2. Komiteens merknader
Komiteen viser til at eit av måla med Stortinget sin budsjettreform i 1997 var å styrke omsynet til heilskap og langsiktighet ved budsjetthandsaminga, og samstundes avgrense fleire fulle budsjetthandsamingar av same budsjettet. Enkelte endringar i løyvingar for 1999, som det er gjort framlegg om, burde òg ha vore kjende for departementet i samband med arbeidet med 2000-budsjettet og slik sett blitt vurderte i den samanheng. Komiteen har merknader til enkelte poster:
Kap. 221 post 65 Tilskott til undervisning for framandspråklege elevar
Komiteen viser til at departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på denne posten med 31,7 mill. kroner. Komiteen har forståing for at det kan vere vanskeleg å budsjettere denne posten då utgiftene heng saman med kor mange born det er i asylmottak. Komiteen viser til at det i 1998 var eit mindreforbruk på om lag 38 mill. kroner og i 1997 eit mindreforbruk på 42 mill. kroner i høve til det som var vedteke budsjett.
Komiteen vil vidare peike på at det kan sjå ut som at det er ein stor differanse på kva staten overfører av midlar og det som er den reelle utgifta for kommunane og ber Regjeringa nedsette eit partsamansett utval for å vurdere dette nærare og gjer framlegg i tråd med dette:
«Stortinget ber Regjeringa om å sette ned eit partsamansett utval som skal gjennomgå tilskotsordninga til undervisning for framandspråklege elevar, og ber Regjeringa leggje fram ein sak for Stortinget våren 2000.»
Kap. 232 post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, registrerer at M/S Sjøvegen no er seld og at netto salsmidlar utgjer 3,4 mill. kroner. Flertallet stør ikkje departementet sitt framlegg om å nytte desse midlane til investeringar i samband med etablering av utdanningstilbod for deltidsbrannmenn og investeringar ved Staten dykkerskole. Flertallet viser til framlegg nedanfor om bruk av desse midlane.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre fremmer Regjeringens forslag til bruk av salgsmidlene:
«Kap. 232 post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehold, | ||||
kan overførast, blir auka med kr 3 400 000 | ||||
frå kr 4 626 000 000 til kr 8 026 000» |
Kap. 240 post 70 Tilskot til private skolar, omlagløyving
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til partienes merknader i Innst. S. nr. 3 (1998-1999). Disse medlemmer foreslo et nytt tilskuddssystem med en todeling av tilskuddssatsene. Denne modellen ville gitt et lavere samlet tilskudd til private skoler for 1999.
Disse medlemmer mener at en ved godkjenning av nye skoler og utvidelse av elevtallet ved eksisterende, må legge til grunn Stortingets årlige bevilgninger. Dette innebærer at skoler som søker om godkjenning først kan godkjennes etter at det er budsjettmessig dekning til etablering av nye skoler. Disse medlemmer vil presisere at en ikke kan godkjenne skoler og så forvente at Stortinget årlig gjennom etterbevilgning vil skaffe nødvendig budsjettdekning.
Kap. 281 post 30 Bygg, kan overførast
Komiteen vil peike på at det over lang tid er skapa forventningar til tidlegare signal om bygg og samlokaliseringar.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, gjer framlegg om å løyve midlar til prosjektering på inneverande års budsjett med i alt 3,4 mill. kroner.
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner dette skal gjelde høgskolane i Akershus, Bergen og Bodø og bli fordelt slik:
Høgskolen i Akershus |
1,4 mill. kroner |
Høgskolen i Bodø |
1,0 mill. kroner |
Høgskolen i Bergen |
1,0 mill. kroner |
Dette fleirtalet viser elles til handsaminga av statsbudsjettet for 2000, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (1999-2000), kap. 281.
Komiteen sine medlemer frå Høgre meiner løyvinga på 3,4 mill. kroner skal gjelde høgskulane i Akershus, Bergen, Bodø, Østfold, Stavanger og Nesna. Dersom løyvingane til prosjektering ikkje strekk til, bed ein Regjeringa kome med forslag til fullfinansiering av prosjekteringa innanfor ramma i Revidert nasjonalbudsjett våren 2000.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre støtter Regjeringens forslag i St.prp. nr. 14 (1999-2000). Disse medlemmer mener i denne sammenheng at bevilgninger til prosjektering av nye bygg hører hjemme i behandling av ordinære budsjett. Disse medlemmer vil vise til bevilgningsreglementet og at den forestående nysaldering skal justere for mer- eller mindreforbruk på vedtatt budsjett for inneværende år.
Disse medlemmer vil under behandlingen av St.prp. nr. 1 (1999-2000) komme tilbake til en vurdering av byggeprosjektene. Disse medlemmer støtter for øvrig proposisjonen, jf. kap. 232 ovenfor.