Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

      Regjeringa gjev i stortingsmeldinga ei oversikt over norsk eksport av forsvarsmateriell for året 1996, basert på innrapportering frå eksportørane. Meldinga er ei oppfølging av St.meld. nr. 9 (1996-1997), som omfatta første halvår 1996, og som vart handsama av Stortinget 18. desember 1996, jf. Innst.S.nr.83 (1996-1997).

       Det går fram av tabellane i meldinga at NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell av kategori A (våpen og ammunisjon) frå Noreg. I tillegg har OECD-landa Japan, Sveits og Austerrike, forutan Singapore, motteke slikt materiell. Det er levert kategori B-materiell (anna militært materiell) til Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Malaysia, Slovakia, Saudi-Arabia, Sør-Korea, Thailand og Den tsjekkiske republikken.

       Den samla verdien av eksporten av forsvarsmateriell og tilknytta tenester var i 1996 NOK 1.001.409.000.

       Meldinga gjev vidare ei oversikt over lovgrunnlaget, forskriftene og varelistene som ligg til grunn for Utanriksdepartementets utøving av eksportkontrollen, med utgangspunkt i Regjeringas erklæring og Stortingets vedtak av 11. mars 1959.

       Meldinga omtalar Utanriksdepartementets administrative og organisatoriske funksjon på eksportkontrollområdet, Tollvesenets kontrollverksemd og medverknaden frå politiet og Forsvarets forskingsinstitutt.

       Eksportkontrollen av forsvarsmateriell vert utøvd med utgongspunkt i ei nasjonal vareliste (Liste I). Dei såkalla fleirbruksvarene, dvs. produkt som er sivile, men som også kan nyttast militært, er omfatta av Liste II. Sistnemnde er basert på kontrollistene som vert utarbeidde i dei multilaterale eksportkontrollregima.

       Meldinga gjev vidare ei oversikt over det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, m.a. dei multilaterale kontrollregima som Noreg er medlem i.

       Meldinga omtalar også relevante FN-vedtak, FN-registeret for overføringar av konvensjonelle våpen, den internasjonale handelen med tyngre konvensjonelle våpen, og arbeidet med å få til eit verdsfemnande totalforbod mot anti-personellminer.

       Det vert opplyst at tabellane som er attgjevne i meldinga, vil bli omsette til engelsk og omdelt i FN og andre relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større innsyn i internasjonal våpenhandel.

       Det vert vidare opplyst at i alt 33 føretak har rapportert om utførsel. Innrapporteringane er kontrollerte mot lisensar utferda av Utanriksdepartementet. Det har i oppstartingsfasen vore naudsynt å avklare enkelte sider ved rapporteringsformatet som no fungerer svært tilfredsstillande.

       Det statistiske materialet om norsk eksport av forsvarsmateriell er vist i fem tabellar (jf. kapittel 4 i meldinga).

       Desse tabellane omfattar:

       Tabell 4.1: Oversikt over mottakarland etter varegruppene i Liste I.

       Tabell 4.2: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i Liste I (i tusen kroner)

       Tabell 4.3: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner).

       Tabell 4.4: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar (i tusen kroner).

       Tabell 4.5: Tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar (i tusen kroner).