1. Samandrag
1.1 Hovudtrekk i finanspolitikken
1.1.1 Innleiing
Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.
I meldinga er det gjort greie for løyvde beløp på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det er òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap.
1.1.2 Budsjettpolitikken
Budsjettpolitikken må brukast aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og styrkje sysselsettinga på lengre sikt. Budsjettutviklinga må samstundes vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.
Ein viser elles til omtalen av budsjettutviklinga gjennom 1997 i Revidert nasjonalbudsjett 1997 og Nasjonalbudsjettet 1998.
Tabell 1.1 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner):
1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 |
---|
1. Statsbudsjettet | |||||
A Inntekter i alt | 321.723 | 344.521 | 372.357 | 406.147 | 440.189 |
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda | 44.630 | 44.018 | 50.184 | 61.110 | 69.824 |
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter | 277.093 | 300.503 | 322.173 | 345.037 | 370.365 |
B Utgifter i alt | 365.596 | 373.444 | 368.283 | 358.991 | 373.449 |
B.1 Utgifter til petroleumsverksemda | 16.607 | 18.442 | 11.674 | -8.776 | -16.984 |
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemda | 348.989 | 355.002 | 356.609 | 367.767 | 390.433 |
Statsbudsjettets oljekorrigerte | |||||
overskott (A.2-B.2) | -71.896 | -54.499 | -34.436 | -22.730 | -20.068 |
+ Overført frå Statens petroleumsfond | 28.023 | 25.576 | 36.529 | 25.673 | 22.789 |
= Statsbudsjettets overskott før | |||||
lånetransaksjonar | -43.873 | -28.923 | 2.093 | 2.943 | 2.721 |
2. Statens petroleumsfond | |||||
Statsbudsjettets netto kontantstraum | |||||
frå petroleumsverksemda (A.1-B.1) blir | |||||
overført til Statens petroleumsfond | 28.023 | 25.576 | 38.510 | 69.886 | 86.808 |
- Overført til statsbudsjettet | 28.023 | 25.576 | 36.529 | 25.673 | 22.789 |
+ Renteinntekter i fondet | 0 | 0 | 0 | 81 | 3.343 |
= Overskott i Statens petroleumsfond | 0 | 0 | 1981 | 44.294 | 67.362 |
3. Statsbudsjettet og Statens | |||||
petroleumsfond samla Overskott | -43.873 | -28.923 | 4.074 | 47.237 | 70.083 |
Tabell 1.2 Lånetransaksjonar og finansieringbehov (tal i mill. kroner)
1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 |
---|
Utlån, aksjeteikning m.v. | 11.865 | 46.234 | 27.089 | 52.747 | 49.327 |
- Tilbakebetalingar | 14.711 | 50.167 | 42.119 | 54.789 | 46.131 |
- Statsbudsjettets overskott | -43.873 | -28.923 | 2.093 | 2.943 | 2.721 |
= Netto finansieringsbehov | 41.027 | 24.990 | -17.123 | -4.985 | 476 |
+ Gjeldsavdrag | 25.727 | 7.594 | 12.806 | 46.253 | 26.500 |
= Statsbudsjettets brutto | |||||
finansieringsbehov | 66.754 | 32.584 | -4.317 | 41.268 | 26.976 |
Samanlikna med 1996 har inntekter utanom lånetransaksjonar og inntekter frå petroleumsverksemd gått opp med 25,3 mrd. kroner eller 7,3 %. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemd har auka med 22,7 mrd. kroner som utgjer 6,2 %. Det oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med 2,7 mrd. kroner frå 1996 til 1997. Samstundes har netto oljeinntekter gått opp med 16,9 mrd. kroner. Til saman gjer dette at overskottet før avsetjing i Statens petroleumsfond har auka med 19,6 mrd. kroner. Ein auke i Statens petroleumsfonds renteinntekter på 3,3 mrd. kroner i tillegg gjev ein samla auking på 22,8 mrd. kroner i statsbudsjettets og Statens petroleumsfonds overskott.
Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov var vesentleg lågare i 1997 enn i 1996. Hovudårsaka er 19,8 mrd. kroner lågare avdrag på uteståande gjeld. I tillegg blei netto utlån redusert med 5,2 mrd. kroner.
