Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       Etter § 10 i lov om målbruk i offentleg teneste skal Kongen minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste. Etter at den førre meldinga vart behandla i 1992, er det skjedd ei omorganisering og intensivering av departementet sine tilsynsfunksjonar etter lova. Mellom anna er ein del oppgåver overførte til Norsk språkråd. Det er først no ein kan vurdere effekten av desse endringane og kan presentere eit fyldigare grunnlagsmateriale for Stortinget.

       Hovudbolken i meldinga er rapportering om etterleving av føresegnene som gjeld for bruk av bokmål og nynorsk i statstenesta, jf. kap. 2 og 3.

       Kap. 2 viser at det enno skortar mykje på at alle statsorgan etterlever kravet om minst 25 % av kvar målform i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. På visse område har det likevel vore stor framgang dei siste åra, særleg gjeld dette målbruken i dokument frå regjeringa til Stortinget. Dette må sjåast i samanheng med det intensiverte tilsynsarbeidet dei siste åra. Røynslene frå dette arbeidet gir grunn til å vone at denne framgangen vil halde fram, slik at alle statsorgan snarast råd vil kunne oppfylle dei kvantitative minstekrava i lova.

       Det blir under pkt. 2.5 gjort framlegg om at kvart statsorgan skal etablere instruksfesta interne samordnings- og registreringsrutinar for veksling mellom målformene, og det blir lagt opp til systematisk offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken som departementet og Norsk språkråd utarbeider. Under pkt. 2.6 blir det drøfta om det kan vere tenleg å endre kravet til kvantitativ fordeling mellom målformene, men konklusjonen er å vidareføre dei føresegnene som no gjeld.

       Kap. 3 gjer greie for tilsynsarbeidet i høve såkalla faste målbrukssituasjonar, målform i skjema og blankettar, statleg målform i hopehav med private og med kommunar og fylkeskommunar, målform i eksamensoppgåver. Det blir også gitt ein rapport om kompetanse- og opplæringssituasjon med omsyn til nynorskkunnskapar hos medarbeidarane i staten.

       Eit nytt tema i høve til tidlegare målbruksmeldingar er drøftinga av dei utfordringane som informasjons- og kommunikasjonsteknologien representerer for norsk språk generelt og for måljamstillinga spesielt, jf. kap. 4. Kapitlet konkluderer med ei tilråding om å byggje ut Norsk språkråd til også å femne om eit sekretariat for språkteknikk. Dette er tenkt som eit verkemiddel for å sikre at norsk språk i framtida kan tene som eit fullverdig uttrykksmiddel også i arbeidet med avansert teknologi. Dette er viktig for å førebyggje såkalla domenetap for norsk språk.

       Kap. 5 drøftar verkeområdet for mållova, særleg i lys av dei omorganiseringane som er gjennomførte i statleg sektor dei seinare åra, ikkje minst innanfor samferdselssektoren. Meldinga tilrår å setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut aktuelle problemstillingar.

       Kap. 6 gjer greie for Norsk språkråd og behovet for å utvikle dette organet til å ta seg av ein del nye oppgåver i åra framover.

       Kap. 7 omtalar økonomiske og administrative konsekvensar av meldinga. Dette avgrensar seg til den utbygginga av Norsk språkråd som følgjer av kap. 2, 4 og 6. Alt i alt er dette kvantifisert til ein auke i dei årlege driftsutgiftene på 3 mill. kroner.

Nærare om særskilte kapitler i meldinga

Informasjonsteknologiens verknader for norsk språk og for måljamstillinga

       Bruken av edb og nye former for elektronisk kommunikasjon har gitt heilt nye rammer for språkleg verksemd. Ein stadig aukande del av dei tekstane som blir laga i både offentleg og privat verksemd, ligg i dag føre som elektroniske dokument.

       Dei mest avanserte produkta for tekstbehandling vil vere utvikla for engelsk språk. Langt over 90 % av den internasjonale teksttrafikken på Internett går i dag føre seg på engelsk. Nye former for avanserte produkt for tekstbehandling som er utvikla for engelsk, kan lokke mange større verksemder og grupper av privatpersonar til å nytte engelsk også i innanlands korrespondanse, både på grunn av lågare pris og dei nye funksjonane i produkta. Denne situasjonen kan samla sett gi så dramatiske verknader for norske språktilhøve, også for jamstillingsarbeidet, at det er grunn til å vurdere ei større nasjonal satsing for å fremje norsk språkbruk i det informasjonssamfunnet vi er på veg inn i.

Måljamstilling i elektronisk informasjonstilfang og korrespondanse

       Bruken av elektronisk program til støtte for tekstproduksjon, saksbehandling og arkivering reiser ei rad av nye problemstillingar når det gjeld bruken av dei to målformene.

       I 1994 tok Noregs Mållag opp desse spørsmåla og departementet omtala saka slik i budsjettproposisjonen for 1995 (s. 85):

       « Eit særleg problem mellom anna for måljamstillingsarbeidet i det offentlege er at ulike edb-program oftast berre blir laga i en bokmålsversjon. På denne måten gjer teknologien sitt til å redusere bruken av nynorsk og hindre at nynorskbrukarane får oppfylt dei språklege rettane sine. Det gjer også at det i mange samanhengar blir vanskeleg eller umogleg å etterleve lov om målbruk i offentleg teneste. Departementet vil no ta initiativ til ei nærmare kartlegging av situasjonen på dette området som grunnlag for å vurdere realistiske tiltak med sikte på ei betre jamstilling mellom bokmål og nynorsk. »

       Departementet følgde opp dette ved å be Norsk språkråd sjå nærmare på korleis mållova blir praktisert i høve til ulike elektroniske kommunikasjonsmåtar, og Språkrådet sende i 1996 eit spørjeskjema om dette til i alt 100 statsorgan. Dei vart bedne om å gi eit oversyn over målform i databaserte standardbrev, løyve og formular, i databasar, i web-sider og elektroniske filer for nedlasting, i elektroniske skjema og blankettar, i anna elektronisk materiale, og det vart spurt etter planar om databaserte skriv, databasar o.l. som kjem inn under lova.

       Det var til dels dårleg kvalitet på dei 79 svara som kom inn, og som gjeld situasjonen hausten 1996. Kartlegginga gir såleis ikkje noko fullgodt bilete av alt som finst av relevant elektronisk materiale. Granskinga gir likevel ein klar indikasjon på at det står heller dårleg til med måljamstillinga på dette området.

       I tida framover vil tilgjengeleggjering av offentleg informasjon på web (verdsveven) bli meir og meir vanleg. Her er det derfor særleg viktig å følgje med i språkbruken. Språkrådet si undersøking for 1997 vil gi meir detaljert informasjon om bruken av dei to målformene på dette området.

       Elles har departementet i ulike samanhengar teke opp spørsmålet om korleis ein kan sikre ei betre jamstilling mellom dei to målformene når ein legg til rette tenester for t.d. elektronisk tekst- og kjeldeproduksjon. I ein ny handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er spørsmålet om det norske språket i høve til den nye teknologien gitt brei omtale. Departementet er også engasjert i det EU-baserte arbeidet med å sikre språkleg mangfald i Europa.

       Som oppsummering vil departementet peike på følgjande: Opplegg av parallelle skjema, malar og andre tekstar på bokmål og nynorsk er mangelfullt gjennomførte i dei ulike etatane. Det er få eller ingen tekniske hindringar for at dette kan gjerast slik at ei språkleg jamstilling kan gjennomførast. Samanlikna med produksjon av trykte skjema o.a. i begge målformer, er det no også billigare å gjennomføre full jamstilling. Tilrettelegging av til dømes elektronisk baserte verktøy for saksbehandling i begge målformer er meir komplisert og til dels svært kostnadskrevjande. I tida framover må ein vere særleg merksam på målbruken i web-baserte tenester.

Elektroniske språkverktøy i høve til dei nasjonale språkpolitiske måla

       I eit notat frå Noregs Mållag frå 1994 er det peikt på at det finst få nynorskversjonar for edb i staten, og at den kan vere vanskeleg å få til slike etter at systema er laga ferdig. Nynorskbrukarar som klagar på dette, får som før stempel som maskråker som kjem med krava sine når alt endeleg er i orden. Ofte blir nynorskversjonar utførte i all hast og stundom berre delvis.

