Komiteen sine merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet, Jan Simonsen og Jørn L. Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Unni Hennum Lie og Åse Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs og frå Senterpartiet, Tor Nymo, viser til at Dokument nr. 8:46 (1999-2000) har vore lagt fram for Justisdepartementet som har gjeve uttale i brev til komiteen dagsett 14. april 2000, jf. vedlegg 1.
Komiteen ser, som forslagsstillarane i Dokument nr. 8:46 (1999-2000), at det er grunn til å reagere på den utviklinga vi har sett i den seinare tida med veksande grad av kriminalitet mellom asylsøkjarar, særleg innan valds- og vinningskriminalitet. Dette gjev bidrag til å undergrave asylinstituttet, det går ut over lovlege asylsøkjarar, og gjev bidrag til å auke frykta for framande folkeslag.
Komiteen ser av den grunn at det kan vere trong for ulike verkemiddel for å bøte på dette, også raskare sakshandsaming. Til i dag er det eit gjennomgåande problem at sakshandsaminga er for lang i asylsaker. Ikkje minst bør grunnlause asylsøknader handsamast raskt. Dette er saker der det er opplagt at søkjaren ikkje fyller vilkåra for vern, jf. utlendingslova § 15 første ledd.
Komiteen syner til at Justisdepartementet i november i fjor sette i gong eit prosjekt på landsbasis for å nedarbeide avhøyrsrestansane. Føremålet med prosjektet var å nedarbeide asylrestansen før 1. juli 2000. Prosjektet er organisert med kvalifiserte polititenestemenn, men med sakshandsamarar frå Utlendingsdirektoratet. Det har synt seg at god koordinering og godt dataverktøy i tillegg til godt samarbeid mellom etatane, har gitt eit godt resultat. Restansane er så godt som nedarbeidd, og prosjektet kan avsluttast i god tid før 1. juni 2000. Desse erfaringane vil Utlendingsdirektoratet kunne dra nytte av når dei overtek ansvaret frå 1. juni 2000.
Komiteen vil understreke at det er viktig at asylmottaka har retningsliner for kva som er venta av den einskilde asylsøkjar, så lenge han/ho er ved mottaket. Utlendingsdirektoratet har i dag retningsliner for kva krav som vert stilt til kvar einskilt asylsøkjar som er ved våre mottak, jf. brev til komiteen frå justisminister Hanne Harlem dagsett 6. juni 2000 som følgjer som vedlegg 2 til innstillinga. Komiteen vil understreke at det er viktig at desse retningslinene jamnleg vert gjennomgått for å kunne føre kontroll med ei eventuell kriminalitetsutvikling i feil retning. Komiteen har som føresetnad at desse retningslinene er å finne ved det einskilde asylmottak, og at det vert ført ein dialog mellom UDI og mottaka om naudsynte betringar og justeringar av reglane.
Komiteen vil peike på at dei fleste asylsøkjarar skikkar seg vel medan dei ventar på å få søknaden sin handsama. Komiteen er likevel gjennom høyringane under handsaminga av denne saka blitt kjent med konkrete eksempel på at tilsette i asylmottaka er blir utsette for alvorlege truslar og vald. Det må reagerast raskt på slik valdsbruk og overgrepa må på vanleg måte meldast til politiet. Dette gjeld ikkje mindre av omsyn til dei andre lovlydige asylsøkjarane. Den valdelege kriminelle må derfor, når det er rettsleg grunnlag for det, omgåande takast ut av asylmottaket og overførast til relevant instans i helse- eller justissektoren.
Komiteen vil vise til det spesielle problemet vi står overfor dersom den kriminelle ikkje har noko land han kan sendast attende til, og ber departementet vurdere denne problemstillinga i ei eiga sak til Stortinget.
Utlendingsdirektoratet bør halde fram med å prioritere asylsøknader frå søkjarar som har begått kriminalitet. Komiteen syner også til at politiet i fleire år har hatt meldeplikt til utlendingsstyresmaktene etter påtaleinstruksen § 5-13 når utlendingar vert sikta for lovbrot. Komiteen syner også til svarbrevet frå justisminister Hanne Harlem, jf. vedlegg 1, som vil vurdere nærare heimelsgrunnlaget for varsling om kriminelle asylsøkjarar frå politiet til UDI, for at slike saker skal kunne handsamast så raskt som mogeleg. Komiteen vil understreke at det også er grunn til å tru at ei rask sakshandsaming av desse sakstypene vil få ein preventiv effekt.
Komiteen vil vidare peike på at Schengen-samarbeidet vil føre med seg mellom anna at Schengen-landa i fellesskap vil kjempe mot illegal innvandring. Plikta til å føre kontroll ved inn- og utreise ved ytre Schengen-grenser vil mellom anna vere eit effektivt verkemiddel i denne kampen.
Komiteen vil understreke at utlendingar som er i riket eller på norsk grense har rett til å søkje asyl i Noreg, og asylsøkjarar skal ha det same vernet etter menneskerettane som andre individ.
