Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

7. Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1997

Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond og for Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond.

Statens Bankinvesteringsfond hadde i 1997 eit overskott på 855 mill. kroner mot 1344 mill. kroner i 1996.

Driftsinntektene utgjorde 681 mill. kroner og driftskostnadene 6,6 mill. kroner. Driftskostnadene er større enn året før på grunn av arbeidet med den føreslåtte Christiania-fusjonen. Av inntektene utgjer utbytte frå aksjar i DnB og Kreditkassen til saman 838 mill. kroner. Sum renteinntekter er lågare enn i fjor som følgje av mindre gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar og renteberande ansvarlege lån.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1997.

Marknadsverdien for investeringane til Bankinvesteringsfondet utgjorde 16633 mill. kroner pr. 31.desember 1997. Det er 11536 mill. kroner meir enn bokførtverdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 6242 mill. kroner.

Heile årsoverskottet på 855 mill. kroner er avsett som utbytte til staten.

Verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet forvaltar, hadde i 1997 samla driftsinntekter på 1053 mill. kroner og eit nettoresultat på 1046 mill. kroner etter frådrag av driftskostnader.

Det vart i St.meld. nr. 39 (1993-94) Bankkrisemeldingen s. 127 gjort greie for formålet og retningslinjene for den statlege medeigarskapen i norske forretningsbankar.

Den norske Bank og Kreditkassen hadde ei avkasting på linje med den norske bankindeksen i 1997. Samla avkasting på aksjane i DnB og Kreditkassen medrekna utbytte var på høvesvis 52,2 og 57,9 pst. Av delindeksane på Oslo Børs steig bankindeksen mest i 1997 med 53,8 pst. Omsetnaden av aksjar i DnB og Kreditkassen har i 1997 vore god, med samla omsetnad på høvesvis 9,7 og 6,4 mrd. kroner. (Kjelde: Oslo Børs.)

Ved utgangen av 1997 hadde Bankinvesteringsfondet eigardelar i DnB og Kreditkassen til ein bokført verdi på i alt 5097 mill. kroner. I tillegg til dette forvalta Bankinvesteringsfondet ein portefølje av aksjar i DnB for Banksikringsfondet med ein bokført verdi på 1040 mill. kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Bankinvesteringsfondet forvalta pr. 31. desember 1997, var 20304 mill. kroner.

I Nasjonalbudsjettet 1998 skreiv regjeringa Jagland at den statlege aksjeeiga i DnB og Kreditkassen burde reduserast til ein tredel, fordi det er Regjeringa sitt syn at ein eigardel på ein tredel er nok til å nå målet med den statlege eigarskapen i finansnæringa. Sala burde skje etter forretningsmessige prinsipp med sikte på å oppnå ei best mogleg avkasting for staten som eigar, i tråd med det som er lagt til grunn ved tidlegare sal av aksjar frå fondet. Aksjesala burde skje i 1998, dersom ikkje særlege forretningsmessige tilhøve skulle tilseie at heile eller delar av den aktuelle aksjehandelen bør utsetjast til 1999.

I St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1997-98) om endring i St.prp. nr. 1 (1998-99) om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998 la regjeringa Bondevik til grunn at Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet sel aksjar dei har i DnB og Kreditkassen i 1998, slik at eigardelen fondet har i dei to bankane, blir redusert til ein tredel. Det har såleis vore lagt opp til at aksjesala skjer i 1998, dersom ikkje marknadstilhøva skulle tilseie seinare sal. Gjennom sala vil ein prøve å oppnå ein spreidd eigarskap i dei to bankane.

I pressemelding frå Statens Bankinvesteringsfond av 17.mars 1998 vart det informert om at det blir planlagt nedsal frå noverande ca. 52 pst. ned mot 33 1/3 pst. av aksjane i DnB. Det blei vidare sagt at storleiken på spreiingssalet, saman med tidspunktet for salet og den nærmare framgangsmåten, ville bli vurdert jamnleg.

Føresetnaden er at det planlagde salet skal skje både som eit offentleg sal til publikum i Noreg og som ei institusjonell plassering til norske og utanlandske institusjonar. Det vil bli lagt særleg vekt på å leggje eit sal til rette for best mogleg spreiing blant private investorar i Noreg.

Styra i Kreditkassen og Storebrand ASA la 1.april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan.

Bankinvesteringsfondet vedtok å støtte fusjonen mellom Kreditkassen og Storebrand ASA på generalforsamlinga 26.juni 1997. Bankinvesteringsfondet som eigar vurderte forslaget om fusjon på forretningsmessig grunnlag. Bankinvesteringsfondet hadde før generalforsamlinga i samsvar med vedtektene og lov om Statens Bankinvesteringsfond lagt vedtaket fram for Finansdepartementet.

Vel 62 pst. av røystene på generalforsamlinga i Storebrand ASA sa ja til fusjonsframlegget, medan 37 pst. sa nei. Dermed fekk ikkje fusjonsframlegget det nødvendige fleirtalet på to tredelar, og framlegget om fusjon mellom Kreditkassen og Storebrand ASA fall bort.

Komiteen tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.