       I notatet blir det teke til orde for at staten må definere ein politikk for måljamstilling i programvare og skaffe fram eit oversyn over stoda. Sjølv om situasjonen dei siste åra truleg har endra seg i positiv lei på visse område når det gjeld parallellutgåver av programvare o.a., er det grunn til å halde fast i det prinsipielt viktige i denne saka: I framtida vil gjennomføringa av dei lovheimla krava til måljamstilling i stor mon vere avhengig av at det finst språklege hjelpemiddel også på nynorsk når det gjeld tekstproduksjon, meldingshandtering, informasjonssøking, saksbehandling og arkivering. Det vil såleis vere dei informasjons- og kommunikasjonsteknologiske hjelpemidla som i høg grad kjem til å avgjere den framtidige bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Eit problem i så måte er at mållova ikkje seier noko om lik tilgang på nynorsk- og bokmålsversjonar når det gjeld elektronisk baserte verktøy for tekstproduksjon og informasjonshandtering.

       Regjeringa vil arbeide for å styrkje norskspråkleg programutvikling og utvikling av norskspråklege utgjevingar på CD-rom. Det er etablert kontakt mellom Kulturdepartementet og Planleggingsdepartementet om behovet for å sjå nærmare på kva føresegnene i mållova vil ha å seie i programutvikling og nettpublisering.

       Storparten av dei programvarene vil brukar er utanlandske, for en stor del amerikanske. Ettersom Noreg er ein svært liten marknad, vil ei norsk tilrettelegging frå produsenten i beste fall bli svært overflatisk og truleg ikkje omfatte dei mest avanserte språkverktøya. Det blir derfor viktig å finne fram til ei samarbeidsform med internasjonale produsentar for å innarbeide fullgode språkverktøy for norsk. Det særspråklege grunnlagsarbeidet må Noreg sjølv gjere. Dette har også ei kostnadsside.

       Den norske språkpolitikken som krev jamstilling mellom bokmål og nynorsk, og som dessutan inneber at vi skal ta omsyn til fleire jamstilte ord- og bøyingsformer, vil bli enda meir komplisert og arbeidskrevjande i det komande teknologiske informasjonssamfunnet. Målet må vere å utvikle ein norsk språkteknikk i tekstbehandlingssystem, i databasar, i spørje- og dialogsystem, på Internett osv. som er på høgde med det ein i dag finn på marknaden for engelsk og fleire av dei større språka i Europa.

       Ny teknologi vil altså endre mange av dei tradisjonelle rammevilkåra for arbeidet med språkleg jamstilling. Departementet konstaterer at den teknologiske utviklinga med relevans for norske språktilhøve no går så raskt at det er nødvendig å setje i verk nye tiltak på ei rekkje område. Det blir mellom anna viktig å bruke fagkunnskap i skjeringspunktet mellom språk og informasjonsteknologi, inngå nye alliansar med industri og næringsliv på teknologiområdet, og å skaffe fram eit best mogleg oversyn over aktuelle utviklingstendensar. Dette gjeld både innanfor basisteknologi, brukarprogram og tenesteyting og ikkje minst når det gjeld konsekvensane av utviklinga på desse områda for norske språkbrukarar.

       Det trengst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel blir tekne i bruk. Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o.a. på begge målformer.

Ein nasjonal innsats for bruk av norsk språk i informasjonssamfunnet

       Dei aktuelle trugsmåla for norsk språk i framtida finn vi også innanfor mange andre språkområde. Nye massemedium og ny elektronisk kommunikasjonsteknologi kjenner ingen nasjonale grenser.

       Kompleksiteten i dei nye språkteknologiske produkta gjer at en ikkje ved enkle grep kan tilpasse produkta til bruk i Noreg. Skal det kunne skje, må vi ha tilgjengeleg i nynorsk- og bokmålsversjon dei språkmodulane som ligg føre for engelsk i den originale utgåva. Dersom vi ikkje er i stand til å gjere dette tilretteleggingsarbeidet, som igjen må vere grunnlagt på norskspråkleg forskings- og utviklingsarbeid, vil mange brukarar i Noreg truleg gå over til å nytte engelskspråklege versjonar for å få del i det sterkt auka brukspotensialet i dei nye produkta. Slik vil det mellom anna kunne gå innanfor konkurranseutsett eksportretta næringsliv. Dette vil truleg smitte over til undervisning og forsking. Dei samla språkpolitiske verknadene av dette kan bli store. Vi må derfor ruste oss til kamp for i det heile å kunne nytte norsk på alle bruksområde i eit stadig meir teknologisk samfunn.

