Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn)

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen blir Stortinget bedt om å samtykkje til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn).

EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 gjeld innlemming av rådsdirektiv 97/80/EF av 15. desember 1997 om provtyngsla i samband med ulik handsaming av kvinner og menn på grunnlag av kjønn, og rådsdirektiv 98/52/EF av 13. juli 1998 om utviding av direktiv 97/80/EF til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Direktivet om provtyngsla i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn har til føremål å sikre ei effektiv gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av kvinner og menn.

Direktivet vart vedteke av EU 15. desember 1997. Fristen for gjennomføring i nasjonal lovgjeving er 1. januar 2001.

For Noregs vedkommande medfører innlemminga av rådsdirektiv 97/80/EF og 98/52/EF visse endringar i likestillingslova. Vedtaket i EØS-komiteen av 26. mars 1999 om å innlemme direktiva i EØS-avtala, blei for Noregs vedkommande difor gjort med atterhald om Stortingets samtykke.

Rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle krev at medlemsstatane innfører rettsreglar om delt provtyngsle. Desse reglane skal nyttast i saker der personar meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje har blitt handheva i deira tilfelle. Delt provtyngsle inneber at om ein person (klagaren) meiner at han/ho er blitt utsett for skilnadshandsaming, må vedkommande som skal ha handsama ulikt (den innklaga), prove at skilnadshandsaminga ikkje har si årsak i kjønn. Om den innklaga ikkje maktar dette, skal domstolen leggje til grunn at ei eventuell påvist skilnadshandsaming har si årsak i kjønn.

Direktivet om provtyngsle uttrykkjer visse minimumskrav. Det hindrar ikkje medlemsstatane i å innføre reglar om provtyngsle som er gunstigare for klagaren enn reglane i direktivet.

Direktivet krev at reglane om delt provtyngsle gjeld i alle sivile saker eller forvaltingssaker som følgje av klage over tilhøve som er omfatta av direktivet.

Rådsdirektiv 98/52/EF gjeld utviding av førnemnde rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Kravet om delt provtyngsle gjeld tilhøve som fell inn under saksområdet i artikkel 119 i traktaten og følgjande rådsdirektiv:

  • – rådsdirektiv 75/117/EØF av 10. februar 1975 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om gjennomføring av prinsippet om lik lønn til mannlige og kvinnelige arbeidstakere

  • – rådsdirektiv 76/207/EØF av 9. februar 1976 om gjennomføring av prinsippet om lik behandling av menn og kvinner når det gjelder adgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremmelse samt arbeidsvilkår

og dessutan følgjande direktiv så langt dei gjeld skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn:

  • – rådsdirektiv 92/85/EØF av 19. oktober 1992 om iverksetting av tiltak som forbedrer helse og sikkerhet på arbeidsplassen for gravide arbeidstakere og arbeidstakere som nylig har født eller ammer

  • – rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 om rammeavtalen om foreldrepermisjon inngått mellom UNICE, CEEP og EFF

Rådsdirektiv 75/117/EØF, 76/207/EØF og 92/85/EØF er omfatta av EØS-avtala. Vidare vedtok EØS-komiteen den 26. mars 1999 at rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 skal innlemmast i EØS-avtala.

Direktivet er langt på veg dekt av reglane om delt provtyngsle i likestillingslova §§ 4, 5 og 6. Desse reglane gjeld lik handsaming av kvinner og menn ved tilsetjing/oppseiing m.v., fastsetjing av løn og i visse høve utdanning. Dessutan inneheld arbeidsmiljølova reglar om omvendt provtyngsle for saker om oppseiing av arbeidstakarar som er gravide eller i fødselspermisjon.

Men direktivet krev òg nasjonale reglar om provtyngsle for saker om skilnadshandsaming i høve til andre arbeidsvilkår enn dei som er dekte av dei førnemnde paragrafane. Dette gjeld til dømes tilhøve som fordeling av arbeidsoppgåver, arbeidstid, omplassering m.v.

Forbod mot skilnadshandsaming i slike saker kan utgreiast av likestillingslova § 3, den såkalla generalklausulen. Men lova inneheld ikkje reglar om delt provtyngsle i saker som skal handsamast etter § 3, sjølv om eit slik krav kan utgreiast av forvaltingspraksis (praksis hos Likestillingsombodet og Klagenemnda for likestilling). Av omsyn til ei effektiv gjennomføring av EØS-regelverket i norsk rett, bør likevel rekkjevidda av reglane om provtyngsle gå klart fram av skriven lov. På bakgrunn av dette bør likestillingslova endrast når rådsdirektiv 97/80/EF og 98/52/EF vert innlemma i EØS-avtala.

Barne- og familiedepartementet vil fremje ein odelstingsproposisjon om dei endringane i likestillingslova som er naudsynte som følgje av vedtaket i EØS-komiteen. Proposisjonen vil òg ta føre seg en rekkje andre framlegg til endringar i likestillingslova, og skal etter planen fremjast for Stortinget i sesjonen 1999-2000.

Som nemnd vil ei lovendring innebere ei kodifisering av allereie gjeldande rett, slik han er forma gjennom forvaltingspraksis.

Gjennomføringa av EØS-komiteen sitt vedtak vil difor vere utan økonomiske og administrative konsekvensar både for det offentlege og det private.

Etter Barne- og familiedepartementets syn vil direktivet ikkje endre den norske rettstilstanden på området, men det vil gje eit høve til å omformulere og klargjere den norske lovgjevinga på området. Vedtakinga av direktivet kan òg ha ein viss opplysande verknad. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, har ingen merknader til proposisjonen.

Fremskrittspartiets medlemmer viser til vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtalen (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn).

Disse medlemmer mener disse endringer allerede er ivaretatt i nasjonal lovgivning. Disse medlemmer ser det derfor ikke nødvendig at Norge samtykker til godkjenning av EØS-komiteens vedtak.

Komiteen sitt utkast til innstilling blei 23. november 1999 sendt til utanrikskomiteen for merknader. I brev av 1. desember 1999 frå utanrikskomiteen heiter det:

«Utenrikskomiteen, unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til flertallets merknader i utkastet. Fremskrittspartiets medlemmer viser til mindretallets merknader. Utenrikskomiteen slutter seg til utkastet til innstilling på dette grunnlaget.»

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn), jf. St.prp. nr. 79 (1998-1999).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 2. desember 1999

Ågot Valle

fung. leiar og ordførar

Grethe G. Fossum

sekretær