Samandrag
Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 1999 som følgje av dette.
Det blir gjort greie for prosedyredrøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg 27. januar, 11. februar og 9. mars 1999 og for drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet som blei haldne 11. og 12. mai 1999. Møta førte ikkje fram til semje.
Det blir òg gjort greie for retningslinene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget har vedteke.
Regjeringa meiner at tilrådinga til utvalet for førebuing av inntektsoppgjeret 1999 (Arntsen-utvalet) om at veksten i årsløna frå 1998 til 1999 bør avgrensast til om lag 4,5 pst., bør leggjast til grunn ved trygdeoppgjeret 1999.
Under drøftingane om regulering av grunnbeløpet la Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg fram eit felles krav der det heiter:
«Lønnsveksten for yrkesaktive fra 1996 til 1997 er av Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjørene anslått til 4,3 pst. Grunnbeløpet økte med 3,9 pst. i samme periode.
Lønnsveksten for yrkesaktive fra 1997 til 1998 er av Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera anslått til 6 G pst. Grunnbeløpet økte med 5,75 pst. i samme periode.
Regjeringen har i Revidert Nasjonalbudsjett for 1999 anslått lønnsveksten fra 1998 til 1999 til 4,5 pst.
Organisasjonene krever:
På bakgrunn av ovennevnte krever organisasjonene at grunnbeløpet økes med kr 2 200 til kr 47 570 fra 1. mai 1999.»
Staten la under drøftingane fram eit forslag om å auke grunnbeløpet i folketrygda med kr 1 580 frå kr 45 370 til kr 46 950 frå 1. mai 1999. Dette inneber ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 1998 til 1999 på 4,52 pst.
Partane konstaterte etter dette at det ikkje var grunnlag for å halde fram med drøftingane.
Frå staten si side vart det opplyst at Regjeringa ville leggje det framlagde forslaget til grunnbeløpsregulering fram for Stortinget.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at grunnbeløpet aukar med kr 1 580 til kr 46 950 frå 1. mai 1999. Meirutgiftene ved forslaget til regulering i høve til reglar og satsar før 1. mai 1999 blir på om lag 2 700 mill. kroner i 1999, inkludert reguleringa av statspensjonane.
Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.
Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.00. Kroner
Minstepensjon | Unge uføre fødde | |||||
Einslege | Ektepar | før 1941 | ||||
Pr. år | Pr. mnd | Pr. år | Pr. mnd | Pr. år | Pr. mnd | |
1.01.90-30.04.90 | 51 839 | 4 320 | 83 972 | 6 998 | 56 748 | 4 729 |
1.05.90-30.11.90 | 54 220 | 4 518 | 87 960 | 7 330 | 58 980 | 4 915 |
1.12.90-30.04.91 | 54 378 | 4 532 | 88 217 | 7 351 | 65 2901 | 5 4411 |
1.05.91-30.04.92 | 56 978 | 4 748 | 92 158 | 7 680 | 75 6882 | 6 3072 |
1.05.92-30.04.93 | 58 583 | 4 882 | 94 752 | 7 896 | 85 7753 | 7 1483 |
1.05.93-31.12.93 | 59 868 | 4 989 | 96 816 | 8 068 | 87 6484 | 7 3044 |
1.01.94-30.04.94 | 59 868 | 4 989 | 101 0885 | 8 4245 | 87 6484 | 7 3044 |
1.05.94-31.12.94 | 61 116 | 5 093 | 103 200 | 8 600 | 89 4844 | 7 4574 |
1.01.95-30.04.956 | 61 512 | 5 126 | 103 992 | 8 666 | 89 4844 | 7 4574 |
1.05.95-30.04.96 | 63 372 | 5 281 | 107 136 | 8 928 | 92 184 | 7 682 |
1.05.96-30.04.97 | 66 240 | 5 520 | 111 984 | 9 332 | 96 360 | 8 030 |
1.05.97-30.04.987 | 69 360 | 5 780 | 117 456 | 9 788 | 105 672 | 8 8018 |
1.05.98-30.04.999 | 81 360 | 6 780 | 140 040 | 11 670 | 112 752 | 9 396 |
1.05.99-30.04.0010 | 84 204 | 7 017 | 144 912 | 12 076 | 116 676 | 9 723 |
1 Frå 1.1.1991.
2 Frå 1.1.1992.
3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa).
4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42).
5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.
6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.
7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst.).
8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.
9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 pst. av grunnbeløpet.
10 Med atterhald om vedtak i Stortinget.
Kilde: Sosial- og helsedepartementet.
Frå 1997 til 1998 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane med 5,75 pst. medan minstepensjonen for einslege auka med 13,2 pst. og for ektepar med 14,6 pst. Prisstigninga var 2,3 pst. For alle tilsette under eitt er lønsveksten frå 1997 til 1998 utrekna til 6,2 pst.
I Revidert nasjonalbudsjett 1999 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i lønene frå 1998 til 1999 på om lag 4,5 pst. for alle grupper under eitt, og ein prisvekst på 2,4 pst.
Det blir i proposisjonen vist til at Stortinget i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 243 (1997-98) Om trygdeoppgjøret 1998 - fatta følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen sammen med organisasjonene drøfte prosedyrer for regulering av grunnbeløpet i folketrygden. Det er særlig viktig å få avklart hvilken rolle Det tekniske beregningsutvalget skal ha, og hvordan avviket mellom forventet og faktisk inntektsutvikling for yrkesaktive skal forstås og brukes i arbeidet med å regulere folketrygdens grunnbeløp".
I protokollen frå prosedyredrøftingane heiter det mellom anna:
«Partene er enige om at
– i forkant av trygdeoppgjøret går partene gjennom utviklingen foregående år i lønninger og grunnbeløp. Vurderingen av lønnsutviklingen foregående år baseres blant annet på Det tekniske beregningsutvalgets tall for "gjennomsnittlig årslønnsvekst for alle grupper under ett",
– tall for ventet lønnsvekst i reguleringsåret til bruk under drøftelsene om trygdeoppgjøret baseres på anslag for lønnsveksten i LO/NHO-området og i stat og kommune. Anslagene bygger på Beregningsutvalgets tall for overhenget i lønninger inn i reguleringsåret.
Retningslinjene for regulering av grunnbeløpet av 23. mai 1991 legges til grunn for drøftingene om trygdeoppgjøret.»
Departementet peikar på at det til overslaga for venta vekst i lønene i reguleringsåret er knytt uvisse, då den faktiske veksten i lønene som blir registrert i etterhand, vil kunne avvike frå overslaga. Det blir uttala at lønsutviklinga det førre året vil inngå i grunnlaget for vurderinga ved regulering av grunnbeløpet det enkelte året.
Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar for 1999 som i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.
Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 1999 blir det rekna med meirutgifter på 7 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 16 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 23 mill. kroner.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, vert det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666) aukar med 10 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664) aukar med 6 mill. kroner.
Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 80 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 1999 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 80 mill. kroner.
Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 5 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 1999. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 1999 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 5 mill. kroner.