Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
Departementet gjer framlegg om at kap. 800 Barne- og familiedepartementet aukast med 4,7 mill. kroner mot innsparing på desse kapitla:
- |
Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningarbeid m.v. post 70 Tilskot, med 0,487 mill. kroner. |
- |
Kap. 856 Barnehagar post 62 Utviklingsprogram med 0,654 mill. kroner. |
- |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 01 Løn og godtgjersle med 0,087 mill. kroner. |
- |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 1,128 mill. kroner. |
- |
Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid m.v. med 1,563 mill. kroner. |
Dei 4,7 mill. kroner skal fordelast med 3,5 mill. kroner på post 01 Løn og godtgjersle og 1,2 mill. kroner på post 11 Varer og tenester.
Årsaka til omdisponeringane er mellom anna at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel.
Kap. 840 Krisetiltak
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving for 1997 på 4,3 mill. kroner i tilskot til krisetiltak fordi det i 1997 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske forhold, sjølv om det i inneverande år ikkje er etablert nye krisetiltak. Dette heng saman med følgjande:
- |
I løpet av 1996 kom tre nye incestsentre inn under tilskotsordninga. Desse utløyste såleis ikkje statstilskot for heilårsdrift før i 1997. Meirkostnadene ved full drift i 1997 utgjer kr 550.000. |
- |
Kommunane har auka sine tilskot til krisetiltaka, med tilsvarande auke i det statlege tilskotet, jf. innretninga av tilskotsordninga. Meirkostnadene ved dette utgjer kr 3.400.000. |
- |
Etterslep av utbetalingar av statstilskot til krisetiltak for 1996 på kr 350.000. |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving til dekning av refusjon av kommunale barnevernutgifter for 1997 på 12 mill. koner fordi løyvinga til kommunane og fylkeskommunane i St.prp. nr. 1 (1996-1997), berekna til kr 25.750.000, viser seg utilstrekkeleg for å dekkje behovet.
Kap. 856 Barnehagar
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving til post 60 Driftstilskot til barnehagar på 115 mill. kroner fordi det er eit avvik mellom føresetnadene for 1997-budsjettet og dei faktiske forhold. Reformkostnadene i samband med oppfyllinga av dei frigjorde plassane etter 6-åringane vert høgare enn føresett, og nyetableringar i 1997 vart dyrare enn rekna med.
Departementet gjer òg framlegg om ei tilleggsløyving til omstillingstiltak på 15 mill. kroner på post 63 Omstillingstilskot fordi tilfanget av søknader om omstillingstilskot har gjeve ein auke i tilskotsbetalinga.
Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking og kap. 3866 Statens institutt for forbruksforsking
Det vart varsla i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 at SIFO ville få eit markert underskot i 1997. SIFO har rekna ut at underskotet vil bli på om lag 4 mill. kroner. Departementet syner elles til utfyllande omtale av saka i St.prp. nr. 1 (1997-1998).
Departementet gjer framlegg om at kap. 3866 Statens institutt for forbruksforsking, post 01 Sal av materiell vert redusert med 8,545 mill. kroner for 1997. Vidare gjer departementet framlegg om at kap. 866, post 01 Løn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester, vert redusert med til saman 4,545 mill. kroner. Av dette utgjer post 01 2,045 mill. kroner og post 11 2,5 mill. kroner.