3. Programkategori 21.5 Jernbaneformål
Sammendrag
Etter noverande ordning blir dagmulkt/konvensjonalbot og erstatning på grunn av misleghalden entreprise i samband med jernbaneanlegg postert som inntekt i statsrekneskapen på kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 29 Ymse, og slik at inntektene ikkje blir godskrivne det einskilde anlegg ved nettopostering på utgiftskapitlet.
Samferdselsdepartementet foreslår at innbetalt dagmulkt / konvensjonalbot og erstatning på grunn av misleghalden entreprise blir postert på det einskilde anlegg, det vil seie at innbetalinga blir postert på utgiftskapitlet som utgiftsreduksjon.
Generelt vil postering av dagmulkt m.m. på det einskilde anlegg gi betre incitament til å sikre effektiv drift.
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.