1.1.3 Nærare om utviklinga av budsjettet for 1997 gjennom budsjettåret
Tabell 1.3 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskottet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1997, medan tabell 1.4 viser utviklinga i statskassens finansieringsbehov.
Tabell 1.3 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner):
Anslag på | ||||
---|---|---|---|---|
Vedteke | Ny- | rekneskap | ||
budsjett | saldert | ved ny- | Rekneskap | |
(S.III) | budsjett | saldering | 1997 |
1. Statsbudsjettet | ||||
A Inntekter i alt | 429.979 | 435.173 | 435.173 | 440.189 |
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda | 69.100 | 68.950 | 68.950 | 69.824 |
A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter | 360.879 | 366.223 | 366.223 | 370.365 |
B Utgifter i alt | 375.393 | 372.190 | 372.990 | 373.449 |
B.1 Utgifter til petroleumsverksemda | - 8.591 | -16.021 | - 16.021 | -16.984 |
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemda | 383.984 | 388.211 | 389.011 | 390.433 |
Statsbudsjettets oljekorrigerte | ||||
overskott (A.2-B.2) | -23.106 | -21.989 | -22.789 | -20.068 |
+ Overført frå Statens petroleumsfond | 23.106 | 22.789 | 22.789 | 22.789 |
= Statsbudsjettets overskott før | ||||
lånetransaksjonar | 0 | 800 | 0 | 2.721 |
2. Statens petroleumsfond | ||||
Statsbudsjettets netto kontantstraum | ||||
frå petroleumsverksemda (A.1-B.1) blir | ||||
overført til Statens petroleumsfond | 77.691 | 84.971 | 84.971 | 86.808 |
- Overført til statsbudsjettet | 23.106 | 22.789 | 22.789 | 22.789 |
Renteinntekter i fondet | 2.770 | 3.300 | 3.300 | 3.343 |
= Overskott i Statens petroleumsfond | 57.355 | 65.482 | 65.482 | 67.362 |
3. Statsbudsjettet og Statens | ||||
petroleumsfond samla Overskott | 57.355 | 66.282 | 65.482 | 70.083 |
Tabell 1.4 Lånetransaksjonar og finansieringbehov 1997 (tal i mill. kroner)
Anslag på | ||||
---|---|---|---|---|
Vedteke | Ny- | rekneskap | ||
budsjett | saldert | ved ny- | Rekneskap | |
(S.III) | budsjett | saldering | 1997 |
Utlån, aksjeteikning m.v. | 42.886 | 50.727 | 50.727 | 49.327 |
- Tilbakebetalingar | 31.021 | 46.604 | 46.604 | 46.131 |
- Statsbudsjettets overskott | 0 | 800 | 0 | 2.721 |
= Netto finansieringsbehov | 11.864 | 3.323 | 4.123 | 476 |
+ Gjeldsavdrag | 27.172 | 26.495 | 26.495 | 26.500 |
= Statsbudsjettets brutto | ||||
finansieringsbehov | 39.036 | 29.818 | 30.618 | 26.976 |
I 1997 har løyvingane av inntekter utanom lånetransaksjonar auka med 5,2 mrd. kroner frå 430,0 mrd. kroner i vedteke budsjett (S. III) til 435,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett.
Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar vart reduserte med 3,2 mrd. kroner frå 375,4 mrd. kroner i vedteke budsjett til 372,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Denne reduksjonen må sjåast i samanhang med at driftsresultatet frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda auka med 8,5 mrd. kroner. Da denne verksemda er nettobudsjettert med eit negativt driftsresultat under utgiftene på statsbudsjettet, fører dette til at utgiftene i statsbudsjettet blir redusert tilsvarande.
Nysaldert budsjett gav eit oljekorrigert underskott på 22,0 mrd. kroner som er 1,1 mrd. kroner lågare enn i vedteke budsjett. Oljeinntekter og netto inntekter frå oljeverksemda vart 7,3 mrd. kroner større enn i vedteke budsjett. Samla sett innebar dette ei betring i budsjettbalansen på 8,4 mrd. kroner. I tillegg blei anslaget for renteinntekter i Statens petroleumsfond auka med 0,6 mrd. kroner.
