Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om vidaregåande opplæring.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 246 (1998-99)
  • Kildedok: St.meld. nr. 32 (1998-99).
  • Dato: 17.06.1999
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 30
  • PDF

Innhold

Til Stortinget.

Departementet gir i meldinga ein statusrapport for vidaregåande opplæring etter dei første fire åra med Reform 94. Meldinga drøftar i kva grad ein har nådd måla, og ulike tilpassingar og justeringar for å gjere den vidaregåande opplæringa betre. Departementet er oppteke av samfunnsutviklinga nasjonalt og internasjonalt. Tilpassingar må vere i samsvar med framtida sine krav til ei god vidaregåande opplæring. Grunnlaget for departementet sin gjennomgang er dei prinsipielle føringane Stortinget har fastsett, jf. Innst. S. nr. 200 (1991-92), Innst. O. nr. 80 (1992-93) og Innst. O. nr. 70 (1997-98). For ny modell for yrkesfagopplæringa viser departementet til Innst. S. nr. 285 (1996-97), for dei med særskilde behov til Innst. S. nr. 228 (1997-98). Med omsyn til kompetansereformen vert det vist til St.meld. nr. 42 (1997-98) og for vurdering i skulen til St.meld. nr. 28 (1998-99).

Ei rekkje forskingsmiljø har evaluert reformen i innføringsperioden. I tillegg til dei ulike forskingsprosjekta sidan 1994 og sluttevalueringa i 1998 byggjer meldinga på tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor, departementet sin eigen statistikk og omfattande tema- og høyringsmøte hausten 1998 med alle berørde partar.

Departementet sitt utgangspunkt er at vidaregåande opplæring må vurderast som del av eit heilskapleg utdanningsløp i eit livslangt læringsperspektiv. Den nye opplæringslova aukar og behovet for samarbeid på tvers av skuleslaga. Det er også viktig å sjå grunnopplæringa i nær samanheng med høgre utdanning.

Departementet oppsummerer status etter Reform 94 slik at det har vore ei positiv utvikling på dei fleste område innafor vidaregåande opplæring. Reformen har ført til at det store fleirtalet no oppnår studie- eller yrkeskompetanse. Det har vore ei stor pedagogisk utfordring å ta nesten hele ungdomskullet inn i vidaregåande opplæring, og evalueringa viser at det er på dette området mest står att. Fylkeskommunane har realisert dei nye rettane for ungdom på ein god måte. Både den individuelle retten til tre års vidaregåande, retten til inntak på eitt av tre grunnkurs, moglegheita til meir enn tre års opplæring etter sakkunnig vurdering og rett til inntak på prioritert grunnkurs etter sakkunnig vurdering har i det alt vesentlege verka slik dei var tenkt. Omfangsforskriften (minimum 375 pst. av eit gjennomsnittleg årskull) har ikkje fungert etter intensjonen. Den nye grunnkursstrukturen har stort sett verka som føresett, medan talet på VK1 enno er for stort til å møte rekrutteringsbehov og fagleg breidd i arbeidslivet i framtida.

Reformen har ført til at omval, vandring på tvers og fråfallet er kraftig redusert. Rekrutteringa til yrkesfaga har auka, og læreboksituasjonen her er blitt mykje betre. Hovudmodellen for fag- og yrkesopplæringa har verka etter føremålet, men det er behov for større fleksibilitet. Det er framleis ikkje nok læreplassar i alle fag, men likevel fleire plassar no enn nokon gong før. Alternativt VK2 for dei som ikkje får læreplass, fungerer gjennomgåande godt nok. Den tettare koplinga mellom fagopplæringa i bedrift og skuleopplæringa har gjeve ei positiv utvikling. Moduloppbygginga av læreplanane gir dei moglegheitene som Stortinget føresette. Utdannings- og yrkesveiledinga er det for tidleg å si noko om, men det vidare arbeidet har høg prioritet. 6-7 pst. har behov for kontakt med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta. Erfaringane viser at oppfølgings-tenesta er viktig og jamnt over fungerer godt, men at samarbeidet med andre instansar må styrkast. Reformen vart finansiert innanfor den økonomiske rammen som blei brukt til vidaregåande opplæring i 1992. I tillegg har staten tilført over 700 mill. kroner øyremerka kroner til utstyr og ombyggingar og om lag 262 mill. kroner til etterutdanning.

Departementet gjer framlegg om endringar og justeringar i reformen på grunnlag av dei erfaringane som er gjorde. Departementet meiner reformen ikkje er komen langt nok når det gjeld innhaldsdelen og dei pedagogiske sidene, og at ein no bør gje systemet ro til å kome vidare med dette arbeidet framfor å gjere omfattande strukturelle omleggingar.

Når det gjeld juridiske rettar og plikter, gjer departementet framlegg om at elevane får utvida tidsramma for å fullføre opplæringa. Uttaksramma for retten, som i dag normalt er fire år for elevar og fem år for dei som følgjer 2+2-modellen, blir utvida med eitt år. Rettselevane kan slik ta to kvileår. Retten gjeld i den tida som er nødvendig ut frå læreplanen. Dei som i dag kan få utvida tid inntil fem år etter sakkunnig vurdering, får individuell lovfesta rett til fem år. Elevar får juridisk rett til å fullføre etter eitt omval. For minoritetsspråklege elevar skal innføringskurset normalt ikkje verte definert som del av retten. Vaksne som er teke inn på GK eller VK1, får individuell rett på same vilkår som rettselevane i dag.

Departementet ser ikkje no behov for eventuell lovfesta plikt for bedrifter til å ta inn lærlingar, men vil vurdere dette på nytt dersom talet på læreplassar stoppar opp. Tilskuddssystemet til bedriftene vil bli forenkla. Departementet vil behalde hovudmodellen (to år i skule og to år i bedrift), men meiner at fylkeskommunar, skular og bedrifter betre bør nytte ut dei moglegheitene for fleksibilitet som allereie ligg innafor dagens rammer. Ein del elevar som treng ein noko annan progresjon, må kunne veksle mellom skule og bedrift. Departementet vil i samarbeid med berørde partar arbeide vidare med dette og andre alternative organiseringsmåtar for elevar som i dag har problem med hovudmodellen. Når det gjeld retten til spesialundervisning, treng departementet fleire erfaringar med dei presiseringane som er gjorde i den nye opplæringslova og meir forskingsbasert vurdering før eventuelle endringar.

Dei to nye grunnkursa Stortinget har vedteke (merkantile fag og media/kommunikasjon) blir oppretta frå 1. august 2001. Utifrå erfaringane med innføringa av Reform 94 meiner departementet at det er nødvendig med minimum to år for å gjere ferdig det som trengst med omsyn til struktur, utvikling av faget, læremiddel og etterutdanning. Departementet drøftar om det er mogleg å slå saman tekniske byggfag med byggfag, og kjemi- og prosessfag med mekaniske fag. Grunngjevinga er i tillegg til faglege argument rekrutteringsmangel. Dette vil blir drøfta nærare med dei involverte partane før ein eventuelt gjer framlegg om endringar. For dei som følgjer alternativt VK2 i skule, gjer departementet framlegg om noko meir tid til praksis innafor den ramma for lærarressursar som gjeld i dag, og betre tilrettelegging for at fleire av desse elevane kan få arbeidstrening i bedrift. På lengre sikt og i nært samarbeid med aktuelle partar gjer departementet framlegg om at talet på VK1 vert redusert. Målsettinga på lengre sikt bør vere i retning av 50 kurs for å sikre tilstrekkeleg fagleg breidd og ei rimeleg rekruttering over heile landet. I samarbeid med partane vil departementet òg gjere framlegg om å redusere talet på lærefag. Føremålet er å få til noko større breidd på lengre sikt innafor fagområde som i dag synest å være for smale i høve til arbeidslivet sine framtidige behov.

I det vidare arbeidet med innhaldet i og tilrettelegginga av opplæringa vil departementet i hovudsak følgje fastsette rammer og retningsliner frå 1992 og leggje eit breitt kompetansesyn til grunn. Departementet meiner at den vidaregåande opplæringa skal gi ein basis òg for seinare etterutdanning i arbeidslivet. Departementet vil derfor leggje meir vekt på basiskunnskap og ferdigheiter framfor spesialisert opplæring. Departementet vil ikkje redusere talet på timar i felles allmenne fag i dei yrkesfaglege studieretningane. Dette ville gi fleire taparar i det teknologiske og internasjonale samfunnet som fagarbeidarane skal ut i. Departementet vil i staden intensivere arbeidet med yrkesretting, differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov. Læreplanverket står framfor ein meir langsiktig revisjon, der m.a. detaljeringsgraden vil blir vurdert. Eit nytt studiekompetansegjevande løp innanfor delar av formgjevingsfaga ser departementet positivt på. I samarbeid med partane vil ein sjå nærare på omfanget av fag- og sveineprøvene i høve til tellande underveisvurdering. Departementet vil arbeide vidare med dokumentasjonsordningar og gjere nytte av erfaringane frå delkompetanseprosjektet. Ein lovproposisjon om opplæring i arbeidslivet for dei som skal ha delkompetanse vert vurdert.

For å gi arbeidet med yrkesretting, differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov eit særleg løft vil departementet i samarbeid med dei berørde partane initiere eit omfattande utviklingsprosjekt over ein 3-årsperiode. Dette skal gjelde alle vidaregående skular, som sjølve skal vere med på å utvikle og velje organisering og arbeidsmåte. Departementet går inn for at det blir arbeidd aktivt vidare med kvalitetsutviklinga av vidaregåande opplæring, med tilpassingar for minoritetsspråklege og med å fastsetje realkompetanse og tilretteleggje for vaksne som vil følgje eit ordinært opplæringsløp. Vaksne må òg stimulerast til å nytte ut dei dokumentasjonsordningane som finst både i fagopplæringa (§ 20) og i skuleopplæringa (privatistordningane).

Departementet vil elles våren 1999 leggje fram ei melding om lærarrekruttering og ei om dimensjonering i høgre utdanning, og framlegg til mellombels lov om teknisk fagskule. Evalueringa av samisk vidaregåande opplæring er ikkje ferdig enno. Departementet vil vurdere om det er behov for særskilte tiltak når den ligg føre. Evalueringa av studieretninga naturbruk vil bli lagd fram i Landbruksmeldinga. Ein lovproposisjon vil bli vurdert som gjeld opplæring i arbeidslivet for dei som siktar mot delkompetanse. Departementet varslar òg at det vil sjå nærare på innhaldet i det allmennfaglege påbyggingskurset og utprøve andre modellar for rådgjevingstenesta.

Departementet planlegg å kome attende til Stortinget med ei ny melding om vidaregående opplæring om 4 år.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, vil departementet i budsjettsamanheng kome attende til kostnadene i samband med dei to nye grunnkursa og endringar i VK1-strukturen. Eventuell samanslåing av eksisterande studieretningar vil bli lagde fram for Stortinget. Når det gjeld retten til vidaregåande opplæring for vaksne, meiner departementet at overføringane til fylkeskommunane ut frå omfangsforskrifta er tilstrekkelege. Kostnadene med å leggje inn praksis og dra skuleåret ut i tid ved alternativt VK2 er berekna til ca. 6 mill. kroner. Departementet går ut frå at talet på dei som får eitt år ekstra på grunn av omval, ikkje vil auke monaleg, og at retten til dette derfor kan gjennomførast innanfor noverande økonomiske rammer. Kostnadene ved å utvide uttaksramma for retten til vidaregåande opplæring er berekna til 8 mill. kroner. Framlegget om individuell rett til 5 år etter særskilt vurdering skal gjennomførast utan ekstra løyvingar. Departementet tek sikte på å vidareføre aktiviteten innafor etterutdanning og ser fortsett behov for å satse på forsking og på forsøks- og utviklingsarbeid. Departementet kjem attende til dette i samband med dei årlege budsjettframlegga.

Komiteen har merka seg at Regjeringa legg vekt på at vidaregåande opplæring må vurderast som ein del av eit heilskapleg utdanningsløp i eit livslangt læringsperspektiv. Komiteen deler eit slikt syn.

Den nye opplæringslova, som ein fellesnemnar for grunnskuleopplæring og opplæring i skule og arbeidsliv, skaper grunnlag for samarbeid om bornas og dei unges oppvekst og opplæring samt deira faglege, personlege og sosiale utvikling. Komiteen vil streke under viktigheten av dette. Særleg vekt legg komiteen på samarbeidet mellom skule og arbeidsliv som ein vesentleg føresetnad for ei vidaregåande opplæring som søkjer å sameine det beste frå to opplæringstradisjonar, den praktiske med sikte på yrkeskompetanse og den meir teoretiske med hovudvekt på studieførebuing.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, ser det slik at Reform 94 har bidrege til å byggje bru mellom to opplæringsvegar, utvikle respekt for dei unge sine ulike val og preferansar og godkjenne ulike yrke sin gjensidige avhengnad i eit stadig meir kompetansestyrt og spesialisert samfunn. Dette fleirtalet vil òg streke under at reformen har vore viktig i eit likestillingsperspektiv då særleg mange kvinnedominerte yrke har fått ein høgare status med både fagnemning og høve til fagbrev.

Det er likevel etter fleirtalet si meining grunn til å peike på at dei unge i dag held fram med å gjere tradisjonelle val ut frå kjønn. Fleirtalet vil understreke at det er samfunnsmessig ønskjeleg at gutter i større grad velger kvinnedominerte fag og omvendt.

Fleirtalet har merka seg at meldinga er forankra i tidlegare grunnlagsdokument for vidaregåande opplæring som St.meld. nr. 33 (1991-92) og Innst. S. nr. 200 (1991-92). Meldinga si grunngjeving er i hovudsak å svare på om dei måla som blei sette for å løyse dei viktigaste utfordringane innafor vidaregåande opplæring (Reform 94), er nådde og kva som kan gjerast for å kome vidare og møte nye utfordringar.

Fleirtalet er samd i eit slikt utgangspunkt for ei melding som i hovudsak bygger på ei omfattande evaluering/følgjeforsking. Fleirtalet kan slutte seg til dei områda som Regjeringa særskilt held fram som gode og positive konsekvensar av reforma:

  • – Det store fleirtalet oppnår studiekompetanse eller yrkeskompetanse

  • – Omval, vandring på tvers og fråfall er kraftig redusert

  • – Det har vore ei aukande rekruttering til yrkesfaga

  • – Dei unge får læreplass i eit større omfang enn nokon gong før

  • – Den fylkeskommunale oppfylgjingstenesta fungerer i alle fylke

  • – Læreboksituasjonen er kraftig forbetra innafor yrkesfaga

Fleirtalet vil elles streke under det betydningsfulle i at om lag heile årskullet nyttar seg av retten til vidaregåande opplæring, at talet på unge som søkjer dei yrkesfaglege utdanningsvegane har auka, at dei fleste elevar og lærlingar klarar seg bra, trivast og skikkar seg vel i opplæringa.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti oppfattar dette som eit uttrykk for utdanningsmotivert ungdom som gjennom kunnskap og kompetanse skaper viktige føresetnader for eit meiningsfullt arbeid, tryggleik for arbeid, grunnlag for aktiv samfunnsdeltaking, sjølvtillit og sjølvrespekt, livskvalitet og trivsel for seg sjølv og sin familie. Likevel er det ikkje slik at alle er ein del av hovudstraumen, og desse medlemene vil streke under at det er behov for kontinuerleg innsats for å gjere opplæringa tilgjengeleg og meiningsfull for alle elevar og lærlingar.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til at trenden den siste tida syner at det er ei auke i talet på elevar som vel å gå over på allmennfag etter VK1 yrkesfag, og ser at den positive utviklinga i byrjinga av reformen med auka søkning til yrkesfaga er i ferd med å stoppe opp. Fleirtalet meiner at det er av stor verdi å fortsette satsinga på å få fleire til å velje fagutdanning, og dette er særleg ei oppgåve for rådgjevingstenesta.

Fleirtalet syner til stortingsmeldinga og har merka seg at fleire område ennå ikkje er i tråd med dei intensjonane som Stortinget la til grunn då reforma blei vedteke.

Komiteen viser til at ikkje alle mål som Stortinget sette for Reform 94 er nådde. I denne samanhengen vil komiteen peike på følgjande område:

Det går fram av evalueringa av Reform 94 at mange opplever at det er for mykje teori på yrkesfag. Komiteen meiner noko av denne kritikken skuldast dels at det for einskilde elevgrupper er blitt for mykje teori, dels at det ikkje er gjeve rom for den fleksibilitet som Stortinget føresette da reformen blei innførd. Spesielt vil komiteen peike på at opplæringa skal tilpassast elevane sine føresetnader. Komiteen vil derfor understreke det behovet for differensiering og yrkesretting av allmennfaga som evalueringa har peika på og som meldinga viderefører.

