Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Ursula Evje og Grete Knudsen om utdanningsstipend til godkjende tilbod i utlandet, som ledd i treårig vidaregåande utdanning.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 165 (1997-1998)
- Kildedok: Dokument nr. 8:83 (1997-98)
- Dato: 30.04.1998
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Dokumentet inneheld dette forslaget:
« Stortinget ber Regjeringen innføre utdanningsstipend til godkjente tilbud i utlandet som ledd i treårig videregående utdanning. »
Komiteen viser til at Stortinget i forbindelse med behandlinga av Innst.S.nr.16 (1996-1997) vedtok ei forsøksordning for skuleåret 1996-97 der elevane i sju skuleklasser kunne søkje lån og stipend til godkjent tilbod om utdanning i utlandet som del av treårig vidaregåande utdanning i Norge. I same innstillinga seier ein samla kyrkje-, utdannings- og forskingskomite mellom anna:
« Komiteen viser til at departementet eventuelt vil komme tilbake til en videreføring av ordningen. Komiteen ber om å bli orientert om forsøksordningen i stortingsmeldingen om studier i utlandet, med sikte på en permanent ordning for skoleåret 1997-98. » |
Komiteen viser også til behandlinga av St.meld. nr. 19 (1996-1997): Om studier i utlandet. I Innst.S.nr.173 (1996-1997) til denne meldinga peikar ein samla kyrkje-, utdannings- og forskingskomite på at det er positivt at fleire elevar kan få støtte frå Lånekassa for å ta deler av utdanninga i utlandet. I innstillinga heiter det mellom anna:
« Komiteen viser til at det er etablert forsøksordninger ved 7 utenlandske skoler der norske elever kan ta ett eller to semester tilpasset en videregående opplæring. Komiteen vil avvente evalueringen av forsøksordningen, men vil signalisere at denne form for internasjonalisering ser komiteen positivt på. Hvis ordningen viser seg å fungere etter hensikten, ber komiteen om at ordningen utvides og at tiltaket gjøres permanent. » |
Komiteen har merka seg at Regjeringa i St.prp. nr. 1 (1997-1998) seier følgjande om denne ordninga:
« Regjeringen har iverksatt en forsøksordning med støtte til elever i videregående utdanning i utlandet, jf. St.prp. nr. 88 (1995-1996). Midler til videreføring av ordningen er lagt inn i 1998. Departementet tar sikte på å evaluere ordningen i løpet av undervisningsåret 1998-99. » |
Komiteen ser positivt på denne ordninga. Dersom evalueringa gjev grunnlag for det, bed komiteen om at ordninga vert utvida og gjort permanent.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at fleire skular har merka seg Innst.S.nr.16 (1996-1997) der ein tok sikte på ei permanent ordning allereie for skuleåret 1997-98 og førebudde seg på å kome med i ordninga frå skuleåret 1998-99. Fleirtalet meiner på bakgrunn av dette at ein bør utvide eksisterande prøveordning til også å gjelde godkjende tilbod i utlandet for til saman inntil tre klassar ved dei skulane som har førebudd slike tilbod. Fleirtalet bed Regjeringa om å innarbeide meirkostnadane for 1998 i revidert budsjett.
Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til St.prp. nr. 1 (1997-1998) og at Stortinget ikkje hadde nokon merknad til dette. Ut frå omsynet til at alle skular skal kunne ha høve til å planleggje og søkje om godkjenning om eit slikt tilbod, vil desse medlemene vente med å utvide prøveordninga til evalueringa er gjort.
Komiteen viser til dokumentet og til det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget bed Regjeringa utvide prøveordninga med utdanningsstipend til godkjende tilbod i utlandet som ledd i treårig vidaregåande utdanning med tre nye klassar for skuleåret 1998-99.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 30. april 1998. |
Grete Knudsen, | Petter Løvik, | Rune E Kristiansen, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |