Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

1.1 Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Nærings- og handelsdepartementet foreslår at løyvinga under post 70 aukast med 70 mill. kroner frå 339 til 409 mill. kroner og at løyvinga under post 71 blir sett ned med 70 mill. kroner, frå 75 til 5 mill. kroner. Det synast også til brev frå departementet dagsett 5. desember 1997 (vedlegg 1) og 9. desember (vedlegg 3).

1.2 Kap. 950 Sydvaranger ASA og kap. 962 Omstillingstiltak

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 962 Omstillingstiltak post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast med 26 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 5,2 til 31,2 mill. kroner.

1.3 Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 25 mill. kroner under nytt kap. 955 Norsk Koksverk post 71 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

1.4 Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner under nytt kap. 956 Norsk Jern Eiendom A/S post 70 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

1.5 Kap. 957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

       Nærings- og handelsdepartementet går inn for at staten sin aksjepost i KV blir selt til Kongsberg Gruppen ASA for 2,3 mill. kroner. Salssummen vert foreslått løyvd som inntekt under kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under dette kapitlet.

       Departementet gjer framlegg om at den resterande bokførde aksjekapitalen vert avskriven ved at det blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 70 Tilskot til avskriving av aksjekapital.

1.6 Kap. 3957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

       Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 2,3 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under kap. 957.

       Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 91 til avskriving av aksjekapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk.

1.7 Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning med 9,85 mrd. kroner, frå 18,75 til 28,6 mrd. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND sine risikolåneordningar med 236,7 mill. kroner, frå 3.036,7 mill. kroner.

1.8 Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet

       Departementet gjer framlegg om at det blir løyvd 2,4 mill. kroner som inntekt under kap. 3900 post 02 på statsbudsjettet for 1997.

1.9 Kap. 3958 (ny) Norsk Jernverk A/S

       Det vert gjort framlegg om ei inntektsløyving på 60 mill. kroner under nytt kap. 3958 Norsk Jernverk A/S post 70. Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering. I brev frå Nærings- og handelsdepartementet dagsett 5. desember 1997, (vedlegg 2) vert det synt til brev frå Storebrand Livsforsikringsselskap, som forvalta pensjonsfondet. På bakgrunn av innhaldet i dette brevet, foreslår departementet at løyvinga under kap. 3958, post 70 vert auka med kr  11.600.000 og at det vert løyvd kr  71.600.000.

1.10 Kap. 3959 (ny) Fosdalens Bergverks-Aktieselskap

       Det vert gjort framlegg om ei inntektsløyving på 5 mill. kroner under nytt kap. 3959 Fosdalens Bergverks-Aktieselskap post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering.

1.11 Kap. 3968 (ny) Raufoss ASA

       Departementet gjer framlegg om at det blir løyvd 26,5 mill. kroner under nytt kap. 3968 Raufoss ASA post 90 Sal av aksjar på statsbudsjettet for 1997.

1.12 Kap. 4635 Låne- og garantiprovisjonar

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til garantiprovisjon frå SND på statsbudsjettet for 1997 med kr  55.000, frå kr  700.000 til kr  755.000.

1.13 Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på SND si grunnfinansieringsordning med 12,05 mrd. kroner, frå 15,75 til 27,8 mrd. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag på SND sine risikolåneordningar med 46,7 mill. kroner, frå 3.526,7 til 3.480 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på valutalån med 6,05 mill. kroner, frå 39,2 til 45,25 mill. kroner.

1.14 Kap. 5601 Renter frå statsbankane

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til grunnfinansieringsordninga med 80 mill. kroner, frå 480 til 400 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til risikolåneordningane med 4 mill. kroner, frå 195 til 191 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til renter frå valutalånsordninga med kr  142.000, frå kr  300.000 til kr  442.000.

1.15 Kap 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ein auke av løyvinga under kap. 5656 post 80 Utbytte med 36 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 898 til 934 mill. kroner.