Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Instilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Innhold

Til Stortinget

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 av 11. april 2000 gjeld innlemming i protokoll 31 (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane) til EØS-avtala av fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet). Programmet vart skipa ved eit vedtak i Rådet 24. januar 2000 og gjeld for perioden 1. januar 2000 til 31. desember 2003.

EU har tidlegare gjennomført Daphne-initiativet som starta tidleg i 1997 og vart avslutta i desember 1999. Noreg har ikkje teke del i dette initiativet. Initiativet var eit svar på Kommisjonen si aukande uro over vald mot barn, ungdom og kvinner i Europa.

Med det nye programmet har EU ønskt å utvide programmet på tre område. Under initiativet kunne berre frivillige organisasjonar søkje stønad. Under Daphne-programmet vil for det første styresmakter òg verte oppmoda til å sende inn søknader. Det vert særleg oppmoda til tverrnasjonalt samarbeid mellom NGO-ar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter. For det andre vil den geografiske spreiinga aukast då EFTA/EØS-landa no er inviterte til å ta del i programmet, saman med sentral- og aust-europeiske land, Kypros, Malta og Tyrkia. For det tredje vert det opna for fleirårige prosjekt som vil evaluerast kvart år. Daphne-initiativet støtta berre eittårige prosjekt.

Då Noregs deltaking i handlingsprogrammet vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i fleire år framover, er Stortinget sitt samtykke til deltaking naudsynt i medhald av Grunnlova § 26, andre leddet.

Daphne-programmet tek mål av seg til

  • – å medverke til å auke trygginga av fysisk og psykisk helse, for det første ved at barn, ungdom og kvinner vert verna mot vald (medrekna seksuell vald og mishandling), for det andre ved å hindre vald og for det tredje ved å gje støtte til valdsofra slik at dei ikkje vert utsette for vald att i framtida,

  • – å støtte og oppmuntre NGO-ar og andre organisasjonar, medrekna offentlege styresmakter, som arbeider mot vald.

Tiltaka skal medverke til at det vert etablert samarbeid over landegrensene (tverrnasjonale tiltak) og tverrfaglege nett, og at det vert utvikla god praksis og samarbeid på lokalt nivå for å sikre utveksling av informasjon. Vidare skal det gjennomførast tverrnasjonale tiltak for å auke den allmenne kjennskapen og tilgangen til tilleggstiltaka, som gjer det mogleg for Kommisjonen m.a. å nytte seg av sakkunnige og arrangere møte og seminar for dei.

Det totale budsjettet for dette fireårige programmet (2000-2003) er 20 millionar euro, og budsjettet for 2000 er 5 millionar euro.

Av den finansielle ramma på 20 millionar euro vil Noreg sin del utgjere om lag 1,7 pst. Etter gjeldande kurs vil dette utgjere om lag 2,8 mill. kroner for heile programperioden. Det er sett av midlar til deltaking i programmet for 2000 over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, kap. 857, post 79.

Deltakinga i handlingsprogrammet krev ikkje endringar i lover eller forskrifter.

Utkast til innstilling vart sendt til Utanrikskomiteen 6. juni 2000. Utanrikskomiteen opplyser i brev 7. juni 2000 at komiteen ikkje har merknader til utkastet.

Komiteen viser til merknader frå partia i komiteen si budsjettinnstilling for år 2000, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1999-2000).

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000 - 2003), i samsvar med St.prp. nr. 71 (1999-2000).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 8. juni 2000

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

fung. leiar og sekretær

Frank Willy Larsen

ordførar