       Å kunne utvikle frå botnen av dei avanserte systema for tekst- og talehandtering vil berre unntaksvis bli mogleg. Slik produktutvikling krev normalt særs store utviklingskostnader, og på mange felt manglar vi den nødvendige fagkompetansen i dag. Det er altså inga enkel løysing på dei alvorlege utfordringane vi her står overfor som kulturnasjon.

       Derfor må det satsast strategisk og langsiktig for å byggje opp dei kompetansemiljøa som trengst innanfor språkvitskap på relevante område og i fagmiljø som arbeider med terminologi, omsetjing og dokumentasjon. Like viktig er det at sterke industrieiningar kan spesialisere seg på utvikling og tilpassing av nye generasjonar av språkverktøy. Oppgåvene er så store at dei krev koordinerte løysingar på nasjonal basis, aktiv medverknad frå fleire departement, frå industrien og frå Noregs forskingsråd. Samstundes bør vi også søkje samarbeid med internasjonale programvareprodusentar og språknasjonar som er i same situasjon.

       Innanfor EU har det vore arbeid mykje med situasjonen til dei små nasjonalspråka i det komande internasjonale informasjonssamfunnet. I viktige strategidokument dei siste åra er det understreka at det er eit overordna politisk mål å sikre det språklege mangfaldet i Europa. Nyleg har EU-kommisjonen sett i gang eit eige utviklingsprogram for å styrkje bruken av nasjonalspråka i Europa og ikkje minst i elektronisk basert tenesteutvikling. Programmet er kalla Multilingual Information Society (MLIS). Sentrale innsatsområde er fleirspråkleg omsetjing, terminologisamarbeid og oppbygging av elektroniske språkressursar for dei ulike nasjonalspråka i form av tekstar, vokabular o.l. til felleseuropeisk bruk i språkleg utviklingsarbeid.

       Kulturdepartementet har sett det som viktig at Noreg tek aktiv del i dette programsamarbeidet og har teke på seg å koordinere den norske innsatsen i samarbeid med KUF og NHD. Dette kan ikkje kome i staden for ei nasjonal satsing på å byggje opp avanserte former for språkprodukt. Den nasjonale innsatsen er heilt nødvendig og er også på mange vis ein føresetnad for samarbeid på europeisk nivå.

       Før MLIS-programmet vart satt i gang, hadde det i fleire år vore arbeidt med eit særprogram for språkteknologi (language engineering) innanfor ramma av EUs forskings- og utviklingsprogram for telematikk. Noreg har fram til no vore lite med i dette arbeidet, som på mange område opparbeider metodegrunnlaget for ulike marknadsprodukt for språkstøtte og elektronisk basert tenesteyting. Dei siste to åra er det likevel kome i gang fleire tiltak innanfor språkteknologi med finansiering både frå Noregs forskingsråd, EU-midlar og næringslivet (Telenor). Dette viser at dei utfordringane som gjeld norsk språk i teknologisk informasjonsteneste, no blir tekne på alvor.

       Eit nyleg gjennomført kartleggingsprosjekt som har femna om 17 ulike europeiske nasjonar (EUROMAP) viser klart at Noreg i dag har særs lite marknadsretta utviklingsarbeid å vise til innanfor området språkteknologi. Samarbeidet mellom dei faglege språkmiljøa våre og industrien er også sterkt avgrensa. Her skil Noreg seg i dag negativt ut samanlikna med både Finland, Danmark og Sverige. I Sverige har det såleis frå 1990 til 1996 vore gjennomført eit eige forskings- og utviklingsprogram for språkteknologi til ein kostnad på om lag 50 mill. svenske kroner. Det er nyleg lyst ut eit oppfølgingsprogram for 1997-1999, og med høve til å søkje ei utviding på tre nye år. Innsatsramma er i første steget på om lag 20 mill. svenske kroner. Formålet med dette siste programmet er å utvikle og betre metodane og teknikkane for elektronisk bearbeiding av naturleg språk, særleg svensk språk, både i tale og skrift, å utvikle, evaluere og spreie språkverktøy og svenske språkressursar, og å skaffe fram konkrete resultat i form av data, metodar, verktøy og system.

