1. Samandrag
I proposisjonen vert det gjort framlegg om å omdisponere 247 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1997 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Mindreforbruket har samanheng med at framdrifta for prosjekt og program av ulike årsaker er blitt utsett eller at planar og rammevilkår elles er endra.
Mindreforbruket blir i hovudsak føreslege omfordelt til humanitære tiltak, gjeldslette, tiltak i palestinske område og auka støtte til internasjonale organisasjonar. Afrika vert tilgodesett ved auka tildelingar innanfor gjeldslette, humanitære tiltak og internasjonale organisasjonar.
Det vert opplyst at budsjettet for utviklingshjelp for 1997 er på 9.685 mill. kroner, inklusive 481 mill. kroner i ubrukte midlar overførde frå 1996.