Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av FN-konvensjon av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing.

Innhold

Til Stortinget.

Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til å ratifisere FN-konvensjonen av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing. Konvensjonen vart vedteken av FN si 52. Generalforsamling 15. desember 1997, og underteikna av Noreg 31. juli 1998.

Det vert synt til at konvensjonen i stor grad byggjer på element frå eldre terrorismekonvensjonar som Noreg har ratifisert. Gjennom konvensjonen forpliktar partane seg til enten sjølve å påtale og straffe, eller å utlevere for straffeforfølging personar som gjer seg skuldige i handlingar som vert ramma av konvensjonen. Konvensjonen rettar seg mot ulovleg og forsettleg levering, plassering, utløysing eller detonering av sprenglekam eller annen dødbringande innretning på, i eller mot offentleg eller statleg stad, anlegg og infrastruktur med det føremål å valde død, alvorleg lekamsskade eller øydeleggingar som kan leie til større økonomisk tap. Han er difor eit viktig folkerettsleg rammeverk for statane sitt samarbeid i kampen for å oppklare slike terrorhandlingar, og for å straffeforfølgje eller utlevere dei som står bak desse.

Det var USA som kort etter bilbombeåtaket retta mot amerikansk militært personell i Dahran, Saudi-Arabia 25. juni 1996 tok initiativ til å starte forhandlingane om konvensjonen. Kort tid før dette åtaket hadde det funne stad fleire liknande terrorhandlingar som alle leidde til internasjonal uro og otte. Desse hendingane synleggjorde at jamvel om det fanst viktige antiterrorkonvensjonar som råka bestemte terrorhandlingar som t.d. flykapring og gisseltaking, fanst det ikkje noko multilateralt rettsleg instrument som omhandla terroriståtak mot offentlege plassar, slik som bilbomba i Dahran og fleire liknande åtak som fann stad midt på 1990-talet.

Hausten 1996 vart det oppnådd semje i Generalforsamlinga i FN om å setje ned ei ad-hoc arbeidsgruppe under 6. komiteen i FN for å utarbeide eit konvensjonsutkast. Det vart oppnådd semje om konvensjonsteksten 21. november 1997. Konvensjonen vart så endeleg vedteken av Generalforsamlinga 15. desember same året. Han vart opna for underteikning i FN sitt hovudkvarter 12. januar 1998 og underteikna av Noreg 31. juli same året.

Konvensjonen stiller krav til dei statane som vert part i han om å kriminalisere visse handlemåtar, straffeforfølgje eller utlevere for straffeforfølgjing personar som oppheld seg på staten sitt territorium og som vert mistenkte for å ha gjort seg skuldige i handlingar som vert ramma av konvensjonen. Vidare skal partane samarbeide om å hindre og etterforske slike handlingar. Konvensjonen inneheld m.a.o. både reglar som har som formål å hindre terrorhandlingar og reglar som tek sikte på å effektivisere den etterfølgjande strafferettslege forfølgjinga av personar som gjer seg skuldige i slike handlingar. Som sine føregangarar freistar ikkje konvensjonen å definere sjølve omgrepet terrorisme, men tek i staden sikte på å råke bestemte handlingar og unnlatingar uavhengig av dei motiva som ligg bak.

Spørsmålet om underteikning og ratifikasjon av konvensjonen har vore lagt fram for m.a. Justisdepartementet, som har gjeve uttrykk for at det ville vere ønskjeleg å endre utleveringslova § 5 før konvensjonen vert ratifisert for å vere sikker på at det ikkje ville kunne oppstå motstrid mellom denne paragrafen og føresegnene i konvensjonen. Slik endring vart føreslegen av Justisdepartementet i Ot.prp. nr. 56 (1998-99) Om lov om Schengen Informasjonssystem (SIS), lov om endringer i utlendingsloven og enkelte andre lover som følge av Schengensamarbeidet, jf. Innst. O. nr. 89 (1998-99).

Kopi av konvensjonen på engelsk og i omsetjing til norsk følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Komiteen forutsetter at konvensjonen i forbindelse med utleveringsspørsmål er å betrakte som en overenskomst og at utleveringen får den nødvendige justering slik at utleveringsadgangen for den type overtredelser konvensjonen omhandler fremgår på en klar måte.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av FN-konvensjon av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing, i samsvar med forslaget i St.prp. nr. 85 (1998-99).

Oslo, i utanrikskomiteen, den 14. juni 1999.

Haakon Blankenborg,

leiar.

Kjell Engebretsen,

ordførar.

Einar Steensnæs,

sekretær.