Departementet har i brev av 4. mars 1998 bl.a. svart:
|
Riksrevisjonen ser det som klart uheldig at det ikkje frå starten av er skapt ei felles forståing mellom departementet og fylkeskommunane om grunnlaget for utrekning av omfanget, ... Ein har merka seg at rapporten frå Riksrevisjonen gjer det klart at fylkeskommunane ikkje har vore i tvil om forståing av forskrifta som blei fastsett 20. april 1994. ... Forskrifta er utforma i samsvar med det som etter departementets oppfatning er ei korrekt forståing av lova og forarbeida til lova. |
|
I andre avsnitt i merknadene omtaler Riksrevisjonen delen av ungdomskullet som har fått tilbod om læreplass. I Innst.S.nr.174 (1996-1997) Om lærlingsituasjonen gikk Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité inn for at det ikkje skulle gjerast større endringar i reformen på dette punkt før eventuelt etter at evalueringa er gjennomført. ... Det er framleis ei stor utfordring å skaffe fram nok læreplassar for dei unge, og det krevst samarbeid mellom alle partar som har ansvar på dette området. |
|
Riksrevisjonen viser til at enkelte fylkeskommunar meiner at manglande samordna resultatoppfølging og sterk vektlegging av omfangskravet kan bidra til sentralisering og mindre ressursinnsats på dei yrkesfaglege studieretningane. ... Departementet (har) gjennomført ei brei resultatoppfølging av reforma gjennom blant anna forskingsbasert evaluering, statistikkinnhenting, tilstandsrapportar, evalueringsrapportar, konferansar og møte. Spørsmålet om ein sentral eller desentral skulestruktur har ikkje minst samanheng med storleiken på ungdomskulla i ulike delar av fylkeskommunane. ... Departementet vil òg vise til at den prosentvise delen elevar i yrkesfaglege studieretningar har auka etter at reforma vart innført, ... . |
|
I oppsummeringa av undersøkinga viser Riksrevisjonen til at departementet ikkje har kunna leggje fram førebelse resultat frå fagprøvene etter VKII i alternative løp i skole. Departementet vil peike på at avviklinga av fag- og sveineprøver gikk føre seg heilt til i slutten av 1997. Departementet heldt seg hausten 1997 orientert om utviklinga. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus er nå, etter oppdrag frå departementet, i ferd med å gjere ferdig ein rapport om avvikling av fag- og sveineprøver etter alternative VKII i skole. Departementet samarbeider med fylkeskommunane om avviklinga av fag- og sveineprøvene våren 1998. Oppfølginga av rapporten i den einskilde fylkeskommune vil vere eit ledd i dette arbeidet. » |