I vedteke budsjett for 1997 vart løyvingane til Forsvarsdepartementet reduserte med 800 mill. kroner på grunn av store overførte løyvingar frå 1996 til 1997. Det var forutsett at denne reduksjonen i løyvingane ikkje skulle gi lågare utgifter i 1997 men reduserte overførte løyvingar frå 1997 til 1998. Både anslag på rekneskap ut frå vedteke budsjett (S. III) og ut frå ny-saldert budsjett synte derfor 800 mill. kroner høgare oljekorrigert underskott enn dei vedtekne budsjetta. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgiften ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 800 mill. kroner utover det som var naudsynt for å dekke det budsjetterte oljekorrigerte underskottet.
Ei samla oversikt over løyvingsendringar gjennom 1997 er gjeve i St.prp. nr. 25 (1997-1998) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1997.
1.1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 1997 samanlikna med nysaldert budsjett
I statsrekneskapen for 1997 er oljekorrigert underskott 2,7 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett, for å dekkje det oljekorrigerte underskottet som då vart forutsatt. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 1997 gjort opp med eit overskott på 2,7 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskottet mellom anslag på rekneskap i nysalderingsproposisjonen og rekneskapen.
Rekneskapen for 1997 syner eit lånebehov på 27,0 mrd. kroner som er 3,6 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga av 1997-budsjettet.
1.1.4.1 Auka inntekter
Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 4.143 mill. kroner i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):
Skatt på formue og inntekt | -53 |
Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift | -108 |
Tollinntekter | -61 |
Meirverdiavgift | 2.151 |
Avgifter på alkohol | -205 |
Avgifter på tobakk | 88 |
Avgifter på motorvogner | -325 |
Elektrisitetsavgift | -183 |
Dokumentavgift | 348 |
Andre avgifter | -82 |
Sum skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg | 1.572 |
Renter og aksjeutbytte | 74 |
Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta | 204 |
Departementa sine inntekter | 2.293 |
Samla meirinntekt | 4.143 |
Inntektene under departementa vart 2.293 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket 405 mill. kroner høgare enn budsjettert. Elles omfattar desse meirinntektene ei rekke gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.
Rekneskapen vil normalt syne meirinntektar for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet og meirinntekt ved oppdragsverksemd og anna tenesteyting. Meirinntekter som medfører tilsvarande meirutgifter utgjer samla sett om lag 1,5 mrd. kroner for 1997.
Dei samla meirinntektene på 1,5 mrd. kroner som fører med seg tilsvarande meirutgifter inneber ikkje ei styrking av budsjettbalansen. Det er den resterande auken i inntekter som fører til heile betringa i budsjettbalansen på 2,7 mrd. kroner. 1,6 mrd. kroner i auka skatte- og avgiftsinntekter er da medrekna.
1.1.4.2 Reduserte utgifter
I dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore (tal i mill. kroner):
Overført løyving | Auke/Nedgang (-) |
---|
1992-93 | 10.522 | 2.351 |
1993-94 | 9.617 | -905 |
1994-95 | 9.089 | -528 |
1995-96 | 11.760 | 2.671 |
1996-97 | 11.454 | -306 |
1997-98 | 9.810 | -1.643 |
Det vart i nysaldert budsjett lagt til grunn at overførte løyvingar til neste budsjettår ville bli redusert frå 1996 til 1997. Hovudårsaka var ei forventa reduksjon på om lag 800 mill. kroner i lågare overførte beløp under Forsvarsdepartementet. Rekneskapen viser at reduksjonen under Forsvarsdepartementet vart på 1.178 mill. kroner.
Nedgangen i overførte beløp når ein held lånetransaksjoner og statleg petroleumsverksemd utanom, var på 1.426 mill. kroner.
Meirutgiftene i rekneskapen i forhold til nysaldert budsjett for 1997 er netto på 2.222 mill. kroner. Fleire forhold har bidratt til det høgare utgiftsnivået:
Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapa enn i budsjetta. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta kjem og inn her.
Statlege verksemder har hatt stor auke i oppdragsinntekter og inntekter av anna tjenesteyting som dei kan bruke og som derfor gir meirforbruk under driftsutgiftene.
Reduserte overførte løyvingar frå 1997 til 1998 samanlikna med overførte løyvingar frå 1996 til 1997 gir ein tilsvarande meirutgift i rekneskapen for 1997.
Investeringane under Jernbaneverket vart 506 mill. kroner høgare enn budsjettert, jf at også inntektene til Jernbaneverket er auka med vel 400 mill. kroner.
Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapitlar bidrar isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1997. Det gjeld i hovudsak overføringar til Statens pensjonskasse som vart 727 mill. kroner lågare enn budsjettert, og dessutan 200 mill. kroner lågare refusjon av dokumentavgift ved omorganisering av kraftverk.
1.1.4.3 Statens petroleumsfond
Det går fram av tabell 1.3 at oljeskattar, utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):
Oljeskattar og CO2-avgift | 798 |
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd | 76 |
- Utgifter til statleg petroleumsverksemd | -963 |
= Netto oljeinntekter i alt | 1.837 |
Mindreutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart lågare enn rekna med i budsjettet. Driftsresultatet i statleg petroleumsverksemd blir om lag som budsjettert.
Da netto oljeinntekter er rekneskapsført med 1.837 mill. kroner meir enn vedteke i nysaldert budsjett, blir brutto overføring til Statens petroleumsfond auka med same beløp, til 86.808 mill. kroner. Overføringa frå fondet er slik det var budsjettert med, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 1.837 mill. kroner høgare i rekneskapen enn i det ny-salderte budsjettet.
1.1.4.4 Redusert finansieringsbehov
Rekneskapen for 1997 viser at utgiftene til utlån vart 1.399 mill. kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. Mindreutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (tal i mill. kroner):
Lån til Oslo Lufthavn AS | -420 |
Boliglån til statstilsette | -231 |
Statens lånekasse for utdanning | 107 |
Den norske stats husbank | 316 |
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND | -903 |
SIVA | -130 |
Garantiinstituttet for eksportkreditt | -234 |
Andre utlån | 96 |
Samla reduksjon i utlåna | -1.399 |
I 1997 vart inntektene frå tilbakebetalingar 473 mill. kroner lågare enn budsjetterte. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå:
Statens lånekasse for utdanning | 346 |
Den norske stats husbank | -174 |
Grunnfinansieringsordninga, SND | -578 |
Posten Norge AB | 120 |
Andre lånetakarar | -187 |
Samla reduksjon i tilbakebetalingane | -473 |
Sidan netto utlån vart 926 mill. kroner lågare enn budsjettert og statsbudsjettet synte eit overskott på 2.721 mill. kroner vart statsbudsjettets netto finansieringsbehov 3.647 mill. kroner lågare enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.
Da gjeldsavdrag vart omlag som budsjettert vart også brutto finansieringsbehov redusert tilsvarande.
Det er i meldinga gjort nærare greie for inntekter og utgifter i statsrekneskapen for 1997, for resultatet på særskilte område og for finanspostar og kapitalrekneskapen.
1.2 Statens petroleumsfond
I Salderingsproposisjonen 1997 ( St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997) side 21) var det ein omtale av styringa av Statens petroleumsfond. Der vart det lagt opp til at ein skulle informere Stortinget om resultatrekneskapen for petroleumsfondet i meldinga om statsrekneskapen.
I lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond er fondet sine inntekter og utgifter definerte. Inntektene er netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga på formuen i fondet. Utgiftene er definerte slik at fondet berre kan nyttast til ei overføring til statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget. Tabellane 7.1 og 7.2 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond.
Inntektene til fondet i 1997 utgjorde vel 90.150 mill. kroner. Bokførde renteinntekter utgjorde 3.342 mill. kroner av desse inntektene. Ikkje realiserte vinstar på 1.532 mill. kroner er da ikkje medrekna. På grunnlag av stortingsvedtak i nysaldert budsjett 1997 vart det overført 22.789 mill. kroner frå petroleumsfondet til statsbudsjettet. Overskottet på fondet medrekna omvurderingar i 1997 vart dermed 68.893 mill. kroner.
Netto avsetjing i fondet, definert som netto overføringar frå statsbudsjettet, var i 1997 på til saman 64.019 mill. kroner. Inneståande i petroleumsfondet ved utgangen av 1997 var 115.150 mill. kroner.
Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet saman med første overføring i neste budsjettermin. I 1998 blir dette ved utgangen av juni. Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1997 vart om lag 1.837 mill. kroner høgare enn budsjettert. I balansen for Statens petroleumsfond pr. 31. desember 1997 er dette ført som fordring på statskassa.
Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala blir presenterte til orientering. Som varsla i Nasjonalbudsjettet 1998 vil ein leggje fram oversikter over fondet sine eigarandelar m.v. med den årlege statsrekneskapen frå 1998 når fondet også skal plasserast i aksjar.
