Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra kommunalkomiteen om den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.–18. juni 1998.

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget.

Proposisjonen frå Kommunal- og regionaldepartementet omhandlar den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.–18. juni 1998 og Noreg si stilling til rekommandasjon nr. 189 om jobbskaping i små og mellomstore bedrifter.

Den 86. internasjonale arbeidskonferansen vart halden i Genève, 2.–18. juni 1998. Sakslista for konferansen, samansetjinga av den norske delegasjonen si fordeling på komiteane går fram av rapporten frå den norske statlege delegasjonen (vedlegg 1 i proposisjonen). Rapporten gir eit oversyn over handsaminga av sakene og dei vedtaka som vart gjorde.

Konferansen lykkast ikkje å oppnå fleirtal for å vedta ein ny internasjonal konvensjon om kontraktørar. Arbeidskonferansen bad styret om å setje dette emnet opp på nytt att på ein komande konferanse, og seinast innan år 2002.

Konferansen behandla for første gong utkastet til ein konvensjon og ein rekommandasjon om dette emnet, som vil bli ferdigbehandla på arbeidskonferansen i juni 1999.

Konferansen vedtok ei prinsipperklæring om grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet. Det vart samstundes vedteke ein oppfølgningsmekanisme for erklæringa. Erklæringa slår mellom anna fast at alle medlemslanda i ILO, også dei som ikkje har ratifisert ILOs grunnleggjande konvensjonar, har plikt til å respektere, fremme og setje i verk dei prinsippa som gjeld grunnleggjande rettar som er temaet for desse konvensjonane.

Resolusjonskomiteen vedtok ein resolusjon om "ungdom og sysselsetjing.»

Det vart i år halde ein særskild sesjon om stoda for arbeidstakarane i dei okkuperte arabiske områda. Til grunn for debatten låg føre ein rapport utarbeidd av Arbeidsbyrået. Det vart ikkje gjort noko vedtak i saka.

I Komiteen for gjennomføring av konvensjonar og rekommandasjonar vart Myanmar (Burma) sterkt kritisert i komitérapporten for alvorlege manglande oppfylling av sine plikter etter konvensjon nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten av 1948. Landet vart og ført opp under paragrafen om "alvorleg manglande gjennomføring gjennom fleire år" i komitérapporten for grove brot på denne konvensjonen.

Sudan vart også sterkt kritisert i komitérapporten for grove brot på konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid av 1930.

Til spørsmålet om norsk tiltreding av rekommandasjon nr. 189 om jobbskaping i små og mellomstore bedrifter er det i proposisjonen gjeve fråsegner frå Nærings- og handelsdepartementet, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Næringslivets Hovedorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge, som alle gjev uttrykk for at rekommandasjon nr. 189 ikkje vil stille nye krav til norsk lovverk eller praksis for å oppfylle tilrådingane i rekommandasjonen.

Den norske ILO-komiteen tilrår samrøystes at Noreg tiltrer rekommandasjonen. Komiteen uttrykker i denne samanhengen ønskje om at rekommandasjonen blir vidt spreidd med sikte på å gjere innhaldet så godt kjent som mogleg. Stortingsproposisjonen om små og mellomstore bedrifter og stortingshandsaminga vil vere ein viktig lekk i slik offentliggjering av ILO-rekommandasjonen.

Kommunal- og regionaldepartementet tilrår at Noreg tiltrer rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter. Departementet gjer samstundes merksam på at ILO-rekommandasjonen er omtalt i Regjeringa sin handlingsplan for små bedrifter.

Komiteen viser til generaldebatten på den 86. internasjonale arbeiderkonferanse i Genève, 2.–18. juni 1998.

Komiteen har merket seg debatten om kontraktører, og at arbeidskonferansen ba styret sette opp emnet på en kommende konferanse, og senest innen 2002.

Videre har komiteen merket seg at det forelå et forslag til ny konvensjon og rekommandasjon om barnearbeid, som vil bli ferdigbehandlet på arbeidskonferansen i 1999.

Komiteen viser til at konferansen vedtok en prinsipperklæring om grunnleggende prinsipp og retter i arbeidslivet. Det ble samtidig vedtatt en oppfølgningsmekanisme for erklæringen.

Komiteen viser til rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter. Komiteen er enig i at den foreliggende rekommandasjon ikke stiller nye krav til norsk lovverk eller praksis. Instrumentet gir anbefalinger vedrørende utforming og politikk overfor små og mellomstore bedrifter, og bør brukes som et referansepunkt i dette arbeidet framover.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at Norge tiltrer rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter, vedtatt på den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.–18. juni 1998, i samsvar med det framlagte forslag i St.prp. nr. 39 (1998-99).

Oslo, i kommunalkomiteen, den 20. april 1999.

Sylvia Brustad,

leder.

Leif Lund,

ordfører.

Sverre J. Hoddevik,

fung. sekretær.