige satsingsområder. Det er eit mål å sikre ei nasjonal forankring av næringa, ikkje minst med omsyn til å ta vare på og bygge opp kompetanse. Difor er det viktig at ein sikrar nasjonalt eigarskap i minst ei stor verksemd i denne næringa. Fleirtalet legg til grunn at det vert vedtektsfesta at selskapet skal medverke til kompetanseoppbygging og styrking av forsknings- og utviklingsinnsatsen i næringa.
Fleirtalet føreset at Nærings- og handelsdepartementet som den framtidige eigar av statens aksjar skal ha negativ avhendingsrett til staten sine aksjar på minimum 34 pst. Fleirtalet legg til grunn at dette tilhøve vert registrert i VPS/aksjeeigarregisteret.
Fleirtalet føreset at det vert vedtektsfesta at den statlege eigardelen ikkje skal seinkast under 34 pst. Fleirtalet legg til grunn at hovudkontoret, som i dag, vedtektsmessig skal vere lokalisert til Noreg. Selskapet skal vere norskregistrert og berre notert på Oslo Børs. Det er eit mål at selskapet skal medverke til utvikling av eit breitt fag- og kompetansemiljø. Selskapet må verte ein motor for utviklinga av og satsinga på forsking i marin sektor og oppdrettsnæringa. Dette er viktig òg for utviklinga av anna nasjonal verksemd i bransjen.
Fleirtalet meiner det er viktig for utviklinga av den norske havbruksnæringa at det vert utvikla sterkare industrielle miljø, og at kompetansemiljøa vert styrka. Det er òg viktig at kommunikasjonen og samarbeidet mellom dei kompetansemiljø vi har innan næringa vert betra. Det er eit mål at det vert etablert eit samarbeid mellom ulike kommersielle aktører i næringa, og at samarbeidet mellom kompetansemiljø på fisk og landbruk vert betra for å få fram synergieffektar. Det er viktig at det vert utvikla eit tettare samarbeid mellom dei ulike forskningsmiljøa i heile landet. Eit fullintegrert Statkorn Holding må kunne medverke som ei industriell drivkraft i utviklinga av den norske biomarine næringa. Fleirtalet meiner det må vere eit mål at selskapet i stor grad skal vere ein strategisk alliansepartnar for små og mellomstore verksemder, mellom anna for å styrkje FoU-innsatsen i næringa.
Eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at det er planlagt å tildele nye konsesjonar for oppdrett av laks våren 2001. Fleirtalet meiner kriteria for tildeling av desse og framtidige konsesjonar er avgjerande for utviklinga av strukturen i næringa, og næringa si lokale og nasjonale tilknytning. Fleirtalet meiner konsesjonane i neste tildelingsrunde i første rekke må gjevast til dei små aktørane i næringa, som har ein til to konsesjonar frå før. I tillegg bør det opnast for grunderar og nye aktørar som vil inn i næringa, og ein bør sikre at dei skulane som er avhengige av eit oppdrettsanlegg for å gje eit tilfredsstillande undervisningstilbod får tildelt ein konsesjon. Ein bør og legge vekt på å tilgodesjå områder der tilhøve ligg godt til rette for havbruk, men som har fått få konsesjonar i tidlegare tildelingsrundar.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, er kjent med at Hydro Seafood vart seld ut landet, til tross for at staten er deleigar i Hydro. Fleirtalet meiner det er stor skilnad på Hydro Seafood, som ikkje var mellom kjerneområda for Hydro, og eit nyutvikla selskap der ein del av formålet er å medverke til nasjonalt eigarskap i havbruksnæringa. I det framtidige Statkorn Holding, der det er vedtektsfesta at hovudkontoret skal liggje i Noreg og at staten sitt eigarskap skal vere på minst 34 pst., vil det statlege eigarskapet på ein heilt anna måte vere ein garanti for at selskapet også i framtida vil vere eit norsk selskap.
