4. Programkategori 21.5 jernbaneformål
4.1 Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
Post 23 Drift og vedlikehald blir foreslått auka med 35 mill. kroner til framskunding av vedlikehaldsarbeid på strekninga Sjølyst-Hell på Nordlandsbanen.
Arbeid skulle etter planen gjennomførast i 1998 og endringa gir isolert sett eit mindrebehov i 1998, jf. omtale i St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998).
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.
4.2 Kap. 5611 Renter av lån til NSB BA
Sammendrag
Post 80 renter blir foreslått redusert med kr 164.145.000, til kr 55.855.000. Som det går fram av St.prp. nr. 1 (1997-1998) blei det langsiktige lånet til NSB BA fastsett til 2.135 mill. kroner ved kgl. resolusjon av 22. august 1997.
Dei samla rentekostnadene for 12 månader i 1997 er rekna til kr 88.304.772. NSB BA har gjort val om renteperiode på 6 månader. Dette fører til at renter for perioden 1. august 1997 til 31. desember 1997 først vil bli betalt inn 31. januar 1998.
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.