       I Kulturdepartementets handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er det i eit eige kapittel mellom anna gitt ein omtale av dei viktigaste oppgåvene som bruk av ny teknologi gir for departementet i åra som kjem. Som eige tiltak er det gjort framlegg om at det blir etablert eit sekretariat for språkteknikk.

Verkeområdet for mållova

       I innstillinga til den førre målbruksmeldinga ( Innst.S.nr.17 (1992-1993)) peika den daverande kyrkje- og undervisningskomiteen om verkeområdet for mållova m.a. på at:

       « ... området mållova gjeld for, har vorte innsnevra etter 1980, slik at ho ikkje er tilpassa situasjonen i dag. Fleirtalet meiner derfor at det bør gjennomførast ei utgreiing om eventuelt å endre noverande lov. »

       Departementet har til no funne det rett å konsentrere innsatsen om den ordinære statsforvaltninga.

       Ein har sett det som vanskeleg å vurdere ei utviding av verkeområdet for mållova så lenge det skortar mykje på at målbruksreglane blir etterlevde der lova tvillaust gjeld. Det er fleire grunnar til at dette no stiller seg annleis, og at det er nødvendig å sjå nærmare på nokre av dei spørsmåla stortingskomiteen peikte på i 1992, særleg spørsmålet om regulering av målbruken i statlege verksemder av ulike slag.

       Viktigast i så måte er at utviklinga i retning av fristilling av statleg verksemd har skote ny fart sidan 1992, ikkje minst på samferdselssektoren. I kjølvatnet av dette er det til dels oppstått tvil og ugreie om verkeområdet for mållova, både med omsyn til det rettslege grunnlaget for avgrensinga og den praktiske handhevinga av spørsmålet. Dette har skapt ei gråsone som er breiare enn tidlegare, og situasjonen framstår for mange som uklar, noko som også legg hindringar i vegen for tilsynsarbeidet.

       Det er omgrepet « organ for stat, fylkeskommune og kommune » i § 1 som er utgangspunktet for avgrensing av verkeområdet for mållova. I § 2 er det fastsett av dei nærmare reglane i lova berre gjeld for statstenesta, slik at det som i røynda blir gjenstand for tolking er « organ for staten ». Med utgangspunkt i forarbeida til lova, jf. Ot.prp. nr. 52 (1978-1979), har departementet for enkelte typar av verksemder lagt avgjerande vekt på eit reint formelt kriterium, nemleg den rettslege organiseringa aleine.

       Såleis har aksjeselskap organisert etter eiga lov utan vidare vore sett på som statsorgan etter mållova, mens statlege aksjeselskap organiserte etter den vanlege aksjelova og selskap organiserte etter den tidlegare lova om visse statsbedrifter har falle utanfor verkeområdet til mållova. Når det gjeld den seinare lova om statsføretak, er det i forarbeida uttalt at det er klart at mållova ikkje vil gjelde.

       Etter ei fråsegn som Lovavdelinga i Justisdepartementet har kome med, kan ikkje dette administrativt greie avgrensningsgrunnlaget utan vidare leggjast til grunn. Lovavdelinga meiner i staden at

       « problemstillingen etter målbruksloven § 1 (...) vil være den samme som etter forvaltningsloven § 1 (og for så vidt også etter offentligshetsloven § 1), nemlig at det må bero på en konkret vurdering om en statlig virksomhet som er skilt ut som eget rettssubjekt skal anses som et organ for staten. »

       Dette inneber at det i prinsippet må gjerast ei vurdering av kvar enkelt statleg verksemd som er organisert som eige rettssubjekt, og at konklusjonen framstår som resultatet av ei samla vurdering av fleire ulike faktorar som alle har å gjere med kor tett statleg tilknyting den aktuelle verksemda kan seiast å ha.

       For dei fleste av virksomheitene som endrar si tilknytningsform gjeld at det ikkje uttrykkjeleg er teke stilling til om mållova skal gjerast gjeldande, og departementet er ikkje viss på om det noverande lovgrunnlaget utan vidare er eigna til å gi ei formålstenleg og administrativt praktikabel avklaring av den situasjonen som dei mange omdanningane dei siste åra har skapt.