Utvidinga av egenkapitalen i selskapet er i stor grad knytt til kjøp av verksemder i Chile og Canada. Fleirtalet føreset at den styrkte eigenkapitalsituasjonen ikkje skal føre til at selskapet raidar norske konsesjonar og medverkar til fleire oppkjøp av konsesjonar enn det som elles ville vorte resultatet.
Fleirtalet legg til grunn at eventuelle endringar i høve til det som framgår av merknadane og forslaga til vedtak skal leggjast fram for Stortinget som eiga sak.
Fleirtalet fremjer følgjande forslag:
"Stortinget ber Regjeringa sikre at det framleis er vedtektsfesta at hovudkontoret i Statkorn Holding skal vere lokalisert i Noreg."
"Stortinget ber Regjeringa sikre at det er vedtektsfesta at den statlege eigardelen i selskapet skal vere minimum 34 pst. Tilhøvet skal registrerast i VPS/aksjeeigarregisteret."
"Stortinget ber Regjeringa sikre at det i føremålsparagrafen er vedtektsfesta at selskapet skal ha ei aktiv rolle knytt til forsking og utvikling i marin sektor og oppdrettsnæringa."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, og fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, motsetter seg at staten deltar i den planlagte kapitalutvidelsen i Statkorn Holding. Disse medlemmer understreker at statlig deltakelse ikke kan være en forutsetning for å gjennomføre selskapets strategi om å bli et fullintegrert selskap i oppdrettsnæringen. Oppdrettsnæringen kan vise til solide resultater og regnes for å ha et betydelig vekstpotensial. Statkorn Holding ASA burde følgelig ikke ha problemer med å tiltrekke seg privat investeringskapital. Det er derfor heller ikke behov for at staten deltar i kapitalutvidelsen. Dersom det mot formodning ikke lykkes å realisere selskapets planer uten statlig deltakelse, innebærer det at private investorer og finansieringskilder anser andre prosjekter for å ha et større lønnsomhetspotensial. Disse medlemmer legger stor vekt på at næringsprosjekter vurderes utfra slike relative lønnsomhetsbetraktninger og ikke på bakgrunn av politiske målsetninger. Under enhver omstendighet advarer disse medlemmer mot at statsfinansielle hensyn skal begrunne et statlig kapitalinnskudd på 1,2 mrd. kroner.
Disse medlemmer finner det oppsiktsvekkende at den statlige kapitalutvidelsen begrunnes med behovet for å sikre nasjonalt eierskap i oppdrettsnæringen. Verken det nåværende regjeringspartiet eller den forrige regjeringen fant grunn til å bruke den statlige eierandelen i Norsk Hydro ASA til å hindre salget av Hydro Seafood til utenlandske eiere tidligere i år. Dette viser ettertrykkelig at forestillingen om at statlig eierskap er egnet til å sikre nasjonalt eierskap, er illusorisk. Disse medlemmer mener det er viktig å stimulere det nasjonale eierskapet både i oppdrettsnæringen og i andre næringer. En styrking av det nasjonale eierskapet må imidlertid skje gjennom positive virkemidler. Statlig innblanding i næringsvirksomhet og bruk av ervervsloven til å forhindre utenlandske eierovertakelser vil svekke tilgangen på investeringskapital og dermed redusere vekstkraften i norsk næringsliv. Skal man oppnå et sterkere nasjonalt eierskap er det avgjørende at norske, private eiere får tilsvarende rammevilkår som eiere i andre land. Både formueskatten, utformingen av delingsmodellen og den foreslåtte utbytteskatten diskriminerer private norske eiere, og bidrar til å fortrenge et aktivt privat eierskap i Norge. For å legge til rette for nyetableringer og unngå uheldige eierkonsentrasjoner mener disse medlemmer det i forbindelse med den varslede revisjonen av oppdrettsloven må arbeides for størst mulig etableringsfrihet i næringen.
