Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om mellombels tilsetjing)

Innhold

Til Stortinget

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000, gjeld endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala ved innlemming av rådsdirektiv 99/70/EF om mellombels tilsetjing. For Noreg sin del vart avgjerda i EØS-komiteen teke med atterhald om Stortinget sitt samtykke då gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil krevje ei lovendring. Direktivet vart vedteke i EU 28. juni 1999, og det tek til å gjelde 10. juli 2001.

Kommunal- og regionaldepartementet rår til at Noreg godkjenner EU-direktivet. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Direktivet er basert på ei rammeavtale om mellombels tilsetjing av 18. mars 1999 mellom European Trade Union Confederation (ETUC) (arbeidstakarorganisasjon) på den eine sida, og Union of Industrial and Employers Confederations of Europe (UNICE) og European Centre of Enterprises with Public Participation (CEEP) (arbeidsgjevarorganisasjon for høvesvis private og offentlege verksemder) på den andre sida.

Føremålet med direktivet er for det første å setje rammer for bruken av gjentekne, mellombels tilsetjingar. Vidare er målsetjinga å betre vilkåra for mellombels tilsette ved m.a. å innføre eit prinsipp om ikkje-diskriminering i høve til fast tilsette. Samstundes skal det takast omsyn til at det trengst fleksibilitet i arbeidslivet.

Direktivet er eit minimumsdirektiv, dvs. at det ikkje kan nyttast som grunnlag for å gje mellombels tilsette mindre gunstige ordningar enn dei allereie har etter nasjonal lovgjeving. Derimot er det høve til å gje mellombels tilsette betre vilkår enn det som følgjer av direktivteksta.

Alle mellombels tilsette er omfatta av direktivet, med unntak av personar som er leigde ut frå vikarbyrå. Dette tyder at direktivet også gjeld på sjøfartsområdet og området til tenestemannslova.

Direktivet gjev tilgang til å velje mellom gjennomføring av føresegnene i direktivet ved avtaler mellom partane i arbeidslivet eller ved lover/forskrifter.

Hovudpunkta i direktivet er ei generell ikkje-diskrimineringsføresegn som legg ned forbod mot diskriminering av mellombels tilsette (§ 4 i rammeavtala), i tillegg til eit krav om at det skal setjast rammer for bruk av suksessiv, mellombels tilsetjing (§ 5 i rammeavtala).

På området til arbeidsmiljølova stettar Noreg kjernedelen av direktivet gjennom føresegna om mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova av 4. februar 1977 nr. 4 § 58 A. Hovudregelen i norsk rett er at mellombels tilsetjing berre kan avtalast dersom typen arbeid tilseier det og arbeidet skil seg frå det som vanlegvis vert utført i verksemda. Føresegna svarar til § 5 bokstav a i rammeavtala, som krev at det ligg føre "objektive grunnar" som forsvarar bruk av mellombels tilsetjing. Etter Kommunal- og regionaldepartementet sitt skjønn er føresegna i § 58 A i arbeidsmiljølova strengare og gjev et betre vern for arbeidstakaren enn § 5 i rammeavtala då føresegna i arbeidsmiljølova gjeld allereie fra inngåinga av den første tilsetjingskontrakten. Føresegna i direktivet rettar seg som nemnt tidligare, kun mot gjenteken inngåing av kontrakt.

Når det gjeld føresegna om at mellombels tilsette skal verte informerte om kva ledige stillingar som finst i verksemda, jf. § 6 nr. 1 i rammeavtala, har arbeidsmiljølova pr. i dag inga tilsvarande føresegn. Ei gjennomføring av direktivet krev at arbeidsmiljølova vert endra ved at det vert teke inn ei føresegn i lova som er i tråd med føresegna i direktivet. Kommunal- og regionaldepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med lovendringar på dette punktet.

