2. Komiteen sine merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Søviknes, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at det er gjort framlegg om relativt store endringar i budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet for 1997. Komiteen ser på dei fleste budsjettendringane som tekniske eller som resultat av tidlegare vedtak. Komiteen vil likevel peika på fylgjande:
2.1 Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk
Komiteen viser til brev frå Nærings- og handelsdepartementet datert 5. desember og 9. desember 1997, og har ingen merknader utover dette.
2.2 Kap. 957/3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk
Komiteen har merka seg framlegget om å løyva 597 mill. kroner til avskriving av aksjar i Kongsberg Våpenfabrikk A/S. Komiteen ser på dette som ei såpass stor sak at ho med føremon kunne vore handsama i den ordinære budsjettproposisjonen. Komiteen finn likevel å kunna godta avskrivinga som er i samsvar med Innst.S.nr.295 (1996-1997), jf. St.prp. nr. 63 (1996-1997).
2.3 Kap. 3598 Norsk Jernverk A/S
Komiteen har merka seg at tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering er auka med 11,6 mill. kroner til 71,6 mill. kroner, jf. brev frå Nærings- og handelsdepartementet av 5. desember 1997.
2.4 Kap. 2420 og kap. 5343 SND
Komiteen har merka seg at kap. 2420 post 70 og kap. 5341 post 93, som gjeld grunnfinansieringsordninga i SND, vert auka monaleg. Komiteen har merka seg at dette er grunngjere med at ein stor del av innlån til SND no vert tekne opp som kortsiktige 2-månaders lån og at tilsvarande gjeld for avdrag frå SND til statskassa. Komiteen føreset at det ikkje ligg andre endringar i dette.
2.5 Kap. 950 Sydvaranger ASA og kap. 962Omstillingstiltak
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Innst.S.nr.289 (1995-1996) angående omstillingstiltak til Sør-Varanger. Disse medlemmene minner om at Fremskrittspartiet gikk imot forslagene til et omfattende omstillings- og utviklingsprogram.
Disse medlemmene vil på denne bakgrunn gå imot at 26 mill. kroner av det statlige ekstraordinære aksjeutbytte på ca 36 mill. kroner benyttes til videreføring av omstillingsarbeidene i Sør-Varanger, jf. kap. 962 post 71.