Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

I proposisjonen vert det gjort framlegg om å omdisponere 183,8mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1998 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret.

Det vert føreslege å auke løyvingane til naudhjelp og humanitære tiltak fleire stader i verda m.a. til naudlidande i Mellom-Amerika. Midlane er tekne frå område der framdrift og rammevilkår for prosjekt og program av ulike årsaker er endra i høve til opphavlege planar. Det vert óg føreslege omprioriteringar i budsjettet.

Under kap. 0197 Hjelp til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak vert det føreslege omdisponert 10 mill. kroner til dekking av leveransar av mat og medisinar til Nordvest-Russland.

Det vert opplyst at budsjettet for utviklingshjelp for 1998 er på 10318mill. kroner, inklusive 375mill. kroner i ubrukte midlar overførde frå 1997.