Disse medlemmer mener statlig eierskap etter alt å dømme vil redusere vekstkraften i oppdrettsnæringen og skape uholdbare konflikter mellom statens rolle som konsesjonsmyndighet, kontrollør og eier. Et statsfinansiert oppkjøp av anslagsvis 100 norske oppdrettskonsesjoner vil forsterke prispresset på konsesjoner, heve etableringsterskelen i oppdrettsnæringen og fortrenge privat eierskap. Disse medlemmer mener staten bør avvikle sitt eierskap i Statkorn Holding ASA og fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen om å avvikle statens eierskap i Statkorn ASA."
Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre viser til at næringskomiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, i forbindelse med behandlingen av St.meld. nr. 40 (1997-1998) om Eierskap i næringslivet påpekte at det statlige eierskapet i norske bedrifter er betydelig, og har steget de senere år. Flertallet påpekte at dette økte omfang av statlig eierskap resulterer i at statlig kapital bindes i næringsvirksomhet og at muligheten for konflikt mellom statens rolle som eier og regulator forsterkes. Flertallet påpekte videre at mange av de statlige selskapene er tidligere monopolbedrifter for produksjon av bestemte tjenester, at disse monopolene i stor grad er avviklet og at de statlige selskapene nå opptrer i det vanlige konkurransemarkedet. Flertallet konkluderte derfor med at de forhold som tidligere begrunnet opprettelsen av mange av de statlige selskapene er svekket. Disse medlemmer mener disse vurderingene er svært relevante i denne saken, og mener at en omfattende statlig deltakelse i kapitalutvidelsen i Statkorn Holding ASA også på denne bakgrunnen er uheldig.
Disse medlemmer vil framheve at statens viktigste rolle i oppdrettsnæringen ikke er knyttet til eierskap, men til å bidra til økt satsing på forsking, utvikling og kommersialisering av forskingsresultater også på nye områder. Disse medlemmer viser til at marine næringer av et samlet politisk miljø er blinket ut som ett av fire hovedsatsingsområder i forskingspolitikken, og at verdiskapingspotensialet i næringene er svært høyt. Oppdrettsnæringen er allerede i dag en bærebjelke for verdiskaping og bosetting langs store deler av kysten, og denne trenden kan forsterkes ytterligere i framtiden med riktig og langsiktig satsing. Disse medlemmer mener det i denne sammenhengen vil være langt mer målrettet å skyte inn økt statlig kapital i forskingsfond, såkornfond og strategiske selskap for kommersialisering innen havbruk, enn å benytte 1,2 mrd. kroner til å gi én av markedsaktørene i oppdrettsnæringen statlig drahjelp til omfattende oppkjøp i inn- og utland.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil motsette seg Regjeringens forslag til gjennomføring av en rettet kapitalutvidelse og etterfølgende strategier for at Statkorn Holding ASA skal utvikles til et fullintegrert og internasjonalt konsern i havbrukssektoren. Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets holdning til at det ikke skal være en offentlig oppgave å delta i spekulativ forretningsvirksomhet. Derfor bør ikke staten bruke skattebetalernes penger til å satse i havbruksnæringen. Disse medlemmer viser til at det er mange små og mellomstore norske aktører som driver godt og ekspanderer. Kapitaltilgangen er god, og det er ingen grunn til at staten skal gå inn som aktør med mulig fortrengsel for private som er engasjert i næringen. Dette kan bidra til et prispress som kan påvirke konkurransedyktigheten for oppdrettsbedriftene.
Disse medlemmer vil peke på at Statkorn Holdning ASA har foretatt kjøp av oppdrettsselskap med forbehold om gjennomføringen av en rettet kapitalutvidelse. Disse medlemmer mener ovennevnte disposisjoner ikke forplikter Stortinget. Den valgte prosess kan ikke tjene som pressmiddel til støtte for forslaget om kapitalutvidelse.