       Formålet med mållova har både ei individuell og ei kollektiv side. Ho skal såleis sikre retten for den enkelte språkbrukar til å kunne bruke og motta den målforma han ønskjer, og ho skal sikre ein viss balanse i den totale bruken av dei to målformene i det offentlege. Staten har derfor lovfesta visse krav til seg sjølv, krav som i utgangspunktet gjeld alle typar verksemd der ein nyttar seg av skriftleg utforming. Dette er eit spesifikt kulturpolitisk formål som ikkje i og for seg har noko å gjere med verksemda i seg sjølv. Det er derfor ikkje sikkert at verkeområdet for mållova utan vidare bør falle saman med verkeområdet for forvaltningslova og offentlegheitslova.

       For å signalisere at dei to målformene kan og skal brukast i alle samanhengar, er det viktig at dette blir avspegla i all verksemd der staten er involvert.

       Det kan likevel tenkjast at ikkje alle reglane i mållova høver like godt for dei utskilde verksemdene som for tradisjonelle forvaltningsorgan, og at også måljamstillingsomsyn vil tene på ei forenkling og praktisk tilpassing.

       Dette reiser mange ulike problemstillingar, og departementet vil derfor setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut desse spørsmåla og vil eventuelt kome tilbake til Stortinget med framlegg til lovendringar.

       Arbeidsgruppa må ha representantar frå andre særleg involverte departementet, Norsk språkråd, Noregs Mållag og dei omdanna tidlegare forvaltningsbedriftene. Kulturdepartementet vil dessutan sjå til at nødvendig juridisk kompetanse blir representert i gruppa.

       Arbeidsgruppa bør m.a:

a) utarbeide oversikter over
- forvaltningsbedrifter og andre forvaltningsorgan som heilt eller delvis er utskilde frå statsforvaltninga etter at mållova tok til å gjelde 1. januar 1981
- sjølvstendige rettssubjekt med ulike former for organisatorisk og/eller økonomisk tilknyting til staten, både slike som heilt eller delvis vidarefører verksemd som tidlegare vart utført i dei utskilde organa, og slike som utfører oppgåver som ikkje tidlegare har lege til statsforvaltninga
b) gjere greie for dei mest frekvente og/eller viktige utoverretta språkfunksjonane i dei ulike gruppene av sjølvstendige rettssubjekt sett i samanheng med regelverket, og vurdere om desse heilt eller delvis bør omfattast av mållova
c) foreslå eventuelle endringar i regelverket
d) vurdere om det bør vere nærmare reglar for målbruk også for kommunar og fylkeskommunar, og i tilfelle kva innhald og verkeområde slike reglar bør ha.

Norsk Språkråd - viktige arbeidsoppgåver framover

       For språkvernarbeidet vil særleg to målgrupper vere viktige: dei som har sterk språkleg påverknad, og dei som er særleg utsette for påverknad. I den første gruppa finn vi alle massemedia, forlaga, bedrifter og utdanningsinstitusjonar innanfor reklame og informasjonsteknologi, og bedrifter og anna verksemd med brei internasjonal kontakt. I den andre gruppa finn vi barn, unge og studentar, og tilsette i verksemd som inngår i internasjonale konsern, eller som har omfattande internasjonal kontakt. Meir generelt vil alle norske språkbrukarar vere målgruppe for tiltak som styrkjer bruken av norsk språk.

       Norsk språkråd må setjast i stand til å arbeide meir med tiltak som vernar norsk språk mot domenetap, og som sikrar at norsk også for framtidige generasjonar vil opplevast som eit fullgodt kultur- og bruksspråk på alle område. Det er viktig å leggje eit føre var-prinsipp til grunn for arbeidet, som sjølvsagt må ha eit langsiktig perspektiv. Det er ikkje tale om ei fullstendig omlegging av Språkrådets verksemd, men om ei sterkare vektlegging av eit arbeidsområde som tidlegare har vore lågare prioritert i det praktiske arbeidet. Ei slik omlegging må gjerast utan at dei noverande oppgåvene blir skadelidande. Mange av desse oppgåvene er dessutan sentrale også for språkvernarbeidet, men dei må gripast tak i på ein meir pågåande og resultatorientert måte. Språkrådet må bli ein meir utoverretta organisasjon der informasjon og haldningsskapande arbeid står sentralt, og det må etablerast god kontakt med relevante språkbrukarmiljø og industrielle tiltak som utviklar IT-program og elektroniske tenester.

       Departementet vil vidareføre drøftingane med Språkrådet om desse spørsmåla i tida framover.