Komiteen syner til at utlendingslova § 40 regulerer kva tid vedtak i asylsaker kan setjast i verk. Som hovudregel kan eit avslag ikkje setjast i verk før det er endeleg, og som regel er ikkje eit vedtak endeleg før også klagen er vurdert av klageinstansen. Unntaket frå denne hovudregelen er vedtak i såkalla "klårt grunnlause" asylsaker, der søkjaren normalt må reise frå Noreg før ei klage er vurdert av klageinstansen. Det same gjeld der søkjaren har søknad om asyl til handsaming i eit anna land, eller har fått avslag på slik søknad der. Utlendingsdirektoratet er i dag delegert rett til å iverksetje slik utvising omgåande.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at på dette området tek dagens utlendingslov i tilstrekkeleg grad vare for den trongen det er for raskt å kunne iverksetje avslag på klårt grunnlause asylsøknader.
Fleirtalet syner også til at regelen i utlendingslova § 40 om "klårt grunnlause" asylsaker, der søkjaren må reise frå Noreg før klage er vurdert av klageinstansen, i dag vert brukt enten søkjaren har gjort noko kriminelt eller ikkje.
Fleirtalet vil peike på at her er eit vesentleg skille mellom norsk og dansk asyllovgjeving. I Danmark kan Dansk Flyktningehjelp leggje ned veto og overføre søknaden til vanleg sakshandsaming.
Fleirtalet meiner at m.a. utlendingslova § 40, saman med dei tiltaka som snart skal iverksetjast, gjev heimel for rask handsaming og effektuering av "klårt grunnlause" asylsøknader.
Fleirtalet syner til at frå 1. juli 2000 skal Utlendingsdirektoratet overta ansvaret for asylintervju, og det vil føre til nedkorta sakshandsamingstid i asylsaker som fell inn under desse bestemte kriteria. Raskare sakshandsamingstid er meir eit spørsmål om ressursar og organisering enn ny lovheimel. Også med ein hurtigparagraf vil det vere trong for å intervjue søkjarane. Fleirtalet syner til svarbrev frå justisminister Hanne Harlem, jf. vedlegg 1, der det går fram at når Utlendingsdirektoratet overtek ansvaret for asylintervjua, vil ho be om at det vert sett i verk tiltak som kan følgje opp målsettinga om raskast mogeleg handsaming av klårt grunnlause asylsøknader.
Fleirtalet vil også syne til at under høyring i komiteen uttala Utlendingsdirektoratet at dei venta at frå 1. juli 2000 vil sakshandsaminga ta frå 1 til 3 veker for desse søknadene.
Fleirtalet har merka seg at forslagsstillarane ser for seg at det er naudsynt å halde nokre asylsøkjarar i asylmottak med sterke avgrensingar i retten til å ferdast fritt, og ser for seg full forvaring på asylmottaket inntil søknaden er ferdig handsama.
Fleirtalet syner til at etter utlendingsføresegnene § 59 første ledd har asylsøkjarar som vert utplasserte på ein mottaksstad i ein kommune, rett til å opphalde seg der til søknadene er endeleg avgjorde.
Fleirtalet vil peike på at det vil gje tilfeldige utslag i utplukkinga av kven som skal få redusert retten til å ferdast fritt under opphaldet i asylmottaket, då det er vanskeleg å slå fast kven som har gjort seg skuldig i konkrete kriminelle handlingar. Dette vil kunne fungere tilnærma som eit fengsel. Det vil vanskeleggjere internmiljøet i desse mottaka, og det vil gje eit dårleg utgangspunkt for dei som får opphald i den vidare integreringsprosessen.
Fleirtalet vil elles peike på at ei slik løysing vil vere svært kostbar, krevje relativt store ressursar frå helsepersonell, miljøarbeidarar og tryggjingspersonell til dømes. Med andre ord ei ordning som vert vanskeleg å handtere, og som er sterkt uheldig sett frå eit humant synspunkt.
Fleirtalet ser det som uakseptabelt å ta i bruk verkemiddel som rammer asylsøkjarane som gruppe. Det er ikkje grunn til å innføre verkemiddel i kampen mot kriminalitet som særskilt skal rette seg mot asylsøkjarar, og som ikkje skal gjelde for norske borgarar. Fleirtalet vil understreke at dei same krava til straffeforfølging må gjelde for asylsøkjarar som for andre som bur og held til i Noreg. Fleirtalet ser ikkje forslaget som egna til å løyse problema vi står overfor når det gjeld misbruk av asylordninga.
Fleirtalet rår difor ikkje til at det vert gjort endringar i utlendingsføresegnene § 59 for å gje ein ny heimel for styresmaktene til å setje i verk sterke avgrensingar for asylsøkjarar og særskilde asylmottak som vil krenkje den einskilde asylsøkjaren sine menneskerettar.
