Vedlegg: Brev fra Barne- og familiedepartementet v/statsråd Valgerd Svarstad Haugland til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 25. mars 1999.
Eg viser til brev av 2. mars 1999 der familie-, kultur- og administrasjonskomiteen ber om departementet si vurdering av Dokument nr. 8:28 (1998-99) Forslag frå stortingsrepresentantane Trond Helleland, Kristin Krohn Devold og Erna Solberg om utgreiing og igangsetjing av prøveprosjekt med norskundervisning for born i førskulealderen som har dårleg norskforståing.
Førskulealderen er den viktigaste perioden for utvikling av muntleg språk. Å stimulere born til å bruka talespråket blir difor ei høgt prioritert oppgåve i arbeidet med born i denne alderen. Det er òg viktig at det språklege samspelet er knytt til den uformelle læringa i kvardagslivet, til leiken og til sosial læring og utvikling. Born i førskulealder treng tryggleik og tillit for at optimal språkutvikling skal finne stad. For bort frå tospråklege og kulturelle minoritetar blir språkleg stimulans i barnehage særskilt viktig, fordi det ikkje er like vanleg at dei får norskspråkleg stimulans heime. Barnehagen bør medverka til at desse borna utviklar kompetanse i å bruka to språk, dels gjennom å styrkja morsmålet, dels gjennom å arbeida aktivt med norsk som andrespråk. Å styrkja morsmålet er viktig både for barnet si kultur- og identitetstilknytting, men og som eit betre grunnlag for å utvikla forståinga av det norske språket. Difor er det særleg nyttig at born med eit anna morsmål enn norsk får plass i barnehagen.
Å få plass i norskspråkleg barnehage er likevel ikkje nok for at born med minoritetsbakgrunn skal læra seg norsk. Dei treng ofte aktiv hjelp frå dei vaksne for å koma inn i leik og språkleg samspel med dei andre borna. Her kjem mellom anna dei tospråklege assistentane inn som ein veldig viktig ressurs. Deira oppgåve er å gje dei minoritesspråklege borna høve til å utvikle sitt eige morsmål og læra om eigen kultur. Dei tospråklege assistentane skal samstundes byggja bru mellom ulike kulturar og skapa tillit mellom borna.
Ei undersøking gjennomført av Høgskolen i Oslo i 1995 syner at de borna som har fått tospråkleg assistanse, har gode høve for å utvikla språkkompetanse både på morsmål og på norsk. I 1997 fekk 54 prosent av om lag 8 700 born frå språklege minoritetar i barnehagar tilbod om tospråkleg assistanse. Born med etnisk minoritetsbakgrunn utgjer ca. 5 prosent av alle born i barnehage.
Regjeringa har som mål å auka deltakinga av born frå etniske minoritetar i barnehagen og oppmuntra til bruk av tospråklege assistentar.
Som eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge vart det hausten 1998 sett i gong eit treårig prosjekt med gratis korttidstilbod i barnehagar for alle 5-åringar i bydel Gamle Oslo. Føremålet med prosjektet er å auka deltakinga av born med innvandrarbakgrunn i barnehagen, slik at dei blir betre integrert og får betre språkopplæring før skulestart. Korttidstilbodet legg særskilt vekt på språk- og omgrepsopplæring ved bruk av ulike modellar for språkopplæring. Det er rimeleg å tru at born frå etniske minoritetar som får god språkstimulering før skulestart vil ha lettare for å få ein god skulegong enn dei som ikkje får eit slikt tilbod.
Helsestasjonen har i denne samanhengen vore ein viktig samarbeidspart for spreiing av informasjon om tilbodet til 5-åringar og om tilbod om norskopplæring for mødre med innvandrarbakgrunn. Samarbeid med helsestasjonane og andre arenaer der foreldre og born frå etniske minoritetar treff kvarandre, er avgjerande for å lukkast med slike tiltak.
Barne- og familiedepartementet finansierer prosjektet i bydel Gamle Oslo, med ei budsjettramme på 30 millionar kroner fordelt over tre år. Prosjektet skal evaluerast grundig, og det vil gje røynsle som andre kommunar og bydelar kan dra nytte av. Samstundes vil sentrale og lokale styresmakter få kunnskap om kva for verkemiddel som må til for å auka andelen av born med innvnandrarbakgrunn i barnehagane og kva slags modellar for språkopplæring som er høvelege for ei betre språkopplæring før skulestart.
Det er òg sett i gang liknande tiltak i ytterlegare to bydelar i Oslo, som vert finansiert gjennom handlingsprogrammet for Oslo indre øst. Departementet har registrert at det er stor interesse for å setta i gang slike prosjekt også i andre bydelar der andelen av born frå etniske minoritetsgrupper er stor.
Utover tiltaka nemnt ovanfor, vil eg òg visa til St.meld. nr. 25 (1998-99): Morsmålsopplæring i grunnskolen der Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid med Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til eit prosjekt med vekt på systematisk språktrening for grupper av 5-åringer i nokre utvalde kommunar.
Røynsler og kunnskap frå desse prosjekta skal vera med å danna grunnlag for framtidige tiltak for å betra språkopplæringa for born i førskulealderen med minoritetsbakgrunn. Barne- og familiedepartementet vil difor ikkje vurdera å sette i gang fleire nye prosjekt på dette området før konklusjonane ligg føre.