Komiteen har merka seg at moglegheita for avvik frå hovudmodellen ikkje har vore nytta godt nok ut for elevar og lærlingar.

Til tross for at elevane i større grad enn før gjer seg ferdige på tre eller fire år, er det fortsatt mange som går på tvers i systemet og av den grunn brukar lengre tid. Det er derfor behov for betre tilpassing av opplæringa slik at fleire får fullført utdanning.

Komiteen meiner dessutan det er viktig at ein i samarbeid med partane i arbeidslivet får betre balanse mellom tilbod og etterspørsel av læreplassar.

I denne samanhengen vil komiteen peike på at reformen har stilt rådgjavingstenesta overfor nye utfordringar.

Komiteen vil vidare peike på at det er for liten fleksibilitet i systemet til å ta vare på dei behova einskilde målgrupper har for spesialundervisning.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, har særskilt merka seg at Regjeringa i all hovudsak byggjer vidare på dei utviklingstrekk og utfordringar for vidaregåande opplæring som blei lagt til grunn for reformen i St. meld. nr. 33 (1991-92) og som Stortinget slutta seg til. Fleirtalet er nøgd med dette. Sjølv om både arbeids- og skuleliv er prega av snøgge endringar, er nokre haldepunkt meir varige enn andre.

Fleirtalet vil særskilt framheve verdien av at skule og opplæring må omfatte alle uansett evner og anlegg, funksjonsdugleik, kjønn, geografi eller etnisk tilhøyrsle. Tilpassa opplæring må kome alle elevar til gode - og skape basis for likeverd i opplæringa basert på den einskilde sine føresetnader. Eit breitt kunnskapssyn må leggjast til grunn der både basiskunnskapar, dugleik og haldningar går inn som del av den unge sin heilskaplege kompetanse. Det handlar om å utvikle heile mennesket der ikkje minst den sosiale kompetansen er av stor verdi.

Fleirtalet vil streke under at eleven eller lærlingen må få oppmuntring til - og bli gjeve høve til - å påverke si eiga opplæring. Det er skulen sitt hovudansvar å bidra til eit positivt engasjement gjennom arbeidsformer og organisering av opplæringa.

Fleirtalet meiner at skulen må framstå som eit førebilete på ein arbeidsplass der aktiv deltaking i arbeid, klassar og verkstad dyrkast både som ein effektiv arbeidsmetode for god og varig læring, men også som del av oppsedinga til demokrati og samfunnsbygging. Kvaliteten i opplæringa i ein inkluderande skule blir skapt av involverte og samhandlande lærarar og elevar, der kunnskap og kompetanse for morgondagens behov utviklast i brytinga mellom tradisjon og fornying, mellom røynsler og upløgd jord. Tette koplingar mellom vidaregåande opplæring og samfunns- og næringsliv skaper gode føresetnader for dei unge si lokale forankring og identitet, samstundes som opplæringa blir rik av kompetanse og røynsler frå andre delar av arbeidslivet.

Fleirtalet stør òg det syn at opplæringa aktivt må bidra til å utvikle dei unge sitt internasjonale medansvar og økologiske forståing.

Fleirtalet deler Regjeringa sitt syn på at sidan St.meld. nr. 33 (1991-92) blei handsama, ser det ut til at vektlegging av utdanning og opplæring har auka i styrke - både i Noreg og internasjonalt. Dette skuldast ikkje minst ei fornya erkjenning av at utdanning har stor verdi for den økonomiske utviklinga, og at arbeidskrafta alt oftare treng ny kompetanse. Utdanninga si rolle for å skape ei betre framtid er også viktig, til dømes auka deltaking i demokratiske prosessar, meir medvite haldning til økologiske utfordringar, etiske konfliktar og kulturelle skilnader.

Fleirtalet har merka seg dei utfordringar Regjeringa peikar på for vidaregåande opplæring. Sentralt her står den såkalla "kompetansekløfta", fokus på livslang læring, dei regionalpolitiske måla knytta til næringsutvikling i distrikta, internasjonalisering, utviklinga av IKT i samfunns- og arbeidsliv. Dessutan har fleirtalet merka seg den auka vekta på kompetanse framfor kunnskap, og betydninga av heilskapleg læring. Fleirtalet er samd i at opplæringa skal leggje vekt på andre sider enn dei reint faglege der arbeidet med verdiar og haldningar er integrerte mål for undervisninga. Vidaregåande opplæring er i dag eit tilbod for heile årskullet av ungdom med dei variasjonar det gir i kunnskapar, dugleik, haldningar og sosiale relasjonar. Dette gir nye utfordringar for den vidaregåande skule som ein tidlegare ikkje hadde i så stor grad. Fleirtalet meiner ein viktig konsekvens er at elevane får ei opplæring i tråd med sine føresetnader slik at dei også kan oppleve meistring. Slik skal undervisninga vere med å utvikle den einskilde elev til positiv livsutfalding og aktiv deltaking i samfunnet.

Fleirtalet vil vidare streke under at opplæring og utdanning bidreg til å bryte ned skilje mellom grupper og individ.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til St.meld. nr. 33 (1991-92) og Innst. S. nr. 200 (1991-92). Av innstillingen vil det fremgå at Fremskrittspartiet var skeptisk til det grunnleggende prinsipp om lovfestet rett til videregående opplæring, som Stortingets flertall vedtok.

Det vises til at Fremskrittspartiet, sammen med partiet Høyre, fremmet forslag om at alle som ønsker det og har forutsetninger for å ta videregående skole, skal få et tilbud om dette. Men det skulle ikke innføres en lovfestet rett til slik opplæring.

For disse medlemmer er fortsatt det ovennevnte syn gjeldende. Disse medlemmer har som grunnsyn at det offentlige skal gi alle økonomisk mulighet til 13-årig utdannelse. Disse medlemmer mener likevel at det må stilles krav til den enkelte elev for å komme inn på videregående skole.

Disse medlemmer mener at mange av de problemer man ser ved den videregående skole i dag, herunder blant annet en fortsatt høy omvalgs- og frafallsproblematikk, mangel på læreplasser og tilbakemeldinger fra næringslivet om at en del lærlinger er svært svake - ville vært unngått med å begrense inntaket til videregående skole noe. Det synes også klart at retten til videregående skole må ta noe av skylden for de beklagelige tendenser til økende bråk, uorden, vold og sosiale problemer som fremkommer i skolen i dag. Det antas at en ikke ubetydelig andel av problemene kan knyttes til elever som ikke har forutsetninger for å gjennomføre et normalt videregående løp.

Imidlertid anser disse medlemmer at det er flere forhold som taler for at det ikke er tjenlig med en omkamp om det grunnleggende prinsipp ved reformen; herunder blant annet tiden som er gått, at reformen er gjennomført og vanskelig reversibel, og at det synes å være et betydelig flertall i Stortinget som ønsker å opprettholde den individuelle retten til videregående opplæring.

Disse medlemmer vil i forbindelse med behandlingen av meldingen derfor begrense seg til å fremme forslag til endringer basert på det, av flertallet, vedtatte lovfestede grunnprinsipp.

Disse medlemmer vil vise til at Fremskrittspartiet en rekke ganger har fremmet forslag om et nytt finansieringssystem for skolen, dette er gjort blant annet i forbindelse med behandlingen av statsbudsjettet for 1998 og 1999.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser et stort behov for å skape en konkurransesituasjon mellom skolene, slik at man kan få et incitament som kan bidra til heving av kvaliteten. Disse medlemmer forutsetter at et slikt system skal ta nødvendig hensyn til elevgrupper med spesielle behov, hvor kostnadene er større enn for en "vanlig" elev. Man forutsetter at systemet også skal ta hensyn til forskjellen i kostnader mellom de forskjellige fag. Disse medlemmer foreslår:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endret finansieringsmodell for driften av videregående skoler, slik at en større del av pengene følger eleven etter stykkprisprinsippet. Offentlige og private utdanningstilbud likestilles når det gjelder tilskudd til drift.»

For å bygge opp under en sunn konkurranse i skolen, og øke den enkelte skoles frihet til å heve kvaliteten, mener disse medlemmer at offentlige videregående skoler skal gjøres til selvstyrte økonomiske enheter med egne styrer. Det er disse medlemmers syn at skolepersonalet ikke skal ha flertall i skolestyrene. Styrenes flertall skal bestå av foreldre/elever og utenforstående - gjerne representanter for næringslivet. Styrene skal kunne ha betydelig større makt enn hva den enkelte skoles ledelse har pr. i dag. Blant annet bør styret bestemme over skolebudsjettene (innenfor rammen satt av inntektene basert på stykkpris). Styret bør kunne ansette personale, bestemme organisering av undervisning, timeplan, det lokale læreplanarbeid - fag- og timebytteplan, lokale reglement for oppførsel/disiplin, og man bør være med å godkjenne pedagogiske tiltak og forsøk.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at offentlige videregående skoler blir selvstyrte enheter med egne driftsstyrer.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har registret at man i enkelte fylker har geografisk baserte inntaksreglementer. Prinsippet om fritt skolevalg for elever i videregående skole står helt sentralt i Fremskrittspartiets skolepolitikk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at verken fylkes- eller kommunegrenser må være til hinder for elevenes frie skolevalg. Opptaket til skolene skal skje på bakgrunn av karakterer, ikke geografi.

Disse medlemmer foreslår derfor:

«Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag som vil sikre prinsippet om fritt skolevalg for elever i videregående skole.»

Ved et fritt skolevalg må elevene som tas inn nødvendigvis rangeres på basis av karakterer. Slik disse medlemmer ser det, må kravene til (rangering for) opptak til de forskjellige utdanningene innen den videregående skole være forskjellige i de ulike typer linjer. Karakterene i de enkelte fag fra ungdomsskolen bør gis poeng etter hvilken betydning det har for det videre utdanningsvalget. I dag vurderes alle etter samme poengsumberegning. Som eksempel bør karakterene i formingsfag telle mer enn for eksempel engelsk til opptak i formgivende studieretninger, kroppsøving bør telle mer ved opptak til idrettslinjer osv. På denne måten vil man få tak i de som egner seg i de forskjellige fagretningene.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere en mulig endring av inntaksreglementet hvor man vekter de enkelte fag i forhold til relevans for den linje som søkes.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil for øvrig, på det sterkeste, advare mot de tendenser til forsøk på "utvanning" av karaktersystemet man har sett i den senere tid, herunder blant annet åpning for forsøk med skole uten karakterer. Disse medlemmer vil legge økt vekt på karakterer og eksamen som evalueringsform.

Disse medlemmer er tilfreds med at man i forbindelse med meldingen har viet betydelig oppmerksomhet til yrkesfagene. Disse medlemmers primære standpunkt er at den eksisterende delingen av ansvaret for yrkesfaglig studieretning mellom skolen og næringslivet ikke fungerer særlig bra. I dag ser det ut til at teoretisk skolegang kombinert med dårlige praksismuligheter dominerer fremfor praktisk trening i bedriftene, dvs. lærlingeplasser.

Disse medlemmer mener næringslivet bør engasjere seg sterkere i denne utdannelsen, noe som tjener både elevene og næringslivet best på lang sikt. Næringslivet registrerer raskere de mange endringer som skjer innen fagene, og opplæringen kan bedre tilpasses næringslivets behov, og man kan gi en helhetlig opplæring på et sted. Ved en slik overføring av ansvar vil næringslivet få betalt for sin innsats gjennom en "stykkpris" pr. elev, gjerne slik at næringslivet også kan ta seg av den teoretiske delen og administrere og drive dette.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for at en større del av opplæring innen yrkesfag kan overlates til næringslivet.»

Innenfor dagens system går disse medlemmer inn for at den rene lærlingestøtten skal opprettholdes, og helst økes.

Disse medlemmer mener for øvrig at den økende uro, bråk og vold i skolen må tas på alvor, og bekjempes. Dette kan blant annet gjøres ved å legge større vekt på folkeskikk, oppførsel, respekt for lærere og medelever, disiplin osv. Disse medlemmer mener at det som i dag skal være anledning til å gi straffelekse, igjensitting og utvisning fra skolen i kortere eller lengere perioder - spesielt i tilfeller av uro, bråk, vandalisme og vold. Disse reaksjonene bør brukes i langt større grad enn i dag. I tillegg vil disse medlemmer at alle elever skal gjennomgå en obligatorisk innføring i folkeskikk, respekt for liv, helse og andres eiendom, oppførsel og respekt for lærere og medelever.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at man i det offentlige skoleverk øker bruken av straffelekse, igjensitting og utvisning for kortere eller lengere perioder ved konstaterte tilfeller av uro, bråk, vandalisme, vold etc.»

Disse medlemmer foreslår også:

«Stortinget ber Regjeringen iverksette konkrete tiltak for å gjennomføre obligatorisk innføring i folkeskikk, respekt for liv, helse og andres eiendom, oppførsel og respekt for lærere og medelever.»

Disse medlemmer vil understreke at det i utgangspunktet er foreldrenes oppgave å sørge for at barn og unge har ferdigheter innenfor ovenfor nevnte felt, men disse medlemmer konstaterer at en økende andel av foreldrene ser ut til ikke å ha lykkes på dette felt. For å sørge for ro og orden, som sikrer mulighet for at elever kan få et faglig utbytte av skoledagen, må det derfor strammes til på dette område.

Disse medlemmer mener for øvrig at det bør satses betydelig på elevevaluering av lærere, fagområder, utdanningsopplegg, arbeidsmiljø på skolen, skoleinspektørordningen osv. for å heve kvaliteten i skolen. Disse medlemmer vil her vise til sine merknader i Innst. S. nr. 214 (1998-99) om meldingen "Mot rikare mål".

Disse medlemmer registrerer at det i den senere tid fra flere hold er stilt spørsmål ved tvungen undervisning i skriftlig sidemål. Disse medlemmer konstaterer at svært mye har forandret seg siden innføringen av sidemålsstilen ble vedtatt i 1907. Blant annet kan nevnes at skriftspråket i dag er utsatt for stor konkurranse fra lyd- og billedmedier. Som en følge av dette er skriftspråkets stilling i samfunnet generelt svekket.

Videregående skole er ikke lenger en utvalgsskole, men en skole for all ungdom. En stor del av elevene i dagens skole blir språklig forvirret når de skal lære to måter å skrive norsk på. Dette gjelder særlig fordi elevene ikke er så støe i skriftspråket som før. Det er etter disse medlemmers syn illusorisk å tro at elevene blir bedre i hovedmålet av å lære sidemålet. Tvert imot trenger elevene mer tid og anledning til å utviklet sitt eget skriftspråk. Det er også et faktum at flere elever i den videregående skolen enn tidligere har lese- og skrivevansker, noe som gjør opplæringen i skriftlig sidemål ekstra vanskelig.

Etter hva disse medlemmer forstår er det også slik at fremmedspråklige elever og elever med de største lese- og skrivevanskene slipper karaktervurdering i sidemålet. Dermed uthules systemet med to obligatoriske målformer innenfra.

På bakgrunn av de ovenfor nevnte momentene synes det riktig at man tar sidemålsstilen opp til ny vurdering, og at man konkluderer med å avskaffe obligatorisk skriftlig sidemålsopplæring i skolen. Eventuelt kan man tilby dette som valgfag. Det presiseres dog at elevene bør kunne gis kjennskap til sidemålet ved at den muntlige delen får en naturlig integrering i undervisning for hovedmålet.

Komiteen sine medlemer frå Høgre viser til debatten om sidemålet sin plass i norskundervisninga.

Desse medlemene meiner at tida no er inne til å gjere den skriftlege sidemålsundervisninga valfri, med sikte på at ein større del av norskundervisninga kan brukast på vår felles nasjonallitteratur.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen gjøre den skriftlige sidemålsopplæring i skolen valgfri.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til høringsuttalelse 26. mai 1999 fra Kommunenes Sentralforbund (KS) til komiteen. I høringsuttalelsen viser KS blant annet til at manglende forhandlingsrett for undervisningspersonale legger sterke begrensninger på fylkeskommunens mulighet til god, effektiv styring og utvikling av den videregående skole. KS mener avtaleverket for skolen i dag er altfor rigid. Etter KSs oppfatning er det ikke mulig å være en god arbeidsgiver med ansvar for utvikling av skolen uten å ta hånd om noe så avgjørende som forhandlingsansvaret for personalet. Disse medlemmer deler dette syn. Disse medlemmer viser her til Stortingets behandling av Dokument nr. 8:105 (1997-98), forslag fra stortingsrepresentantene Ursula Evje og Ulf Erik Knudsen om overføring av forhandlingsansvaret for undervisningspersonalet fra staten til fylkeskommunen/kommunen. Disse medlemmer har merket seg at statsråden har de synspunkter som fremkommer i høringsuttalelsen fra KS og i forslaget fra Fremskrittspartiet til vurdering, og imøteser statsrådens konklusjoner.