Disse medlemmer viser til at Regjeringen mener statens eierposisjon i det fremtidige havbrukskonsernet vil fremstå som et redskap for å sikre nasjonalt eierskap innenfor havbruksnæringen. Disse medlemmer sier seg uenig i dette. Utenlandske eiere kan kjøpe opp majoriteten i Statkorn Holdning ASA over børs. 66 pst.av aksjene i et eventuelt fremtidig selskap er tilgjengelige slik at utenlandsk kapital kan sikre seg majoriteten av dem og bestemme annerledes enn staten vil. Disse medlemmer mener derfor at påstanden om nasjonalt eierskap ikke er et holdbart argument for å gi støtte til den foreslåtte bevilgning. Disse medlemmer vil understreke partiets primære standpunkt om at staten ikke skal engasjere seg direkte i forretningsvirksomhet og derfor burde selge seg ut av Statkorn Holding ASA. Dersom det ikke samles et flertall bak et standpunkt om å avvise forslaget til bevilgning, vil disse medlemmer sekundært gå inn for å få en vurdering av statens fremtidige rolle innen havbrukssektoren. Proposisjonen foretar ingen inngående drøfting av dette grunnleggende spørsmål.
Disse medlemmer vil på dette grunnlag fremme følgende forslag:
"St.prp. nr. 4 (2000-2001) Om kapitalutvidelse i Statkorn Holding ASA tilbakesendes Regjeringen og vurderes i sammenheng med en utredning om statens rolle i havbruksnæringen."
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil peke på at Norge nå står ved starten av det som kan bli en sterk vekstperiode for havbruksnæringen på kysten vår. Dette medlem vil understreke at det er bred enighet om at havbruk skal være et hovedområde for den offentlige satsing på næringsrettet forskning de kommende år, og at en samtidig har intensjoner om å tildele et betydelig antall nye konsesjoner i havbruksnæringen i årene som kommer. Dette medlem mener det er av grunnleggende betydning å sikre at resultatene av denne økte verdiskaping og kompetanseutvikling, blir tatt vare på som en nasjonal ressurs. Dette medlem vil videre understreke at verdiskapningen i havbruksnæringen må komme lokalsamfunnene til gode i størst mulig utstrekning. Ikke minst er dette viktig for å sikre at kystsamfunnene fortsatt viser vilje til å frigi arealressurser til havbruksaktiviteter. Disse hensyn kan best sikres gjennom lokalt eierskap. Dette medlem vil videre vise til at det lokale eierskapet best kan sikres gjennom å satse på en struktur i havbruksnæringen der små og mellomstore enheter utgjør hovedstammen.
Dette medlem er i utgangspunktet skeptisk til at staten skal gå inn i Statkorn Holding med 1,2 mrd. kroner i økt aksjekapital, men mener allikevel at dette kan være en god løsning såfremt det er vilje blant Stortingets flertall til å bestemme at Statkorn Holding skal opptre på en måte som ikke truer det lokale eierskapet i de små selskapene samtidig som selskapet i et eierfellesskap med andre kan sikre framtidig nasjonalt eierskap i de større selskapene. Dette medlem mener et slikt hensyn vil kunne ivaretas ved å vedtektsfeste at Statkorn Holding ikke skal være majoritetseier i norske oppdrettsselskap. Dette medlem frykter at selskapets planer om i løpet av kort tid å utvikle seg til å bli et av de største selskaper innenfor havbruksnæringen i Norge, kan føre til at Statkorn Holding med statens penger kjøper opp mindre selskaper langs kysten. Dette medlem ønsker ikke en slik utvikling også fordi et slikt statlig engasjement vil kunne oppfattes som et sterkt signal til dagens eiere i oppdrettsnæringen om at Staten ønsker økt eierkonsentrasjon i næringen. Dette medlem vil derfor fremme følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sikre at det vedtektsfestes at Statkorn Holding skal bidra til å sikre nasjonalt eierskap i norsk havbruksnæring ved å inngå i eierfellesskap sammen med andre norske selskap uten å være majoritetseier."
