Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

25. « Pakke »-framlegg

25.1 Framlegg frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre

       Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre legg fram følgjande « pakkeframlegg »:

«1. Stortinget ber Regjeringa, i samband med Statsbudsjett for 1999, koma med forslag basert på følgjande element:
       Det vert innført ei tidsavgrensa konjunkturavgift på investeringar på 5 %, slik det er gjort greie for i St.meld. nr. 2 (1997-1998), med følgjande avgrensningar:
- avgifta skal vurderast kvart år ut frå konjunktursituasjonen,
- avgifta skal berre gjelde nybygg,
- avgifta skal ikkje gjelde bygging av barnehagar, omsorgsbustader og sjukeheimar,
- avgifta skal ikkje omfatte tiltakssonen i Nord-Troms og Finnmark.
2. Frå 1. juli 1998 skal det i samsvar med lov av 21. desember 1990 nr. 72 om avgift på utslepp av CO2 i petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen betalast CO2-avgift til statskassen etter følgjande satsar:
a) For gass 107 øre pr. standardkubikkmeter,
b) for olje eller kondensat 107 øre pr. liter.
3. Stortinget ber Regjeringa fremje forslag om å innføre ei ordning med innskotsbasert tenestepensjon som skattemessig skal jamstellast med ytelsesbasert tenestepensjon, med sikte på gjennomføring i 1999.
4. Regjeringa får fullmakt til å selje statlege aksjar i 1998 for inn til 500  mill. kroner, under føresetnad av at nedsalet kan skje til ein akseptabel pris. Salet skal kome i tillegg til sal som Regjeringa alt har varsla (aksjar i DnB, Kredittkassen, Norsk Medisinaldepot og Statkorn Holding).»

       Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader under følgende avsnitt i B.innst.S.nr.II (1997-1998):

       Avsnitt 5.7.6 CO2-avgift på sokkelen, avsnitt 7.5.2 Innskuddsbasert tjenestepensjon og avsnitt 5.1.2.3 Konjunkturavgift.

       Når det gjelder salg av statsaksjer viser komiteen til merknader under avsnitt 24.1.1.

       Komiteen viser dessuten til de respektive fraksjonsmerknader under kap. 8 i B.innst.S.nr.II (1997-1998) og til avsnitt 2.2 i samme innstilling.