Komiteen sine medlemer frå Høgre minner om at det i 1992 - då Stortinget handsama stortingsmeldinga om Reform 94 - var semje om at all ungdom mellom 16 og 19 år som ønskjer det, skulle kunne få eit tilbod om treårig opplæring i vidaregåande skule eller fagopplæring i arbeidslivet. Høgre slutta seg til hovudpunkta i Reform 94, men hadde dissensar og klare åtvaringar på fleire viktige område. Høgre har også i åra etter 1994 teke opp ei rekke framlegg med sikte på å gjere Reform 94 mindre systembunden, meir fleksibel og meir eigna til å møte elevane sine ulike behov og til å styrke kvaliteten i alle delar av vidaregåande opplæring.

Blant dei argumenta som oftast har vore nytta mot Høgre sine framlegg, er at ein måtte vente med å gjere endringar til ein har fått evalueringa. Desse medlemene har difor sett fram til evalueringa av Reform 94, og meiner at den framlagde evalueringa gir nyttig kunnskap når det gjeld dei spørsmåla som er evaluerte. Samtidig er desse medlemene skuffa over at meldinga i så sterk grad er konsentrert om organisatoriske og kapasitetsmessige spørsmål, og berre i liten grad går inn på viktige spørsmål som fagleg innhald og nivå og reformen sin innverknad på kvaliteten i vidaregåande opplæring. Meldinga synest å meine at ein kan dra den konklusjonen at kvaliteten i vidaregåande opplæring er heva, men gir lite hjelp til å sjå korleis ein er kome fram til denne konklusjonen. Desse medlemene er samde i at mykje er blitt betre med Reform 94 - ikkje minst innanfor deler av yrkes- og fagopplæringa - men vil likevel ikkje gå god for at ein utan vidare kan seie at vidaregåande opplæring totalt sett er blitt betre etter Reform 94. Desse medlemene vil kome tilbake til dette i seinare merknader.

Desse medlemene meiner at ein stor del av problema i vidaregåande opplæring i dag kan førast tilbake til forestillinga om at vidaregåande opplæring berre er ei vidareføring av grunnskulen med tre nye år, og med grunnskulen sitt einskapsskulepreg. Høgre har konsekvent åtvara mot alle forsøk på å gjere vidaregåande opplæring til ein einskapsskule - heilt sidan Steen-komiteen i slutten av 1960-åra gjekk inn for å samle all ungdom mellom 16 og 19 år i ein skule, slik at skiljet mellom allmenndannande utdanning og yrkesutdanning kunne opphevast og eksamen fjernast. Desse medlemene meiner at ein slik tankegang ikkje tar omsyn til at elevane er ulike og at dei har ulike mål med utdanninga si. Desse medlemene ser difor med glede at Regjeringa i meldinga om "Mot rikare mål" (St.meld. nr. 28 (1998-99)) slår fast at omgrepet einskapsskule berre omfattar grunnskulen. Samtidigheiter det likevel at mange sider ved Reform 94 - både når det gjeld grunngjeving og praktisk utforming - har "vore forankra i einskapsskuletenking".

Desse medlemene vil minne om at Høgre under handsaminga av Reform 94 våren 1992 spesielt åtvara mot å gjere det til eit mål i seg sjølv at elevane skal ha mest mogleg felles undervisning, t.d. i allmennfaga. Høgre meiner framleis at det er viktig å halde fast på at vidaregåande opplæring må byggje på ulike, men likeverdige tilbod. Forsøk på å samordne fagplanar og undervisning i teorifag på tvers av skiljet mellom allmennfag og yrkesfag er etter Høgres syn dømde til å mislukkast, både på grunn av ulike faglege interesser og føresetnader hos elevane og på grunn av at elevane har ulike mål og intensjonar med kursvala sine. Desse medlemene meiner også at det vil være ein fordel om ein aksepterer at det primære målet for dei fleste elevar som søkjer ei fag- eller yrkesutdanning, er å få ei best mogleg fag- og yrkesutdanning, og at denne utdanninga har ein sjølvstendig verdi og ikkje berre har verdi som eit steg på vegen mot studiekompetanse.

Når det gjelder fag- og yrkesopplæringa, har Høgre støtta den vedtekne hovudmodellen, og desse medlemene konstaterer at det i hovudsak framleis ser ut til å vere stor semje om at denne modellen har vist seg tenleg. Desse medlemene har også merka seg at Reform 94 så langt har ført til at ein større del av årskullet vel ei fag- eller yrkesopplæring. Desse medlemene minner om at Høgre i åra etter at Reform 94 vart vedteken, stadig har kome tilbake til dei problema ei altfor stivbeint "modelltenking" har ført til også innanfor fag- og yrkesutdanninga. Desse medlemene har med glede merka seg at Regjeringa gir signal om ei meir fleksibel haldning i framtida.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre har merka seg at meldinga så å seie ikkje omtalar utviklinga i allmennfagleg studieretning, trass i at nesten halvparten av årskullet vel denne studieretninga. Desse medlemene vil ikkje spekulere over årsakene til denne neglisjeringa av den delen av dagens vidaregåande skule som mest liknar på tidlegare tiders "gymnas", men vonar at årsaka ikkje er at Regjeringa innafor denne studieretningen ikkje ser problem som er verde å nemne. Det finst svært mange døme på at lærarar på allmennfagleg studieretning er fortvila over dei problema dei møter når evnespreiinga i ein klasse kan være like stor som i ein ungdomsskuleklasse.

Samtidig ligg det føre mange og særdeles klare signal frå universitet og høgskular om at nye studentar har eit dårlegare grunnlag frå vidaregåande skule enn tidlegare, med dei konsekvensane dette får for undervisning og nivå. Denne utviklinga ser ein ikkje berre når det gjeld realfaga, men også i språkfaga og andre kulturfag. Desse medlemene meiner at det er grunn til å ta på alvor at utviklinga i vidaregåande skule - og særleg etter Reform 94 - har ført til at mange elevar får eit dårlegare grunnlag for å gå vidare med studiar ved høgskular og universitet enn det elevane fekk tidlegare. Det er svært bra at langt fleire elevar enn tidlegare får høve til å gjennomføre allmennfagleg studieretning, men desse medlemene stiller seg samtidig undrande til at ein ikkje synest å vere uroa over at denne sterke auken i talet på dei som vel allmennfag, har hatt klare negative konsekvensar for det faglege nivået. Regjeringa må gjerne meine at "En sammenligning av faglig nivå før og etter reformen er derfor … en lite fruktbar tilnærming", men ein endrar ikkje ein faktisk situasjon eller løyser problema ved å late att augene for at problema finst. Løysinga ligg etter desse medlemene si meining ikkje i å halde nokre grupper borte frå allmennfag, men i å gjere det mogleg å differensiere meir. Desse medlemene ser ikkje bort frå at dei skulane som ønskjer det må få høve til å bruke organisatorisk differensiering, dersom dette er naudsynt for å kunne oppfylle føresetnaden om at elevane skal få "en studieforberedende opplæring" som faktisk førebur elevane til akademiske studiar. I ein situasjon der ein stadig oftare understrekar at målet er å gi ei individuelt tilpassa undervisning, burde det ikkje vere urimeleg at ein også finn gode - og tilstrekkeleg krevjande - tilbod for denne delen av elevmassen.

Desse medlemene er kritiske til dei tankane som dukkar opp med nokre års mellomrom om å la karakterar få ei mindre viktig rolle i vurderinga.

Desse medlemene gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa sjå til at det vert gjennomført eksamen i alle skriftlege fag og munnleg eksamen i minst eitt munnleg fag for alle elevar.»

Desse medlemene finn det heilt urimeleg at det no ikkje er høve til å forbetre karakterar i ein del studieretningsfag 2. året i vidaregåande skule dersom eleven byggjer ut faget og tek eksamen 3. året. Karakterane vert ståande på vitnemålet og tel med ved opptak til vidare studium. Desse medlemene gjer difor følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa opne for høve til å ta opp att eksamen i vidaregåande skule i alle fag der karakteren vert ståande på det endelege vitnemålet.»

Komiteen deler Regjeringa sitt syn på at prinsippa som vart lagde til grunn i St.meld. nr. 33 (1991-92) for utforming av tilbudsstrukturen, langt på veg er eigna til å møte krava me vil møte i framtida. Færre grunnkurs har sikra mindre omval og større fagleg breidde, samstundes som det har gjeve ein betre desentralisert struktur. Men etter komiteen sitt syn er det nødvendig med endringar innafor einskilde fag.

Komiteen meiner at dagens modell i all hovudsak er ein god modell. Men dagens grunnkursstruktur må vidareførast på ein slik måte at den gir ein fleksibilitet som kan fange opp ulike faglege og organisatoriske behov.

Det må takast omsyn til både fagleg breidde og fagleg spesialisering, samtidig som tilbodsstrukturen må innehalde nødvendig fleksibilitet og evne til å kunne møte nye opplæringsbehov.

Komiteen konstaterer at evalueringa av Reform 94 ikkje gir haldepunkt for å dra klare slutningar med tanke på å slå saman grunnkurs. Det kan likevel ikkje utelukkast at det vil være føremålstenleg å slå saman to eller fleire grunnkurs. Komiteen vil imidlertid understreke at dei ulike bransjane og partane i arbeidslivet er viktige premissleverandørar og derfor må verte dregne med i ein prosess for å vurdere utviklinga av dei ulike faga. I denne prosessen vert det teke for gjeve at nye utfordringar blir tekne i vare.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti hadde, med bakgrunn i den omfattande evalueringa av reformen, forventa konkrete framlegg frå Regjeringa baserte på reelle drøftingar med arbeidslivet sine organisasjonar.

Slik komiteen ser det, inneheld hovudmodellen mange moglege modellar for kopling av teori og praksis som så langt i Reform 94 i beskjeden grad er prøvde ut. Komiteen stør all praktisering av hovudmodellen som endå betre forankrar teorien i praktisk arbeid og som bidreg til gode koplingar mellom opplæring i skule og opplæring i bedrift.

Komiteen er nøgd med at meldinga legg opp til at fylkeskommunane innafor ramma av lov, forskrift og læreplanar skal ha fridom til å veksle mellom opplæring på skule og opplæring i bedrift. Den moglegheita for fleksibilitet som ligg i dagens system, er ikkje godt nok nytta ut.

Komiteen registerer at Regjeringa legg til grunn at dei nye grunnkursa Stortinget har vedteke skal leggje grunnlag for yrkesretta utdanningsvegar. Komiteen er samd i det. Når det gjeld merkantile fag, stør komiteen framlegget om at dei yrkesretta utdanningsløpa som i dag ligg i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, skal inngå i det nye grunnkurset.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at eitt av VK1-kursa i strukturen bør avspegle utdanningsbehov som i dag vert dekte utafor den offentlege vidaregåande opplæringa, slik som sekretærutdanningar/leiarassistentutdanningar.

Fleirtalet meiner det er naturleg å vurdere slike utdanningar i samanheng med Berg-utvalet si innstilling. Dette utvalet sitt mandat er å utrede behovet for ulike slag opplæringstilbod som i dag verken er definerte som vidaregåande opplæring eller høgre utdanning. Fleirtalet syner her til merknad om teknisk fagskole under pkt. 2.11.

Fleirtalet merkar seg at vidaregåande kurs 1-strukturen har blitt meir spesialisert og at det er oppretta langt fleire VK1-kurs enn føresett.

Det alternative VK2-kurset for elevar utan læreplass har fungert bra innafor sosial- og helsefaga, men innafor andre studieretningar har det vore problematisk, mellom anna for lite tid til praktisk trening. Fleirtalet slutter seg til Regjeringa sitt framlegg om å utvide skuleåret for desse elevane og legge inn meir tid til arbeidstrening i bedrift, før elevane går opp til fagprøve. Fleirtalet vil likevel peike på at VK2-kurs ikkje må bli eit alternativ til læreplass der det er eit lærefag, og er nøgd med at utviklinga syner at det har funne stad ein sterk reduksjon av desse kursa.

Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti, strekar under at Reform 94 har leia til at overgangen frå fagbrev til generell studiekompetanse er monaleg betra. Med dette er det òg lagt til rette for eit meir differensiert inntak til høgare utdanning. Fleirtalet er kjent med at mange lærlingar i einskilde fylke på sikt ønskjer å ta generell studiekompetanse med tanke på vidare utdanning. Fleirtalet meiner det er viktig at elevar som har fullført vidaregåande opplæring mot studiekompetanse, men som ikkje ønskjer å ta høgare utdanning, kan få eit avkorta løp mot eit fagbrev. Fleirtalet ber om at Regjeringa arbeider vidare med sikte på ei slik tilpassing i det vidare arbeidet med etter- og vidareutdanningsreformen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Næringslivets Hovedorganisasjons (NHO) brev til Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet datert 29. oktober 1998. Fra brevet siteres:

«Arbeidslivets behov sammen med de utdanningssøkendes ønsker må legges til grunn for dimensjonering av fagtilbudet på grunnkurs og VK I. Lov og forskriftsverk må klarere presisere fylkenes ansvar for å etablere tilbud som er balansert i forhold til arbeidslivet og de utdanningssøkendes behov. Hittil under Reform 94 har de unges førstevalg i stor grad blitt et overordnet premiss for dimensjoneringen av skoletilbudet i fylkene, og arbeidslivets behov har i mindre grad blitt tilgodesett.»

Dette synspunkt støttes. På dette område har man en klar utfordring både i forhold til fylkenes prioriteringer og i forhold til veilednings- og rådgivningstjenesten i grunnskolen (ungdomsskolen), som må klargjøre for de utdanningssøkende hvor fremtidige behov/jobbmuligheter ser ut til å være.

Komiteen sine medlemer frå Høgre minner om at Høgre, då Reform 94 vart vedteken, var med på ein sterk reduksjon i talet på grunnkurs og vidaregåande kurs. Høgres utgangspunkt var at kor mange og kva type grunnkurs og vidaregåande kurs vi skal ha, må avgjerast av målet for den opplæringa som skal gjevast, og til behova innan ulike fagområde. Det må takast omsyn både til fagleg breidde og fagleg spesialisering, samtidig som tilbodsstrukturen må innehalde naudsynt fleksibilitet og evne til å kunne møte nye opplæringsbehov. Høgre la til grunn at tilboda innan handverks- og industrifaga skulle få si endelege utforming i samarbeid med partane i arbeidslivet, for å sikre fagleg fordjuping og spesialisering. Desse medlemene konstaterer at Høgres føresetnader frå 1992 er like aktuelle i dag, og vil leggje desse til grunn for det vidare arbeidet med strukturen.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre konstaterer at det i den perioden vi har hatt Reform 94 er kome kritikk frå mange bransjar om manglande fagkunnskap hos elevane, medan enkelte handverksfag klagar over at det ikkje er mogleg å møte behovet for arbeidskraft i desse bransjane innanfor ramma av Reform 94. Som døme kan nemnast at rørleggjarbransjen har prøvt å få etablere alternativ rørleggjaropplæring.

Desse medlemene meiner på bakgrunn av dette at Regjeringa i meldinga går for langt i retning av å sjå det som ønskeleg å slå saman ulike grunnkurs og ulike vidaregåande kurs 1. Desse medlemene er også skeptiske til framlegget om å redusere talet på lærefag. Desse medlemene ser Regjeringa sitt framlegg som ei einsidig vektlegging av fagleg breidde framfor fagleg innhald, og meiner at dette er eit altfor skjematisk utgangspunkt for ei vurdering av tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring. Eit langt betre – og fagleg meir forsvarleg – utgangspunkt er at faga må vere så smale eller breie som den einskilde bransjen finn naudsynt for å tilfredsstille faglege behov innan det einskilde området. Det er etter desse medlemene si meining viktig å halde fast på at mange verdiskapande funksjonar er avhengige av små grupper fagfolk, og at den situasjonen at enkelte fagområde har få søkjarar ikkje inneber at tilbodet ikkje er viktig. Det er sjølvsagt ikkje slik at alle fylke må kunne tilby alle grunnkurs og VK1. Eit svært viktig moment må vere om fylka har ein næringsstruktur som gjer det mogleg å skaffe læreplassar i dei faga som vert tilbode.

