Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

     Forslagsstillarane viser i dokumentet til at Høgre først og fremst vil løyse industrien sitt behov for langsiktig krafttilgang gjennom utsett heimfall og sal av Statkraft sine industrikraftverk. Forslagsstillarane fremjer såleis forslaget for å unngå uheldige verknader av gjeldande lovgjeving på dette området.

       Forslagsstillarane viser vidare til at Stortinget i 1993 vedtok endringar i industrikonsesjonslova sine føresegner om heimfall av kraftverk, som førte til at det no er høve til å gjere føregrepne heimfall kor kraftverkanlegga heimfell til staten før den verkelege konsesjonstida er gått ut. Tidlegare konsesjonær har samstundes høve til å tinga om å kjøpa attende dei heimfalne anlegga for ein periode på 50 år.

       Følgjande forslag vert fremja:

       « Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at konsesjonærene som i årene 1957-66 inngikk avtaler med staten om foregrepet hjemfall gis tilbakekjøpsadgang for anleggene på vilkår tilsvarende dem som er hjemlet i endring av industrikonsesjonsloven § 41 og vassdragsreguleringsloven § 20a av 11. juni 1993.

       Statkraft SF blir gjennom foretaksmøtet pålagt å foreta salg av de aktuelle anleggene i den grad tilbakekjøpsavtaler blir inngått i samsvar med Stortingets forutsetninger i Innst.O.nr.133 Om endring av industrikonsesjonsloven § 41 og vassdragsreguleringsloven § 20a av 11. juni 1993. »