Ei viktig oppgåve for departementet er å evaluere korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet nyttar ekstern ekspertise, og ein har i denne samanhengen inngått eit samarbeid med det britiske selskapet Bacon & Woodrow om å utarbeide kvartalsvise rapportar. Desse rapportane er offentlege. I den siste statsrekneskapen heitte det at ein for ettertida tok sikte på å leggje ved rapporten ved utgangen av året som eit særskilt vedlegg. Etter ny vurdering har ein kome til at dette m.a. på grunn av tidsfristane ikkje er hensiktsmessig. Ein vil heller gje ein kort omtale av resultata i statsrekneskapen samtidig som ein gjer rapportane offentleg tilgjengelege, m.a. på Internett.
Evalueringa blir utført ved at det på bakgrunn av retningslinjene for investeringane i petroleumsfondet er etablert ein såkalla referanseportefølje, som kan seiast å representere ein nøytral investeringsstrategi ut frå retningslinjene. Skilnaden i avkasting mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen blir så splitta opp i ulike element og analysert. Referanseindeksen, som byggjer på Salomon Brothers World Government Bond-indeksen, vart ikkje etablert før andre halvår 1997. Det gjev difor ikkje meining å samanlikne årsresultatet direkte med referanseindeksen i 1997.
Noregs Bank har rekna ut avkastinga til 10,83 % i 1997. Av dette kjem 3,56 % av at krona svekka seg gjennom året. I ein kort periode i tredje kvartal var Noregs Bank si valutafordeling marginalt utanfor retningslinjene i gjeldande forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond. Små endringar i valutakursen kan ha slike konsekvensar når ein ligg i ytterkant av valutafordelinga. Avviket frå forskriften har neppe hatt særleg verknad på årsresultatet.
Ifølgje årsrapporten frå Bacon & Woodrow hadde fondet ei årsavkasting på 11,3 %. Avviket mellom denne berekninga og Noregs Bank si utrekning skriv seg frå bruk av ulike valuta- og verdipapirkursar. Finansdepartementet vil arbeide med å samordne datagrunnlaget til Noregs Bank og Bacon & Woodrow. Referanseporteføljen, slik den var definert frå andre halvår, hadde ei årsavkasting på 11,21 %.
I andre halvår var Noregs Bank si avkasting 0,21 prosenteiningar høgare enn avkastinga Bacon & Woodrow hadde rekna ut for referanseporteføljen. Medan valutasamansettinga gav eit negativt bidrag til resultatet på 0,1 prosenteiningar ga valet av verdipapir innanfor den einskilde marknaden ein gevinst på 0,3 prosenteiningar i høve til referanseporteføljen. Med verknad frå årsskiftet 1997/1998 er forskrifta for forvaltninga av fondet betydeleg endra, m.a. med omsyn til valutafordelinga. Mot slutten av året starta Noregs Bank tilpassinga til den nye referanseporteføljen. Sjølv om valutaposisjonen har gitt eit tap målt i høve til referanseindeksen, kan denne tilpassinga ha gitt ein vinst i høve til alternativet å veksle om heile porteføljen til den nye samansetjinga ved årsskiftet.
Noregs Bank kan investere i papir som ikkje er med i referanseindeksen. Dette gjeld mellom anna obligasjonar som er lagt ut av statar som såkalla « eurolån », medan indeksen berre inneheld vanlege statspapir. Vidare har Noregs Bank inntekter frå utlån av verdipapir som referanseporteføljen ikkje tek omsyn til. Dette kan vere med på å forklare noko av vinsten Noregs Bank har på valet av verdipapir i høve til referanseporteføljen.
For 31. desember fastsette ein ei særskild forskrift der valutafordelinga vart sett lik fordelinga i forskrifta som skulle ta til å gjelde frå årsskiftet. Dette vart gjort for å redusere vekslingsbehovet ved overgangen til ny forskrift.
Noregs Bank si forvaltning av petroleumsfondet blir revidert av Noregs Banks revisjon. Den er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender om petroleumsfondet, er stadfesta av Noregs Banks revisjon. Den overordna revisjonen av petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer sin revisjon på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.