Desse medlemene har merka seg dei sterke reaksjonane som er komne, m.a. frå NHO, på framlegget om å slå saman tekniske byggfag med byggfag og kjemi- og prosessfag med mekaniske fag. Desse medlemene har også merka seg at det frå faglærarhald er uttrykt at framlegget om å slå saman byggfaga til noko som skal omfatte svært ulike yrke (t.d. frå snekker og murar til rørleggjar), vil gjere det svært vanskeleg å finne ein faglærar som kan dekkje heile området på forsvarleg vis.

Desse medlemene er klar over at det ikkje er praktisk mogleg å passe inn i "normalstrukturen" alle dei variantane og avvikande opplæringsløpa som det kan vere ønskeleg å tilby for å stette ønskje og behov både frå elevane og frå arbeidslivet. Nokre av problema kan løysast gjennom ei noko breiare satsing på landsliner, jf. merknader seinare i denne innstillinga. Det aller viktigaste for å kunne følgje opp ønskje og behov er etter desse medlemene sitt syn at skulestyresmaktene viser størst mogleg fleksibilitet når det gjeld haldninga til søknader om avvikande opplæringsløp. Det avgjerande må vere om ein oppfyller dei faglege krava.

Etter komiteen si meining må dei nye grunnkursa som blei vedtekne av Stortinget under handsaminga av budsjettet for 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998-99), GK merkantile fag og GK media/kommunikasjon, vere klare frå hausten år 2000. Komiteen meiner vidare at det er viktig å sikre aktiv medverknad frå bransjane og partane i utforminga av grunnkursa og det vidare løp, og komiteen føreset at dette skjer før grunnkursa vert sette i verk.

Komiteen gjer slikt framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa etablere dei to nye grunnkursa, media/kommunikasjon og merkantile fag, frå hausten 2000.»

Etter komiteen si vurdering er det viktig å få etablert nødvendige endringar i struktur og rettar så snart som råd er. Læreplanverket må reviderast og utviklast i tråd med dette. Slike endringar må følgjast opp med planar for etterutdanning både sentralt og lokalt.

Komiteen legg til grunn at Regjeringa prioriterer dette arbeidet på ein måte som sikrar både kvalitet og den nødvendige framdrifta.

Komiteen ber Regjeringa om å leggje fram planar for dette revisjonsarbeidet for Stortinget.

Komiteen er einig med meldinga i at ein er kome for kort i å yrkesrette og differensiere allmennfaga på yrkesfagleg studieretning. Meir bruk av praksis i bedrift som ei veksling mellom skule og arbeidsliv for elevar på grunnkurs og vidaregåande kurs kan vere verdifullt, men komiteen er redd for at dette kan kome i konkurranse med lærlingeplassane. Dette virkemiddelet må derfor rettast inn mot dei elevane som har størst utbytte av ei slik ordning. Ein annan måte å knyte kontakt med arbeidslivet på, kan vere å få fagarbeidarar frå bedriftene inn i skulen som lærarar. For å betre grunnlaget som elevane vel yrkesretning ut ifrå, er det av stor verdi at dei får kjennskap til dei ulike yrka gjennom bedriftsbesøk og liknande.

Komiteen er også av den oppfatninga at det bør setjest i gang forsøk der lærarar får tid til praksis i bedrift.

Komiteen sitt fleirtal�medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, er samd med Regjeringa i at eit breitt kompetansesyn må bli lagt til grunn i arbeidet med å utvikle dei ulike faga vidare. Fleirtalet er òg nøgd med at det ikkje kjem forslag om å redusere innslaget av felles allmenne fag i dei yrkesfaglege studieretningane. Utfordringane for fagarbeidarane i framtida krev at dei har brei kompetanse også på desse områda, men det er nødvendig å leggje meir arbeid i å integrere allmennfaga og gjere dei meir yrkesretta. Det er òg viktig å auke innsatsen for å få lagt om undervisninga til meir aktive læremåtar, til dømes prosjektarbeid. Fleirtalet vil sterkt streke under trongen til å tilpasse opplæringa til den einskilde eleven sine behov.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil leggje vekt på at det er viktig å få ein gjennomgang av undervisningsmetodane og innhaldet i opplæringa på studieretningane som gjev studiekompetanse. Og for desse elevane vil det etter desse medlemene si meining vere av stor verdi å få kjennskap til arbeidslivet i løpet av den treårige opplæringa, gjerne knytta til framtidig val av vidare utdanning og yrke, men òg som ei generelt lærerik erfaring.

Desse medlemene vil på bakgrunn av dette gjere slikt framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa forankre i læreplanane at elevar som tek vidaregåande opplæring med studiekompetanse som mål, skal få erfaring frå arbeidslivet i løpet av opplæringstida.»

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa sjå til at det vert lagt større vekt på yrkesretta teori og mindre vekt på allmennfagleg teori i yrkesutdanninga.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for å redusere omfanget av teori innen yrkesfag.»

Komiteen sine medlemer frå Høgre har merka seg at det ikkje er gjort framlegg om å redusere innslaget av felles allmenne fag i dei yrkesfaglege studieretningane. Desse medlemene er ikkje usamde i dette som ein normalmodell, men understrekar at det er naudsynt å finne fram til løysingar som ikkje hindrar "teorisvake" eller sterkt "teoritrøytte" elevar i å få ei fagutdanning. Det er ikkje tilfredsstillande at ein elev på det næraste må definerast som "avvikar" for å få høve til å velje alternative løysingar. Det er inga usemje om at alle har behov for allmenn kunnskap, men desse medlemene har inntrykk av at omfanget av allmennfag i yrkesutdanninga meir er bestemt av eit ønskje om å gi grunnlag for generell studiekompetanse enn av det som er naudsynt for å få ei meiningsfylt fag- og yrkesutdanning.

Desse medlemene er elles samde i at det er både ønskeleg og naudsynt å yrkesrette allmennfaga i dei yrkesfaglege studieretningane, men vil samtidig minne om at ei slik yrkesretting også får som følgje at faga på desse studieretningane fjernar seg frå det faglege innhaldet og oppbygginga som skal gi grunnlag for generell studiekompetanse.

Desse medlemene viser til merknadene sine om situasjonen for dei studieførebuande studieretningane. For desse medlemene synest det meir enn merkeleg at Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti no gjer framlegg om obligatorisk utplassering i arbeidslivet for elevane i dei studieførebuande studieretningane. Desse medlemene ser svært positivt på kontakt mellom skule og arbeidsliv, men vil gå mot å gjere praksisperiodar i næringslivet obligatoriske i allmennfag, då det er grunn til å frykte at dette meirarbeidet vil gå ut over fag som er heilt sentrale i dei studieførebuande studieretningane.

Komiteen minner om at det er eit mål med reformen å sikre alle mellom 16 og 19 år rett til vidaregåande opplæring. Utdanninga skal føre fram til studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller annan yrkeskompetanse. Komiteen er samd med departementet i at det er eit viktig mål å stimulere til høgast mogleg ambisjonsnivå for alle elevar i vidaregåande skule. Alle skal bli stimulerte til å kome lengst mogleg ut frå sine eigne føresetnader.

Komiteen har merka seg at ungdom med rett til vidaregåande opplæring har hatt ein langt betre progresjon i vidaregåande opplæring enn tidlegare grunnskulekull. Betringa gjeld fyrst og fremst yrkesfagelevane. Evalueringa av reformen viser at våren 1998 var 83 pst. av alle rettselevar som starta i 1994, i rute med kompetanse. For yrkesfagelevane var talet om lag 70 pst., noko som er nær ei fordobling i høve til denne gruppa før reformen. Sjølv om dette er ei stor forbetring i elevane si gjennomføring av opplæringa, vil likevel komiteen streke under at situasjonen ikkje er tilfredsstillande. Tala viser at nær 30 pst. av elevane på yrkesfag er forseinka i si opplæring av ulike årsaker, eller har brote av opplæringa. Komiteen er oppteken av konsekvensane for kvar einskild ungdom som ikkje fullfører opplæringa, kva dette kan ha å seie for den einskilde si sjølvkjensle og motivasjonen for vidare læring.

Komiteen er særskilt oppteken av dei opplæringstilbod som blir gjevne til elevar som bryt av opplæringa og som blir formidla vidare av oppfølgingstenesta. Komiteen vil streke under kor viktig det er at elevane blir oppmuntra og støtta over i opplæringstilbod som dei finn seg betre til rette i. Komiteen ber departementet om å følgje nøye opp kvaliteten i opplæringa for desse elevane. Mellom desse vil dette vere elevar som arbeider mot delkompetanse.

Komiteen meiner derfor at skulane saman med elevane må planleggje realistiske opplæringsløp. Komiteen trur at den sterke markeringa av at sluttkompetanse skal vere fagbrev eller studiekompetanse, kan ha gjort det vanskeleg å legge planar med delkompetanse som mål. Komiteen minner om at alle med rett til utdanning skal få eit tilbod som i størst mogleg grad samsvarar med den einskilde sine føresetnader, evner og motivasjon, og som dessutan gir ein dokumentert kompetanse.

Komiteen meiner at opplæring av elevar som tek sikte på delkompetanse, i sterk grad må bli forankra i arbeidslivet sine krav til kompetanse for bestemte arbeidsoppgåver. Måla i læreplanen må finne sitt praktiske innhald på ein slik måte at den unge styrkjer si sjølvkjensle gjennom å meistre arbeidsoppgåver som arbeidslivet spør etter.

Komiteen syner til ei undersøking mellom bedrifter i Oslo og Akershus, som konkluderer med at 80 pst. av bedriftene svarar at dei også har behov for arbeidskraft som ikkje har fag- eller sveinebrev. Opplæring som skal leie fram til ein annan yrkeskompetanse (delkompetanse), må innehalde ulike delar frå læreplanane. I tillegg er det etter komiteen sitt syn ein føresetnad at delar av opplæringa går føre seg i bedrift. Komiteen ser for seg at denne typen opplæringskontraktar vil ha eit anna omfang både i innhald og lengd enn vanlege lærekontraktar. Komiteen trur derfor at det ikkje bør vere formelle hindringar for at ein ved sidan av lærekontrakt med ordinær opplæringstid på to år (opplæring og verdiskaping), kan skipe eit system der unge kan etablere opplæringskontrakt med delkompetanse som mål. Komiteen meiner at det på bransjenivå må definerast eit kompetansenivå med tilhøyrande kompetansebevis. Det må innafor det sentralt definerte nivået vere rom for lokal tilpassing. Kompetansebeviset må gje grunnlag for arbeid på nivå under fagarbeidarnivå. Komiteen legg vekt på at opplæringa mot kompetanse under fagarbeidernivå innanfor eit yrke må vere forankra i læreplanane og det faglege innhaldet for det aktuelle yrket, slik at det kan vere mogleg å byggje vidare på dette mot fag- eller sveinebrev.

Komiteen meiner at elevar som planlegg eit utdanningsløp fram til eit anna kompetansenivå enn fag- eller sveinebrev, må få individuelt opplæringsløp innafor ei ordinær klasse eller i eigne grupper. Komiteen meiner at i høve til strukturelle endringar, må arbeidet med å systematisere opplæringsløp for elevar som vel andre løp enn fag- eller sveinebrev og studiekompetanse, prioriterast høgt.

Komiteen viser til meldinga og understreker betydninga av at departementet arbeider vidare med dokumentasjonsordningar som gjer det mogleg for elevar å få dokumentert sin kompetanse på ein god måte. Det er naturleg at erfaringane frå delkompetanseprosjektet inngår i dette arbeidet. Komiteen vil peike på at dette arbeidet må finne stad i samarbeid og forståing med partane i arbeidslivet og dei ulike bransjane.

Komiteen gjer slike framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til at det på bransjenivå blir definert kompetansenivå, med tilhøyrande kompetansebevis, for elevar og lærlingar som ikkje siktar mot fag- eller sveinebrev.»

«Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag om endring i opplæringslova, slik at unge som har annan kompetanse (delkompetanse) som mål, kan teikne opplæringskontrakt.»

Vidaregåande opplæring er nøkkelen til studiar og arbeid, og gir større tryggleik for den einskilde i arbeidet. Komiteen er kjend med at aldri tidlegare har så få vaksne utdanningssøkjande stått utan eit tilbod om vidaregåande opplæring som etter Reform 94. Komiteen er òg kjend med at talet på vaksne som søkjer seg vidaregåande opplæring har gått ned. Dette kan ha fleire årsaker, mellom anna ein betre arbeidsmarknad, at nye kull yngre vaksne i aukande grad blir omfatta av opplæringsretten eller at vidaregåande opplæring ikkje blir lagd til rette godt nok for å møte dei vaksne sine behov. Komiteen ser at dette går fram av evalueringa av reformen.

I St.meld. nr. 42 (1997-98) viste Regjeringa til at det er om lag 265 000 vaksne som kan tenkje seg utdanning i vidaregåande skule for å få studiekompetanse eller fagbrev. Sjølv om det ligg inne i omfangsreglane at det skal vere rom for vaksne elevar, har dette i liten grad skjedd. Komiteen vil leggje vekt på at fylkeskommunane må opprette tilstrekkeleg mange plassar, slik at vaksne kan få eit tilbod.

Komiteen vil streke under trongen til tilpassa ordningar for dei vaksne elevane, slik at det mellom anna er mogleg å kombinere utdanning og arbeid.

Det har vore eit stort problem at dei vaksne i mindre grad har fullført den påbegynte opplæringa. Departementet gjer framlegg om å gi vaksne rett til å fullføre eit utdanningsløp når dei først har kome inn på eit grunnkurs eller VK1-kurs. Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at dette er positivt, men at det ikkje er tilstrekkeleg. Desse medlemene gjer derfor framlegg om at Regjeringa fremjer lovforslag om at individuell rett til vidaregåande opplæring i tillegg skal omfatte vaksne som ikkje tidlegare har fått tilbod om eller fått høve til å fullføre vidaregåande opplæring/fagopplæring:

«Stortinget ber Regjeringa fremje lovforslag om individuell rett til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje tidlegare har fått tilbod om, eller fått høve til å fullføre, vidaregåande opplæring/fagopplæring.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre vil vise til at statsministeren i brev til partene i arbeidslivet i forbindelse med lønnsoppgjøret i 1999 påpekte at Regjeringen vil vurdere å fremme forslag som sikrer tilbud om videregående opplæring for voksne født før 1978.

Disse medlemmer viser videre til statsråd Lilletuns svar til komiteen i brev av 26. mai 1999, hvor det heter:

«Videre vil departementet i samarbeid med fylkeskommunen forsterke arbeidet med utviklinga av videregåande skolar til lokale ressurssentra for vaksne og lokalt næringsliv. Siktemålet vil mellom anna vere at vaksne og lokale bedrifter kan få tilbod om opplæring betre tilpassa behovet til brukarane enn det vi ser i dag.»

Komiteen vil oppmode til at fylkeskommunane utviklar fleksible opplæringstilbod som mellom anna inneber at delar av opplæringa går føre seg på arbeidsplassane. Moderne informasjonsteknologi bør i større grad bli teken i bruk i opplæring av vaksne - både for å styrke tilgangen til utdanning, men òg for å gjere dei vaksne elevane fortrulege med verktøyet. Ordinær opplæring i klasse og verkstad bør i større grad bli opna for vaksne. Etter komiteen si meining vil dei vaksne elevane i dei fleste høve fungere positivt og stabiliserande på læringsmiljøet.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, viser til at Stortinget har bede Regjeringa om å etablere eit system som gir vaksne rett til å dokumentere sin realkompetanse utan å måtte gå vegen om tradisjonelle prøveordningar, jf. Innst. S. nr. 78 (1998-99) om kompetansereformen.

Fleirtalet viser elles til at departementet skal gje rettleiande retningsliner for vurdering av realkompetanse for å sikre mest mogleg lik handsaming. Fleirtalet er kjent med at departementet er i gang med å etablere eit omfattande treårig prosjekt.

Fleirtalet er uroleg for tidsperspektivet i dette arbeidet. Det er gjort verdifulle røynsler i mange fylkeskommunar som det kan byggjast vidare på.

Fleirtalet meiner erfaringar frå utprøving i fylkeskommunane bør integrerast i dette arbeidet. Utgreiinga bør vere fullført og høyring gjennomførd i løpet av vår/sumar 2000 slik at retningslinene for dokumentasjon av realkompetanse og etablering av kortare og tilpassa studieløp i vidaregåande opplæring kan setjast i verk frå hausten 2000. Fleirtalet ser dette som ei direkte oppfølging av Stortinget sitt vedtak i samband med handsaminga av kompetansemeldinga og gjer slikt framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa leggje opp arbeidet med realkompetanse slik at retningslinene for dette og den tilpassa/avkorta vidaregåande opplæringa kan setjast i verk frå hausten 2000.»