Fleirtalet rår til at Dokument nr. 8:46 (1999-2000) frå representantane Carl I. Hagen og Jan Simonsen om sterkare kamp mot og hindring av kriminalitet utført av asylsøkjarar, ikkje vert vedteke.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er glad for at departementet har satt i gang en del tiltak med sikte på å redusere saksbehandlingstiden for åpenbart grunnløse asylsøknader, men vil hevde at saksbehandlingstiden ytterligere kan reduseres dersom det innføres en regel som sier at slike søknader avslås uten ankerett. Disse medlemmer er ikke enig i at overføring av asylintervjuer til Utlendingsdirektoratet nødvendigvis vil medføre kortere behandlingstid. Derimot vil den nye ordningen sannsynligvis medføre risiko for at falske asylsøknader ikke blir oppdaget, ettersom politiet har en spesiell kompetanse i avhørsteknikk og etterforskningsmetodikk som vanskelig kan overføres til Utlendingsdirektoratet. Disse medlemmer vil understreke at det ikke er tilfredsstillende at bare de åpenbart grunnløse søknadene blir behandlet vesentlig raskere enn i dag. De fleste asylsøknader er grunnløse, og det vil være en fordel både for norske skattebetalere, for kriminalitetsbekjempelsen, og for asylsøkerne selv, dersom samtlige søknader blir behandlet vesentlig raskere enn i dag.
Disse medlemmer viser til at det er klart dokumentert at det blir begått en god del kriminalitet, spesielt i form av grove tyverier, av personer som bor i norske asylmottak. Årsaken er ikke at utlendinger generelt er mer kriminelle enn nordmenn, men at asylordningen i seg selv er organisert på en slik måte at det stimulerer til misbruk. Mens personer som søker visum til Norge må vente i sine hjemland inntil deres bakgrunn er kartlagt, og selvsagt ikke kan bevege seg fritt i Norge mens de venter på endelig avgjørelse på visumsøknaden, kan en asylsøker bevege seg fritt mens søknaden behandles. Disse medlemmer vil peke på at denne liberale bevegelsesfriheten gitt til samtlige asylsøkere uavhengig av hvilket land de kommer fra, medfører følgende risiko: Kriminelle utlendinger kan se store fordeler i å begå kriminalitet i Norge fremfor i sitt eget hjemland. Medlemmer av internasjonale terroristorganisasjoner vil kunne bevege seg fritt, og utlendinger kan komme seg inn i Norge for deretter å forsvinne og oppholde seg i Europa som illegale innvandrere.
Disse medlemmer kan ikke se noen betenkeligheter i å behandle asylsøkere på samme måten som personer som søker om visum til Norge. Når en utlendinger søker om visum til Norge som turist, blir det blant annet lagt vekt på hvilket land vedkommende kommer fra, hvorvidt han er gift, om han har fast arbeid i hjemlandet, om han har en kriminell fortid, samt vedkommendes kjønn og alder. Slike momenter må det også kunne legges vekt på ved en vurdering av om det er forsvarlig å la en asylsøker bevege seg fritt i Norge i den perioden det tar å behandle søknaden ferdig.
Disse medlemmer kan ikke se at det skulle være i strid med menneskerettigheter eller på noen måte lite humant å innføre et regelverk som lar enkelte asylsøkere vente innenfor et begrenset leirområde inntil vedkommendes bakgrunn er sjekket. Det dreier seg kun om en kortere "karantenetid", mens norske myndigheter vurderer asylsøkerens bakgrunn. En slik ordning forutsetter selvsagt at forholdene legges til rette i mottakingsleirene slik at asylsøkerne kan trives. Disse medlemmer er enig i at den oppjusteringen av kvaliteten i mottakingsleirene som dette krever vil koste penger, men mener at gode forhold i venteleirene burde gjennomføres uansett om asylsøkere får begrenset bevegelsesfrihet eller ikke. Driften av mottakingsleirene kan dessuten gjøres billigere enn i dag ved å trekke asylsøkerne mer aktivt med i det daglige arbeidet. Disse medlemmer viser til at departementet mener at det innen kort tid vil være mulig å begrense ventetiden til de søkerne som har "åpenbart grunnløse" søknader til fra 1 til 3 uker. Det kan neppe betraktes som noen betydelig ulempe å få sin bevegelsesfrihet begrenset i en så kort periode. Disse medlemmer mener likevel at det går en grense for hvor lenge en asylsøker kan trives uten full bevegelsesfrihet, og mener at det må lempes på regelverket dersom det tar mer enn 3 måneder å behandle søknaden.
Disse medlemmer viser for øvrig til begrunnelsen i Dokument 8:46 (1999-2000), og legger frem følgende forslag:
«Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige forslag og fatte de nødvendige vedtak slik at:
1. Det innføres en "hurtig-paragraf" i utlendingsloven slik at asylsøknader som er "åpenbart grunnløse" avslås uten ankerett, men med en særskilt kvalitetssikringsprosedyre.
2. Det innføres en nødvendig adgang eller hjemmel for utlendingsmyndighetene til å holde særskilte asylsøkere i asylmottak med sterke begrensninger i bevegelsesfriheten eller full forvaring på asylmottaket inntil søknaden er ferdig behandlet.
3. Det opprettes særskilte asylmottak organisert slik at det kan innføres en sterk begrensning eller full forvaring av de asylsøkere som myndighetene innfører slike begrensninger for.»