Tabell 7.1 Balanse for Statens petroleumsfond (Tal i mill. kroner)
Aktiva | Passiva | |||
Konto i Noregs Bank13 | 113.313 | Eigenkapital | 115.150 | |
Mellomrekning med | ||||
statskassa2 | 1.837 | |||
Sum | 115.150 | 115.150 |
1 | Fondet sine furtureskontraktar hadde ein nominell verdi på 2.449 mill. kroner og ein marknadsverdi på 2.591 mill kroner. |
2 | Statsrekneskapen syner at nettoinntektene frå petroleumsverksemda i 1997 vart om lag 1.837 mill. kroner høgare enn budsjettert. Endringar i dei faktiske petroleumsinntektene etter nysalderinga skal overførast til eller frå fondet etter utløpet av budsjetterminen. |
3 | I samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10. mai 1996 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midlane i eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta pr. 31. desember 1997 (i mill. kroner): |
|
* Utlån av verdipapir mot kontantar som etter forskrifter frå Kredittilsynet skal klassifiserast som innlån i rekneskapen.
Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved modifisert durasjon, var 3,44 pr. 31. desember 1997. Plasseringane hadde på same tid følgjande valutafordeling (i prosent):
DEM | 23,9 |
DKK | 3,5 |
FRF | 7,0 |
GBP | 13,5 |
SEK | 6,0 |
ECU | 2,0 |
USD | 25,6 |
CAD | 1,5 |
JPY | 15,0 |
Andre | 2,0 |
Sum | 100,0 |
Tabell 7.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (Tal i 1.000 kroner)
Kap. | Post | Tekst | 1997 | 1996 |
---|
INNTEKTER: | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum: | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 15.489.078 | 9.939.549 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 19.528.393 | 12.890.377 | |
73 | Produksjonsavgift | 6.220.276 | 6.301.343 | |
74 | Arealavgift m.v. | 617.064 | 1.159.255 | |
Sum kap 5507 | 41.854.811 | 30.290.524 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i | ||
petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen | 3.043.371 | 2.787.225 | ||
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i | |||
petroleumsverksemda | ||||
30 | Avskrivingar | 14.092.148 | 16.218.238 | |
31 | Sal av direkte økonomiske eigedelar | 0 | 28.500 | |
50 | Overføring frå Statens | |||
petroleumsforsikringsfond | 118.084 | 252.244 | ||
80 | Renter | 8.983.521 | 9.502.923 | |
81 | Renter mellomrekneskapen | 132.085 | 166.719 | |
84 | Erstatningsoppgjer | 0 | 13.320 | |
Sum kap. 5440 | 23.325.838 | 26.181.944 | ||
2440 | 24 | SDØE. Driftsresultat | 38.019.321 | 26.774.608 |
5655 | 80 | Utbytte STATOIL | 1.600.000 | 1.850.000 |
2440 | 30 | Investeringar | -20.341.944 | -16.781.939 |
31 | Prosjekt under vurdering | 0 | 0 | |
50 | Overføring til Statens | |||
petroleumforsikringsfond | -600.000 | -1.216.148 | ||
2442 | Fjerning av innretningar på norsk | |||
kontinentalsokkel: | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | -258 | -161 | |
70 | Tilskott | -93.471 | 0 | |
Netto kontantstraum frå | ||||
petroleumsverksemda: | ||||
Overført frå statsbudsjettet til Statens | ||||
petroleumsfond | 86.807.668 | 69.886.053 | ||
Opptent renteinntekt | 3.342.455 | 81.121 | ||
Sum inntekter Statens petroleumsfond | 90.150.123 | 69.967.174 | ||
UTGIFTER | ||||
Overført frå Statens petroleumsfond til | ||||
statsbudsjettet | -22.788.600 | -25.673.000 | ||
Overskott i Statens petroleumsfond | 67.361.523 | 44.294.174 | ||
MEMO | ||||
Overskott | 67.361.523 | 44.294.174 | ||
Valutakursvinst | 1.688.979 | -31.666 | ||
Urealiserte verdipapirvinstar | 36.660 | 1.425 | ||
Realiserte verdipapirvinstar | -204.500 | 11.575 | ||
Vinst på futures kontrakter | 10.332 | |||
Overskott inkl. omvurderingar | 68.892.994 | 44.275.508 | ||
Inngåande saldo | 46.256.637 | 1.981.129 | ||
Saldo i Statens petroleumsfond pr 31/12 | 115.149.631 | 46.256.637 |