Komiteen sine medlemer frå Høgre viser til at det allereie i dag føregår vurdering av realkompetanse i fylkeskommunane etter reglar frå departementet. Desse medlemene er nøgde med dette og er einige med departementet i at det er viktig å vidareutvikle og intensivere arbeidet på dette området.

Dette arbeidet må ikkje forvekslast med det arbeidet som Mjøsutvalet gjer kva gjeld vurdering av realkompetanse for inntak til høgre studiar.

Desse medlemene støttar framlegget om at vaksne skal ha rett til å fullføre eit utdanningsløp når dei først er tekne opp på eit grunnkurs eller vidaregåande kurs 1. Desse medlemene meiner elles at vidaregåande opplæring vil ha ein heilt sentral plass i ein kompetansereform for vaksne. Tilbod på dette nivået vil sannsynlegvis vise seg som svært aktuelle for mange vaksne - også for dei som ikkje ønskjer å gi seg i kast med ei treårig utdanning.

Desse medlemene er samde i at det bør etablerast eit system som gjer det mogleg for vaksne å få dokumentert og godkjent den realkompetanse som ein har. Desse medlemene viser også til at Kristelig Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre i Innst. S. nr. 78 (1998-99) seier at:

«Disse medlemmer mener at privatistordningene i hele utdanningssystemet må opprettholdes og videreutvikles. Det er viktig at det innenfor alle fagområder der det er praktisk mulig, skal være anledning til å avlegge privatisteksamener for å dokumentere sine kunnskaper og ferdigheter.»

Når det gjeld spørsmålet om lovfesta individuell rett til vidaregåande opplæring for vaksne, viser desse medlemene til sin merknad i samband med kompetansereformen, jf. Innst. S. nr. 78 (1998-99):

«Det er ikke forsvarlig å vedta en slik lovfestet rett uten at man har noen oversikt over hvilke økonomiske eller kapasitetsmessige problemer en slik utvidelse av den lovfestede rett vil medføre i praksis.»

Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring har betra forholda for ungdom når det gjeld høve til utdanning og opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse. Komiteen legg til grunn at retten ikkje skal bli svekkja, men ser at det er grunn til endringar. Komiteen er samd i departementet sitt framlegg om at uttak av retten blir utvida frå 4 (5) til 5 (6) år. Det er trong til større fleksibilitet, og komiteen legg til grunn at oppfølgjingstenesta si rolle ikkje blir svekt med denne utvidinga. Samstundes er det av stor verdi at elevane får rett til omval og rett til å fullføre det løpet dei har starta opp. Komiteen stør departementet i at elevar som ikkje har bakgrunn frå norsk skule, og av den årsak må gå eitt år i innføringsklasse, ikkje skal få avkorta rettsåra sine.

Omfanget av læreplassar har vore ei utfordring etter reformen, og departementet har i meldinga diskutert om elevane skal få rett til læreplass. Komiteen er samd i at ein slik rett kan vere vanskeleg å oppfylle.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er likevel ikkje nøgde med at departementet ikkje vil vurdere tiltak så lenge konjunkturane er gode, men berre vurdere krisetiltak og ein beredskap i tilfelle dårlegare tider.

Komiteen viser til det arbeidet som blei lagt ned i samband med St.meld. nr. 22 (1996-97). Komiteen vil be Regjeringa kome attende til Stortinget med framlegg til tiltak for å sikre nok læreplassar i tida framover.

Komiteen viser til at innføringa av Reform 94 har stilt dei vidaregåande skulane overfor store pedagogiske utfordringar. I dag er det slik at over halvparten av kulla begynner på allmennfagleg studieretning.

Komiteen vil peike på at det større elevgrunnlaget m.a. har auka behovet for differensiering innanfor allmennfagleg så vel som yrkesfagleg studieretning. Komiteen er nøgd med at departementet vektlegger dette i det strategiske forskings- og utviklingsarbeidet, slik at ulike modellar for differensiering blir prøvde ut.

Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre, vil understreke betydningen av den profesjonelle pedagog og aktive elev som et av hovedprinsippene i meldingen. Dette er et viktig utgangspunkt for synet på læringsmiljøet i videregående utdanning. Flertallet er tilfreds med at meldinga understreker og viderefører elev- og lærlingdeltaking og ansvar for egen læring som grunnleggende og viktige utdanningspolitiske prinsipp.

Flertallet har også merket seg at meldinga peker på at målene elev- og lærlingdeltaking på langt nær er nådd. Det er grunn til å peke på at meldingen fortsatt tar til orde for et høyt ambisjonsnivå.

Flertallet registrerer at evalueringa viser at det har vært vanskelig å motivere elevene til å ta del i planleggingsprosessen basert på målstyring. Evalueringen peker på at mange elever ikke ser verdien av å planlegge ut fra måla i læreplanen, og det kan tyde på at elevene ikke har forutsetninger for å drive denne typen planlegging slik den har vært lagt opp. Det kan derfor være grunn til å vurdere hvordan elevmedvirkning kan foregå. Flertallet mener det er viktig å legge til rette for elevdeltakelse på en realistisk måte og på områder der elever og lærlinger opplever at de har forutsetninger for å ha reell innvirkning på sitt eget læringsmiljø. Flertallet finner også grunn til å peke på at det planleggingsarbeidet elever og lærer skal gjennomføre i fellesskap, må skje innen den tid og de læringsressurser som er til disposisjon.

I Innst. S. nr. 200 (1991-92) streka eit fleirtal i komiteen (medlemene frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet) under at:

«… det er viktig å skape et best mulig læringsmiljø som motiverer elevene og stimulerer egeninnsatsen. Elevene bør få reelle muligheter til å delta i planleggingen og gjennomføringen av undervisningen, både når det gjelder valg av arbeidsstoff og undervisnings- og vurderingsformer.»

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti kan slutte seg til den vektlegging av elevane sin aktive medverknad som ein forutsetning for god og varig læring som kjem til uttrykk i sitatet over. Evalueringa av reformen viser at ikkje alle skular er komne like langt i å få elevane aktivt med, slik at dei prinsipp som blir skildra, fortener å bli minna om. Det er likevel mange gode døme på dyktige lærarar i dagens vidaregåande skular som gjennom fagleg og profesjonell tilrettelegging av opplæringa stimulerer elevane til innsats og aktiv deltaking. I slike klasser og grupper blir elevane gjevne ein verdifull plattform for vidare læring - og arbeid.

Desse medlemene kan derfor ikkje akseptere at departementet ønskjer å senke ambisjonsnivået når det gjeld elevane si involvering i arbeidet i verkstad og klasserom.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre vil understreke prosjektarbeid som en sentral del i moderne pedagogikk og at dette opplegget krever aktiv deltaking fra elevene.

Komiteen vil streke under at det er skulen - og læraren - si primæroppgåve å organisere opplæringa slik at elevane medverkar aktivt. Det er med andre ord skulen sitt hovudansvar å motivere elevane til engasjement gjennom arbeidsformer, planlegging og vurdering av opplæringa. Å gje høve til innverknad i samarbeid med andre - og samtidig ta ansvar - er verdifull trening i demokratisk handlemåte. Det er dessutan eit verdifullt prinsipp for god læring. Skulen skal i sin kontakt med elevane ivareta begge desse omsyna.

Komiteen vil understreke den betydninga entreprenørskap kan ha som arbeidsmål og som danningsform. I ein slik prosess vil elevane sjølve delta aktivt og ta ansvar for eiga læring. Komiteen meiner entreprenørskap på timeplanen vil bidra til ein meir elevaktiv skule. Denne lærings- og danningsformen vil også vere med på å få fram ein ønskjeleg entreprenørkultur i skulen. Det er ei utfordring å gjere dette perspektivet sterkare gjeldande i vidaregåande opplæring.

Komiteen kjenner til at fem departement nyleg har utarbeidd ein handlingsplan for entreprenørskap "Entreprenørskap på timeplanen". Det blir sagt i forordet til planen at Regjeringa ser det som eit viktig mål å få entreprenørskap på skulane sine timeplanar:

«En skole som skal fremme holdninger preget av entreprenørskap hos barn og unge, må selv i sin daglige virksomhet og utvikling være preget av de samme holdningene.»

Komiteen deler desse synspunkta.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti finn på denne bakgrunn departementets reservasjonar til den elevaktive skulen noko underleg.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at alle elevar skal bli kjende med læreplanane i dei einskilde fag slik at dei veit kva for kompetanse opplæringa rettast mot - og kva samfunnet vil krevje av dei. Dette er nødvendige føresetnader for å skape reell medverknad - og gje elevane ein sjanse til å planleggje eige arbeid på sjølvstendig basis - og i samarbeid med lærarar og klasse/gruppe.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre er samde i at det er eit heilt sentralt mål å ha eit best mogleg læringsmiljø i alle delar av vidaregåande opplæring. Det er også eit heilt sjølvsagt mål at elevane sin eigeninnsats og aktive medverknad er best mogleg. Desse medlemene er difor svært positive til tiltak som kan stimulere elevane sin eigeninnsats og aktive medverknad. Desse medlemene er samde med Regjeringa i at satsinga på dette først og fremst må vere i gjennomføring og evaluering av undervisninga.

Desse medlemene meiner at hovudproblemet med dagens læreplanar er at dei er for lite konkrete og for upresise i utforminga. Det er ein tydeleg skilnad på tidlegare brukte uttrykk som "Eleven skal kunne …" og dagens meir uklare formuleringar som "Eleven skal kjenne til …". Denne typen formuleringar gjer det vanskeleg å evaluere graden av måloppnåing i dei einskilde faga, og kan samtidig gi eit uklart inntrykk av elevane sitt kunnskaps- og ferdigheitsnivå. Etter desse medlemene si mening er det difor naudsynt med meir presist formulerte mål i læreplanane i vidaregåande opplæring.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre har merket seg at departementet legger opp til at den langsiktige utviklingen av læreplanene skal skje med sikte på å finne et mer enhetlig preg, der siktemålet vil være å redusere detaljeringsgraden og å vurdere omfang og ambisjonsnivå. Disse medlemmer støtter dette. Målene i læreplanen skal være konkrete, men må ikke føre til uhåndterbare dokumentasjonskrav, men brukes som overordnete retningslinjer for læreplanen tilpasset de enkelte fag. Disse medlemmer er også tilfreds med at departementet vil legge vekt på at læreplanene skal utvikles med et helhetlig perspektiv, der de både skal samsvare med grunnskolens læreplaner og at de skal koples til høyere utdanning. Disse medlemmer vil understreke at det siste er viktig for å gi elever som velger studieretninger med generell studiekompetanse det grunnlag de behøver for å fortsette med høyere utdanning.

Komiteen meiner at det har vore ein føresetnad at læreplanane skal reviderast, mellom anna for å tilpasse læreplanverket til Reform 97. Dessutan er det ei sanning at ein del læreplanar kom til under veldig høgt tempo og kan trenge ein gjennomgang av kvalitetsmessige årsaker. Ein del påpeika endringsbehov i innføringsperioden er frå departementet si side blitt lagt til læreplanrevisjonen. Komiteen vil leggje vekt på at læreplanarbeid er ein kontinuerlig prosess, samstundes som det er viktig at både skolane og lærebedriftene ikkje opplever for raske endringar verken i innhald eller struktur. Det kan gå utover stabiliteten i opplæringa både for elevar/lærlingar og dei fagleg ansvarlege.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet går på bakgrunn av dette inn for ein samla revisjon av læreplanverket som tek inn i seg justeringane som komiteen har pekt på som naudsynte i samband med evalueringa av reformen. Desse medlemene vil her peike på innhaldet i opplæringa, arbeidsformene og elevane si deltaking.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber Regjeringa gjere ein samla revisjon av læreplanverket i samband med ny struktur på GK og VK1.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at NHO i høring med komiteen tok til orde for at det fra arbeidslivets side er ønskelig at det gis karakter også i flid, jf. opplæringsloven § 2-7. Selv om det kan hevdes at denne vurderingen i dag ligger inne i oppførselskarakteren, tror NHO det i mange tilfelle ville være gunstig, også for eleven, om flid ble bedømt særskilt.

Bak dette syn ligger omtanke for elever som ikke makter å oppnå gode faglige resultater, men som er flittige og pliktoppfyllende, og at disse skal kunne bli honorert for slike egenskaper. Videre ligger det at fastsettelse av fagkarakter pr. i dag skjer på bakgrunn av en samlet vurdering av faglig ferdighet, talent, flid og innsatsvilje. Ifølge NHO kan det derfor være vanskelig å lese hva fagkarakteren egentlig representerer av ren faglig dyktighet/ferdighet, isolert sett. Disse medlemmer støtter NHOs syn. For å gjøre karakterene til mer objektive vurderinger av faglig nivå, og for å øke fokus på elevenes flid foreslår disse medlemmer derfor:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at karaktersystemet omarbeides slik at fagkarakterene baseres på mest mulig objektiv vurdering av faglig dyktighet/ferdighet, mens det innføres en egen karakter for flid.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til at læreplanene skal bygge på mål- og rammestyring. Flertallet mener at inndeling i mål og hovedmomenter er hensiktsmessig, men at formuleringene av enkelte hovedmomenter må revideres. Med læreplanene som forskrift, mener flertallet at det er viktig med en juridisk presisering av forholdet mellom mål og hovedmomenter. Flertallet mener videre at læreplanmålene skal være styrende for opplæringen og at hovedmomentene bør kunne fravikes ut fra pedagogiske vurderinger. En slik presisering er viktig blant annet for å sikre individuell tilrettelegging for eksempel gjennom bruk av opplæring i bedrift på GK/VKI-nivå.

Slik læreplanene er formulert i dag er noen av hovedmomentene formulert som læringsmål/delmål, andre som styringer av innholdet i opplæringen og noen er formulert som metodiske styringer. Flertallet mener at valg av metode og innhold i opplæringen er et profesjonelt ansvar hos den enkelte pedagog. Flertallet ser det derfor som viktig at hovedmomentene formuleres som veiledende læringsmål/delmål.

De fagspesifikke læreplanene er delt inn i moduler for å ivareta ulike gruppers behov for å bygge mindre deler av opplæringen sammen til en definert kompetanse. Flertallet mener at modulinndelingen slik den nå framkommer ikke ivaretar denne intensjonen.

Slik modulinndelingen i flere læreplaner framstår, gir de i liten grad grunnlag til å sette sammen deler til en definert kompetanse. En læreplanmodul har ikke egen kompetansebeskrivelse, og innholdet i en modul varierer fra flere fag til et læreplanmål. Videre varierer omfanget/timetallet så mye at modulbegrepet er et dårlig utrykk for omfanget av den opplæringen eleven har fått dokumentert. Dette fører til at kompetansen, relatert til moduler i læreplanen, gir lite innhold og mening for den enkelte elev, foresatte, bedrifter og samfunnet for øvrig.

Flertallet viser til at evalueringen av Prosjekt delkompetanse peker på problemet med at modulinndelingen har fått ulik form i de ulike læreplaner. Dersom modulstrukturerte opplæringsløp og godskriving av moduler skal danne utgangspunkt for opplæringa, må det være en utfordring å få bygd opp og strukturert modulinndelingen etter en felles lest.

Flertallet mener på denne bakgrunn at modulinndelingen må gjennomgå en omfattende revidering og at inndelingen i modul skal bygge på prinsippet om at en modul skal ha en definert kompetansebeskrivelse; en beskrivelse av hva en elev kan når hun/han har gjennomført den aktuelle modulen.

Flertallet vil be departementet gå gjennom læreplanane som ein del av læreplanrevisjonen og leggje særskilt vekt på å få til ein meir føremålstenleg inndeling av modulane, der ein legg vekt på ein naturleg progresjon slik at modulene byggjer på kvarandre.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti merker seg at meldingen konkluderer med at når det gjelder innholdet, er det et langt stykke å gå før målene i Reform 94 er nådd. Disse medlemmer erkjenner at omfattende endringer av innholdet i et utdanningssystem er mer komplisert enn en ren strukturell endring. Disse medlemmer aksepterer derfor at en omfattende endring av innholdet i videregående opplæring slik det er definert i reformen, krever mer langvarige prosesser. Situasjonen slik meldingen beskriver den, og som flere av forskningsrapportene konkluderer med, gir grunn til bekymring og krever nye tiltak for å stimulere prosessene. Disse medlemmer innser at det er mange og sammensatte grunner til at endringsprosessene tar tid. Disse medlemmer vil understreke at ambisjonsnivået slik det blant annet er nedfelt i læreplanen, ikke må reduseres. Læreplanene, så vel generell del som de ulike fagplanene, forutsetter stor elevmedvirkning både i planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeidet. Dette sammen med større elevinnflytelse i skolenes styringsorganer var viktige områder for demokratisering av videregående opplæring.