Dette medlem vil gå imot regjeringens forslag om å tilføre Statkorn Holding 1,2 milliarder i aksjekapital fra staten dersom dette forslag ikke får flertall.
Dette medlem mener det vil være aktuelt å vurdere statlig eiermedvirkning i havbrukssektoren for derved å sikre nasjonalt eierskap uavhengig av denne saken. Det vises i denne sammenheng til forslaget om å opprette et halvstatlig investeringsselskap i statsbudsjettet for 2001. Retningslinjene for et slikt investeringsselskap kan innrettes slik at de ivaretar de hensyn som er vektlagt av dette medlem, og som derved kan imøtekomme de sterke motforestillinger mot statlig kapitalinnsprøyting som ved denne anledning er kommet fra næringens talsmenn.
Komiteens medlem fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, motsetter seg at staten deltar i den planlagte kapitalutvidelsen i Statkorn Holding ut over det som er nødvendig for å sikre en langsiktig statlig eierposisjon på 34 pst.
Dette medlem understreker at statlig deltakelse ikke kan være en forutsetning for å gjennomføre selskapets strategi om å bli et fullintegrert selskap i oppdrettsnæringen. Oppdrettsnæringen kan vise til solide resultater og regnes for å ha et betydelig vekstpotensial. Statkorn Holding ASA burde følgelig ikke ha problemer med å tiltrekke seg privat investeringskapital. Det er derfor heller ikke behov for at staten deltar i kapitalutvidelsen. Dersom det mot formodning ikke lykkes å realisere selskapets planer uten statlig deltakelse, innebærer det at private investorer og finansieringskilder anser andre prosjekter for å ha et større lønnsomhetspotensial.
Dette medlem mener dagens mangfold av små, mellomstore og store bedrifter i norsk oppdrettsnæring er positivt, og har medvirket til næringens gode lønnsomhet og sterke vekst i hele kystnorge. Dette medlem ser statlig eierskap som ett av flere virkemiddel for å bygge opp under det nasjonale eierskapet i næringslivet, men vilunderstreke at dette først og fremst må oppnås ved å stimulere til et aktivt, privat eierskap. Derfor må det sikres rammebetingelser som er internasjonalt konkurransedyktige, styrker bedriftenes kapitaltilførsel og egenkapital og sikrer at viktige norske bedrifter også kan ha en norsk eierforankring. Dette medlem mener dette i stor grad er avhengig av de rammebetingelser Stortinget vedtar, og har merket seg at Regjeringen vil gjøre disse rammebetingelsene dårligere gjennom sitt forslag til statsbudsjett for 2001.
Dette medlem viser til at det er viktig også for de små og mellomstore bedriftene i marine næringer at vi har større internasjonalt orienterte bedrifter som har funksjoner knyttet til ledelse, forsking og utvikling i Norge, og at et visst statlig eierskap ivaretar stabilitet og langsiktighet på eiersiden. Dette medlem deler derfor vurderingen av at det er et viktig poeng å opprettholde et statlig eierskap på over 33 1/3 pst., og forutsetter at staten sitter igjen med en eierandel på om lag 34 pst. etter at en emisjon i tråd med selskapets strategi har skjedd ved hjelp av private investorer. Dersom en slik emisjon ikke skulle vise seg mulig å få til, forutsetter dette medlem at statens eierandel raskest mulig reduseres ned mot 33 1/3 pst. gjennom direkte nedsalg.
Dette medlem har for øvrig ingen merknader til den strategien Statkorn Holdings styre har vedtatt. Dette medlem ser positivt på at forvaltningsansvaret for statens aksjer i Statkorn-gruppen overføres til Nærings- og handelsdepartementet så snart det er praktisk mulig, fordi dette er et nødvendig bidrag til klarere skille mellom eier- og regulatorrollen.