Den generelle ikkje-diskrimineringsklausulen har heller ikkje nokon direkte parallell i arbeidsmiljølova. Det norske lovverket inneheld likevel ingen føresegner som verkar diskriminerande med omsyn til mellombels tilsette. Kommunal- og regionalministeren har bede partane i arbeidslivet om å sjå til at også tariffavtalene stettar krava i direktivet på dette punktet. Ettersom det i artikkel 2 i direktivet vert lagt opp til at medlemsstatane kan velje om føresegnene i direktivet skal gjennomførast ved lover/forskrifter eller ved at partane i arbeidslivet ved avtale innarbeider dei føresegnene som er naudsynte, skulle det ikkje vere naudsynt med ein eigen generell ikkje-diskrimineringsklausul i norsk rett på det noverande tidspunktet. Det er likevel ein føresetnad at partane i arbeidslivet kjem fram til tilfredsstillande avtaler i medhald av direktivet. Departementet vil følgje gjennomføringa til partane og kontinuerleg vurdere om det er naudsynt å lovfeste ein slik ikkje-diskrimineringsklausul.

Gjennomføringsfristen i EU for direktivet er 19. juli 2000, men det vert opna for utsetjing i eitt år dersom det ligg føre særlege vanskar eller dersom iverksetjinga skal skje i form av ei tariffavtale.

Etter Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt skjønn stettar tenestemannslova av 4. mars 1983 nr. 3 krava i direktivet slik at det ikkje er naudsynt med ei lovendring på dette området.

På skipsfartsområdet trengst det i utgangspunktet ikkje endringar i lover og forskrifter. Nærings- og handelsministeren vil be partane i arbeidslivet innan skipsfartsnæringa inngå avtaler som gjennomfører føresegnene i direktivet på grunnlag av gjeldande lovgjeving. Det vil også verte opplyst at dersom partane ikkje kjem fram til slike avtaler, må det vurderast om det er naudsynt å endre lover eller forskrifter for å sikre at krava i direktivet vert stetta.

Den informasjonsføresegna som er nemnd ovanfor krev ei endring av arbeidsmiljølova. Ut over dette vil gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen ikkje få nemnande administrative og økonomiske følgjer.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Berit Brørby, Aud Gaundal, Einar Johansen, Leif Lund og Bjørnar Olsen, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ruth Stenersen, fra Høyre, Sverre J. Hoddevik og Erna Solberg, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og fra Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen, viser til at formålet med direktivet er å begrense bruken av gjentatte, midlertidige tilsettinger, og å bedre vilkårene for midlertidig ansatte ved bl.a. å innføre et prinsipp om ikke-diskriminering i forhold til fast ansatte. Samtidig skal det tas hensyn til fleksibilitet i arbeidslivet.

Komiteenviser videre til at direktivet er et minimumsdirektiv.

Komiteen har merket seg at det er nødvendig med lovendring for å gi midlertidig ansatte krav på informasjon om hvilke ledige stillinger som finnes i bedriften, og at Kommunal- og regionaldepartementet vil fremme en egen proposisjon om dette.

Komiteen understreker at partene i arbeidslivet må se til at tariffavtalene oppfyller direktivets krav om ikke-diskriminering av midlertidig ansatte, selv om direktivets ikke-diskrimineringsklausul ikke har noen direkte parallell i arbeidsmiljøloven. Dersom dette ikke gjennomføres tilfredsstillende, mener komiteen det vil være naturlig å komme tilbake med forslag om eventuelle lovendringer. Det samme gjelder for skipsfartsområdet.

Komiteens utkast til innstilling ble 26. oktober 2000 oversendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av 1. november 2000:

"Under henvisning til kommunalkomiteens brev av 26. oktober 2000 meddeles at utenrikskomiteen ikke har merknader til ovennevnte utkast til innstilling."

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (Direktiv om mellombels tilsetjing).

Oslo, i kommunalkomiteen, den 2. november 2000

Berit Brørby

leder

Aud Gaundal

ordfører

Erna Solberg

sekretær