Disse medlemmer viser til forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Innst. S. nr. 214 (1998-99) om at alle eksisterende ordninger for elevmedvirkning bør bli gjennomgått, og at det må bli fremmet lovforslag for å styrke elevmedvirkningen.

Disse medlemmer mener at når en skal endre innholdet, må også lærerrollen endres. En omfattende endring av skolen krever derfor lærere som er engasjerte og har et aktivt eierforhold til endringene. Disse medlemmer vil likevel understreke at det blir galt hvis problemene individualiseres og ansvaret legges på lærerne. Disse medlemmer mener derfor at det må gjøres endringer i læreplanene samt omfattende endringer i andre rammebetingelser.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til opplæringsloven med hensyn til elevmedvirkning.

Disse medlemmer viser også til sine merknader i Innst. S. nr. 214 (1998-99), der elevmedvirkning er sterkt vektlagt.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti minner om at dersom en skal få til omfattende innholdsendringer i videregående skole, må en søke å finne faktorer som er styrende for praksis. Disse medlemmer mener at individuelle karakterer og den tradisjonelle læreboka som er laget for å dekke læreplanen, har vært sterkt styrende for valg av metode i undervisningen. Disse medlemmer mener derfor at det er nødvendig å foreta en grunnleggende drøfting av karakterenes og lærebokas plass i skolen. Disse medlemmer mener bruk av karakterer er uheldig fordi det kan føre til en for stor fokusering på deler av læreplanene som igjen kan styre valg av opplæringsmetode. Skal en nå læreplanenes mål om sterkere vekt på tverrfaglighet, prosjektarbeid og pedagogiske metoder der elevene har større ansvar for egen læring, må individuelle karakterer tones kraftig ned og erstattes med vurderingssystem i forhold til den enkeltes mål. Disse medlemmer viser dessuten til at skoler ofte rangeres som gode eller dårlige på grunnlag av gjennomsnittskarakterene som offentliggjøres. Dette skaper en konkurranse mellom skolene der karakteren er eneste konkurranseparameter. Det er ikke vanskelig å forstå skoler som velger å fokusere på de delene av læreplanene som omfatter tradisjonell faktakunnskap som skal reproduseres på en bestemt måte fordi det er dette en skal prøves i til eksamen. Disse medlemmer mener derfor at de øvrige delene av vurderingsarbeidet der selve læringsprosessen blir vurdert må oppvurderes.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen legge fram en sak for Stortinget der en foreslår en gradvis avvikling av systemet med individuelle karakterer. Som del av avviklingen bør det utprøves ulike former for vurdering av læringsarbeidet.»

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre har merka seg at både meldinga og fleirtalet i denne innstillinga stadig talar om "et bredt kunnskapsbegrep" som er definert til å omfatte kunnskap og ferdigheiter i tradisjonell forstand, haldningar, verdiar og utvikling av personlege eigenskapar som samarbeidsevne, kreativitet, kommunikasjonsevne og sosial evne. Desse medlemene kan vanskeleg sjå det annleis enn at dette er omgrep som har gjennomsyra norsk skule i generasjonar, og at understrekinga av det "breie kunnskapssynet" difor ikkje representerer noko prinsipielt nytt i norsk skule. Skulen har sjølvsagt alltid fremja haldningar og verdier og vore med å utvikle elevane sine personlege eigenskapar i tillegg til den reine kunnskaps- og ferdigheitsformidlinga. Etter desse medlemene sitt syn er det nye med det "breie kunnskapssynet" at desse elementa nå er spesielt nemnde i læreplanane, og at ein nå også gir seg ut på å evaluere elevane si "måloppnåing" når det gjeld personlege eigenskapar, haldningar og verdiar. Desse medlemene minner om at desse partia konsekvent har gått mot å underkaste elevane sine personlege eigenskapar og haldningar vurdering frå lærarane si side. Desse medlemene meiner at læreplanane bør utformast slik at dei mest muleg presist klargjer dei faglege måla for opplæringa på dei ulike trinn.

Desse medlemene har merka seg at det i meldinga vert varsla eit vidare arbeid for å utvikle eksamensordningar og oppgåver som gir "bedre mulighet til å vurdere breddekompetansen". Samtidig vil Regjeringa redusere omfanget av fag- og sveineprøver og leggje større vekt på undervegsvurdering av lærlingane. Desse medlemene vil åtvare mot endringar i eksamensordningane som fører til at det blir vanskelegare å vurdere elevane sitt faglege nivå, anten det gjeld teorifag eller yrkesfag. Det er viktig at fag- og sveineprøvene framleis held ein høg standard med eit innhald og omfang som viser at kandidaten kan utføre sjølvstendig kvalitetsarbeid i faget.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti er enig med departementet i at læreboka er et viktig virkemiddel i arbeidet med kvalitetsutvikling. Læreboka er fortsatt viktigste grunnlag når lærerne utarbeider undervisningsopplegg, ikke læreplanene. Disse medlemmer viser til at en av intensjonene bak innholdsreformen var å komme bort fra den lærebokstyrte undervisningen. Økt elevmedvirkning i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringen forutsetter at læreplanene blir styrende for arbeidet i klassene/verkstedene. Alt tyder på at den tradisjonelle læreboka er et hinder for økt elevengasjement i planleggingen av undervisningen. Disse medlemmer mener boka fortsatt skal være et sentralt hjelpemiddel i opplæringen. Disse medlemmer mener at ordningen med lærebøker som skal dekke et fag og som er laget på grunnlag av en vedtatt læreplan ikke stimulerer lærere og elever til nødvendig faglig og pedagogisk kreativitet. Disse medlemmer mener derfor at det bør utvikles nye typer lærebøker som kun dekker deler av en læreplan. Slike tematiske bøker innebærer at lærerne i samarbeid med elevene må velge flere bøker for å dekke de ulike målene i læreplanen. Denne type lærebøker vil dessuten innenfor de ulike temaer faglig gå ut over det som er fastsatt som læreplanmål. Det åpner for større faglig fleksibilitet med større muligheter for individuell tilpasning av undervisningen.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen ta initiativ til å endre lærebokproduksjonen mer bort fra den læreplanstyrte boka og over til tematiske bøker.»

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet viser til Innst. S. nr. 214 (1998-99) der Arbeiderpartiet gjorde framlegg om at det skal etablerast ei utlånsordning for skolebøker i den vidaregåande skolen, og at det må lagast ein opptrappingsplan for ei slik ordning. Desse medlemene viser òg til Arbeidarpartiets alternative budsjett for 1999 der det ble gjort framlegg om start på ei slik ordning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det i meldingen vises til rundskriv til skolene om å unngå unødig utskiftning av lærebøker og til anmodning til Den Norske Forleggerforeningen om at forlagene må vise tilbakeholdenhet med å revidere lærebøker. Disse medlemmer vil understreke dette som en viktig faktor i arbeidet med å få ned elevenes kostnader til bøker.

Disse medlemmer vil også vise til Dokument nr. 8:56 (1998-99), der disse medlemmer fremmer forslag om å oppheve Bokbransjeavtalen. Dette ville gi priskonkurranse på skolebøker, og bidra til at prisene kunne reduseres. Det vises også til muligheten for å reklamefinansiere skolebøker for å få ned prisen.

Komiteen sine medlemer frå Høgre er samde med Regjeringa i at ein må prøve å unngå unødig utskifting av lærebøker. Desse medlemene meiner også at ein bør leggje til rette for lågare prisar på lærebøker ved å prøve å få bort ordningar i bokbransjen som hindrar effektiv priskonkurranse. Desse medlemene konstaterer også at det ikkje er noko som hindrar bruk av utradisjonelle måtar for å få ned prisane på lærebøker, som t.d. sponsing av lærebokproduksjonen.

Komiteen minner om at nye arbeidsmetoder med blant annet større vekt på prosjektarbeid, tverrfaglige prosjekter der elevene skal bruke vitenskapelige arbeidsmetoder, stiller nye krav til at skolene har tilfredsstillende bibliotek med nødvendig faglig kompetanse.

Komiteen har merka seg at IKT som kunnskapsfelt og som verktøy i opplæringa er lite omtala i meldinga.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner at IKT som verktøy i opplæring gir stor tilgang på informasjon og rom for fleksible løysingar med omsyn til tid og stad. Samstundes kan IKT også leie til utstøyting og framandgjering, og skape skilje mellom elevane. Ikkje berre sosiale skiljer, men også mellom kjønn. Likevel meiner fleirtalet at IKT i opplæringa kan styrke skulen, mellom anna gjennom betre moglegheit til differensiering. Fleirtalet vil understreke at informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i vidaregåande opplæring må være framtidsretta. Fleirtalet er kjent med at alle læreplanar har generelle mål som går på å bruke tilgjengeleg informasjonsteknologi i tillegg til fagspesifikke mål som inkluderar opplæring i bruk av informasjonsteknologi i faga. I og med at dei nye læreplanane i grunnskulen (L97) i stor grad legg vekt på at elevane skal oppnå kompetanse i bruk av IKT - t.d. bruk av teksthandsaming, regneark, kommunikasjon - meiner fleirtalet at det viktigaste i den vidaregåande opplæringa i tida framover må vere å sikre at intensjonen i læreplanane om å integrere IKT i de enkelte fag blir gjennomført. Ein må med andre ord styrke IKT som pedagogisk verkemiddel, og gje elevane god praktisk kunnskap om IKT som reiskap og kommunikasjonsverkty. Utvikling av nye prøve- og eksamensformer med integrert bruk av informasjonsteknolog vil og vere viktig for at den nye teknologien skal få breiast mogleg plass i opplæringa. Fleirtalet er derfor tilfreds med at departementet legg vekt på bruk av IKT i opplæringa i det vidare strategiske forskings- og utviklingsarbeidet.

Dette føreset at lærarane har den nødvendige kompetanse i pedagogisk bruk av IKT i klasser og i grupper. Fleirtalet ber om at det i den nasjonalt initierte etterutdanninga både vert sett av midlar og gjeve føringar for fylkeskommunane om satsing på pedagogisk bruk av IKT i etterutdanning av lærarar. Fleirtalet ser det òg som viktig at det blir stilt nokre krav til nivået på lærarane sin kompetanse. Fleirtalet er kjend med at det i Danmark er utvikla eit slags "pedagogisk datakort" for lærarar, og at det også i norske miljø bør arbeidast med dette. Fleirtalet ber departementet i samarbeid med aktuelle miljø, til dømes høgskulane og universitet, om å utvikle eit innhald for ei nasjonal satsing for å oppgradere lærarane sin kompetanse i pedagogisk bruk av IKT.

Fleirtalet legg vekt på at ei IKT-satsing av dette slaget må sjåast i samanheng med betre å realisere Reform 94 som innhaldsreform. IKT gjer det enklare å differensiere, dvs. å møte den einskilde eleven sitt læringsbehov, og gir gode moglegheitar for prosjektorganisert og problembasert opplæring. Slik kan IKT i opplæringa styrkje skulen gjennom å betre moglegheita til å tilby likeverdig opplæring med bakgrunn i den einskilde eleven sine føresetnader.

Fleirtalet er kjent med at departementet legg opp til ein strategi med å utvikle innovative skular på IKT-området. Fleirtalet ber om at ei målretta oppdatering av lærarane, slik som omtala her, må bli ein del av denne strategien og sjåast i samanheng med fylkeskommunane sine eigne satsingar. Det er særs viktig, slik fleirtalet ser det, at det blir gjeve gode vekstvilkår for samarbeid mellom institusjonar innafor høgre utdanning og vidaregåande opplæring både når det gjeld forsking og rettleiing. Pedagogisk bruk av IKT i opplæringa er eit viktig område for framtidig utvikling av opplæring og utdanning.

Komiteen sine medlemer frå Høgre meiner det er viktig at elevane får lære å bruke IKT som hjelpemiddel i den vidaregåande opplæringa og at det vert satsa på ei betre etterutdanning for lærarane også på dette området. IKT må også ha ein sentral plass i lærarutdanninga.

Komiteen viser til Stortingets vedtak 14. juni 1999 om ein landsomfattande plan for investering/behov for IKT-utstyr og etterutdanning av lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule, jf. Innst. S. nr. 214 (1998-99).

Komiteen legg vekt på at om den vidaregåande opplæringa skal kunne vere vellukka, er me avhengige av eit godt samarbeid mellom næringslivet, det offentlege, skulen og organisasjonane i arbeidslivet. Reformen har ført med seg auke i talet på lærlingplassar for ungdom, og har opna for opplæring i bedrift i yrke som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga. Komiteen vil gje ros til næringane som har gjort sitt for at dette skulle vere mogleg, og vil óg leggje vekt på den offentlege sektor sitt ansvar for å opprette lærlingplassar i sine verksemder.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er òg samd med departementet i at reformen har gjeve eit kompetanseløft når det gjeld styrking av instruktørrolla og rolla som fagleg leiar, samt at skuleringa av prøvenemndene har blitt betre. Fleirtalet ser dette som ei positiv utvikling, men vil peike på trongen til å sikre, på ein endå betre måte, at kvaliteten i opplæringa er på eit tilfredsstillande nivå. Fleirtalet vil her peike på at det er viktig å vidareføre kvalitetssikringstilskotet til bedriftene mellom anna for å heve kvaliteten og sikre at opplæringa blir gjennomførd. Samstundes må det ved godkjenning av lærebedrifter vere ei kvalitetssikring for å tryggje opplæringsforholda for lærlingen.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil mellom anna be departementet vurdere om det er grunn til å krevje at den fagleg ansvarlege i bedrifta har gjennomgått instruktøropplæring.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ser at enda om reformen gjorde at fleire jenter tok fagutdanning, er fordelinga av jenter og gutar på dei ulike yrke i liten grad betra. Fleirtalet ber derfor Regjeringa sette i verk tiltak som kan oppmode begge kjønn til å velje utradisjonelt. Det er viktig med betre rådgjeving om kva for moglegheiter som finst utover dei tradisjonelle val som ungdom i dag ofte tek. Fleirtalet viser elles til prosjektet "Bevisste utdanningsvalg" som har til føremål å få jenter til å gjere utradisjonelle utdanningsval.

Fleirtalet er bekymra for at det synest vanskeleg for minoritetsspråklege elevar å teikne lærlingkontrakt, med unnatak av omsorgsfaga, der minoritetsspråklege jenter ikkje har større vanskar enn andre med å få læreplass. Fleirtalet legg vekt på at blant ungdom med minoritetsbakgrunn er det fleire arbeidslause enn hos andre i ungdomsgruppa, og det er derfor av stor verdi å treffe tiltak som sikrar at desse får fullført utdanninga si.

Komiteen viser til problema med å inngå lærekontrakt eller anna opplæringskontrakt for elevar med stor trong til særskild tilrettelegging, og legg vekt på at dette er eit område departementet må prioritere og arbeide vidare med. Komiteen viser her til forslaget foran om at det må gjerast mogleg å inngå opplæringskontrakt med delkompetanse som mål. Bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov, må få tilbod om oppfølging og rettleiing frå fylkeskommunen. Komiteen legg vekt på at dei økonomiske støtteordningane som finst for lærlingar med behov for særskild tilrettelagd opplæring må førast vidare.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at det må utarbeidast ein plan i samarbeid med partane i arbeidslivet for å sikre tilgangen til lærlingplassar i tider med strammare økonomi i næringa. Fleirtalet legg stor vekt på at opplæring i skule berre skal vere ei naudløysing, og at det er viktig å prioritere arbeidet med å sikre nok læreplassar til alle som ynskjer det. Fleirtalet meiner at fleire kryssløp gjer at det blir større fleksibilitet og dermed betre rekruttering til einskilde fag, men særskilt eit minska misforhold mellom tilbod og etterspørsel av lærlingplassar. Fleirtalet vil streke under at moglegheit til kryssløp må ha ei fagleg grunngjeving. Fleirtalet ser at det i meldinga er vist til forskarar som meiner at ein reduksjon av talet på VK1-kurs kan redusere behovet for kryssløp. Fleirtalet vil oppmode Regjeringa til å ta opp dette i samband med arbeidet med gjennomgang av VK1-strukturen og legg vekt på at dette må skje i samarbeid med partane i arbeidslivet. Ei betre rettleiing av elevane vil òg vere av stor verdi for å sikre at det ikkje blir opphoping av elevar i fag med liten tilgang på lærlingplassar.

Departementet melder at det ynskjer å forenkle tilskotssystemet til læreplassar, og fleirtalet er samd i dette. Fleirtalet legg vekt på at ein slik gjennomgang må ta utgangspunkt i kva for mål og behov som finst innafor området. Særskilde tilskot må sikre at ikkje einskildelevar med dette fell utafor. Fleirtalet legg òg vekt på at kvalitetssikringstilskotet er av stor verdi for å heve kvaliteten og sikre at opplæringa blir gjennomført.

Komiteen vil minne om at det ved innføring av reformen var et betydelig antall ungdommer som hadde gjennomgått teoridelen av yrkesfag (eller deler av denne) og som var klar til å tegne lærlingkontrakt. Det dreide seg i utgangspunktet om 16-17 000 elever. Mange av disse står fortsatt uten tilbud om lærlingeplass. De overgangsordninger som ble lagt opp for denne gruppen var ikke tilfredsstillende - 1. august går disse elevenes frist for å tegne lærekontrakter ut. Komiteen mener at (personer i) denne gruppen må sikres fortsatte overgangsordninger slik at de kan få lærekontrakt. For å unngå at disse elevene skal måtte ta teoridelen på videregående skole på ny, mener komiteen at disse overgangsordningene må forlenges.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, meiner at det må vere mogeleg for lærlingar under 21 år som har gjennomførd fagprøve, å gå vidare utan opphald med opplæring i eit anna fag i nær slekt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet registrerer at man i fremtiden vil drøfte reduksjon av antallet VK1-kurs. Ut fra en rekke høringsinstansers syn er disse medlemmer skeptiske til dette. Disse medlemmer vil også bemerke at en eventuell reduksjon av antallet VK1-kurs i yrkesfag, etter disse medlemmers syn, ikke må forsterke teoretiseringen av skoledelen av yrkesopplæringen.

Disse medlemmer viser til uttalelse 1. juni 1999 til komiteen fra Norges Bilbransjeforbund. Det siteres:

«I stortingsmeldingen er det fremsatt et forslag til bedring av ordningen med fagprøveavleggelse for elever i alternativt VK2. Det fremgår at man ønsker å utvide siste skoleår med 3 måneder for at elevene skal kunne få en noe lengre praksis i bedrift. Man tenker seg her en ordning med "frivillig" inntak av elever i denne kategori for praksistrening. Til tross for at elevtallet i alternativt VK2-klasser er nedadgående, ønsker vi å sette fingeren på det urealistiske i dette forslaget. Slik systemet fungerer i dag, er det de svakeste elevene - de som ikke har fått læreplass, som får sin opplæring i skole. At disse skulle kunne tenkes å avlegge fagprøve etter en praksisperiode på 3 måneder er svært lite sannsynlig. At bedriftene på frivillig basis vil ta dem inn - uten noe form for tilskudd - er like lite sannsynlig, da de jo må tas inn i tillegg til ordinære lærlinger.»

Bilbransjeforbundet anmoder om at man ser på alternative løsninger for disse elevene. Disse medlemmer vil uttrykke bekymring for holdbarheten i departementets forslag til løsning, når tilbakemeldingen fra en viktig høringsinstans er såpass negativ. Disse medlemmer vil anta at man bør se på alternativer til løsning.

Disse medlemmer viser til uttalelsen 1. juni 1999 fra Norges Bilbransjeforbund der det fremgår at man mener at stortingsmeldingen inneholder svært få kommentarer til den økonomiske siden. Forbundet bemerker at i de første kommentarene til Reform 94 ble det fra flere hold, blant annet fra NHOs side, understreket det urimelige i at alle fag uansett omfang og teoriopplæring, skal få samme lærlingetilskudd. "Dette spørsmål har falt ut av debatten, men vi ønsker at spørsmål om differensiert tilskudd til bedrifter tas opp i forbindelse med komiteens innstilling til Stortinget", skriver Bilbransjeforbundet. Disse medlemmer ber om at denne problemstillingen blir vurdert i departementets videre arbeid.

Disse medlemmer viser til uttalelse 27. mai 1999 fra Maskinentreprenørenes Forbund der man er svært skeptisk til at fag-/svenneprøver bør bli enklere og mindre omfattende. Disse medlemmer understreker viktigheten av at fag/svenneprøver skal være et avsluttende arbeid der kandidatene skal vise sitt potensial som fagarbeider. I likhet med forbundet er disse medlemmer svært opptatt av å beholde en høy standard på fag- og svenneprøver. Derfor frarådes sterkt en forenkling av prøvene.

Disse medlemmer registrerer at partiet Høyre vil bedre de økonomiske vilkårene for lærlingeordningen ved å fjerne arbeidsgiveravgiften. Disse medlemmer er positive til bedre økonomiske vilkår på dette felt, men mener det er mest hensiktsmessig og oversiktlig å bedre disse ved en generell økning i lærlingestøtten. Disse medlemmer ser det som riktig å komme tilbake til vurdering av dette i forbindelse med behandling av statsbudsjettet.

Komiteen sine medlemer frå Høgre viser til at bedriftene sjølve prioriterer fjerning av arbeidsgivaravgifta for lærlingar svært høgt, og viser til at Høgre i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 1999 har gjort framlegg om å fjerne denne avgifta frå årsskiftet 1999/2000.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre er samde med fleirtalet i at det er viktig å prioritere arbeidet med å skaffe mange nok læreplassar. I mange mindre fag - t.d. kjole- og draktsaumfaget og fotograffaget - er det svært vanskeleg å skaffe læreplassar, slik at heile opplæringa må skje i skule. Desse medlemene har merka seg at det i meldinga vert gitt signal om at desse faga kanskje bør takast ut av lov om fagopplæring. Desse medlemene meiner at desse små faga framleis bør liggje under lov om fagopplæring, slik at dei framleis får ha den statusen som fagbrev gir.

Desse medlemene meiner at det framleis er naudsynt å arbeide for størst muleg fleksibilitet i fag- og yrkesutdanninga. Desse medlemene vil særleg peike på at det er viktig at vi får utvida høve til kryssløp og betre høve til å ta heile opplæringa i bedrift. Desse medlemene vil også understreke at forskarane og fleire høyringsinstansar har peika på at "det er behov for større fleksibilitet når det gjelder rekkefølgen på skole- og bedriftsopplæringen som et tiltak for å hindre at det skapes unødvendig mange tapere innanfor systemet".

Desse medlemene har merka seg at Regjeringa eventuelt vil kome attende med framlegg om ei refusjonsordning dersom talet på læreplassar skulle gå drastisk ned. Desse medlemene vil elles peike på at Høgre i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1993-94) tok klar avstand frå tanken om å påleggje alle arbeidsgjevarar ei lovregulert og obligatorisk medlemsavgift til eit lærlingefond.

Desse medlemene vil elles peike på fleire andre tiltak som kan vere med på å auke tilgangen på læreplassar og på å auke fleksibiliteten i ordninga. Dette gjeld m.a:

  • – å gi bedriften rett til sjølv å velje lærling

  • – å få attende ordninga med prøvetid

  • – å gjere det lettare å få læreplass utanfor eige fylke

  • – å fjerne 21 års grensa for å kunne teikne lærekontrakt med full opplæring i bedrift.

Desse medlemene gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa sikre at bedriftene sjølve får rett til å velje lærlingar, og at det igjen vert innført ei ordning med prøvetid for begge partar.»

Desse medlemene gjer også følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa fjerne 21-årsgrensa for å kunne teikne lærekontrakt med full opplæring i bedrift.»

Komiteen har fleire gonger i handsaminga av denne meldinga peika på den viktige rolla som yrkes- og studierettleiinga må ha i den vidaregåande opp-læringa i dag. Ei god rettleiing allereie frå ungdomssteget av er av stor verdi for dei val som den einskilde elev må ta i forhold til utdanning og arbeidsliv. God rettleiing vil i større grad sikre at eleven vel eit løp som er i forhold til eigne ynskjer, vidare utdannings- eller yrkesmål, moglegheit for læreplass og arbeid - og at ein får færrast mogleg omval og avbrot i opplæringa.

Komiteen meiner at samarbeidet mellom rådgjevingstenesta i grunnskule og i vidaregåande skule må bli betre enn det er i dag. St.meld. nr. 33 (1991-92) strekar under at reformen ville gje større krav til pedagogisk tilrettelegging, og komiteen meiner at tilhøva må leggjast betre til rette for elevane i overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring. Dette gjeld særskilt med omsyn til elevar med særskilde behov for tilrettelagt opplegg.

Komiteen er i likskap med Regjeringa samd i at kompetansen til rådgjevarane treng å bli heva, sjølv om dei fleste fylkeskommunane har gjennomført etterutdanning for rådgjevarar. Meldinga refererer til ei undersøking som syner at rådgjevarane bruker alt meir tid på den sosialpedagogiske delen av rettleiinga.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ser at det er behov for å styrke rettleiingstenesta, men meiner at det kan vere ei løysing å skilje funksjonen i ein sosialpedagogisk og ein utdannings- og yrkesrettleiingsdel. Fleirtalet ber derfor Regjeringa om å ta initiativ til prøveprosjekt for å undersøke om ei slik ordning gir ei betre utdannings- og yrkesrettleiing.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa setje i gang prøveprosjekt med å skilje rådgjevingsfunksjonen i ein sosialpedagogisk del og ein utdannings- og rettleiingsdel.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til høringsuttalelse 26. mai 1999 fra Kommunenes Sentralforbund der det tas til orde for at man skal profesjonalisere yrkesveiledningen, ved å skille den fra annen rådgivning i skolen. Disse medlemmer mener meldingen og komiteens flertall er for defensiv på dette punkt, og vil gå inn for et skille av yrkesveiledning og annen rådgivning (sosial rådgivning). Disse medlemmer vil også understreke behov for en kvalitativ bedring av yrkesveiledning både i ungdomsskolen og i den videregående skole - blant annet gjennom en faglig oppdatering av staben, og et bedre samarbeid med utdanningsinstitusjoner lenger opp i "systemet" og med arbeidsliv. Subsidiært finner disse medlemmer å kunne gå inn for forslaget fra komiteens flertall.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen skille funksjonen utdannings- og yrkesveiledning fra annen veiledning (sosialrådgivning) på grunnskolens ungdomstrinn og i den videregående skole.»

Komiteen er av den oppfatning at mykje kan gjerast betre gjennom koordinering av informasjon frå næringar, bedrifter og organisasjonane i arbeidslivet samt faglærarar knytte til den einskilde skule, men det er óg positivt at departementet vidarefører arbeidet med ein database og anna hjelpemateriell for å understøtte den lokale rettleiingstenesta.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre, gjer følgjande framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa arbeide vidare med styrking av rettleiingstenesta og ber om snarlege framlegg til tiltak.»

Som det går fram av evalueringa av reformen, er det framleis mykje ugjort når det gjeld å reformere skulen sitt innhald og ta i bruk meir moderne, arbeidslivsnære og framtidsretta arbeidsformer. Komiteen er redd for at skulen kan kome til å henge etter og på den måten svikte si viktige oppgåve som nettopp går ut på å førebu elevane på arbeidslivet eller til vidare studiar. I denne samanhengen er det ei lønsam investering å oppgradere kompetansen til lærarane. Komiteen forventar at nivået til etterutdanning frå statleg og fylkeskommunalt hald ikkje vil liggje under innsatsen i reformperioden og viser til departementet sitt svarbrev av 26. mai 1999 om dette.

Innhaldet i skulen - kvaliteten i opplæringa - er no hovudutfordringa i den etterutdanninga som lærarane skal få i framtida. Komiteen meiner elles at ein rik tilgang på etterutdanning også vil virke positivt inn på lærarane sin motivasjon og profesjonelle tryggleik. Komiteen meiner elles at det er viktig at etterutdanninga må rettast både mot faglege og fagdidaktiske problemstillingar. Når opplæringa i for liten grad blir yrkesretta og differensiert, når arbeidsformane er for lite varierte og elevane for mykje passive tilskodarar til si eiga opplæring, må dette bli tatt omsyn til på ein målretta og konkret måte i den vidare etterutdanninga av lærarane. Pedagogisk bruk av IKT i opplæringa bør inngå som ein sentral del av den komande etterutdanninga. Ei slik vinkling kan integrerast innafor dei ulike områda/faga etterutdanninga går føre seg i.

Etter komiteen si vurdering er det eit mål at alle lærarar skal ha høve til å halde seg fagleg oppdaterte og få etterutdanning innafor dei områda der praksis ikkje blir vurdert som god nok. Komiteen ber departementet ta initiativ til fjernundervisning og nettbaserte løysingar. Å ta i bruk moderne informasjonsteknologi i etterutdanninga vil, særskilt for målgruppa lærarane, gje ein viktig meirverdi til sjølve opplæringa.

Komiteen vil også peike på at det bør leggjast til rette for at lærarane får gode vilkår til å leggje delar av si kvalifisering/etterutdanning til aktuelle verksemder. Komiteen meiner at det bør utviklast utvekslings- og hospiteringsordningar mellom tilsette i verksemder og lærarar som er i etterutdanning. Slike ordningar vil styrkje samhandlinga mellom skulane og arbeidslivet, samt bane vegen for den komande etter- og vidareutdanningsreformen.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, syner til Innst. S. nr. 3 (1998-99) og Stortinget si handsaming av m.a. endringar i tilskotsordninga til private skular som gjev vidaregåande opplæring med parallellar i offentlege skular.

I Innst. S. nr. 3 (1998-99) ba komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet departementet om å vurdere å kome attende til Stortinget med ei sak om korleis ein skal organisere toppidrettsgymnasa i framtida. Vidare uttala medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre at det i samband med evaluering av Reform 94 bør bli drøfta om einskilde offentlege skular med landslinefunksjon i idrettsfag betre bør leggjast til rette for toppidrettsutøvarar. Fleirtalet kan ikkje sjå at slike vurderingar er gjorde i meldinga.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peike på at det er tvilsamt dersom private institusjonar får økonomiske ordningar som er betre enn det den ordinære offentlege skulen får. Desse medlemene vil peike på at dei fylkeskommunale landslinene for skiidrett har eit toppidrettstilbod som byggjer på ein ambisjon om å utvikle eleven/utøvaren fram til ein toppidrettskarriere. Opplæringa er gjennom sitt breie kompetansesyn med på å skape tette koplingar mellom regionale og lokale idrettsorganisasjonar samt lokalt kultur- og samfunnsliv.

Desse medlemene er kjende med at fleire fylkeskommunale landsliner for skiidrett har gode røynsler med å kombinere yrkesfagleg utdanning med eit toppidrettstilbod.

På denne bakgrunn vil desse medlemene gjere følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei vurdering av korleis dei private toppidrettsgymnasa og dei tilsvarande offentlege tilboda skal organiserast i framtida, samt ei vurdering av det økonomiske tilhøvet mellom toppidrettsgymnas og tilskotsordninga for tilsvarande tilbod i det offentlege, særskilt gjennom landslinesystemet.»

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre viser til at toppidrettsgymnasa sin situasjon vart grundig gjennomgått i samband med privatskulemeldinga, jf. Innst. S. nr. 3 (1998-99). Desse medlemene ser difor liten grunn til at Regjeringa skal vurdere korleis dei private toppidrettsgymnasa skal organiserast. Organiseringa av private skular bør vere opp til dei som driv og eig skulane. Det viktige i denne samanheng er at dei private toppidrettsgymnasa heilt klårt representerer eit verdfullt tilbod som i dag dekkjer eit stort behov. Etter desse medlemene si meining er der difor viktigare å gi desse skulane tilfredsstillande økonomiske vilkår enn å prøve å tenkje ut korleis ein i staden kan byggje opp eit tilsvarande offentleg tilbod. Desse medlemene har sjølvsagt ikkje noko imot ei utgreiing om korleis ein kan gjere dei landsdekkjande offentlege linene for idrett betre eigna for toppidrettsutøvarar, men dette bør skje uavhengig av dei private toppidrettsgymnasa.

Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre meiner ein i det vidare arbeidet med strukturen og innhaldet i vidaregåande opplæring bør kartleggje behova for ei ytterlegare tilrettelegging av toppidrettsutdanning, og om idrettsrørsla kan bidra med finansiering av ei slik tilrettelegging.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Dokument nr. 8:67 (1998-99) om liberalisering av privatskoleloven, fremmet av representantene Ursula Evje, Carl I. Hagen og Ulf Erik Knudsen.

Komiteen har merket seg og er tilfreds med at departementet vil åpne for et studiekompetansegivende løp innenfor deler av formgivingsfagene.

Komiteen mener det er viktig at de estetiske fagene får denne muligheten og at dette kan virke gunstig også for lærerrekrutteringen innen dette fagområdet.

Komiteen viser til at en del håndverksfag fikk en vanskeligere situasjon etter reformen. Håndverksfagene representerer verdifulle tradisjoner som det er viktig å ta vare på. Komiteen viser til at temaet gamle håndverksfag har vært drøftet i Stortinget i en interpellasjon 27. oktober 1998.

Komiteen er tilfreds med at departementet nå har nedsatt en arbeidsgruppe for å gå nærmere inn i problematikken, og regner med at departementet på et senere tidspunkt legger fram saken for Stortinget.

Komiteen viser til at teknisk allmennfaglig kurs (TAF) har vært kjørt som forsøk i Hordaland. Komiteen har merket seg at TAF-kurset har vært vellykket og er etterspurt av både elever og næringer.

Komiteen støtter derfor departementet som foreslår at også andre fylker kan tilby slike kurs. Selv om dette tilbudet fraviker fra hovedmodellen, mener komiteen det må være rom for slike avvik som tjener både elever og næringsliv.

Komiteen mener at hovedmodellen skal ligge fast. Komiteen mener likevel at det må åpnes for en større grad av særløp. Dersom en reduserer antall VKI kurs, vil dette med stor sannsynlighet ramme de små fagene. Det er for eksempel et stort antall VKI kurs som rekrutterer til lærefag som på landsbasis har under 100 elever. Dette er fag som representerer en lang kulturhistorie og det er derfor viktig at disse blir tatt vare på og utviklet videre. Komiteen mener dette best kan gjøres ved å åpne for særløp for disse fagene. Komiteen mener dette vil supplere hovedmodellen i stedet for å undergrave den.

Komiteen mener dessuten at det må vises større fleksibilitet for at fag kan legges opp som særløp dersom partene mener dette er nødvendig for å sikre rekrutteringen innenfor et fagområde. Komiteen mener det må være opp til partene i samarbeid med utdanningsmyndigheten på fylkesnivå å velge og etablere særløp dersom rekrutteringssituasjonen krever det. I slike situasjoner må departementet vise stor grad av romslighet slik at fagtilbud ikke må nedlegges på grunn av problemer med rekruttering.

Komiteen viser til at nærmere 30 pst. av elevene som starter på en utdanning frem til fagbrev, ikke når frem i løpet av den normerte tiden. Dette skyldes flere forhold, blant annet at det kun i liten grad har vært planlagt for kompetanse under fagbrevsnivå. Videregående opplæring må likevel ta inn over seg at mange elever har problemer med å tilegne seg praktisk opplæring ved å starte med stor vektlegging på teori slik modellen med to år i skole og to i bedrift forutsetter. Komiteen mener derfor det må åpnes for større grad av særløp for elever som trenger en annen opplæringsmodell. Å legge til rette for tilpasset opplæring gjør det nødvendig med større valgfrihet til elever som av ulike grunner ikke klarer å tilpasse seg hovedmodellen. Komiteen mener derfor at departementet og fylkeskommunene sammen med partene må finne frem til større fleksibilitet enn det som blir praktisert i dag.

Komiteen merker seg at opplæringskontorene for de små fag flere steder har problemer med å ivareta sin oppgave på grunn av dårlig økonomi. Det er viktig at disse kontorene sikres forsvarlige arbeidsforhold. Komiteen mener derfor at departementet må ta initiativ til å sikre den videre driften på et forsvarlig nivå.

Komiteen er kjent med at det på nordisk nivå er etablert samarbeid om små fag. Komiteen mener det er viktig at dette samarbeidet kan utvikles slik at det kan etableres utdanningstilbud på tvers av landegrensene for små fag som det er vanskelig å opprettholde på nasjonalt nivå. Komiteen henstiller til departementet i samarbeid med bransjeorganisasjonene å ta initiativ til å etablere tilbud på nordisk nivå som et forsvar for små fag som ellers kan bli borte.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at det kan etableres flere særløp for å ta vare på små fag, fag som har rekrutteringsproblem og utdanningsløp for ungdom som trenger en annen kombinasjon av praksis og teori for å nå frem til fagbrev/annen kompetanse.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti minner om at ansvaret for videregående opplæring er delt mellom staten og fylkeskommunene. Landslinjene er et statlig ansvar, mens de øvrige tilbudene er fylkeskommunenes ansvar. Disse medlemmer mener at en slik deling er uheldig da det skaper samordningsproblemer. Disse medlemmer tar til etterretning at etablering av landslinjer har vært nødvendig for å ivareta tilbud som ellers kunne ha blitt borte. Disse medlemmer mener likevel at tilbud og linjer som skal dekke to eller flere fylker eller være landsdekkende, primært bør skje som et samarbeid mellom fylkene, landsdekkende linjert. Departementet bør derfor primært stimulere fylkeskommunene til å inngå forpliktende samarbeid om slike linjer. Kun i de tilfeller det ikke er mulig å få til slikt samarbeid, bør departementet foreslå landslinjer.

Disse medlemmer har merka seg at Forsøksgymnaset i Oslo fleire gonger har vore truga av nedlegging. Skolen har lange tradisjonar for forsøksverksemd innafor pedagogikk. Disse medlemmer legg stor vekt på verdien av å ha eit tilbod som forsøksgymnaset i den offentlege skolen, samstundes som det er viktig å leggje betre til rette for at elevar frå andre fylke skal få moglegheit til å søkje seg til denne skolen.

Primært bør dette skje som et fylkeskommunalt samarbeid. Disse medlemmer ber departementet ta initiativ overfor Akershus fylkeskommune og Oslo kommune med sikte på at tilbudet kan opprettholdes som et landsdekkende tilbud.

Disse medlemmer er kjent med at ikke alle fylkeskommuner presenterer landslinjene og de landsdekkende tilbud som fylkeskommunale tilbud. Landslinjene og de landsdekkende tilbud skal nettopp rekruttere elever fra hele landet eller fra en region. Disse medlemmer ber departementet følge opp overfor fylkeskommunene og påse at disse tilbudene presenteres som fylkeskommunale tilbud på linje med tilbudene ved fylkeskommunens egne utdanningsinstitusjoner.

På bakgrunn av dette ber disse medlemmer Regjeringa legge fram forslag som sikrar forholda for forsøksgymnaset, gjennom landslineordninga.

Disse medlemmer gjer slikt framlegg:

«Stortinget ber Regjeringa om nødvendig leggje fram forslag om at Forsøksgymnaset kjem inn under landslineordninga.»

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Høgre viser til at Stortinget tidlegare har gjort vedtak om at einskilde fag, såkalla små fag, må gjerast til landsliner av di det er vanskeleg å oppretthalde slike for einskildfylker. Desse medlemene meiner det er viktig at staten framleis tar ansvaret for dette.

Desse medlemene meiner at det er svært viktig å sikre framtida også for tilbod innan små fag. Desse medlemene konstaterer at landslineordninga har verka tilfredsstillande, og ser ikkje bort frå at utviklinga vil gjere det naturleg å opprette fleire landslinetilbod. Desse medlemene peikar m.a. på at det i næringskomiteen si innstilling om skogmeldinga (Innst. S. nr. 208 (1998-99)) er teke til orde for ei vurdering av ei landslineordning innan skogbruksfag, med spesiell vekt på teknikk- og entreprenørutdanning.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre, vil peike på at fysisk aktivitet er viktig i det helsebyggjande arbeidet og for trivsel og glede. Kroppsøvingsfaget er eit fag som når alle elevar på alle nivå. Fysisk aktivitet blir stadig viktigare med bakgrunn i dagens samfunn som stiller mindre krav til slik aktivitet.

Fleirtalet er kjent med at fleire undersøkingar viser at ungdommen sin fysiske form er dårleg og blir stadig dårlegare. Evalueringsarbeid utført av Landslaget for fysisk fostring i skulen viser at måloppnåinga i kroppsøvingsfaget er dårleg, særskilt gjeld dette bruken av kunnskapar, helserelatert stoff og friluftsliv. Tidsreduksjonen i samband med innføring av Reform 94 har råka faget sterkt. Fleirtalet konstaterer at 2 veketimar på alle steg gjer at me også ligg dårleg an i europeisk samanheng. På denne bakgrunn vil fleirtalet gjere slikt framlegg til vedtak:

«Stortinget ber Regjeringa vurdere om det let seg gjere å auke timetalet i kroppsøving i vidaregåande skule.»

Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre meiner ei vurdering av timetalet i kroppsøvingsfaget må skje i samband med ei generell gjennomgang av fag- og timefordeling for dei einskilde studieretningane, noko ein får høve til når ein vurderer struktur og læreplanar i vidaregåande skule.

Komiteen merker seg at teknisk fagskole har fått liten omtale i meldingen. Teknisk fagskole er primært et etter- og videreutdanningstilbud på nivå mellom videregående opplæring og høyere utdanning. Teknisk fagskole var heller ikke omfattet av Reform 94 og komiteen antar at dette er grunnen til at den har fått så liten omtale. Elever i teknisk fagskole skal inngå i beregningsgrunnlaget ved beregning av det samlede omfang av elever i videregående opplæring. Komiteen viser til Ot.prp. nr. 82 (1998-99) der det foreslås en egen midlertidig lov for teknisk fagskole.

Komiteen har merket seg at tilbudene i teknisk fagskole er i ferd med å bli drastisk redusert. Dette er en uheldig utvikling, og komiteen mener det må settes inn tiltak som kan motvirke denne utviklingen. Komiteen antar at den uklarhet som har oppstått i forbindelse med opptakskravene kan ha vært med på å redusere etterspørselen etter skoleplasser. Komiteen ber departementet rydde opp i disse uklarhetene og sammen med fylkeskommunene finne fram til ordninger, herunder finansiering ved kjøp av plasser mellom fylkeskommunene, slik at en kan unngå nedleggelse av plasser fra høsten.

Komiteen mener dessuten at det bør utvikles flere tilbud på nivå teknisk fagskole. Komiteen viser i den forbindelse til ulike utdanningstilbud innenfor tjenesteytende sektor som forutsetter fullført videregående opplæring som opptaksgrunnlag. Det vil etter komiteens mening være naturlig å definere disse som opplæring på nivå teknisk fagskole og plassere dem inn under den nye loven.

Framlegg frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 1

Stortinget ber Regjeringa forankre i læreplanane at elevar som tek vidaregåande opplæring med studiekompetanse som mål, skal få erfaring frå arbeidslivet i løpet av opplæringstida.

Framlegg 2

Stortinget ber Regjeringa fremje lovforslag om individuell rett til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje tidlegare har fått tilbod om, eller fått høve til å fullføre, vidaregåande opplæring/fagopplæring.

Framlegg 3

Stortinget ber Regjeringen ta initiativ til å endre lærebokproduksjonen mer bort fra den læreplanstyrte boka og over til tematiske bøker.

Framlegg 4

Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei vurdering av korleis dei private toppidrettsgymnasa og dei tilsvarande offentlege tilboda skal organiserast i framtida, samt ei vurdering av det økonomiske tilhøvet mellom toppidrettsgymnas og tilskotsordninga for tilsvarande tilbod i det offentlege, særskilt gjennom landslinesystemet.

Framlegg 5

Stortinget ber Regjeringa om nødvendig leggje fram forslag om at Forsøksgymnaset kjem inn under landslineordninga.

Framlegg frå Arbeidarpartiet:

Framlegg 6

Stortinget ber Regjeringa gjere ein samla revisjon av læreplanverket i samband med ny struktur på GK og VK1.

Framlegg fra Framstegspartiet og Høgre:

Framlegg 7

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endret finansieringsmodell for driften av videregående skoler, slik at en større del av pengene følger eleven etter stykkprisprinsippet. Offentlige og private utdanningstilbud likestilles når det gjelder tilskudd til drift.

Framlegg 8

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at offentlige videregående skoler blir selvstyrte enheter med egne driftsstyrer.

Framlegg 9

Stortinget ber Regjeringen legge frem forslag som vil sikre prinsippet om fritt skolevalg for elever i videregående skole.

Framlegg 10

Stortinget ber Regjeringen vurdere en mulig endring av inntaksreglementet hvor man vekter de enkelte fag i forhold til relevans for den linje som søkes.

Framlegg 11

Stortinget ber Regjeringen gjøre den skriftlige sidemålsopplæring i skolen valgfri.

Framlegg 12

Stortinget ber Regjeringa sjå til at det vert gjennomført eksamen i alle skriftlege fag og munnleg eksamen i minst eitt munnleg fag for alle elevar.

Framlegg 13

Stortinget ber Regjeringa opne for høve til å ta opp att eksamen i vidaregåande skule i alle fag der karakteren vert ståande på det endelege vitnemålet.

Framlegg 14

Stortinget ber Regjeringa sjå til at det vert lagt større vekt på yrkesretta teori og mindre vekt på allmennfagleg teori i yrkesutdanninga.

Framlegg 15

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at karaktersystemet omarbeides slik at fagkarakterene baseres på mest mulig objektiv vurdering av faglig dyktighet/ferdighet, mens det innføres en egen karakter for flid.

Framlegg 16

Stortinget ber Regjeringa sikre at bedriftene sjølve får rett til å velje lærlingar, og at det igjen vert innført ei ordning med prøvetid for begge partar.

Framlegg 17

Stortinget ber Regjeringa fjerne 21-årsgrensa for å kunne teikne lærekontrakt med full opplæring i bedrift.

Framlegg frå Framstegspartiet:

Framlegg 18

Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for å redusere omfanget av teori innen yrkesfag.

Framlegg 19

Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for at en større del av opplæring innen yrkesfag kan overlates til næringslivet.

Framlegg 20

Stortinget ber Regjeringen sørge for at man i det offentlige skoleverk øker bruken av straffelekse, igjensitting, og utvisning for kortere eller lengere perioder ved konstaterte tilfeller av uro, bråk, vandalisme, vold etc.

Framlegg 21

Stortinget ber Regjeringen iverksette konkrete tiltak for å gjennomføre obligatorisk innføring i folkeskikk, respekt for liv, helse og andres eiendom, oppførsel og respekt for lærere og medelever.

Framlegg 22

Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for å redusere omfanget av teori innen yrkesfag.

Framlegg 23

Stortinget ber Regjeringen skille funksjonen utdannings- og yrkesveiledning fra annen veiledning (sosialrådgivning) på grunnskolens ungdomstrinn og i den videregående skole.

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 24

Stortinget ber Regjeringen legge fram en sak for Stortinget der en foreslår en gradvis avvikling av systemet med individuelle karakterer. Som del av avviklingen bør det utprøves ulike former for vurdering av læringsarbeidet.

Framlegg 25

Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at det kan etableres flere særløp for å ta vare på små fag, fag som har rekrutteringsproblem og utdanningsløp for ungdom som trenger en annen kombinasjon av praksis og teori for å nå frem til fagbrev/annen kompetanse.

Komiteen viser til det som står over, og rår Stortinget til å gjere slike

vedtak:

I.

Stortinget ber Regjeringa etablere dei to nye grunnkursa, media/kommunikasjon og merkantile fag, frå hausten 2000.

II.

Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til at det på bransjenivå blir definert kompetansenivå, med tilhøyrande kompetansebevis, for elevar og lærlingar som ikkje siktar mot fag- eller sveinebrev.

III.

Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag om endring i opplæringslova, slik at unge som har annan kompetanse (delkompetanse) som mål, kan teikne opplæringskontrakt.

IV.

Stortinget ber Regjeringa leggje opp arbeidet med realkompetanse slik at retningslinene for dette og den tilpassa/avkorta vidaregåande opplæringa kan setjast i verk frå hausten 2000.

V.

Stortinget ber Regjeringa setje i gang prøveprosjekt med å skilje rådgjevingsfunksjonen i ein sosialpedagogisk del og ein utdannings- og rettleiingsdel.

VI.

Stortinget ber Regjeringa arbeide vidare med styrking av rettleiingstenesta og ber om snarlege framlegg til tiltak.

VII.

Stortinget ber Regjeringa vurdere om det let seg gjere å auke timetalet i kroppsøving i vidaregåande skule.

VIII.

St.meld. nr. 32 (1998-99) - Videregående opplæring - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 17. juni 1999.

Grete Knudsen,

leiar.

Sigvald Oppebøen Hansen,

ordførar.

Rune E. Kristiansen,

sekretær.